fredag 17. april 2009

Mi første bukse!


Så har eg endeleg gjort det! Eg satt med dette prosjektet i går kveld, og det var faktisk ganske enkelt! Stoffet er frå Panduro, og linningen og strikken nederst i beina har eg klipt frå ei øydelagt jakke. Anna vil sjølvsagt ikkje prøve den, men eg får lokke og lirke litt meir.. Veit ikkje heilt korleis storleiken vart, for eg er så innmari unøyaktig.

Sofapute


Lysblå lin frå Åhléns og bomullsstoff frå Panduro. Pynta med treknappar og fyllt med vatt.

Sofapute


Inspirert av Tildas julehus, men tilpassa mi stove.

onsdag 15. april 2009

Merkelapp


Det er kjekt å merke dei heimelaga produkta med ein litt ordentleg merkelapp! Denne har eg bestilt på www.minanamnband.se

Sansepute


Dette er ei sansepute eg laga til Live 6 mnd. Ho likte den med det samme! Den er laga av 19 ulike band i ulik storleik og tekstur, grøn smalstripa kordfløyel, lilla bomullsblondekant og eit utklipp frå "Rascals"-stoff. På baksida er den brun med grøne prikkar. Slik vil eg stimulere både syn og kjenslesansen til barnet, og den vart rett og slett ganske fin!



blogger template by lovebird