lørdag 15. februar 2014

Entusiastisk og begeistra


Relativt enkle saker kan gjere fantastiske ting med barna sin leik! Alfred på tre år vart i alle fall bergtatt av denne kappa, og fantasien fekk verkeleg springfart! Mens Anna på 8 år lurte på kva det skulle forestille, om det var ein spesiell fugl, eller det kunne i alle fall ikkje vere slik eller sånn… Det er så trist å sjå korleis samfunnet og kvardagen og all vektlegginga på faktakunnskap, gjer fantasi og forestillingsevne til noko som er mindre verdt. Jenta mi, som alltid har vore kreativ og rik på fantasi, er skulejente og vil gjerne ha fasitsvar. Når skjedde liksom det? Alfred går heldigvis i ein barnehage der barnas leik og kreative utfalding er høgt prioritert, og vi to har stadig samtalar der vi snakkar om for eksempel grøne, flygande kyr som kjem og landar på verandaen… Kva skulle vi gjort då?! Eller andre rare og morsomme ting, som vi fantaserar rundt når vi lurer på noko, ser noko rart eller leiker og tullar. Dette er uvurderlege stunder for samspelet mellom oss, for meg sjølv, for han og hans utvikling av fantasi, forestillingsevne, språk, humor og så mykje meir. Dette er gull! Og heldigvis er det ikkje slik at storesystra heilt har slutta med slikt, det er berre at ho ikkje kan gjere det når som helst. Ho må liksom vere tydeleg på at dette er berre tull, og det er vel ikkje heilt sant, vel, mamma… Flink og stor! 

Men tilbake til kappa… Eg var typisk veldig seint ute med ei bursdagsgåve til ein nevø, og Anna skulle pakke kofferten for å dra på vinterferiebesøk dit. No måtte eg berre finne på noko lurt! Men det er jammen grenser for mi oppfinnsomheit også, og eg fann ingenting i butikkane, som eg hadde lyst å kjøpte til han. Jaja, då var det berre å slå seg laus på syrommet! Og eg er fornøgd!
Ungane var med og bestemte at den skulle vere i ein blå-grøn variant, og eg fann fram stoffhaugane. Med sikksakksaksa (då kan det ikkje rakne) klipte eg trekantar, og dei vart av varierande storleikar og fasongar. Men det er berre flott på ei slik kappe!  Eg brukte chambray frå Stoff&Stil til kappa, og hadde eg hatt meir, skulle eg laga den enda breiare, slik at den kunne vore festa til handledda… Men det blir kanskje neste gong? I halsen sydde eg ein kanal der eg sette i ei snor til knyting. Hadde eg hatt hemper ville eg kanskje brukt det i staden, for eg er ikkje særleg begeistra for knytte snorer i halsen på barn. Eg sydde på trekantane radvis frå botnen, og det var så moro å sjå framgangen og leike seg med kva for nokre bitar som skulle vere dei neste. Herleg! Og slike vil eg lage fleire av!

"Kva er det..?" spurte Anna, då eg stolt viste den fram. 
"Åh, det er ei dragekappe!" seier Alfred entusiastisk og begeistra! 
Suksess! Håpar bursdagsbarnet likar den også… ;)

Ønskar deg ein fortreffeleg laurdag, 
og god vinterferie til deg som skal ha det!

onsdag 12. februar 2014

Fart i symaskina

Endeleg fart i symaskina! Store, fine Anna mi fekk seg ny genser, eller tunika om du vil. Stoffet fall ho pladask for, då eg opna pakken med stoff eg bestilte frå Bloome.dk. Deilig, mjuk jersey i lekre fargar! No ventar metervis med andre innbydande stoff, og eg har fått sjølvtilliten eg trengte. Det er så kjekt å sy når mottakaren blir såå glad! Oppskrifta er frå Ottobre 1/2014.

I bakgrunnen skimtast (eh..eg fekk ikkje til å trylle det bort i redigeringsprogrammet, dessverre…) stovegolvet på ein heilt alminneleg kvardag. Ikkje mindre enn fire store bilar av ulike slag sneik seg med på bildet. Men dette er i favorittleikekroken, nesten under spisebordet, ved dei store, lave stovevindua der lyset er heilt utruleg godt! Så då kan resten av stovegolvet vere ganske leikefritt, og eg kan vende ryggen til rotet og late som det ikkje er så ille… ;) 
I ein annan krok, med vindu i fleire retningar, står den store, stygge og veldig behagelege stolen. Det er ein deilig, deilig lesekrok, og eg frydar meg over at det ikkje berre er eg som blir hekta på bøker… Rett frå skulen og inn i stolen, fordi ho berre måå lese litt meir i den spennande boka. Slikt blir ei leseglad mamma fornøgd med! Sjølv var eg innom ein bokhandel i går etter fysio, og kjøpte Et helt halvt år av Jojo Moyes. Eg la den spent i veska, rusla vidare til Kaffebrenneriet, kjøpte kaffe og scones og sette meg UTE med eit teppe over beina og sola i fjeset. Love it!! Midt i gågata i Trondheim, midt i februar og berre heilt perfekt sitte-ute-på-cafè-og-lese-bok-vèr! Og boka må eg verkeleg anbefale! Eg måtte tvinge meg sjølv til å legge den bort seint i går kveld, berre fordi eg ikkje ville bruke den opp på berre ein dag. Ja, og dessutan var det nok også leggetid for lengst… No skal eg straks krype opp i godstolen med ein god kopp kaffe og boka mi igjen. Luksus!

Ønskar deg ein fortreffeleg onsdag!

mandag 10. februar 2014

To heilt ulike prosessar


Det er så deilig når helga får vere helg, timane er lange og ingenting står på programmet. Og så fyllast alle timane likevel! Dei fleste fyllast med slikt som er fint og godt, men det oppstår også ei og anna minikrise i heimen… 

På dei øverste bilda ser du komposten vår. Kompostering er gøy! Ja, det er faktisk det! Eg blir utruleg fascinert av å sjå korleis det vi kastar i komposten påvirkar prosessen i kassen, og så blir det til noko matnyttig! ;) (Hihi... Pun intended!) I luka nederst hentar vi fram ganske fin jord, som pakkast i vanlege søppelsekkar. Sekkane får nokre hol i botnen, slik at meitemarkane kan kravle litt ut og inn som dei vil, og så skal jorda få fortsette sin prosess og bli supertilskot til buskar og bed utpå våren. Men eg er ganske uerfaren enno, så eg er spent på korleis frosten spelar inn. Foreløpig held vi i alle fall prosessen inni KompostBjørnen varm og fin!

Inne kan vi også pusle med ulike ting. No i helga hadde vi ei koseleg malestund ved kjøkkenbordet, og alt var fryd og gammen til det plutseleg vart bråstopp. Kor vart det feil? Det gjekk frå idyll til total kollaps på ti minutt, og vi trengte jammen litt tid for å komme igang igjen etterpå. Slike prosessar syns eg er vanskeleg å forstå! Pappaen var på fjelltur, og eg og ungane skulle på bytur og konsert. Men eg kan love deg at det ikkje er lett å dra på tur med krykker og treåring som ikkje samarbeider… Så då kom nederlaget susande, og mamma vart skikkeleg sinteguri, noko som sjeldan løyser vanskelege situasjonar. Isj! Det endte heldigvis godt, mykje takka vere godaste storesystra, som trøysta Alfred då mamma hadde trampa ut i raseri. Og godaste Alfred som sa unnskyld for første gong i sitt liv, og som delte ut verdas aller beste kos. Og mamma måtte grine litt igjen, og seie unnskyld for at eg vart så sint. Så pakka vi veska og krykkene og stabla oss ut i bilen, framleis litt tårevåt, og lillebror sovna, mens Anna satt og skravla og sang, og vi kom oss til byen. Vi kom oss på beina og på superflott konsert! Det kallar eg Happy Ending! 

Joda, det er mange som har temperament her i huset, men heldigvis er vi gode med kvarandre!
Ver god med dei du har rundt deg, du også!

torsdag 6. februar 2014

Enjoy the little things

Kos deg med dei små tinga! Legg merke til det som er godt, fint, vakkert, inspirerande og gir deg noko! No når debatten går om gravide og sjukmeldingane deira, kjenner eg at eg treng å vere positiv. Av og til treng ein det litt meir enn ellers. No når eg ikkje er i arbeid, men heller ikkje er sjuk, treng eg å tenke på det som er bra, og heldigvis er eg flink til å fryde meg over dei enkle tinga! Som ein heimelaga kaffe latte og to kjeks på ein vanleg kvardag, med sola inn vinduet og heile verda i fanget...

Og om det er vanskeleg å halde fokus, kan jo alltids ei runde på Pinterest vere til hjelp…! ;)





blogger template by lovebird