lørdag 31. juli 2010

Strikkedilla!

No er hekletøyet lagt på hylla ei lita stund, og det er bytta ut med det deiligaste strikketøy!!

Har kjøpt Cashmerino frå Pickles
og det blir heilt fantastisk mjukt og godt! Det tok berre nokre få dagar frå bestilling til garnet låg i postkassa, og det blir ikkje lenge til eg bestiller ny porsjon! :) No er det teppe til Lillebror som blir strikka på, men etterpå skal eg garantert strikke lue og diverse anna tilbehør i dette garnet. Når eg først vart van med kvaliteten (strevde litt med at tråden delte seg), vart eg rett og slett hekta. Både eg og fleire andre har lurt på om det er mjukt bomullsgarn, men det er ull! Det berre kjennast ikkje slik ut!
Eg sitt mykje i ro i godstolen om dagen, og får dermed strikka mykje meir enn eg syr... Grunnen til dette er jo nettopp den voksande magen, og sjølv om eg ikkje har termin før i slutten av oktober så er eg ikkje så sprek som eg gjerne skulle vore. Som sagt før så er jo bekkenet mitt ganske dårleg, så krykker og bil er einaste framkomstmiddel. I tillegg har eg no vore sjuk og slapp, og blodtrykket blir for høgt, og sidan eg hadde ganske alvorleg svangerskapsforgiftning sist, så er jo akkurat det med blodtrykk ganske spennande i utgangspunktet... Men no er dette på veg til å betre seg igjen, og energien er på veg til å vende tilbake, så dermed håpar eg at eg skal få gjort både det eine og det andre til veka, når jobb og barnehage tar til igjen for dei andre. ;) Vi har jo kosa oss masse i ferien, men for min del blir det godt å få huset for meg sjølv igjen. Ingen som masar, ingen som gjer ting eg gjerne skulle gjort, berre meg sjølv og fred og ro... :) 
Ja, då vart eg jammen litt personleg i dag... :) Litt tankar frå huset i skogkanten. 
Men mest håpar eg de fekk lyst å strikke! Eg skal i alle fall strikke nokre fleire striper i løpet av dagen, for eg er så utolmodig på å få begynne på neste prosjekt! 
Og medan eg held på no, så høyrer eg på herleg, herleg musikk frå denne dama her!

Ha ei herleg helg!

tirsdag 27. juli 2010

Ein staseleg prins og regnbogen

Det er så kjekt å gjere stas på kvarandre!
Denne gongen er det Lille A som har vore kunstnar, og eg har omsider fått nokre av bilda hennar i glas og ramme. På denne måten blir dei verkeleg gjort stas på! 

Vi har fått regnbogen og prinsen ut av den store bunken med teikningar, og opp på veggen. Eller, det vil seie, på veg opp mot veggen, i alle fall... Etter å ha budd her i to år har vi nesten ingen bilder på veggane, 
og eg syns rett og slett det er vanskeleg å bestemme heilt kor dei skal vere! 
Men litt etter litt blir det bestemt, og dei får nok kvar sin spikar snart, desse kunstverka også. 
Foreløpig står dei plassert på peishylla i stova, og dei er fiiine!
Kanskje eg burde ha styla hylla litt før eg knipsa? Hihi, det er i alle fall autentisk.
Nokre lykter, ein boks med knappar i, ei skål med eit påskeegg...

Har du gjort stas på nokon i dag?

mandag 26. juli 2010

Gode vennar og blogglotteri!

Endeleg fekk Lille A møte si bestevenninne igjen... Ferien er lang når ein er fire år!
Her har dei fått servert nybakte surmjølkskringler og saft, henta seg stolar som dei sette tett i tett, og fnisa og spiste og storkosa seg. Dei kringlene skal de forresten få oppskrifta på ein dag seinare, for dei er supergode!
Bildet er forresten tatt av min gode mann, og eg har til og med fått vere med! :) Du ser vel det bustete, mørke håret med blomster i? Joda, det er Guro, veit du!

No har eg imidlertid tenkt å annonsere eit aldri så lite blogglotteri! :)
Som sagt så må jo både sommaren og lesarane mine feirast!
Denne gongen gjer eg det enkelt, og har laga klar ein premie med litt "smågodt" for dei syinteresserte... 
Det einaste du skal gjere for å delta er å skrive ein kommentar på dette innlegget, 
og så blir eg veldig glad om du brukar bildet under for å lage lenke på bloggen din! :)
Trekning 1. august!


Ha ei strålande veke!

torsdag 22. juli 2010

Hekledilla!

Joda, eg er også bitt av heklebasillen!
Begynte på desse bestemorsrutene ein gong i vinter, og du kan sjå første glimt av dei her. No er imidlertid heklelysta tilbake for fullt, etter mengder av påfyll av inspirasjon rundt om på dei mange bloggane. Takk! :)
Har ein plan om at det skal bli eit vaksenteppe, men berre om hekledilla varer lenge nok.. Foreløpig er det meir som eit vognteppe, men det er ikkje heilt dei fargane eg tenkte til lillebroren, altså. 
Lille A er derimot svææært intressert i å få det! :)

Ser forresten at det snart er på tide med eit blogglotteri, for no rundar eg snart 200 følgarar og 30 000 besøk! Oioioi... Utruleg morsomt og motiverande! Og de skal vite at eg ALLTID er innom bloggane til dykk som kommenterer, for eg vil jo vite kven det er som er innom her! Finn mykje fint, og skal jammen bli flinkare til å legge att spor! :) TUSEN takk for helsingane de legg att til meg! Set utruleg stor pris på det!!

Skal pønske ut noko lurt i premie, og så skal eg komme tilbake med lotteriet ganske snart. :)

Ønskar deg ein herleg kveld!

tirsdag 20. juli 2010

Blind date..?

I dag har eg hatt ein slags blind date... Eg og mannen har det veldig bra, altså, så det var ikkje ein sånn date! Det var meir det at eg skulle få besøk av ei som eg aldri før har møtt, og det er jo litt spennande. :) Og jammen trur eg ikkje at Lille A også var ganske spent, og ho spurte om igjen og om igjen om ikkje dei skulle komme snart. Etterkvart kom gjestane, og det var såå koseleg! (Bortsett frå at  Lille A ikkje akkurat viste seg frå si beste side. Argh! Blir fireåringar litt sære av å ikkje møte andre barn på lang, lang tid, kanskje? Det er i alle fall min teori.. Barnehagen er stengt, alle vennane våre er på ferie og naboar med barn fins nesten ikkje i denne gata... Heldigvis skal ho bli storesøster!!)
Det var ei lita prinsesse og mammaen som kom, og dei kan du bli betre kjent med i denne bloggen, om du vil.
Ferske skulebollar stod på menyen, og det er godt! Det er også koseleg å stå tett saman med veslejenta si, trille bollar og putte på deilig vaniljekrem. Trur dette er Lille A sin favoritt-kosemat, og trur også at eg skal hente meg ein kveldsmatbolle om litt... Med deilig gåvete til!
Lille A har forresten på seg den nyaste sommarkjolen sin, som vi begge er ganske fornøgde med. Mønsteret er det samme som i denne tunikaen, men eg forlenga den litt. Pynta med eit prikkete hjarte og ein stoor knapp i nakken. "Mamma, dette er favorittknappen min!" :) Alle skulle hatt ein favorittknapp!!

Ha ein flott dag!

søndag 18. juli 2010

Søndagslukke

Så deilig det er med sånne dagar!
Våkne seint, med veslejenta midt i senga.
Lang frukost, smakfull kaffe latte.
Fargeblyantar og hekletøy.
Cafèbesøk og kinamat.
Biltur i høljeregn.
Muffins, teiknefilm 
og meir hekletøy.
Kveldssol på 
verandaen.

Håpar veka di blir full av 
kvardagslukke!

lørdag 17. juli 2010

Nye skjørt på Epla!

Ei lita oppdatering i Eplabutikken min!
Har laga to nye skjørt, som du no kan kjøpe!
Det eine er herleg retro, sydd av ei gammal gardin med syklar på,
og det andre er sommarleg frisk og leikent.
No skal eg ut att i sola, som er sååå varm og god i dag!
God helg!

torsdag 15. juli 2010

Fem ABC-favorittar

Herleg stoff med både alfabet- og talprint i mange ulike fargar.


Her var det mykje fint! 
Talplakatane var også heilt fantastiske! 


Dette er altså små broderi, og du kan kjøpe alle oppskriftene på pdf.


Fann så mange fine abc-plakatar på Etsy i dag!
Vanskeleg å velge fem, men her er dei. 
Hihi, har eg talt riktig, tru? ;)
Klikk på navnet for å sjå nærmare på dei.

Klem

onsdag 14. juli 2010

Jordbær!

Når hausten kjem og det er sein søndagsmorgon, brødet er heimebakt og teen er søt og god.... 
Friskt og godt jordbærsyltetøy frå frysen! Namnam!!

Eg fekk tak i ei kasse med norske bær her om dagen, og då var det berre å svinge seg rundt. Fekk god hjelp til reinsking, smaking og røyring, og så vart det nokre glas som vi kan nyte seinare. 
Sjølvsagt vart det vaflar med jordbær samme dag, og nokre bær vart fryste heile til sommarlege smoothies.
Hihi... Eg må vel berre innrømme ein liten ting. Hadde det ikkje vore for bloggen, så hadde nok ikkje glasa vore såå fine! ;) Dette syns eg er ein stooor fordel med å blogge! Eg syns det er så herleg når ting ser fint ut, men kan vere litt treig til å sette planane og idèane ut i livet, men med bloggbilder som motivasjon blir det så mykje lettare! :) Kjenner du deg att?

Bak syltetøyet ser du kvite, fine peonar frå hagen, og kan til og med skimte symaskina i det fjerne...
No skal eg snart sette maskina opp på bordet og komme i gang med kreative ting! Gler meg! :)

Ha ein fin dag!

tirsdag 13. juli 2010

Mormorlukke!

Tenk å vere fire år og litt til, og ha sommarferie med masse besøk!
Denne gongen er det snille, gode, varme mormor som har vore her, og siste dagen sette ho opp teltet sitt i hagen. For ei lukke!
Lille A stråla og fnisa og knisa og lo, sprang rundt i sommarkleda (eller helst utan), plaska i bassenget, leika med dukker, blomar, vatn... Og mormor er toppen!
I morgon reiser Lille A på spennande fjelltur i telt saman med pappaen, og i dag har dei fryda seg med å lage pakkeliste og matliste og forskjellig planlegging. 
Tenk å vere så glad i pannekaker, og så spent på tur, at ein ikkje greier å stoppe å le når mammaen kjem med idèen pannekakerøre på flaske på telttur! :)

Eg håpar sommarvèret er tilbake i morgon, for eg skal vere stranda i eigen hus og hage nokre dagar. 
Gler meg masse til å nyte gode bøker, ro og fred og tid med symaskina mi.

Og forresten - tusen takk for fine kommentarar!
Kjekt å sjå at de er her, trass ferietid og lange sommarkveldar!
No skal eg ta meg ein runde på bloggane dykkar! :)

Klem

mandag 12. juli 2010

Om å verdsette...

Forrige veke måtte eg plutseleg ta meg sjølv i nakken, plukke fram diverse dill og dall frå skuffene, finne fram symaskina og sette meg ved kjøkkenbordet. Eg var nemleg innom jobben min på torsdag, og då gjekk det opp for meg at det var siste dag på fredag! Barnehagen min skal flytte, og ingen av oss skal vere der meir!! Oioioi!

Veit du kva eg gjorde for å vise at eg har satt pris på kollegaene mine? 
Først og fremst vil eg jo fortelje dei det, og håpar eg har gjort det ofte nok gjennom året, for det er det viktigste. Men i tilfelle eg har tenkt det oftare enn eg har sagt det (og det er jo veeeeldig sannsynleg, eigentleg), så skreiv eg eit lite kort og sydde eit par nøkkelkjeder. Har hatt lyst til å sy slike lenge, og no gjorde eg det berre. Moro!  Trur nok eg kan komme til å sy fleire!
Eg håpar verkeleg at dei rundt meg opplever at eg gir tilbakemeldingar!
Eg håpar dei rundt meg kjenner kor glad eg er i dei og kor mykje dei betyr for meg!
Og så håpar eg du også har gode, nære rundt deg, som du kan overøse med kjærleik og merksemd i sommarvarmen!

Ønskar deg ei deilig, deilig veke!

fredag 9. juli 2010

Moro med foto!

Dagens blinkskudd!
Denne billa satt på ein stemorsblomst i hagen min i dag, 
og med litt redigering har eg fått til dette bildet.
Ganske fornøgd med Picasa,
og veldig fornøgd med kamera!

Ha ei god helg!

onsdag 7. juli 2010

Rolige dagar

Må berre nyte dette synet medan vi ventar på eigne bær i hagen...!

Her er det sløve sommardagar, med teiknesaker, heklenål og kos. 
Sola skin framleis inn stovevindauga, og eg burde jo sjølvsagt sitte ute, 
men sløvar i godstolen inne i staden. Prøvar å vere litt sunn, så eg har fyllt opp ein 
stooor mugge med iskaldt vatn og lime (som eg kan ha til potetgullet mitt..hehe).

Ha ein fin kveld!

tirsdag 6. juli 2010

Alltid redo att dö för mitt barn

Har du nokon gong kjent deg som ei monstermamma?
Eller kanskje ein smule overbeskyttande? 
Eller har du nokon gong kjent på frustrasjonen over alle som skal meine noko om deg og ditt barn?
Eller lurer du på korleis den enormt store kjærleiken kan teiknast?

Joanne Rubin Dranger har gitt ut ei bok som heiter 
Alltid redo att dö för mitt barn.
Du kan kjøpe den her!

Eg ville finne nokre bilder å vise fram, og endte visst opp med illustrasjonar knytta opp til foreldres dobbeltmoral og frustrasjonar... Veit ikkje kvifor, for eg og Lille A er verkeleg bestevennar om dagen, og det er lite frustrasjon å finne - men dobbeltmoral? Hehe...
I alle fall, her er nokre glimt frå boka:
(...) visst kan du äta lika fint som de andra barnen! Visa mej att du kan det nu!
(...) Lilla, man måste inte vara som alla andra! Kom ihåg det!

Åh...denne trur eg er tyyypisk! 
Kjenner du deg att, kanskje?

Schizofrent föräldraskap

Denne er også gjenkjenneleg... 
Merkeleg korleis tolmodet kan ta slutt så brått på ettermiddagen!

Jag vet ju att ni inte tycker om sånt här
men ni kommer ju inte kunna styra henne iallafall!
Utruleg, frykteleg og skrekkeleg irriterande
for bevisste foreldre som har reflektert over ting....! ;)

Vil verkeleg anbefale bøkene hennar!!
Teikningane seier så utruleg mykje, både enkeltvis og som forteljing.

Kos deg med ei god bok i kveld!

mandag 5. juli 2010

Har rota i gamle esker..

Har begynt så smått å førebu velkomsten til lillebror. Det er riktignok ganske lenge att enno, men ein veit jo aldri.. :) I kassa med klede frå min barndom var det mange skattar, og mykje av dette kunne jo vore kjøpt no.. Ein kan sjå kor enkelte har funne inspirasjonen sin, i alle fall! ;)

Sjølv om eg likar veldig mykje av dette, veit eg ikkje heilt om eg kjem til å bruke det... Joda, noko av det blir heilt sikkert brukt, men eg er ikkje heilt klar for så mykje oransj og brunt, kjenner eg. Syns lyseblått og brunt er ein finare kombinasjon for tida! Det er rart korleis slikt endrar seg! Kvifor gjer det det?

Uansett moro å mimre, få syinspirasjon, glede seg til lillebror kjem...
Ha ei god sommarveke!

søndag 4. juli 2010

Feriekoloni

Den neste månaden har eg fått ansvaret for to gjestar som skal vere her hos oss på feriekoloni.
Den eine gjesten har store gule blomstrar og heiter Frøken Graskar, og den andre har mindre blomstrar men desto fleire små barn, og heiter Fru Agurk. ;)
For ei som meg, som ikkje har særleg grøne fingrar, men eit godt hjarte, er dette ei stor og alvorleg oppgåve. Eg  håpar så inderleg at dei skal takke for seg med å bere masse frukt!
Friske, saftige, flotte agurkar og graskar!
Syns denne detaljen var litt skjønn. Ein herleg krusedull, og eg har verkeleg inga aning om kvifor den krøllar seg så fint for meg. Berre til stas? Eller er det noko den vil bruke krøllen sin til?

Har du nokre gode råd til meg? Er det noko spesielt du trur Frøken Graskar eller Fru Agurk vil eg skal gjere for dei medan dei er her hos meg?

Ha ein framleis fin søndag!

lørdag 3. juli 2010

Nye putetrekk på Epla

Har nettopp lagt ut to nye puter på Epla-butikken min.
Dei vart rett og slett veldig ulike, og denne øverste er nok min sommarfavoritt!
Denne under er også fin, altså. ;)
Har sydd saman tre puter i dag, men den eine er ikkje tilpassa vanlege innerputemål, så den blir ei gåve.
Til Lille A, kanskje? Eller til morfar, som takk for hjelpa for IHERDIG innsats på husveggen vår?!
Oi, no såg eg at det eine Epla-bildet sneik seg med på det nederste bildet, men-men..
No er det laurdagskveld og kos i heimen.

Ha det godt der du er!

fredag 2. juli 2010

Mmm, så fiiin!

Endeleg, endeleg, endeleg har eg fått gjort det!
Ei settekasse frå fordums tid har lagt under senga i omtrent eit år, før ryddebehovet vart for stort, og hylla verkeleg kom fram i dagen. Når eg litt etter hadde kreativ dag med halvsjuk Lille A, kom hobbylakken og papira på bordet, og etter litt strev med å få til rette fargen vart dette resultatet!
Eg er så fantastisk fornøgd, og alle som har kikka innom kjøkkenet mitt har kommentert den fargerike hylla.
Dei fleste papira er Rie Elise Larsen sitt design, men det raude og det brune/blå er frå Panduro.
Fargen har eg blanda sjølv, og den er kanskje litt skarpare enn det ser ut på bildet. Frisk!
Sjølv om Lille A er ein samlar, og stadig har lommer og hender fulle av småstein, skjell, pinnar, platbitar og andre dyrebare skattar, har kanskje ikkje eg det same genet i like sterk grad. Då eg skulle putte småtteri i hylla fann eg ut at det er befriande lite nips i huset mitt.. Joda, vi har meir enn nok av ting og tang, men ikkje sånne små pynteting. Heldigvis fann eg likevel ein vakker japansk pung eg har fått av systra mi, nokre lekre papirklipperier eg har fått gjennom bloggen, ei skjønn ugle (som eg eigentleg har gitt bort til Lille A, men som eg høgtideleg fekk tillatelse til å låååne) og ein kvit fugl. Hylla gjer veldig mykje ut av seg sjølv, så det er rett og slett ikkje nødvendig å fylle den meir enn dette. 
Fekk forresten eit bra tips her om dagen, frå ei som hadde tenkt på å gjere det samme, men bruke settekassa til nøkkelskap! Kjempelurt! Ho tenkte at dei har ikkje såå mange nøklar, så på den måten ville den ikkje bli overfyllt..
Så får du sjå heile hylla til slutt. Hengande på kjøkkenveggen no. Ei glede for auget!
No skal eg nyte sola! 
Nyt sola du også!

torsdag 1. juli 2010

Herlege sybøker og ei lita utfordring

Herlege, inspirerande bøker datt ned i postkassa mi for ei stund sidan.
Eg såg dei hos Borghildpia, og gjekk sporenstreks inn på Capris og bestilte dei. 
Så gøy!

Det var særleg Sewing for children (bilder til høgre) som fall i smak, 
og Lille A skal nok bli super med synåla etterkvart!
Eg likte også Making childrens clothes (bilder til venstre)
med steg-for-steg-forklaringar og fine bilder.
 I tillegg til at eg no har store mengder med sydraumar og inspirasjon, stoff og utstyr liggande, vil eg først gjere noko eg har tenkt på lenge! ;) Har nemleg fått ein award av SuperLille og ei utfordring av Vannhull, og slår oppgåvene saman i ein smekk...
 Eg takkar og bukkar, og kjem her med nokre positive fakta om meg sjølv:
  1. Eg er evig optimist, og har verkeleg trua på at alt kjem til å ordne seg! -særleg for snille jenter! Hihi...
  2. Eg er kreativ og har mange (gode) idèar, men må innrømme at eg er ikkje typen som er god på å avslutte prosjekt...heller ein oppstartar! Men det er jo viktig at vi har ulike roller, ikkje sant?
  3. Eg er stort sett blid og omgjengeleg, og pratar med folk eg møter på min veg. I butikken kan det vere hyggeleg å slå av nokre ord med folk, men på busstoppen gjer ein altså ikkje det... Hihi! Lurer på om det kan vere fordi ein ikkje har nokon rømningsveg når ein står på ein busstopp? Ein skal jo til og med inn i samme, vesle bussen..
  4. Eg er utruleg fascinert av barn (særleg dei minste), og storkosar meg med å sjå alt det dei kan! Dei kan så utruleg mykje meir enn det folk flest trur!!
  5. Eg er ganske god til å lage mat, og kosar meg med å prøve meg fram på kjøkkenet. Neida, det er ikkje alltid det blir like vellukka, men så lærte eg kanskje litt av det?
  6. Eg elskar å ha besøk, og syns det er kjempekjekt når vennar og kjente finn seg til rette i heimen min. Trur eg er ein ganske enkel gjest sjølv, og syns det er stor stas med gjestar som slappar av, finn det dei vil ha og ikkje bryr seg om det er litt rotete i krokane...(for det er det dessverre som oftast her, sjølv om eg gjerne vil gjere det fint for besøket mitt!)
Heilt til slutt er eg oppfordra til å vise eit favorittbilde, og veit ikkje heilt om det skulle vere av meg sjølv eller eit som eg har tatt...Velger det siste, for eg likar trass alt å vere litt anonym på den store verdensveven..
Ein vårleg favoritt! Utruleg fornøgd med dette bildet, kor lyset nesten kjem gjennom den vakre tulipanen!
Sender utfordringa vidare til dei som vil ha den, med ei oppfordring om å vise litt kven dei er! :)

Ha ein strålande dag!



blogger template by lovebird