søndag 28. juni 2009

Haha!


Eg har sydd meg truse!! Hihihi...eller hipster, som dei så fint kalla det i Alt om håndarbeid. Denne gongen blir det ingen fotosession med meg som modell, i alle fall. Men eg er godt fornøgd, og kan nok komme til å sy fleire. Dette var ei morsom avslutning på ein nydeleg sommardag!

fredag 26. juni 2009

Peonlukke

Vakre peonar frå eigen hage. Dette er verkeleg luksus! Eg gjekk berre rett ut i hagen og tok med to stilkar inn, og så veit eg at det kjem mange fleire peonar etterkvart, no som sommaren endeleg har funne tak i oss også.
Det er forresten ein litt spesiell kommode peonane står på, for den var Mesterprøva til Lille Anna sin oldefar på farsida, som var møbelsnekkar.
God helg til alle!!

mandag 22. juni 2009

Endeleg lappeteppe!

Eit utruleg mjukt og godt teppe! Det er strikka i maskinvaskbar Alpaca, og består av 10x7 ruter à 15x15 cm. Du får gjere resten av reknestykket sjølv...det skal i alle fall passe til ein stor eller to litt mindre personar. ;)

Dette har vore litt av eit fellesprosjekt! Sidan juni i fjor har vi tre venninnene jobba med dette teppet til ei venninne som har flytta. Joda, det skulle vi få ferdig til flyttinga i september, eller uff, det må visst bli litt seinare på hausten... Men hausten gjekk, og så kom jula, og vinter og vår...men NO er vi ferdige! Og det vart såå fint!
Her er ein liten detalj, ein lapp eg har strikka. Ikkje alle lappane vart like store, det var frå 13-17 cm trur eg, så vi har dampa og strekt og trekt saman, og det vart ganske pent til slutt..
Som henta rett ut frå eit interiørmagasin! -og her trur eg du kan sjå alle ni fargane vi brukte. Og for å få fin samanheng i det, vart det hekla ein brun kant rundt heile teppet.
Kjempekjekt med slike prosjekt, men det vert nok ei stund til neste gong...håpar ingen fleire har tenkt å flytte med det første. ;)

Syfest!


Ein herleg sykveld med gode venninner gjorde susen! Vi starta helga på S&S og fann mykje spennande stoff. Eg var sjølvsagt seint ute, men det vart supereffektive femten minutt med stoffshopping... Her er skulderstroppa på ein topp eg laga.
Oppskrifta har eg henta frå ein blogg eg fann, og den var så bra, for du syr etter måla dine og ikkje etter storleik. Oppskrifta kan du finne her.


Eg føler ikkje at det er eit særleg flatterande bilete, men ein ser jo cirka korleis toppen er. Eg modifiserte den litt, og gjorde den meir posete ved å stramme inn nederst. Og til slutt må eg berre seie TUSEN takk til syfestgjengen, som hjalp meg med motivasjon og løysingar undervegs! Det er heilt supert å ha slike venninner!
Posted by Picasa

Sommarfine


Ein liten bytur saman med Lille Anna resulterte i desse fargerike koppane frå Rice. Lekre fargar og god kjensle...litt sommarluksus må ein kunne unne seg. ;) -og jammen kom ikkje sommaren òg!
Posted by Picasa

lørdag 13. juni 2009

Tomatar i boks

Sommarlege tomatplantar som endeleg skal få vekse seg store og fine. Dei har ikkje hatt det så godt dei siste vekene, men no er dei boks!
Godt plassert i ein hermetikkboks og klar for å strekke seg mot himmelen. Det vart rett og slett ganske dekorativt å ha dei slik, så no må eg berre finne den perfekte plasseringa inne. For dei kan vel ikkje tole ein slik kald sommar som vi har?

Lilla kjole i dag



















I dag har det blitt ein lilla kjole av stoffet eg handla i går. Lille Anna fekk velge mellom kjole og bukse, og valget var enkelt... Her ser ho på Stemorsblomen ho fekk av naboen tidligare i vår, og som er hennar eigen.


















Kjolen er av lilla Lille Martine frå S&S, og med lappar med "stjernemønster". Ho ville heller ha det enn det småblomstrete, og fekk sjølvsagt vere med å bestemme sjølv.



















Perlemorsknappar på skuldrane og skråband rundt kanten. Brukte ei oppskrift frå "Sy till barnen 0-4 år" og laga kjolen i str. 3 år. den er ganske stor i storleiken, og liksom litt hengete øverst, så neste gong får eg vel prøve å tilpasse litt meir.



















Detalj frå ryggen - eit lite hjarte mellom skuldrane.

fredag 12. juni 2009

Fredagspizza


Mmm...smør creme fraiche på pizzabotnen og strø på ost. Legg deretter på pepperoni, lauk, chili og kapers. Litt pizzakrydder kan også vere godt! Namnam!

Inspirert...


Sjå denne vakre koppen! Den har onkel Erik laga til Anna, og den er perfekt til mjølkeskvetten om kvelden. Nydeleg!
Ellers så har eg altså vore på Stoff og stil i dag, og er spent på kva eg får til med det eg kjøpte. Er heilt klar for å klippe og sy med ein gong, men skal gjere det ordentleg denne gongen..så no er stoffa til vask, og dei tørkar nok ikkje før i morgon. Klippe mønster, lage pizza og kose i sofaen i kveld i staden, tenkjer eg.



blogger template by lovebird