mandag 21. desember 2009

Smilerynker

Smilerynker.dk er ein heilt nydeleg blogg, som no har ein herleg julegiveaway! Du kan vinne metervis med flott vintagetapet, og det syns i alle fall eg hadde vore utruleg kjekt! Klikk på biletet over for å komme til bloggen, og på tapetrullane for å komme direkte til konkurransen.
Ho skriv sjølv: Smilerynker er herligt børnetøj i skønne farver og mønstre. Genbrug og nyt blandet sammen i skønt design. Jeg laver dejlige dukker der dufter af uld og børnetøj syet med kærlighed. Her elsker vi naturen, køer med horn, bondemand Niels´ biodynamiske grøntsager og 70érne. Det hele er godt rystet sammen og er blevet til kjoler syet af retro-sengetøj, bukser i økologisk fløjl og mormors hæklelapper. Børnetøj som giver mor smilerynker, fordi det minder hende om dengang hun selv var barn…

lørdag 19. desember 2009

Sukker på landet

Dette har vore ein utruleg deilig førjulslaurdag! Joda, vi skulle nok heilt sikkert ha stressa som så mange andre, men det hadde vi ikkje lyst til! Lille A vekte oss då ho vakna litt over kl.10, og då bada og somla vi, slik at laurdagsfrukosten vart både sein og god... :) Og så skulle vi jo på julemarknad i dag!

Designmarkedet Sukker hadde flytta ut på landet for ein dag, og det var så fint der! Sjølve garden var idyllisk og skjønn, og alt det som var på marknaden....åh! Først må eg seie noko om korleis det var ute der...med eit fint lag mjuk og kvit nysnø, fuglenek, faklar, blå himmel, fredeleg gardstun. Det er nesten så eg kunne tenke meg å flytte ut av byen igjen (men berre nesten!). Denne fine lykta du ser øverst stod utanfor hønsehuset, og den er av is. Såå fint når lyset skin gjennom isen!Lille A fekk kose seg på juleverkstad for borna...og eg kosa meg også med det! ;)
Det var også kjekt å få helse på Gekko! Ho var der med nokre av dei fiiine tinga som ho syr, og vi kjøpte eit heilt herleg skjørt, som Lille A likte så godt. Actionbileta får heller komme seinare. ;)
Vi kjenner også til Tiril som har vakse opp på denne garden, og som er keramikar og billedkunstnar. Ho deltok sjølvsagt også på marknaden med dei vakre tinga sine. Og når vi kikka oss rundt forsto vi jo at det bur kreative folk på garden.
Til slutt ei vinterbilete av meg, med det mjuke, gode skjerfet dama bak Fin i formen har hekla til meg. :) Og eg har lova å gi mannen min cred for bileta... Takk, B! Han tar forresten mange gode bilete, og om du vil sjå fleire finn du nokre av dei her.

Vidare også var laurdagen ein suksess, altså! Det har vore skigåing i hagen, baking av nydelege biscotti og pizza framfor tv... Og julestresset? -det får komme i morgon eller mandag...hihi!

torsdag 17. desember 2009

Lær å brette søt eske


I dag har eg lært meg å lage slike fine, små esker. 
Dei er verkeleg søte, og eg vil gjerne prøve å lære det bort!
Det einaste du treng er ei saks og to ark. 
Eg brukte eit A4-ark frå Ikea til lokk, og eit anna til botn. Først brettar du arket og klipper av, slik at du får eit kvadrat.
Brett kvadratet andre vegen også, slik at du får eit kryss i midten.
Brett hjørna inn mot midten av krysset. 
Hugs at dersom du stryk neglen over kanten, vil den bli tydeleg og lettare å brette seinare.
Når alle fire hjørna er bretta inn, brettar du ut att, 
før du brettar inn eit hjørne og brettar det ein gong til, 
slik at kanten ligg inntil bretten som alt er på papiret. 
Gjer dette på alle sidene.
No kjem den vanskelegaste og kjekkaste delen, der du ser at eska finn fasongen sin. 
Du tar to sider og brettar dei med spissen inn og sida opp.
Dei to andre sidene løftast så dei står opp.
I hjørna på eska brettar du flikane inn.
Spissen brettast ned, og slik fikserer du også veggen på eska.
Vips, så har du ein del av ei eske, og manglar berre den andre halvparten. 
Når du lagar botnen klipper du berre kvadratet 5mm mindre, så blir det ganske passe!
Spissane inni eska kan festast med eit fint merke, 
og eska kan fyllast med noko som er kjekt å gi bort...

Lukke til!

onsdag 16. desember 2009

Når ein peparkakebakar...

I vår andre peparkakebakerunde har eg og Lille A trykt ut bokstavar til den store gullmedalje... Dei skal vere oppi nokre julegåver, så då passa det fint med bokstavkjeks med peparkakesmak. :) Bokstavformene fekk eg som premie i ein eller annan bokklubb, og fekk endeleg brukt dei!

Morgondagen ventar med hjartepynting, nonstop og silkeband...mmm... :)

tirsdag 15. desember 2009

Misteltoe...

Sjølv om det å kysse under mistelteinen ikkje er ein norsk skikk, så syns eg dette var litt morsomt...og fint var det også! Oppskrifta fann eg hos Matsutake. :)

Må oppdatere dykk på kamerafronten, for no er vidunderet i hus, men eg har sydd så mykje i kveld at eg ikkje har hatt sjansen til å gjere så mykje med det enno... Men er i alle fall glad for at det kan ta fine bilder, sjølv i gult innelys om kvelden...hihi!

lørdag 12. desember 2009

Endelig sying...men ikkje kamera ;)


Photo by mobilkamera i kveldsmørket...
Har fått i oppdrag å sy to firkanta toalettmapper, og måtte prøve meg i dag. Den vart jammen ganske fin, sjølv om eg nok kjem til å gjere nokre endringar på dei neste i morgon... ;) Måla vart ca 18x18x9,5 cm, i staden for ca 30x20x20, så då er det vel berre å finne fram penn og papir. Eg må teikne for å klare å visualisere mønsteret og måla...og så er det vel berre å bruke matematikkunnskapane?

Det er faktisk fleire ting som har blitt produsert ved symaskina i dag, og det er så utruleg tilfredsstillande! :) Ganske stolt også! Og så vart eg så glad i dag, for mannen var ein snartur til byen og fekk bestilt kamera! Hurra! Så i løpet av neste veke skal eg vel kunne klare å lære meg det godt nok til å ta fiiiine bloggbilder igjen.

Ønsker dykk alle ei riktig god helg!

fredag 11. desember 2009

Esperanza Spalding

Har sett og høyrt fredspriskonsert, og særleg denne vesle jenta med den store kontrabassen fascinerte meg... Må nok høyre meir på Esperanza Spalding etterkvart, og har difor lagt opp ei lita speleliste på sida her (uff, eg slit visst litt med å få det til denne gongen, og forstår ikkje heilt kvifor...), i tillegg til at bildet er linka til heimesida. Enjoy!

onsdag 9. desember 2009

DesignArtist Shawn Soh

Den koreanske designaren Shawn Soh har laga dette treet, som for anledninga er julepynta... Eg fann det først som eit grønt tre, og det var heilt nydeleg som bokhylle i eit barnerom! Linken til desse inspirerande bileta finn du her. Av respekt for copyrighten tok eg ikkje dei bileta ho hadde merka med (c), berre dei ho ga bort.. :)
Eg likte det reine, naturlege uttrykket, og at det ikkje berre er dekor, men også veldig brukbart! Av omsyn til miljøet er det laga i metall, og det er også noko eg har sansen for. Ikkje metall, altså, men at designaren tenker på miljø...det er jo viktig!
Alle bilder er henta frå www.designartist.co.kr

tirsdag 8. desember 2009

Julegåvetips og litt..

Photo by www.rice.dk
Eg veit at det er fleire enn meg som ikkje er heilt i hamn med julegåvene, sjølv om det virkar som dei fleste av dykk bloggarar stort sett har kontroll..hihi! I år føler eg at eg er i rute, for eg har allerede kjøpt inn fleire julegåver, og eg veit kva eg skal ha til nokre til, så då er det ikkje så mange usikre igjen. :) Og eg kosar meg med det! Det var stas å ta morfar med til Nøstebarn for å kjøpe julegåve til Lille A, for då blir vi glade alle saman! Men i tilfelle nokre andre skulle komme til å kikke innom her, så kjem eg med nokre tips. Og dei kan nok heilt sikkert gjelde for fleire småjenter på 4 (og mammaene deira) også!

Photo by www.rice.dk
Dei nydelege korgene hadde vore supre til å ha leiker i! Det er jo sånn at det er kjekkast å vere på stova, og ikkje måtte sitte aleine nede på rommet sitt å leike. Og difor så har vi eit hjørne med leiker i stova. Eller å kalle det eit hjørne er vel litt drøyt, for det har ein tendens til å spre seg utover, slik at vi har leiker på stovebordet, på det vesle barnebordet, i og under sofaen, i bokhylla, bak pianoet og litt rundtomkring. MEN om vi hadde ei sååå fin korg, så kunne jo leikene hatt plassen sin der! Ok, vi har korger no også, men problemet ligg vel litt i at leikene kjem opp av korgene sine på rommet, for å vere saman med Lille A på stova...

Og så var det desse morsomme snøkulene...ein favoritt. ;) Rice lagar så utruleg lekre ting i dei sprekaste fargane!
Photo by www.designdelicatessen.dk
Denne gyngestolen syns eg også er heilt herleg, sjølv om eg ikkje heilt har bestemt meg for kor den skulle stått... Har funne den på DesignDelicatessen, der dei har fleire lekre saker...

Og så må eg nok ein gong reklamere litt for Bloesem, men denne gongen for den andre bloggen, nemleg BloesemKids. Der er det daglege give-aways no, og særleg desse to likte eg veldig godt!
Denne gule bokhylleelefanten kan du få tak i hos Spunky Sprout, ein litt rotete, men velassortert nettbutikk. Eller du kan gå til konkurransen ved å trykke på bildet.

Og denne illustratøren lagar så nydelege bilder! Heilt skjønne, med ein særeigen strek som minner meg om illustrasjonane til Den vesle prinsen.
Du kan gå inn på Sarah Jane Studios Etsyshop, eller gå til konkurransen ved å trykke på bildet. Eg vil også vise eit par til bilder, av dei gode vennane Wellesley and Winslow, som var så søte...

søndag 6. desember 2009

Indie Fixx Galleria

Via Bloesem kom eg over litt ny inspirasjon i dag... Får alltid lyst til å lage slike lekre filledukker når eg kjem over dei! Men symaskina står stort sett i fred og ro i kroken sin på kjøkkenet (jaja, så vart det symaskina sin krok denne månaden også..sukk!), og alt eg treng til sømmen ligg rundt om kring, og eg spring rundt og får ikkje gjort så mykje som eg tenkte eg skulle gjere denne helga heller.
Vi har besøk av morfar, og det er jammen kosleg! Så siste dagane har det vore pepparkakebaking, bytur, godteri, feberkramper, slappfisk og kjærleik... Stakkars, lille A. Det er ikkje godt å vere sjuk, morfarbesøk eller ikkje...
Sjå desse posane - eg har aldri tenkt på at ein kan putte posar med tørka lavendel i tørketrommelen, men det var jammen ein god idè! Om eg berre kunne få ein tørketrommel snart... Hihi! Apropos det, så er badet vårt snart fiks ferdig! Hurra! Då har vi altså vore meir eller mindre badlause i over tre månader, og det skal bli heilt fantastisk og flytte inn der igjen. Eg har kjøpt inn badeskum til boblebadet (det er berre såå herleg når ein set i gang boblene og skummet veks over alle bredder!), skrubbekrem og herlege saker, som eg skal nyte når vaskebyrået har fått vaska bort alt byggestøvet der nede.. :)
Men ikkje før er badet reparert for ein uhelbredeleg fuktskade, så oppstår den samme skaden i kameraet, og verkstaden måtte berre beklage at det ikkje ville løne seg å reparere..om eg berre visste kor eg hadde gjort av kompaktkameraet! Takk for at de uansett held ut med meg og kjem innom her iblant...eg er også innom rundt om kring i blant, men har vore litt for opptatt til å etterlate spor i det siste...

I mellomtida byr eg på bilder frå Indie Fixx Galleria, som byr på mange slags kunstnarar og uttrykksformer...eg likar slikt!


blogger template by lovebird