torsdag 12. august 2010

Vennskap

Eg kjenner meg så utruleg heldig!
Tenk å ha så mange gode vennar, 
nære og fjerne, kjente og ukjente.

Responsen på forrige innlegg var god, 
og eg er så glad for at det er så mange 
hyggelege, venlege, omtenksomme folk rundt omkring!

Tusen takk!

No ser det i alle fall ut som det skal ordne seg, etter at Lille hadde sett ein stor rull med det etterlengta stoffet i butikken, og ville dra tilbake for å kjøpe det for meg, og sende det i posten!
Fleire andre tilbydde seg å sjekke, kjøpe eller sende bitar dei hadde, 
men det enklaste vart å bruke ho som visste at dei hadde det i nærleiken...
De er så snille!
Det er godt å kjenne på vennskap gjennom bloggen. 
Og eg håpar eg kan gi noko tilbake til dykk der ute, 
som eg hentar så mykje glede og inspirasjon frå!

Også på heimefronten har eg fått kjenne på gode vennskap denne veka, og det er eit utruleg privilegium!
Herleg venninnelunsj på tirsdag, og plutseleg hadde eg venninnespirea ståande på kjøkkenbordet. Takk, M!
Og i går hadde Lille A plutseleg venninnebesøk med heim frå barnehagen, og mammaen hadde med den flotte solsikka då ho kom og henta. Så koseleg!

Ta vare på vennskapet!

One can never pay in gratitude; 
one can pay "in kind" somewhere else in life. 
(Anne Morrow Lindbergh)

2 kommentarer:

  1. "Viktig melding"!:

    Eg invitere te BLOGGTREFF (på kort varsel)! ;o)

    Hadde vore sååå gøy om me kunne fått te å treffast!!!

    Spre budskapet :o)

    http://kreativimpulsiv.blogspot.com/2010/08/bloggtreff-pa-kort-varsel.html


    Og vennskap e viktig å setta pris på ;o)

    SvarSlett
  2. Hei hei Guro. Det er ikkje rart at bloggvenner vil hjelpe ei så smilande og blid bloggvenninne som deg, som sprer glede i heile blogglandia med sine fantastisk fine kommentarar. Eg blir glad kvar gong du har lagt igjen kommentar hjå meg. Og ikkje minst veldig takknemleg for at du ikkje sluttar med det, trass i at eg sjeldan har tid til å svare. Diger klem til deg, og masse god bedring med høgt blodtrykk og alskens ( I Know the feeling...).

    SvarSlett



blogger template by lovebird