lørdag 6. desember 2008

Nokre tidligare prosjekt

Anna har fått ullukse med navnet sitt på! Den er strikka av pt3, og kan nok tovast..men heldigvis gjekk det heilt fint å vaske den på ullprogram! :) Det var ikkje meininga at det skulle bli ei bukse, men så fann eg ut at det skulle bli det likevel...


Denne kjolen strikka eg på sommarferie i Sunnfjord. Det er strikka av superwash frå Sparkjøp, med ei oppskrift frå Familien. Den vart veldig fin på, sjølv om halsen ikkje vart heilt som planlagt. Kjempefin som tunika også!

Posted by Picasa

Min første voksipose

Her har eg laga trekk til ein voksipose, med stoff frå Ikea både utanpå og inni.
Eg la eit trekk oppå stoffet og teikna rundt, før eg klipte det ut, siksa kantane og sydde det saman. Snorene sydde eg på utanpå posen, for det vart litt avansert å skulle treffe med hol på dei riktige plassane i trekket. Håpar dyna vil halde seg på plass inni likevel.. Oransje bomullstråd vart brukt til å tvinne snorer, og så kjøpte eg ein stor oransje knapp og festa på.
Mottakaren vart visstnok mållaus - det er ganske skummelt å gi bort noko slikt, når ein ikkje veit om det klaffar! Om ho ikkje likar den, så håpar eg ho tør å seie det. ;) Eg skulle gjerne hatt den på dottera mi sin voksipose, men ho skal vel snart slutte å bruke den, trur eg.
Posted by Picasa

tirsdag 16. september 2008

Ein gul knapp
Virre virre vapp
....

No er eg i gang, og skal prøve meg som bloggar. Ikkje veit eg korleis det skal gå, men det hadde vore moro å få til noko. Kanskje litt sjølvskryt? Kanskje nokre bilete? Og linkar til sider som dukkar opp og som eg vil besøke på nytt og på nytt? Det er vel berre å kaste seg ut i det... :)


blogger template by lovebird