Den vesle prinsessa vår er ikkje så veldig lita lenger, men har begynt å bli stor. Ho har ikkje akkurat bursdag i dag, men det er ein slags merkedag likevel. Lille A kom til verda litt tidligare enn vi trudde, og akkurat i dag har eg komt like langt i dette svangerskapet som eg kom med henne (29+4). Det vil seie at det enno er 2,5 månad til termin... Denne gongen ser det ut som eg kan gå mykje lenger, men ein veit jo aldri. ;)
Då Lille A vart fødd var ho 1220 gram og 42 cm. Då eg var til ultralyd for ei veke sidan anslo dei storleiken til Lillebror til ca 1,2 kilo. Litt morsomt, rett og slett. Har funne fram dei minikleda vi hadde sist, og såg at den herlege ullbodyen i str.44 sannsynlegvis passar til ei dukke. Trudde nesten eg hadde krympa den, men det hadde eg ikkje! :) No har eg imidlertid kjøpt inn litt større ullbodyar, og satsar på at han skal passe i dei når han blir fødd. :)
Som du kanskje ser, så er alt bra med Lille A. Det er godt, det!
Tenk å vere så lita og skjør, og så bli så stor og frisk og robust! For eit mirakel! :)
Skal eg fortelje litt om kva som skjedde då ho kom?
Eg fekk svangerskapsforgiftning, men sidan det heile starta litt forsiktig reiste eg på togtur til Gøteborg. Medan eg var der var eg såååå sliten, og hadde vondt i bekkenet, og tenkte at "jaja, det er vel slik det er å vere gravid..." Men dagen etter heimkomst var det berre så vidt eg orka å dra ned til den avtalte legekontrollen, og då eg kom dit var det rett inn på sjukehus. "Det kan skje noko i løpet av dagar eller veker, det veit vi ingenting om", sa dei der. Eg vart lagt i ei seng, med ordre om å ikkje lese, ikkje prate, ikkje sjå tv, ikkje tenke, berre slappe av! Hah! Det er ikkje såå lett...men eg var så sliten, at det var ingenting anna som freista, eigentleg. :)
To dagar etter kom legane og fortalte at no var det best for oss begge at ho fekk komme ut, og det vart keisersnitt. Pappaen vart med Lille A til nyfødd intensiv, medan eg måtte komme meg til hektene først. Dei neste vekene (ja, månadane, faktisk) satt vi med Lille A inntil oss, hud mot hud. Ho vekste og hadde det bra, og rett før termin vart vi skrivne ut, og var klare for vår første jul som ein liten familie med ein minibaby. Når eg ser på bilda frå den tida, ser eg at ho var liiita!

No er ho sååå stor. Elskar å pynte seg, synge og danse, som her. Hoppande og dansande i kosesenga vår, er ho ikkje så lett å ta bilder av, men eg ville berre vise fram kjolen! ;) Denne kjolen vart ferdig i går, og vi er fornøgde! Har ikkje brukt oppskrift, og har prøvd meg på vaffelsaum for første gong. Eigentleg skulle det bli ein sommartopp til meg sjølv, men....som du forstår vart det ikkje heilt som eg har tenkt. Eg er ikkje akkurat lita og spinkel, så det var ikkje slik at det berre så vidt vart ein jentekjole i staden... Nei, det var berre nokre små justeringar og skulderstroppar som skulle til, så var det ein herleg kjole str.5 år! :)
No er kaffepausen over, og eg skal halde fram med prosjekt jenterom! Har masse energi i dag, og så lenge eg tar pauser innimellom, så går det så fint! Deilig å kjenne at eg kan gjere noko anna enn å sitte i stolen og strikke! Sjølv om babyteppet på den måten blir litt oversett...
Ønskar deg ein strålande søndag!