tirsdag 31. august 2010

Fine funn på Etsy!


  1. Pom Love  - herleg pynt til festlege høve!
  2. Sugarloop - kunstprint
  3. Joanna Rutter - nydelege smykker og litt anna
  4. Little Alouette - organiske, gode og fine treleiker til baby og småbarn
  5. Umbrella Prints -handtrykte stoff og anna
  6. Sparkle Paw - søte kort og lommespeil
  7. Pilli Pilli - glade, fine ting av tekstil
  8. Nothing elegant - ting og tang, stempel, klistremerker og anna
Berre nokre Etsytips... Har kosa meg med å finne fram desse, og finn utrulig mykje inspirasjon også! Det er verkeleg mykje eg ønskar meg, både for moro skuld, og for å ha som materiell i hobbyskapet mitt.. :)

Kos deg denne tirsdagen!

    søndag 29. august 2010

    Takk, mamma :)

    I kveld kjenner eg på ei kjense av takknemlighet. (Ja, eller takksemd, som det nok heiter på skikkeleg nynorsk...det er berre så framandt i munnen, at eg vel å jukse litt.) ;)

    Denne veka har mannen vore bortreist, og mi snille mamma kom for å passe på oss jentene. Det har vore sååå koseleg! Eg kjenner meg kjempeheldig som har ei mamme som stiller opp når eg ber om det, sjølv om ho bur langt unna og har det travelt i sin kvardag der. :) Takk, mamma!

    Og for Storesyster har dette vore toppen! Tenk å kunne sove lenge om morgonen, og når ho endeleg vaknar kan ho tusle inn til mormor, og alt eg høyrer er latter og glede over å vere saman.
    Ja, ho har det faktisk ikkje ille til vanleg heller, Storesyster. Ho var litt skjønn på fredagsmorgonen, då ho skulle ha fri frå barnehagen. (Ho låg i pappa si seng, for det er stas når han er bortreist!)

    A: Mamma, kan du sjekke kva klokka er?
    G: Ja....vent litt... Den er 07.04 og det er aaaaaltfor tidleg å vakne enno. Vi må sove litt til.
    (Joda, eg veit at vi er heldige... Denne jenta må nok få vekkerklokke til bursdagen, slik at vi skal komme oss i barnehagen medan det enno er morgon! 12-13 timar søvn kvar natt er omtrent passe, syns ho.)
    A: Javel... (Og så knuffa vi litt for å få plass på samme pute mens vi sov litt til)
    A: Mamma, kan du sjekke kva klokka er no?
    G: Ja...vent litt... Den er cirka halv ni.
    A: Da er det tid for å koooose! 
    - og så omfavnar ho meg og vi kosar og klemmer og ler, 
    før vi kan stå opp og starte dagen. 
    For ei lukke!!!

    På kjøkkenbordet stod denne bugnande, flotte buketten. 
    Eg og mamma var nemleg ein tur på Rotvoll på torsdagen, for å handle på landhandelen 
    (som har super-supergod saft frå eige safteri) og kikke litt. Det er så godt å vere der. Fredeleg, stille og vakkert! Der fekk eg også denne buketten, som mamma betalte 40 kroner for, og som vart plukka frå den herlege hagen medan vi venta. :) 

    No ventar nokre kvardagar igjen, med fysioterapi, lege, besøk på jobben og sannsynlegvis ein cafè eller to...
    Så kjem den snille pappaen min på besøk! Eg er sååå heldig! Gler meg!

    Ønskar deg ei herleg veke!

    fredag 27. august 2010

    Dagens nydelege lunsj...

    Mmmmm - i dag har vi kosa oss heime, 
    Storesyster, eg og mormor.
    Då blir det vafler til lunsj, 
    med villbringebær frå hagen.

    Eg syns vi er utruleg heldige som kan gjere slikt.
    Og så syns eg det er viktig å hugse kor heldige vi er!

    Ha ein deilig fredag
    og ei god helg!

    torsdag 26. august 2010

    Fine funn på Epla!

    Her ein dag fekk eg eit tips frå vennar, om ein butikk på Epla som eg måtte besøke. Det viste seg å vere ei syster som dreiv denne butikken, og eg kikka spent inn til Kaptein Biff.
    Då skjedde det!
    Eg fall pladask!
    Herleg ape!!

    Så no blir det slik at Lillebror skal få seg aperangle når han kjem til verda...og så får vi håpe Storesyster greier å gi den bort! Den kom nemleg i posten i dag, og var såååå fin! No har den blitt leika med i snart ein time alt, og lydane frå kroken der ho held på er berre gode!
    Ja, det kom faktisk to pakkar i posten i dag!
    Den andre kom frå Rekkehuset, og inneheldt
    ei skjønn, mjuk og perfekt lita trøye til den vesle guten vår. 
    Gler meg til han kan ha den på!

    I mellomtida kosar vi oss med kvardagen. 
    Lille A blir omdøypt til Storesyster, for det er ho klar for.
    "Mamma, du kan ikke kalle mæ Lille A mer, for æ e jo stoor!"
    Og sjølv om ho er både stor og flink og tøff og veldig sosial, så kom ho storskrikande mot innkjørselen etter at ho skulle hente posten i dag. Tenk, den gamle nabodama med den skrekkelege hunden var ute i gata, og hunden sprang etter Storesyster! Ho var livredd, og det forstår eg jo godt, for vi har jo sett den glefse etter forbipasserande før! Isj, altså! Eg blir rasande sint, men eg er ikkje så flink til å seie frå...men det er heldigvis mormor, som ga klar beskjed om å bruke band på hunden. Alltid.
    Ikkje kjekt å krangle med naboar, for vi vil jo vere venlege og greie! 

    Ønskar deg ein problemfri torsdagskveld!

    tirsdag 24. august 2010

    Prosjekt Jenterom

    På jenterommet blir det forandringar framover. 
    Eg har alt begynt, og først ut var ei hylle til å sette leiker i. Det er jo absolutt fint å ha nokre leiker ståande framme, og i denne herlege hylla kan Lille A sjølv vere med å velge ut kva som skal stå utstilt, og kva som skal leggast i leikekassa.

    Hylla er ei heilt vanleg Ikeahylle, men eg har fresha opp bakveggen med papir frå Rie Elise Larsen.
    Det vart heilt herleg! Valget av papir gjorde vi i fellesskap, og det er eg glad for, for eg hadde nok ikkje valgt heilt det samme aleine. Perleprinsessa er også laga i fellesskap, medan den fantastiske prinsessekrona er sjølvkjøpt ved Nidarosdomen av Lille A sine eigne lommepengar.

    Neste prosjekt på jenterommet er også godt i gang. Målet er at rommet skal bli eit attraktivt leikerom, både med og utan gjestar. Til høgre på dette bildet kan du sjå noko av det eg har gjort for å få til dette, og fleire bilder kjem etterkvart. :) Ein del arbeid gjenstår, og eg tar tida til hjelp! ;)

    Bildet til venste er frå kjøkkenvindauget. Endeleg, etter to år, har dei kjipe furulistene blitt kvite, og eg frydar meg! Det er mannen som har hatt malejobben, sjølv om maling ikkje akkurat står øvst på ønskelista hans... Men eg er så glad, så glad, så då må det vel vere verdt slitet?
    Gardinene sydde eg forresten sjølv då vi flytta inn her. Ganske stolt av den jobben! 
    (Og kjem neppe til å gjere det på samme måten om igjen...)

    No ventar vi på mormorbesøk!
    Gler meg!! :)

    Ønskar deg ei framleis fin veke!

    søndag 22. august 2010

    Sprudlande energi!


    Eg må berre reklamere enda meir for meg sjølv...!
    Herleg fargesprakande og nydeleg skjønne spenner og øyredobbar!
    Desse og enda fleire kan du no kjøpe 


    Det har vore tid til å pusle med ting i det siste.
    Og ikkje minst har eg hatt energi, lyst og inspirasjon til å halde på.
    Det syns eg er eit privilegium. 
    Alt dette.

    vilje
    kreativitet
    motivasjon
    inspirasjon
    energi 
    tid

    La oss ta vare på dei sjansane vi har 
    til å pusle med slikt som er gøy!

    lørdag 21. august 2010

    Sol og modne tomatar

    "Mamma - æ ser at det e kjempemange tomata ute!"
    Lille A finn fram korga si og går ut på verandaen. Der står den fruktbare tomatplanten, og bugnar av tomatar! Ja, det er noko som heiter Smakstomat, men ingen kjøpte tomatar har så god smak som dei vi kan hauste her heime! Fram til no har dei blitt spist etter kvart som dei vart modne, ein og ein tomat, men no, etter ei veke med deilig sommarvarme, var det mange modne på ein gong!
    Som du kan sjå så er det så vidt planten greier å bere all den frukta... Det er FULLT av grøne, små tomatar som ventar på enda meir sol og varme. Planten er plassert på ein stol, ytterst på hjørnet av verandaen, for verkeleg å kunne utnytte sola så lenge som mulig.

    No håpar eg denne smaken av haust berre er for å minne oss om tida som skal komme!
    Eg er ikkje heilt klar for det kalde, våte og mørke vèret heilt enno... Er du?

    Ha ein koseleg laurdagskveld!

    fredag 20. august 2010

    ByGraziela

    Eg berre MÅ dedikere enno eit innlegg til Graziela.
    No har eg funne blogg og webshop og arkivbilder, og det er så herlege ting!!
    Du kan bruke denne lenka for å finne fram!
    Vil ha meir!
    Vil ha fleire variantar!
    Vil fylle huset med glade design!
    Det er deilig med fredag!
    No er det pizza og kos!

    Ha ein super kveld!

    torsdag 19. august 2010

    Jentete puslerier...

    Dei siste dagane har eg kosa meg med eit lite prosjekt. :) Eg har jo laga nokre spenner tidligare, men no har eg verkeleg slått til, og har laga ganske mange, og med ulike uttrykk.
    No skal dei fleste ut på Epla, og først ut er desse spennene med filtpynt.
    Passar veldig godt for små jenter, men er også fine til store!
    Du får berre ein liten smakebit her på bloggen...

    Ha ein herleg dag!

    onsdag 18. august 2010

    Fleire puter og full postkasse

    Min fullstendige okkupasjon av kjøkkenbordet dei siste dagane ber gode frukter. 
    Tre nye, (og om eg får seie det sjølv) herlege lappeputer har funne vegen til Eplabutikken min.
    Dei er litt like, men veldig forskjellige, og eg har stort sett brukt nytt stoff denne gongen. Men det er likevel ein slags gjenbruk, for det er for det meste stoffrestar frå andre syprosjekt som har blitt klipt opp. Og enno har eg ferdigklipte ruter i ulike storleikar i store mengder... 
    Kanskje kjem det fleire puter? Eller andre lappeprosjekt?
    Denne puta vart ganske jentete.. 
    Dei to andre er litt mindre typiske. 
    Har ikkje heilt taket på dei gutete tinga enno, 
    for eg syns jo at dei jentete er finast! ;)
    Eit lite utdrag frå detaljane. 
    Putetrekka har konvoluttopning bak, og ein ganske diskret merkelapp med krone og namnet mitt på. Dei passar til innleggsputer som er 40x40 cm, og på Kremmerhuset har dei slike gode dunputer!

    Ja, så var det det med den fulle postkassa, då!
    Av og til er det såå kjekt å hente posten. I går var ein sånn dag!
    Eg har gått leeenge og venta på nokre pakkar i posten (som forøvrig ikkje har komt enno!), 
    og gleda var stor då det låg tre veldig kjekke ting i postkassa i går! Tre på ein gong!
    For det første var det ein ny Pandurokatalog (som eg gler meg til å bla meir i), 
    og så var det ein pakke med stæsj frå Etsy (allerede!), 
    og eg og Lille A satt lenge og kosa oss med det stæsjet i går.
    Og sist, men ikkje minst, kom det fine, prikkete blå stoffet (som de ser baksida av på bildet..)! 
    Lille har kjøpt det for meg og sendt det i posten, 
    og vedlagt låg eit fint kort og tre nydelige hårspenner!
    Eg er jammen heldig! Tusen, tusen takk!!

    Forresten, eg vil gjerne anbefale ein titt inn på Lilles smykker!

    Ha ein fin onsdag!

    tirsdag 17. august 2010

    Nytt, retro og med ei historie

    For å vise fram dette, har eg måtte låne ei dukkevogn. Den har nok også ei historie, kanskje om ei jente med sløyfer i flettene som lukkeleg trilla rundt med den? No er det mi jente som ofte trillar rundt med denne vogna, og den fyllast opp med bamsar og dukker og tepper og dyner og vesker og korger og-og-og... Eg måtte i alle fall tømme ut ganske mykje for å få plass til Lillebror si dyne! :)

    Eg fall pladask for dette stoffet då eg kom over det her, og det er verkeleg fiiint! Fargane er klare og fine (og ikkje så neon som dei ser ut på bildet...), og bomullen har ein fantastisk tett og glatt og deilig kvalitet. Eg GLER meg til å bruke det til den vesle guten vår, som vi går ventar på!

    Det som var så morsomt, var at eg hadde nokre venninner på besøk i går, og mi skjønne tyske venninne vart berre ståande å sjå og sjå på dette dynetrekket. "Eg hadde eit heilt likt då eg var lita!" sa ho henrykt. Så kunne ho fortelje at ho trudde det var laga til eit tysk dameblad på 70-80-talet, og at vår generasjon no hadde etterspurt det så mykje at det hadde blitt produsert på nytt. Heldigvis for det! Ho fann att motiv som ho kunne smile av, som skya med lyn, som alltid hadde vore litt skummel. Min favoritt er nok elefanten. Og sola. Og regnbogen. Og toget. Og trea og blomstrane. ;)
    No skal eg komme meg ut til sola, lage meg ein deilig iskaffe og nyte sommarvèret!

    Nyt dagen, du òg!

    mandag 16. august 2010

    Epleskjørt!

    Dette herlege, rosa-raude skjørtet er no på veg til Epla-butikken min!
    Kosa meg med å sy det i helga, og håpar eg snart får sydd opp fleire Epla-skjørt. Det er så kjekt!

    Det rosa stoffet er gammalt og kjøpt på loppis, men var ubrukt og med butikklappen framleis på. Litt kraftig kvalitet. Eplestoffet er nytt, og såå herleg!

    To lommer til små skattar,
    akkurat slik jenter frå 4-6 år kan like! :)

    Ha ein GOD mandag!
    Oppdatering: Skjørtet er solgt til Johanne :)

    søndag 15. august 2010

    Ein spesiell dag

    Den vesle prinsessa vår er ikkje så veldig lita lenger, men har begynt å bli stor. Ho har ikkje akkurat bursdag i dag, men det er ein slags merkedag likevel. Lille A kom til verda litt tidligare enn vi trudde, og akkurat i dag har eg komt like langt i dette svangerskapet som eg kom med henne (29+4). Det vil seie at det enno er 2,5 månad til termin... Denne gongen ser det ut som eg kan gå mykje lenger, men ein veit jo aldri. ;)
    Då Lille A vart fødd var ho 1220 gram og 42 cm. Då eg var til ultralyd for ei veke sidan anslo dei storleiken til Lillebror til ca 1,2 kilo. Litt morsomt, rett og slett. Har funne fram dei minikleda vi hadde sist, og såg at den herlege ullbodyen i str.44 sannsynlegvis passar til ei dukke. Trudde nesten eg hadde krympa den, men det hadde eg ikkje! :) No har eg imidlertid kjøpt inn litt større ullbodyar, og satsar på at han skal passe i dei når han blir fødd. :) 

    Som du kanskje ser, så er alt bra med Lille A. Det er godt, det! 
    Tenk å vere så lita og skjør, og så bli så stor og frisk og robust! For eit mirakel! :) 

    Skal eg fortelje litt om kva som skjedde då ho kom? 
    Eg fekk svangerskapsforgiftning, men sidan det heile starta litt forsiktig reiste eg på togtur til Gøteborg. Medan eg var der var eg såååå sliten, og hadde vondt i bekkenet, og tenkte at "jaja, det er vel slik det er å vere gravid..." Men dagen etter heimkomst var det berre så vidt eg orka å dra ned til den avtalte legekontrollen, og då eg kom dit var det rett inn på sjukehus. "Det kan skje noko i løpet av dagar eller veker, det veit vi ingenting om", sa dei der. Eg vart lagt i ei seng, med ordre om å ikkje lese, ikkje prate, ikkje sjå tv, ikkje tenke, berre slappe av! Hah! Det er ikkje såå lett...men eg var så sliten, at det var ingenting anna som freista, eigentleg. :)

    To dagar etter kom legane og fortalte at no var det best for oss begge at ho fekk komme ut, og det vart keisersnitt. Pappaen vart med Lille A til nyfødd intensiv, medan eg måtte komme meg til hektene først. Dei neste vekene (ja, månadane, faktisk) satt vi med Lille A inntil oss, hud mot hud. Ho vekste og hadde det bra, og rett før termin vart vi skrivne ut, og var klare for vår første jul som ein liten familie med ein minibaby. Når eg ser på bilda frå den tida, ser eg at ho var liiita! 
    No er ho sååå stor. Elskar å pynte seg, synge og danse, som her. Hoppande og dansande i kosesenga vår, er ho ikkje så lett å ta bilder av, men eg ville berre vise fram kjolen! ;) Denne kjolen vart ferdig i går, og vi er fornøgde! Har ikkje brukt oppskrift, og har prøvd meg på vaffelsaum for første gong. Eigentleg skulle det bli ein sommartopp til meg sjølv, men....som du forstår vart det ikkje heilt som eg har tenkt. Eg er ikkje akkurat lita og spinkel, så det var ikkje slik at det berre så vidt vart ein jentekjole i staden... Nei, det var berre nokre små justeringar og skulderstroppar som skulle til, så var det ein herleg kjole str.5 år! :)
    No er kaffepausen over, og eg skal halde fram med prosjekt jenterom! Har masse energi i dag, og så lenge eg tar pauser innimellom, så går det så fint! Deilig å kjenne at eg kan gjere noko anna enn å sitte i stolen og strikke! Sjølv om babyteppet på den måten blir litt oversett... 

    Ønskar deg ein strålande søndag!

    torsdag 12. august 2010

    Vennskap

    Eg kjenner meg så utruleg heldig!
    Tenk å ha så mange gode vennar, 
    nære og fjerne, kjente og ukjente.

    Responsen på forrige innlegg var god, 
    og eg er så glad for at det er så mange 
    hyggelege, venlege, omtenksomme folk rundt omkring!

    Tusen takk!

    No ser det i alle fall ut som det skal ordne seg, etter at Lille hadde sett ein stor rull med det etterlengta stoffet i butikken, og ville dra tilbake for å kjøpe det for meg, og sende det i posten!
    Fleire andre tilbydde seg å sjekke, kjøpe eller sende bitar dei hadde, 
    men det enklaste vart å bruke ho som visste at dei hadde det i nærleiken...
    De er så snille!
    Det er godt å kjenne på vennskap gjennom bloggen. 
    Og eg håpar eg kan gi noko tilbake til dykk der ute, 
    som eg hentar så mykje glede og inspirasjon frå!

    Også på heimefronten har eg fått kjenne på gode vennskap denne veka, og det er eit utruleg privilegium!
    Herleg venninnelunsj på tirsdag, og plutseleg hadde eg venninnespirea ståande på kjøkkenbordet. Takk, M!
    Og i går hadde Lille A plutseleg venninnebesøk med heim frå barnehagen, og mammaen hadde med den flotte solsikka då ho kom og henta. Så koseleg!

    Ta vare på vennskapet!

    One can never pay in gratitude; 
    one can pay "in kind" somewhere else in life. 
    (Anne Morrow Lindbergh)

    onsdag 11. august 2010

    Etterlyst!!

    Kan du hjelpe meg??
    Eg har nemleg endeleg eit heilt konkret, planlagt syprosjekt som eg har tenkt å gjennomføre i nærmaste framtid, og så er typisk nok stoffet som eg skal bruke gått ut av Stoff og stil sitt sortiment.  
    Med andre ord; ikkje mulig å få tak i!

    Har du eit slikt ganske knallblått bomullsstoff med små, kvite prikkar liggande?
    Kanskje så mykje som 1,5-2 meter?

    Eg ville bli superglad om eg fekk kjøpe det!

    tirsdag 10. august 2010

    Blomstergleder!

    Eg elskar å ha friske blomster på bordet! 
    Og på krakken i vinduskarmen! 
    Og andre stader der eg kan kikke på dei, lukte på dei og nyte dei...

    No har eg vore ein tur i hagen, og frydar meg stort over dei fine ranunklane mine!
    Ikkje har eg særleg grøne fingrar, og ikkje veit eg så mykje om landskapsarkitektur, men ein kan vel seie at eg lærer på den beste måten: Learning by doing!

    Planen er at eg neste år skal skal ha ein plan når eg plantar, og at eg skal vite litt om korleis det blir sjåande ut. I år har eg berre putta ting i jorda, på ein måte, og det blir så som så. Men om blomstrane ser litt bortkomne ut i hagen, så gjer det ingenting, for eg er meir inne enn der ute, og tar dei gjerne inn!
    Denne rosa ranunkelen ser ut slik eg trudde alle ranunklar skulle sjå ut! Herleg lag på lag...vakker!
    Men dei guloransje og den kvite kom frå samme pakken, og er sikkert søskenbarna til den rosa.

    Finn du noko fint i hagen din? Eller kanskje noko godt?
    Nyt seinsommardagane!

    mandag 9. august 2010

    Aktivitet...?

    No er det jammen lenge sidan eg har vore her! Eller er ei veke eigentleg særleg lenge? 
    Kanskje det handlar om korleis ein sjølv kjenner det, at det er litt slik som med klokka...?
    At eit minutt er frykteleg lenge om du står og kikkar på visarane, men kjennast som ingenting om du for eksempel er på Etsy. ;) Hihi...

    Her er det rolige heimedagar, men eg føler slett ikkje at tida står stille.
    Eg nyt tida aleine i fred og ro, og sjølv om eg gjer svært lite, så er det ikkje kjedeleg.
    Det er imidlertid mulig at dei fleste andre ville syns at time etter time i godstolen ville vere frykteleg, 
    men eg trur det handlar om innstilling. For meg er dette det naturlege valget no, og med pc, strikketøy, sudoku og diverse lesestoff kan eg klare meg leeeenge! Dette er jo jobben min! Eg skal slappe av, ta det med ro og sørge for at lillebror blir lengst mulig i magen. Mi innstilling er at dette er luksustid!
    Dei andre i familien krev litt høgare aktivitetsnivå, og dette bildet har mannen knipsa på tur med Lille A.
    Begge er like fornøgde med at ho no har fått eigen klatresele, og eg gler meg til å bli med dei på tur neste år!
    Enn så lenge så har dei herlege turar og storkosar seg saman, 
    og eg får verdas beste kosar og klemmar når dei kjem heim! 

    Lille A har forresten på seg utruleg gode klede for leik og aktivitet!
    Jakka frå Duns er mjuk og god og passe varm for kjølige sommardagar, 
    og den supre dongeribuksa er frå Novastar. Perfekt passform og skikkeleg god kvalitet! 
    Hm, det var visst dagens reklame...eller skal vi kalle det gode tips frå mor og barnehagedame?
    Mi herlege veslesyster har vore på besøk, og det har vore såååå kjekt!
    Det er så godt å vere saman med ho! 
    Takk, skjønne Gine!

    På det øverste og nederste bildet ser du nokre av kuppa ho gjorde på Fretex då ho var her. Ho jubla nesten høgt då ho kom over den koppen for 30kr. Blå eld er eit samlarobjekt frå Rörstrand!
    Serviettane var også morsomme, og i tillegg til desse kjøpte vi ein liten bunke barneserviettar til Lille A, og dei får de kanskje eit glimt av ein annan dag. No er eg i alle fall tilbake på bloggen, og har alt ein del tankar om kva den skal innehalde framover.

    Ønskar deg ei herleg veke!

    mandag 2. august 2010

    Vinnaren er...

    Tenk, eg har vore så oppslukt av boka mi, meg sjølv, mitt og mine, 
    at eg heilt har gløymt å trekke blogglotteriet! :) Håpar eg er tilgitt! 
    Plutseleg var det jammen august, og ikkje berre første, men andre august!
    Alle navna vart skrivne på blå lappar, og sirlig bretta saman. 
    "Mamma, korfor har du laga sånne smååå bøker?" 
    Små hender likar småtterier!
    Og vinnaren av sysmågodt er....
    h/saltaste bönan som skreiv
    hejsan, jag vill gärna vara med och länkar givetvis. Ha en fortsatt härlig sommar!! 

    ...og eg måtte sjølvsagt også trekke ein trøystepremie, 
    som går til Drømmehjerte, med kommentaren
    Hurra for sommer-blogglotteri! :-) Selvfølgelig vil jeg være med - og jeg krysser fingrene hardt og lenge for at sy-smågodtet kommer min vei! :-) Jeg linker også med glede!
     
    Gratulerer!
    Send meg adressa på e-post, så sender eg pakken i posten!

    søndag 1. august 2010

    Oppslukt og svett i hendene...

    Illustrasjonsfoto: Flickr

    Kan du bli så oppslukt av ei bok at timane flyt umerkeleg forbi, det som skjer rundt deg er uviktig, middagen må berre etast for å komme tilbake til boka, barn må vere stille og legge seg i riktig tid etc...?

    Eg har akkurat fullført litt over 600 grufullt spennande sider på omtrent to døgn. Dvs lite strikking og altfor lite kos med veslejenta! Men boka var frykteleg heilt frå begynnelsen, og eg innsåg at eg ikkje hadde lyst til å lese dette. Eg som har så altfor god forestillingsevne. Eg som drøymer om alt muleg rart. Eg som alt er nok husredd og mørkeredd. Likevel greidde eg ikkje å la vere! Eg måtte berre vite korleis det gjekk, og les heldigvis så raskt at det ikkje vart seigpining for meg...

    No håpar eg koselege Poirot skal viske ut hardbarka Harry Hole. :)

    Håpr du har hatt ein god søndag!


    blogger template by lovebird