søndag 30. oktober 2011

Lukkeleg mamma

Eg trur eg må vere verdas heldigaste mamma. Det kjennast i alle fall slik! :) Eg er så umåteleg glad i mine to vidunderlege barn, at det nesten kan kjennast som om hjartet skal sprekke. Det blir varmt og stort og bankar energisk når eg kjenner etter kor glad eg er i dei. Og eg er så stolt! Jada, eg har sagt det før, og eg seier det igjen: det er lov å vere stolt! Det er lov å føle at det de har er heilt spesielt. At banda de har knytta er annleis enn andre sine. At dine barn er dei aller mest vidunderlege i heile verda. :) Det er lov!

Oktober er nesten over, og vi har hatt ein hektisk og fin haustmånad. Dette er den store bursdagsmånaden her i familien, og begge barna har fylt år. Tenk at Lillebror har vore her hos oss i over eitt år alt! Det er jo ikkje til å tru! Åh, så skjønn han er! :) Og Storesøster, som har blitt feira i det uendelege, kan ikkje hugse korleis det var her før han kom ut av magen. Det er rart, det! ;) Store, fine Lillebror og store, fine Storesøster. Dei aller, aller beste eg veit! Dei er jammen vel verdt å feire! :)

Det blir forresten snart ei feiring her på bloggen også. Eg bikkar 100 000 besøk når som helst! Oioioi!! Og dersom Følgerknappen min (Blogger sin...) hadde fungert, så hadde eg kanskje fått fleire følgarar også! Er det nokon som har samme problem som meg der, forresten? At følgarane ikkje viser? Uansett, følgarar eller ikkje følgarar, eg er så veldig glad for at så mange er innom bloggen min! Tusen, tusen, tusen takk! :)

mandag 24. oktober 2011

Lavendel + ull = gull

Det er haust og det er strikketid. Ullgenserane, ullbuksene, bodyar, trøyer og strømpebukser, strømper, luer og vottar...Ja, her i huset har vi i alle fall ull i veldig mange ulike variantar, og ganske mykje av denne ulla er freistande for ein aukande møllbestand. Så då er det berre å kjempe imot!

Eg har tenkt å lage lavendelposar sjølv, men måtte ein tur innom Etsy for å finne litt inspirasjon. :) Kanskje vil du også ha nokre gode idèar? Eller kanskje du rett og slett har lyst å shoppe litt? Etsy er uansett tingen!

 - Puter med heklebrikker på finn du hos Namolio
 - Kaninen finn du hos Pouch
 - Ugla finn du hos Ink me up
 - Klassiske lavendelposar finn du hos Gardenmis

Ha ein varm og god kveld!

søndag 23. oktober 2011

Har du leita i skuffene?

Dette er dagen då det i mange norske heimar blir leita i skuffer, krukker og jakkelommer etter småpengar og store setlar. Dette er dagen då vi gir så det svir. Dette er dagen då alle ventar på at nokon skal ringe på dørklokka. Dette er dagen vi har ein felles plan, eit felles mål og eit felles hjarte.

Eg skal snart skru på tven, finne fram tekoppen og strikketøyet og sjå korleis det har gått. Vi ryddar for livet! Norsk Folkehjelp skal få rydde miner og bomber i massevis! Støtt tv-aksjonen her!

Skuffene mine er forresten godt og fint merka. :) Eg har brukt papir frå Rie Elise Larsen, washitape og ein gammal Dymo frå loppis. Likande tape kan du for eksempel få tak i her eller her.

Oi, eg holdt på å gløyme ein ting. Men det er ikkje så viktig, altså. Det er berre det at eg har skifta header på bloggen, slik at det blir litt lunare og varmare her no når vi er inne i den mørke tida. Så får kvitveisen vente til våren igjen.. ;) Håpar du likar deg her!

Ønskar deg ein fin kveld og ei god veke!

lørdag 22. oktober 2011

Tusen, tusen takk for all den fine responsen i går! Det strøyma på med meldingar i mange kanalar, og eg er så glad! Det er jo spennande å brette ut heimen sin på denne måten, men tilbakemeldingane så langt har gjort meg veldig fornøgd med at eg gjorde det. :) Det var nokre småfeil i teksten, men ikkje noko eg bryr meg om. Det er likevel nokre som har spurt, så eg seier berre: joda, vi er framleis gift, men dette er nok ingen interiørblogg og du blir faktisk litt ekstra snill her hos meg! ;)

Nye epleklokker er på veg ut i butikken i løpet av dagen!
Både raude og grøne epler! :)

Ha ein fortreffeleg laurdag!

fredag 21. oktober 2011

Guro i media!


Iiiik! Heimen min og meg er bretta ut over fire sider i Hjembilaget til Adresseavisa i dag! Det er jammen utruleg spennande og kjekt og skummelt og gøy.... Eg har grugleda meg til denne dagen, men er veldig fornøgd med resultatet! Tusen takk til fotografen, Lena Knutli, som fekk tatt gode bilder! :)
Beklager bildekvaliteten, men det var dette eg rakk på morgonkvisten før eg spring på jobb. :) Det vart jo maange bilder i avisa, og bloggen er nevnt, så eg håpar det er mange nye som kikkar innom i dag! Legg veldig gjerne igjen ei lita helsing, så eg ser at du har vore her! :)
Så måtte det berre komme eit lite bilderas heilt til slutt... :) Det er forresten utruleg koseleg å sjå kor fint vi kan ha det, når det nesten ikkje er noko rot i huset. ;) Kanskje vi kan gjenskape stemninga før fredagspizzaen i kveld? Åh, deilige, deilige fredagen! :) Nyt den du også!

Ønskar nye OG gamle lesarar velkommen til Ein gul knapp!

torsdag 20. oktober 2011

Nye sanseputer!

Hurra, no er nye sanseputer på veg inn i Eplabutikken min igjen! :)
Produksjonen går litt i rykk og napp, men eg storkosar meg med dette! Eg brukar både gamle og nye stoff, nokre strykemerker og mange ulike band. Sanseputene er fyllt med vatt, og når barnet leiker med den kling det forsiktig i ei lita bjelle. Tanken er at desse putene skal vere stimulerande for barnet, og difor brukar eg kontrastar og materiale med ulike teksturar. Når barnet er i 5-6 månaders alder og oppover er sanseputa kjempepopulær, både å ta på, fikle med, sjå på og smake på. :)
Håpar du har ein deilig dag!

onsdag 19. oktober 2011

Geocaching og kaffekos

I går var himmelen strålande fin, lyset var varmt og skjønt og temperaturen behageleg. I dag regnar det kontinuerlig i store mengder, det er grått og trist og kaldt. Eg gjer husarbeid, men skal ganske snart fyre i peisen og lage den perfekte kaffe latten. Håpar eg! ;) Og før eg gjer det, vil eg gjerne vise fram nokre fine og forhåpentlegvis inspirerande turbilder. Vi har nemleg oppdaga Geocaching, og syns det er ein kjempefin måte å komme seg ut i marka på. Alle er glade i å gå på skattejakt, og gleda er stor når vi kan opne ein liten, godt gøymt boks, skrive teamnamnet vårt, og bytte ut ein liten dings med ein annan. I desse boksane kan du nemleg finne både det eine og det andre, men mange er veldig små, så skattane er deretter. Storesyster har jubla lenge over ein gammal medalje, og har ofra nokre hårstrekk og småting i bytte.
Lillebror er også glad i å vere ute, heldigvis. Men han må vi jammen passe på, for absolutt alt går i munnen no. Eg har ikkje tal på kor mange haustblad han har hosta og harka på, i det han gjer forsøk på å svelge dei... Når det gjeld bekledning må eg berre få komme med eit godt råd: ull, ull, ull! Ta heller fleire lag med ull, så treng du ikkje ha på så tjukk dress. Tjukke dressar gjer det veldig mykje vanskelegare å bevege seg!
No når mannen har hatt permisjon, har primus og mokkakanne aldri vore langt unna. Han har ein utruleg snerten, liten primus (ja, eg skriv han, for dette er oftast på hans initiativ), som tar omtrent ingen plass. Mokkakanner finnast i ulike storleikar, espressokaffe kan ein ta med i ein liten boks, og ei flaske vatn har ein vel alltid med på tur. Mmmm - til og med eg som ikkje drikk svart kaffe får lyst på. Men nøyer meg med å nyyyte lukta av fersk kaffe. Og minst ein bit av sjokoladen... ;) Deilig!

Ønskar deg ein herleg haustonsdag!

tirsdag 18. oktober 2011

Detaljar gjer heimen unik

Det er så godt å ha det fint rundt seg! Det er både beroligande og inspirerande, og eg kosar meg i den "nye" stova mi. Ikkje dei heilt store endringane, men det er detaljane som er på plass no, og som får komme til sin rett, fordi det er relativt ryddig rundt dei. Men det er jammen litt av ein jobb å skulle halde det slik! ;) Det bur fire rotekoppar i dette huset, og eg må innrømme at eg er blant dei verste... Heldigvis er eg flink til å rydde! :)
Rundt omkring i huset mitt finn ein fleire ting som gjer akkurat vår heim unik. Nokre av tinga har eg laga sjølv, noko er bruktfunn, andre ting er det ungane eller andre som har laga til oss og nokre ting har eg kjøpt berre fordi eg likte dei. På det øverste bildet ser du eit glimt av bildeveggen i stova, der ein liten kveps har fått plass på ei ramme. Kvepsen og vennene hans kan du lese om her. På peishylla står mellom anna denne vesle geitekillingen vi har fått i gåve frå mormor, og er så skjønn! Saman med nokre soppar frå Søstrene Grene,ei lykt og nokre små vasar med blomster i, lagar den fin hauststemning i stova.
Denne vesle keramikkfuglen sit på lokket til ei fin krukke, og passar perfekt til fargane i gangen. Det er ikkje ei veldig spesiell krukke, men den var tilfeldigvis både søt og billig, så eg kjøpte den. No passar den på dill og dall og småtteri, som ellers ville lagt ein annan plass og slengt, er eg redd. :)
Det vart jammen mange bilder på bloggen i dag, men eg håpar du held det ut.. :) Eg har vore heime i fullt dagslys, og då er det så kjekt å knipse bilder! Og dessutan er det ganske oppmuntrande å gjere noko som tar fokuset bort frå den dunkande kjeven, der det inntil i går sat ein visdomsjeksel... ;) 

Krukka med tapetlim har fått merkelapp frå Dymoen eg fann på ein loppis. Likte så godt det litt stramme svart/kvite uttykket! Og det er dessutan veldig praktisk å ha berre bittelitt tapetlim tilgjengeleg til små prosjekt, i staden for å måtte gå i kjellaren etter den stoore dunken i tide og utide.

Keramikkenglane er ei gåve frå verdas beste syster, og er laga av ein Gøteborgskunstnar som eg ikkje hugsar namnet til. Dei heng i ei settekasse på kjøkkenet, og minner meg om Gine, om kjærleik, om englar som passar på oss og om at vi skal vere kvardagsenglar og gode med kvarandre.
Dei siste detaljane er frå bokhylla mi. Dei fleste, i alle fall. Bokhylla er rydda etter fargar, og ved sidan av den raud/rosa avslutninga på inspirasjons- og hobbyhylla mi står ein Hoptimist og gliser med krone på. Herleg! Elefanten er ei sparebøsse, som har ramla i golvet minst ein gong for mykje. Men den er så skjønn, så den får stå, trass manglande øyreflipp og apefjes. Den står på ei papirkledd eske, mellom ein gul og ein raud bunke med romanar. Det er kjekt å lage små utstillingar!

Eg trur ikkje mange andre har det slik heime hos seg som oss. Og eg likar veldig godt tanken på å ha noko annleis, sjølv om eg sjølvsagt blir påvirka og inspirert av andre. Det er vel slik det skal vere? :) Trendar kjem og går, og sjølv om eg ikkje strevar for å halde følge med kva som er siste nytt, så blir nok heimen min sakte men sikkert påvirka av trendar likevel. Heldigvis har vi bloggar og interiørblad med mange ulike stilar, slik at ein kan inspirerast til å finne sin eigen stil, uavhengig av kva reklamen i postkassa seier at du skal like! :)

Håpar du har ein deilig tirsdag!

fredag 14. oktober 2011

Kameraveske for ladies!

Åh, så kjekt det hadde vore å ha ei slik veske! I akkurat denne nydelege gule varianten, og fyllt til randen med fotoutstyr og nødvendig kompetanse... Eg har så lyst å lære meir om fotografering! Og eg har så lyst å ha meir tid til å fotografere! :) Har du lagt merke til at det er skremmande kor fort mengden med dagslys minkar frå dag til dag no? Uff, eg vil ikkje heilt tenke på det. Heldigvis har vi handarbeid, te, stearinlys og evnen til å kose oss! ;) For ikkje å snakke om ein og annan fridag!

For å kikke nærmare på desse kameraveskene kan du enten klikke på det lånte bildet eller gå til Jo Totes her. Denne skal i alle fall opp på mi ønskeliste. Saman med eit lite kompaktkamera. For det er jammen tungt (og litt tungvint) å dra på ei heil veske full av utstyr... ;)

Ønskar deg ein super fredag!

torsdag 13. oktober 2011

Det er lov å vere stolt!

Eg har så mykje å vere stolt over! Og eg er verkeleg stolt over mange ting også! Sjølvsagt kan eg skjemme meg og gremme meg og rødme og bli skikkeleg flau over ting eg presterer eller ikkje presterer å få til... Men akkurat no kjenner eg at eg er stolt!

Familien min er det eg er aller mest stolt over. Den fine, vesle familien min og den store, gode familien min. Så stolt er eg at eg meir enn gjerne heng opp bilder av barna mine rundt i huset. Og gjerne bilder dei har laga også, for det er jo verkeleg flotte kunstverk! :) Den nye bildeveggen min i stova er eg også stolt over. Endeleg fekk eg gjort det! Det var jo berre å slå inn nokre spiker og få opp desse bilda! Har du prøvd å lage bildevegg? Kanskje gjorde du som eg; pusla og flytta på alle bilda på stovegolvet leeeenge, før du endeleg fann ein god måte å henge dei opp på. Eg valgte til slutt å bygge opp bilda rundt ei rett linje i midten, på ein måte... Så no håpar eg det skal vere enkelt å legge til fleire bilder når eg vil det. ;) Ja, så er eg forresten litt stolt over at eg plutseleg malte to strøk på denne stoveveggen. Den var eigentleg kvit, men då eg flytta på to store bilder var malinga blitt heilt gul under. Hjelp! Så då stakk eg innom malebutikken i hui og hast, plukka ut ein gråfarge (Zen Hage - litt for lys, trur eg..) og fekk malt to strøk på eit halv døgn. Joda, eg slår til og er effektiv når det trengs! :)
Lillebror har oppdaga gleden ved pannekaker med blåbær, og er stolt over å kunne spise sjølv! Men ikkje på langt nær så stolt som eg er! Min vidunderlege, vesle gut - tenk han fyller snart eit år!

Men kva meir vil eg vise fram i dag? Eg kunne jo nevnt både jobben min, vennane mine, den halvstrikka genseren eller den gode kikertsalaten som ting eg er stolt av, men eg gjer det ikkje. I staden vil eg trekke fram søstra mi. Den flinke, skjønne, snille, gode, omtenksomme, vakre og uttrykksfulle lisjesystra mi. Ho har vore ein del i media på Sunnmøre i det siste, og det er ikkje utan grunn. To nyydelege konsertar har ho hatt no, og vi ventar og gler oss til musikken er å få kjøpt i platebutikken!! Ho fulgte draumen sin og er superdyktig jazzsongarinne. Du kan sjå heile intervjuet på Nrk her, eller lytte meir til musikken hennar her. Eg er så glad i deg, Gine!
Bilda har eg lånt her og her.

No skal eg vere heime aleine i mange timar framover. Det er spennande og rart, men også godt. Eg har faktisk ikkje vore heime aleine på snart eit år! Janome, no kjem eg snart! ;)

Takk for alle gode tilbakemeldingar på bloggen min! 
Du gjer meg stolt og audmjuk og glad!

onsdag 12. oktober 2011

Velkommen inn!

Endeleg tilbake igjen! Og huset mitt er så fint no! :) Dei siste vekene har vi jobba mykje med mange små og store prosjekt, og eg vil komme tilbake med fleire av dei! Men her er i alle fall eit glimt av gangen og kjøkkenet mitt. Tapeten er til å bli glad av, og passar utmerka inn i den fargeskalaen eg for tida har dilla på. Men kjøkkengardinene..? Tja, dei er jo fine og heimesydde, men no når alt anna er nytt og fint blir det jammen freistande å bytte ut desse også!

Eg har hatt storfint besøk i formiddag, og det var til og med ei dame med kamera som gjekk rundt og knipsa i vilden sky! Åh, som eg gler meg til å sjå resultatet! Dette kjem det også meir om snart, snart...

Det er forresten viktig med litt humor i interiøret, og dagens innslag er plakaten på den ellers så sukkersøte veggen; Freak out and throw stuff! Denne og fleire andre kan du mellom anna kjøpe her.
Hovudet fullt av interiør- og handarbeidstankar. Hendene fulle av ein lite samarbeidsvillig pc. Kjøkkenbenken full av eplepai. Kaffekverna full av nydelege kaffebønner. Huset fullt av fine krokar for skjønne gjestar. Hjartet fullt av kjærleik. Velkommen!

Håpar hausten er snill med deg!


blogger template by lovebird