onsdag 25. januar 2012

To-do-lister og produktfotografering...

Det ser ut til at det er fridagen min som også er bloggedagen min for tida. Fridagen som eg har snakka om så mange gongar før, som eg verdset så høgt og som eg har så mange planar for. I dag sette eg meg ned og skreiv ein slags plan over dagen, for å få gjort mest mulig av det eg burde, ville og skulle gjort... Berre det å ha ein plan hjalp veldig, men eg greidde nok ikkje å halde den. Lagar du lister og planar? Eg likar tilfredsstillelsen i å stryke ut noko, vere ferdig med ein ting og kunne begynne på noko nytt. Kanskje fordi eg er best på begynnelsar? :) Eller kanskje fordi eg treng struktur i det (kreative) kaoset eg har rundt meg? Joda, nokre kallar det rot, og det er mulig at det er mest av det og minst av kreativt kaos. Men eg veit ikkje.
Ganske tidleg på programmet stod blogginga lista opp, men før eg kan blogge må eg jo ha nokre ganske ferske bilder. Og eg prøvde å ta bilder i rett lys, etter at sola hadde slutta å skinne direkte inn kjøkkenvindua mine. Og dagens bilder har eg tatt etter tips herfrå. Eg skulle ta produktbilder av dei nye sanseputene som skal inn på Epla, og med den lave sola er ikkje det heilt enkelt... Så no blir det "ny look" på produktbilda mine, og så må eg sjå om eg blir fornøgd. ;) Eg har brukt bakepapir på vinduet, aluminiumsfolie på ei eske som var høgare enn vinduskarmen, og så laga eg ein skjerm av aluminiumsfolie for å reflektere lyset, slik at produktet var best mulig opplyst. Vi bloggarar må vere eit artig skue for nysgjerrige naboar iblant. Hihi... ;)
Kva syns du? Er dette fine produktbilder? Eg syns rett og slett det er ganske vanskeleg å vise fram produkta mine på ein god måte, men dette var vel ikkje ille? Litt mykje speiling i underlaget?

Vi ventar forresten enno spent på babyen... Takk for alle kommentarane og varme tankane! :)

Ha ein fortreffeleg kveld!

torsdag 19. januar 2012

Ventetid

Det er ventetid. Store og små ventar og gler seg og er spente. Når som helst kjem den vesle babyen til kjæraste systra mi, og det er så stas! :) Og medan vi ventar strikkar eg litt. Og syr litt. Og leitar etter fine babyklede frå både Storesyster og Lillebror. Skal tru om det er ei lita jente som kjem? Eller er det kanskje ein liten gut? Og blir det krøllar? Blå auge? Eg gler meg uansett til å bli kjent med deg, vesle venn!
I siste liten blir det teppe frå tante Guro, i alle fall. Eg er aldri tidleg ute med noko som helst, ikkje ein gong når denne babyen er på overtid greier eg å bli ferdig...! Men snart, snart... Teppeoppskrifta fann eg i alle fall i Nøstebarnboka, og garnet er Nøstebarns 2-tråds merinoull i ein superfin blå-grøn-grå farge. Fuglen fekk vere med på bildet, berre fordi eg likar den boksen så godt. ;)

Lukke til, skjønne Gine!

tirsdag 17. januar 2012

Ein strålande dag

Ein deilig, inspirerande, glad dose med fargar, mønster og stoff ligg på bordet mitt. Eg er i siget, og nye sanseputer skal etter planen ut på Epla i løpet av veka. Og eg kjem nok til å reklamere her på bloggen når det skjer... ;) Det er så utruleg kjekt å skape desse fargeklattane! Eg lagar jentete, guttete, brunretro, rosaretro, nytt og gammalt, detaljert og enkelt, akkurat som eg vil! Og heile tida har eg babyane i bakhovudet. Kva vil vere fint å sjå på og spennande å ta på? - og kva vil mammaene like..?

Eg kom over eit sitat på Pinterest i dag, via Mokkasin, og eg las det to gongar før eg la det bort. Men så har det altså festa seg litt i meg likevel, og eg vil vise det fram her.
Prøvar du å lage alt rundt deg vakkert? Og får du det til?? ;) Eg skulle så veldig gjerne omgitt meg med berre vakre ting, men slik er det ikkje her i huset. Ikkje berre fins det altfor mange ting som ikkje er vakre her, men det fins rett og slett for mange ting. Det ser i alle fall slik ut når golvet flyt over av togbaner og leiker, bordet er gøymt under bøker, sysaker og tusjar og gangen er full av klede. For å nevne noko. Så nei, her er det ikkje berre vakkert, men det er ein ting eg har tenkt på i dag:

Vi må hugse å legge merke til alt det vakre i kvardagen!

I det store sørvendte vinduet i stova heng det ein vakker fugl. Den er av gjennomsiktig neonrosa plexiglas, eller noko slikt, og er kjøpt på knallfine Liebe i København. Hos Liebe får du knallfin keramikk, men også nokre andre ting. Dessverre kan eg ikkje hugse kva kunstnaren bak denne fuglen heiter... I alle fall, når eg ser den her frå sofakroken, er den verkeleg knallrosa mot den lyse himmelen utanfor, men på bilda med skogen som bakgrunn, er den mørkare. Då eg satt og sydde i dag, la eg plutseleg merke til eit nydeleg fenomen! Sakte, sakte snurra fuglen rundt, og solstrålane sendte refleksen rundt i stova som ein vakker, vakker fugl. Fram med kamera. Catch the moment. Beautiful!


Eit langt blogginnlegg på denne nydelege vinterdagen. Takk for at du er innom her, og tusen, tusen takk for kommentarane! Eg blir veldig glad for dei! :)
Håpar du også nyt dagen!

fredag 13. januar 2012

Eg vil bli ein betre fotograf!

Det er formiddag, det har begynt å bli ganske lyst, det har komt ein meter med snø på nokre få dagar, og no er himmelen delvis blå! Åh, så godt det er! :) Eg har leika med vårt litt for avanserte Nikonkamera, men det var nok før det vart heilt lyst, og mens det var overskya og snøkave ute... Men uansett; det så mykje å lære! Eg jobbar med saka, og reknar med at før sommaren kjem, så skal eg vere ein betre fotograf enn eg er no! ;) Det er jo veldig mykje lettare å prøve seg fram når ein er heime samtidig som dagslyset, og dessutan har eg funne massevis av gode nettsider eg må lese gjennom. Men bruksanvisninga til kameraet? Nei, takk, det er ikkje noko for meg! :)

Dette bildet var i utgangspunktet altfor gult og kjipt. Litt sånn typisk inne-på-kjøkkenet-i-dårleg-lys! Forstår du kva eg meinar, eller? Eg brukte jo både kvitt kjøkkenbord og sidelys frå vinduet, men likevel... I alle fall, så syns eg dette var ein litt morsom effekt på akkurat dette bildet. Eg brukar gratisprogrammet Picasa, og akkurat denne effekten heiter svart/hvitt-fokus. Eg fjernar fokuset frå kantane, og får fram dei fine fargane på ullkulene, tusjpennane og den fine keramikken. Den er forresten kjøpt på Stilleben (Københavns-yndlingsbutikk), og er laga av Meyer Lavigne. Klikk på navna så finn du meir info!

Treng du gode fototips, så kan du jo for eksempel gå hit, så finn du nok noko du får bruk for! Eller har du kanskje nokre gode råd du vil dele med meg og andre? No skal eg ut og nyte fridagen min. Cafètur freistar veldig, for det er lenge sidan sist! Og om du er i Trondheim kan vi kanskje ta ein kaffe i lag? Send ein e-post eller legg att ein kommentar, om du tør! ;)

Ha ein fortreffeleg fredag!

mandag 9. januar 2012

Lille Lea

Det er på tide å introdusere ein liten venn som flytta inn til oss i jula... Ho heiter Lea, og eg presenterer meg sjølv som mormora, for her er det nære band, må du vite! ;) Denne hausten gjekk eg på dukkesykurs, og resultatet vart denne mjuke, varme, gode dukka, som eg skulle selge på barnehagens julemarknad. Eg gjekk med hjartet i halsen og augene på stilk i nokre timar, heilt til eg bestemte meg for at henne måtte eg kjøpe sjølv! :) Åh, så glad eg vart!
Til jul pakka eg henne fint inn, og eg fann til og med nokre knallfine, bittesmå babyklær frå då Storesyster var bittebitteliten baby, og så vart ho lagt under juletreet. Gleda var stor då Storesyster opna pakken frå mamma og pappa, og fine dukka låg inni! På bildet har dukka på seg lua Storesyster si mormor strikka til henne då ho låg i kuvøsa og var knapt ein kilo stor, og så har Lea vest, kjole og truse som eg har laga. Og sjølv om trusa vart utruleg søt, så viser vi ikkje fram trusene på bloggen, gjer vi vel..? ;) Om du vil sjå det første innlegget eg laga om dukka, finn du det her.

Dukka er fylt med ull, så ho kjennast alltid varm ut, og ho er mjuk og god. Ofte får ho vere med i senga, eller så ligg ho til pynt i stova. Ho er så fin! ;) Og i ein pose i ei skuff ligg systra hennar, som eg skal fullføre i løpet av vinteren ein gong. Og når det er gjort skal eg prøve meg på Tusindfryddukkene! Har du vore inn på Tusindfryd sin blogg? Det vrimlar av fine, kreative ting og tang der, og det er masse inspirasjon å hente! :) Før jul fekk eg også tak i boka ho nettopp har gitt ut, og den kan du sjå nærmare på her.
Lille Lea har lagt seg, og det har resten av familien også. No er det min tur! -men tenk at det skal vere så skrekkeleg vanskeleg å komme i seng tidleg... Eg nyt seine kveldar med ro og fred i huset, men det er jammen deilig å ligge i senga si også! Dilemma... :)

Ønskar deg ei riktig god natt og ein deilig dag i morgon!

fredag 6. januar 2012

Pinteresting!


Godt nyttår, kjære venner!

Håpar de alle, både nære, fjerne, kjente, mindre kjente og ukjente, går inn i det nye året med energi, glede og håp! :) Eg ønskar at 2012 skal vere eit år der eg får gjort mykje av det eg vil, bør og må. Mest vil, sjølvsagt. Og så ønskar eg at året skal fyllast av mange gode stunder, menneske med stjerner i augene, inspirasjon og vakre ting, helse, latter, sang og musikk. Så det så.

Tida har atter ein gong flaksa i veg som ein nyttårsrakett, og eg fann ut at bloggen måtte ligge. Det var så mykje anna eg ville gjere! Og dessutan har eg funne ein ny og fantastisk tidstjuv. Ikkje ein slik tidstjuv som kun lar deg sitte att med ei kjensle av at grisar er slemme og fuglar er sterke, eller som oppdaterer deg på kva naboen din på nittitalet åt til middag i går, neida! Dette er ein tidstjuv som gir deg millionar av gode tips og inspirasjon. Har du prøvd deg på Pinterest?
Pinterest er ei slags online oppslagstavle, der du festar bilder du vil ta vare på. Og best av alt, det er ikkje berre bilda som blir lagt der, men dei får automatisk lenke til den nettsida dei høyrer til! Slik blir det på ein måte ei avansert form for bokmerker. Eller forresten, det er slett ikkje avansert, det er superlett! :)

Eg har laga meg fleire pinboards, eller oppslagstavler, om du vil, slik at det er lett å få oversikt. Dessutan følger eg nokre andre pinnarar med same smak og interesser som meg sjølv. Dette er jo heilt genialt på den nye mobilen min! Love it! Og på pc'en har eg lagt til ein pin it button, slik at eg når som helst kan pinne bilder eg kjem over på nettet. Åh, så kjekt! Eg blir heilt hekta!
Eg må jo berre vise fram nokre av pinboarda mine, slik at du ser kor inspirerande det er... Ein lagar sjølv navn til tavlene sine, og sorterer dei akkurat som ein vil. Mine treng faktisk ei lita opprydding snart, for etterkvart som eg legg til fleire bilder treng eg fleire kategoriar for å halde det oversiktleg. Men om du vil ta ein titt inn til meg, kan du trykke på bildet under. Og har du ein Pinterestkonto som eg kan kikke på, må du gjerne skrive det i kommentarfeltet!
Follow Me on Pinterest
 No går fridagen min mot slutten, og eg har fått kost meg masse! :) Fleire timar med sytid i dagslys, blogginnlegg og Gurotid. Det gir deilig energi, som eg kan bruke på barna mine i ettermiddag. :)
Happy pinning!
Ønskar deg ein fortreffeleg fredag og ei herleg helg!


blogger template by lovebird