fredag 30. august 2013

Fort gjort!

På forsommaren var eg på sydag med gode venninner. Det var før sysaker og kreativt rot vart pakka vekk i flyttekassene, som enno står øverst i trappa og ventar på at syrommet skal bli syrom og barneromma barnerom. ;) Ting tar tid! Men akkurat denne blusen tok jammen ikkje så veldig mykje tid! Eg har brukt eit herleg stoff frå Stoff og stil, og ei oppskrift på ein kjole frå samme stad. Denne kjolen skulle ha to kapper til nedanfor denne første, men dei droppa eg rett og slett. Jenta mi trengte ikkje kjole, men noko som passa til bukser og shortsar og slikt. Og det gjer den! :)
Eg datt og slo halen min for nokre dagar sidan. Har du prøvd det? Hadde det gått bra hadde det stuntet eg gjorde vore kult og gitt cred, men slik det vart, så vart det eigentleg mest flaut og dumt. Joda, eg er nok både barnsleg og i overkant impulsiv... Det var ei lang og bratt rutsjebane på ein leikeplass, og eg måtte sjølvsagt teste om den var trygg for ungane i regnvèret. Det var den altså ikkje. Eg flaug nokre meter flatt gjennom lufta før eg landa med eit brak. Au. Au. Au. 

Deilig med fredagskveld, uansett! Fredagspizza og sofakos. Digg!

Fin fredag til deg!

tirsdag 6. august 2013

Når kvardagen er her

Vi er igang med å bruke huset vårt. Vi brukar kvar ei krå, og greier på forunderleg vis å fylle det. Stova skulle vere leikefri sone, som ein fristad for auget og kvile for sjela. Eller noko sånt. Ryddig og zenaktig, kanskje. ;) Men enno flyt leikene. Togbanen har blitt satt i ein samanheng, men petshopar og små sokkar har funne flytsona si. Eg syns på ein måte det er greit. Etter forrige overdøvande idylliske innlegg har kvardagen innhenta oss, og eg må sjå litt nøyare etter for å oppdage idyllen mellom oppvask, gamle aviser, søskenkranglar, korte lunter og tidsfristar og anna kvardagsgreier. Men eg ser den. Idyllen, altså. :) Eg ser den i barnesang, knusekos og togbane. Eg ser den når lillebror storfornøgd tittar fram frå klesskapet mitt og ropar Fann deg! Og når storesøster jublande spring mot ytterdøra for å sleppe inn venninnebesøket sitt. Eg nyt kaffien min i haugen med puter på sofaen, godt gøymt bak stabelen med flyttekasser, og lyttar til venninnene som snakkar om flytting og kjensler og kven som eigentleg vil at storesøster skal lære å spele piano. Eg stoppar opp i stresset og tar pause. Det er verkeleg godt. Verkeleg. 
Pianoet fulgte med huset. Og den nydelege pianokrakken likeså. Fleire bilder og detaljar kjem når pc-utstyret er pakka ut. Når ting har komt på plass og ledningane funne att. Eg gler meg! :)

Nyt kvardagen din!

søndag 4. august 2013

Ein passeleg dose idyll, takk!

Dette er verkeleg akkurat så idyllisk som det ser ut. Siste feriedagen. I hagen leikar glade barn. Vi har klossar, klatrestige, dukkestue og hengekøye. Vi har rips, solbær og kirsebær. Vi har vaffeljern og skøyteledning, og vips! så vart det vaflar og is og gode venner på besøk på terrassen og i hagen og på omvisning i nyhuset. Rett og slett ein heilt nydeleg søndag! Så no kan kvardagen berre komme... 

Ønskar deg ei deilig sommarveke!

torsdag 1. august 2013

Nymalt parkett

Å male golv er, tru det eller ei, kjempekjekt! Til og med mannen syns det var gøy, for då ser ein verkeleg fort resultata! :) Ein heilt ok bjørkeparkett, ikkje perfekt på nokon måte, har no fått nokre strøk med Trestjerner i fargen fabrikk. Perfekt. I alle fall nesten. ;)

Eg er klar for fortsettelsen. Fleire golv, takk! Berre synd at lister, tak og veggar også må malast. Og vindu og dører. Og skap. Og stolar og hyller. Og trapp. Joda, eg har litt å sysle med framover. Enn du?


blogger template by lovebird