lørdag 27. februar 2010

Feed your soul

 Er det på tide å få nokre nye bilete på veggane? 
Feed Your Soul tilbyr fleire ulike bilete kvar månad, som du gratis kan laste ned og printe ut! Herleg! Om eg ikkje printar ut så mange, så lar eg meg i alle fall inspirere i massevis! I morgon har eg bursdag, og sidan vi er så forkjøla her i heimen skal vi ta det fullstendig rolig, og eg vil male fiiine kunstverk i samarbeid med Lille A! 
Ha ein strålande kveld!  
-oj, er det nesten søndag alt? Kanskje eg må legge meg, slik at eg våknar først når det er bursdag...? Håpar eg får frukost på senga! ;)

torsdag 25. februar 2010

Land Art

"Maple Leaves arrangements"
Har du høyrt om Andy Goldsworthy? Han er kunstnar, og driv med Land Art, ein kunstart som er ganske så fin. Det beste med den er at den er så inspirerande for ting ein sjølv kan gjere ute på tur. Kanskje aleine, med kameraet, eller saman med barn, familie eller vennar. 

Konseptet er at du brukar det du finn i naturen, så det treng ikkje planleggast, og det skal ikkje brukast unaturlege element. Du kan skape nydelege kunstverk, og dei vil brytast ned på naturleg vis, slik naturen gjer det når den ryddar opp. Det er også ein del av kunsten. :)
Bileta er henta frå Google, og det var mykje å velge mellom! Eg fann også ei side med bilete av andre, inspirert av denne kunstnaren, og den sida kan du finne her.
Hihi, eg har fått ein award/utfordring frå Bella Vintage, og skal fortelje sju interessante fakta om meg sjølv... No er det jo litt vanskeleg for meg å seie noko om kor interessant dette er, men det er i alle fall ganske personleg, slik at alle de kjekke lesarane kan bli litt betre kjent med meg. :)
  1. Eg har ein uendeleg straum av idèar og lyster eg har lyst til å gjere noko med! -men er litt for tiltakslaus til at det blir så veldig mange resultat...
  2. Eg syns det er ganske kjedeleg å sjå på OL, og gler meg til det blir litt andre ting på tv igjen...
  3. Eg jobbar som pedagogisk leiar i barnehage, og er stolt av det! Syns jobben med dei minste barna er umåteleg interessant og viktig, og får brukt veldig mange områder av meg sjølv.
  4. Eg har vore aktiv speidar i mange år (men det er nok lenge sidan no), i tillegg til korps, musikkskule, kor og andre ting... Og eg skulle ønske eg hadde tid og overskot til å vere med i barne- og ungdomsarbeid no. ;)
  5. Eg oppfattast som ganske tolmodig, men er eigentleg ikkje det... Eg likar når det skjer ting, blir sprø av antakelsar, fastgrodde tankemønster og for mykje babbel.
  6. Eg koplar ut alle stressande tankar når eg løyser sudoku.
  7. Eg har ei lillesyster som eg er umåteleg stolt av! Ho har blitt det ho drøymte om!
No skal eg eigentleg gi denne vidare til 7 andre bloggarar, men eg står over den delen... Syns det er veeeeldig mange som fortener denne, og dedikerer den til alle på blogglista mi!

Ha ein herleg kveld, jenter!

tirsdag 23. februar 2010

Litt av ein dag...

Det er ikkje ofte eg sutrar altså, men det har eg gjort i dag! Fytti katta, for ein dag!
For det første så våkna eg så deilig tidleg i dag, og kjente at eg var ganske utkvilt, men framleis trøytt, og sov litt vidare...heilt til eg høyrer i det fjerne: "Mamma og pappa! Mammaaa og pappaaaaa!!" Eg kikkar på klokka, og UÆÆ! eg skulle stått opp for ein time sidan!! Eg hoppa ut av senga, sprang for å finne Lille A (som knisa og gøymte seg), drog ho ut av gjestesenga på det ho kallar "Lånerommet" og stressa maksimalt på badet. Sjølvsagt var dette også den eine dagen i året at eg skulle ta buss til jobb, og sette bilen i barnehagen, og difor trengte ein halvtime ekstra til det. Isj, altså!

Etter ein superrask frukost, med ei irritabel og stressa mamme, og ein 4-åring som ville somle, kom vi oss ut i bilen. Men sjølvsagt - batteriet var heilt flatt! Vi var ein av maaange som ikkje fekk start på bilen denne iskalde morgonen, og ikledd kort skjørt, strømpebukse, kåpe, lue og megastore Sorelsko (og tjue minusgrader) streva eg med startkablar og billadar i 50 minutt før vi kom i gang! Eg var fullstendig gjennomfrosen! Klokka vart 10, og eg skulle forlengst vore på jobb... Eg hadde ikkje tid til noko bussing, og drar difor med meg Lille A på jobben. Heldigvis har eg ein jobb der det er stas for alle, og utruleg koselege kollegar som syns det er greit! :)

Dagen betra seg betrakteleg etter dette, og resten av dagen vart det berre små stressepisodar, som ei opna handkremflaske i handveska (argh!) og flatt batteri då eg skulle heim. 
Mannen fiksa middag, så eg åt, sov middag på sofaen, laga nyyydeleg kaffe latte, la Lille A - og no er det (nesten) berre kos som gjenstår. Eg skal jobbe ein liten time (med kakaokoppen ved sidan av meg!), og sååååå:  Boblebad - here I come!

Morgondagen blir nok strålande!
Og eg er trass alt svæææært fornøgd med korleis dagen etterkvart utarta seg!
Håpar du også har det fint! ;)

søndag 21. februar 2010

I perlehumør...

Hihi, eg likte effekten på dette bildet! Det ser ut som eg har funne ein ekte sjørøverskatt og ei kiste full av glitrande diamantar, smaragdar, rubinar og andre godsaker! ;) Men eg kan like gjerne innrømme det med det samme - det er ikkje noko sjørøverkiste, men ein skatt, det er det! Her i huset bur det nemleg to jenter, ei lita (som protesterar høglydt om ho kallast det) og ei stor, som begge er like glade i perler og stas.
Denne søndagen har vi tatt det heilt med ro, og starta dagen etter ein sein frukost, med desse fargerike perlene. Det vart armband og ringar og smykker, og vi kosa oss sånn! Det er sååå godt å berre somle heime, gjere kjekke ting saman, og ikkje stresse med noko!

Perlene har vi kjøpt hos Søstrene Grene, som nettopp har opna butikk i Trondheim. Det er ikkje ein veldig stor butikk, men den ligg perfekt plassert, med eigen inngang til min favorittkaffebar. Denne butikken har så mykje rart! Og prisane er overraskande lave! Litt moro å kjøpe ein boks perler til kr 9.98, og diverse andre ting til hobby, kjøkken, hus og heim, og i kassa slår dei inn ein og ein pris. Som i ein gammaldags butikk, utan nymoderne strekkodar. Det er ikkje rart det blir kø...
Uansett, det er godt å ha så verdifull tid. Perlene er ikkje spesielt verdifulle, men det som oppstår medan vi held på med dei er heilt spesielt. Kontakta, humoren, meistringa og samholdet. Dette er gull verdt, og betre enn alt anna.

Ønsker deg ei verdifull veke!

fredag 19. februar 2010

Den lille muldvarpen

 
Eg er så glad i muldvarpen!
Bileta er heilt nydelege, enkle og inspirerande.
Desse bileta er henta frå boka
Den lille muldvarpen på eventyr
som vi fekk i bokklubben i haust.

Om du likar muldvarpen like godt som meg, vil du også like denne filmen...

Klem frå Guro

torsdag 18. februar 2010

Herlege Gøteborg!

 
Eg har vore på tur! Eg har vore på ein heilt fantastisk tur! Ein tur heilt aleine! :) Åh, det var fantastisk godt å reise av garde, med sekken på ryggen (utruleg mykje meir praktisk enn koffert!) og handveska full av hekletøy og lesestoff. Men eg hadde ikkje komt lenger enn til flytrappa før eg følte at eg hadde gløymt noko...eller nokon. Det er nemleg første gongen på to år at eg reiser utan barn, og det var både rart og godt og viktig og...hm, rart. ;)
Målet for reisa var Gøteborg, ein by eg likar betre og betre etterkvart som eg blir betre kjent med den. Verdas skjønnaste, godaste og herligaste syster bur der, og det er så godt å vere med henne!

Bildet over er utsnitt frå leiligheta ho delar med kjærasten sin. Ho er musikar og han er keramikar, så det er ein kunstnarisk heim, der kvar ein detalj er tenkt på. Og faktisk kunne eg tatt bilder av kvar ein krok, men slikt hadde eg slett ikkje tid til! Men du får sjå eit glimt av ei tekanne som Erik har laga, minner frå Japanturnè, loppisfunn og ein kopp Gine har arva av vår oldemor. Den brukast til sukkerkopp, og det er så fint at den er i bruk enno, så tynn og skjør som den er.
 
Hihi, dei hadde ikkje akkurat laga utstilling på minipianoet, dei har berre nettopp flytta, og lid under henge-på-veggen-angsten, som mange av oss kjenner att... Men eg likte det litt rotete pianoet, eg! Telefonen er også ganske morsom, for den vart kjøpt på loppis for ein femmer eller noko, og har 12 ulike deksel i herlege retrofargar. Akkurat no var det gulldekselet som var på, og telefonen var utruleg stilig på det enorme, luksusskrivebordet som brukast til spisebord i stova. At det berre var svigermor som ringte på fasttelefonen gjorde ingenting. ;)
 
Cafèen Two little birds opna for første gong den laurdagen, og var opna av vennar av Gine og Erik. Dei hadde jobba vanvittig mykje med innreiing, og alt var second hand. Og sjølv om ikkje alt var like praktisk så var det jo kosleg..

Har ikkje blogga på ei veke, og det er - som alltid - godt å vere tilbake! 
No er det snart helg igjen (det går såå fort!), og eg skal kose meg heime i helga. Kva skal du?

Ha ein fin fredag!

onsdag 10. februar 2010

Glade fargar

 
Sjå på denne PERFEKTE tulipanen! Den er rosa og skjønn, og nesten gjennomsiktig, slik at den slepp lyset sååå fint igjennom!

 
Vårleg og vakkert...

 
Og eg likar også fargane i desse herlege oldemorsrutene! Eg eeeelskar rosa og raudt, og har alltid gjort det! Hugsar med gru dei åra då dette var ein forboden kombinasjon, og då eg nesten måtte late som det var stygt, sjølv om det i mine auge også då var herleg energigivande!

 
For å gjere lappeteppet litt meir fresht har eg også innslag av grønt og lyseblått, og eg brukar ullrestar av ulikt slag. Eg er litt spent på resultatet, og reknar eigentleg med at eg må vente ganske lenge på det... Men med litt fritid framfor tv'n i blant, og med reising i helga, skal eg nok få hekla nokre ruter til. :) Kjempekjekt å lage noko som går såpass fort!

Klem frå Guro

tirsdag 9. februar 2010

Formiddag heime...mmm!

 
Ein føremiddag heime er sjeldan kost, men slik blir det når Lille A har hatt feber. Heldigvis ikkje feber i dag, men oi, så stor aktivitet som krevast av ei mamme som godt kunne tenke seg å gjere mammating! Vi har gjort det meste saman heile tida, og ho vil helst sitte oppå meg til ei kvar tid. Men likevel har vi fått til både muffinskos, litt sying og masse lesing (Hakkebakkeskogen er jo kjempekosleg!).

Eg fann ut at stova mi er ganske fin i solskinn (eh, joda, eg skulle absolutt ha vaska vindu, men det kjem eg uansett ikkje til å sjå att før tidlegast laurdag om nesten to veker...), og fekk tatt nokre bilder for å dokumentere...
No kosar eg meg med FANTASTISK flotte tulipanar, og har begynt på eit fint hekleprosjekt. Til helga skal eg på tur, og gler meg til å nyyyte togturen!

Ha ein fin veke!

fredag 5. februar 2010

Vinnaren er...

 Photo by Bertil
Eg har avslutta give away'en for denne gong, og har brukt Random.org for å trekke ein vinnar. Alle som deltok fekk nummererte lodd, og så valgte pc'en 
eit tal mellom 1 og 223 (!!) som vann puta. 
-og så ville eg jo sjølvsagt dele ut ein liten trøystepremie, 
så den vart også trekt. :) 

Vinnaren av retro rundpute er Nina, 
med den herlege bloggen Dill og dall og sånt!
Trøystepremien går til Evige Ting.

Det var utruleg kjekt å få så mykje respons! Tuuuusen takk!
Eg trur ikkje det blir veldig lenge til neste gong, men det er aldri godt å vite. ;)
No er det kjempedeilig at det er fredag, og eg skal nyte helga.
Håpar du også gjer det!

Og forresten, om du lurer på valg av bildet... Vi har bestemt oss for delt omsorgsrett for det kjære kameraet vårt, så no har den tøffe mannen min tatt det med seg på tur opp i desse fjella ein plass! (Neste helg er det min tur å ta fine skrytebilder...) Om du likar bildet, kan du sjå fleire her.

Fredagsklem :)

torsdag 4. februar 2010

Siste sjanse

Eg har sydd litt i det siste, innimellom alt det andre. :) Ein av dei tinga eg har sydd er verkeleg stort og skikkeleg herleg rosa! Stoffet er frå Ikea og bandet kjøpte eg hos Volksfaden. Eg fann fram Voksiposen på loftet og sette i gang, og her er altså resultatet. Eit sprudlande, flott trekk til ein vognpose (av merket Voksi)... Og greia er at eg trur eg har lyst å selge det, men kva skulle eg i så fall kalle det utan å trakke nokon på tærne? Og kva kunne vore passe pris på ein sånn ting? Dette lurer eg på, medan eg spekulerer i om det finnast eit marked der ute.. Det bør det gjere, for det fins jammen maaange (ganske ulekre) 90-tallsposar rundt om i barnevognene eg ser.

Vil forresten minne om at no er det siste sjanse til å bli med i min give away! I morgon kveld trekkast den heldige vinnaren av ei blå, retro rundpute. :)

Ha ein fiiin kveld!

tirsdag 2. februar 2010

Forelska i Blåmann...

 
Eg må nesten fortsette temaet frå forrige innlegg. For i dag såg eg kva som er neste hovudbok i Blåmann barnebokklubb, og det er boka Forelska av Rébecca Dautremer. Ho er utdanna grafikar og illustratør med ei rekkje vakre biletbokprosjekt bak seg før ho begynte å skrive sine eigne. Forelska! vann den franske Prix Sorcière då den kom ut i 2003. (Kjelde: Blåmann Barnebokklubb)
 
Dette er forresten ein veldig flott bokklubb! Den har barnebøker for små og store barn, og alle er på nynorsk. Mange fiiine bøker! Eg er opptatt av god litteratur for barn - det er ikkje kva som helst som går gjennom nålauget her i huset, og eg er jo sjølvsagt også tilhenger av å ta vare på det nynorske språket. Barnelitteratur på nynorsk er herleg for nynorskbrukarar, men også for andre!
 
I omtalen av boka står det:
Kva er FORELSKA for noko, lurer Simone. Ho spør alle vennene i barnehagen sin, og alle veit dei litt forskjellig om dette spennande og rare, som finst i eventyra og i kroppen og får gutane til å erte - og gifte seg. Oi!  

Den barnlege og fabulerande utrrykksforma blir formidla både i bileta og i teksten, som er leikent gjendikta til norsk av Tove Bakke.  
Jonas seier forelska er å falle. Plask, pladask, rett ned på nokon! Aslak seier forelska er i eventyra. For prinsar og prinsesser. Og Leah veit det må vere TO for å vere forelska. Eller kanskje tre. Eller fire! Kor mange er best, lurer Simone då. Og er det juks eller verkeleg? 
  
Illustrasjonane er poetiske, leikne og fargerike, med noko eventyrleg over seg. Vakre og rosenraude, men òg med mykje humor. Ei bok det er lett å ... falle for!
Alle bilete og sitat er henta frå Blåmann Barnebokklubb

Barn seier så utruleg mykje gøy! Underfundige små kommentarar om livets små og store mysterium. Eg berre MÅ bli flinkare til å skrive dei ned..! 

Har du fanga opp nokre fine utsagn frå dei små som du vil dele?


blogger template by lovebird