Viser innlegg med etiketten ting. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten ting. Vis alle innlegg

fredag 13. januar 2012

Eg vil bli ein betre fotograf!

Det er formiddag, det har begynt å bli ganske lyst, det har komt ein meter med snø på nokre få dagar, og no er himmelen delvis blå! Åh, så godt det er! :) Eg har leika med vårt litt for avanserte Nikonkamera, men det var nok før det vart heilt lyst, og mens det var overskya og snøkave ute... Men uansett; det så mykje å lære! Eg jobbar med saka, og reknar med at før sommaren kjem, så skal eg vere ein betre fotograf enn eg er no! ;) Det er jo veldig mykje lettare å prøve seg fram når ein er heime samtidig som dagslyset, og dessutan har eg funne massevis av gode nettsider eg må lese gjennom. Men bruksanvisninga til kameraet? Nei, takk, det er ikkje noko for meg! :)

Dette bildet var i utgangspunktet altfor gult og kjipt. Litt sånn typisk inne-på-kjøkkenet-i-dårleg-lys! Forstår du kva eg meinar, eller? Eg brukte jo både kvitt kjøkkenbord og sidelys frå vinduet, men likevel... I alle fall, så syns eg dette var ein litt morsom effekt på akkurat dette bildet. Eg brukar gratisprogrammet Picasa, og akkurat denne effekten heiter svart/hvitt-fokus. Eg fjernar fokuset frå kantane, og får fram dei fine fargane på ullkulene, tusjpennane og den fine keramikken. Den er forresten kjøpt på Stilleben (Københavns-yndlingsbutikk), og er laga av Meyer Lavigne. Klikk på navna så finn du meir info!

Treng du gode fototips, så kan du jo for eksempel gå hit, så finn du nok noko du får bruk for! Eller har du kanskje nokre gode råd du vil dele med meg og andre? No skal eg ut og nyte fridagen min. Cafètur freistar veldig, for det er lenge sidan sist! Og om du er i Trondheim kan vi kanskje ta ein kaffe i lag? Send ein e-post eller legg att ein kommentar, om du tør! ;)

Ha ein fortreffeleg fredag!

lørdag 17. desember 2011

Knappekunst

 Fine, fine knappar! Skjøre, vakre og delikate, akkurat som eg likar dei. :) Eg kom over dei på Trondhjems-designernes julemarked for eit par veker sidan, og har enno ikkje bestemt meg for kva eg skal bruke dei til. Dei er jo litt store, så dei hadde nok vore supre som dekor. Kanskje er det på tide å sy litt igjen?

Det er Tiril Havdal som er kunstnaren bak desse knappane, og eg har tidligare vist noko av henne i dette innlegget. Eg likar så godt kunsten hennar, og så er eg veldig fornøgd med den nye gule knappen min. ;)
Det er laurdagskveld, det er fyr i peisen, tente stearinlys, mat i magen, pappaen min er på besøk og det har vore ein verkeleg god dag. Eg er fornøgd!

Håpar din laurdag også er fin!

fredag 20. mai 2011

Fantastisk babyseng!

I dag blir det rein reklame på bloggen min... Men du må berre sjå dette! ;)
No skal vi altså selge denne superduperfantastiske babysenga, som vi har hatt hengande på soverommet og rundt om i andre soverom vi har overnatta i det siste halve året. Den er rett og slett heilt genial, både for mor, far og ikkje minst for babyen. Han har lagt så lunt og godt og deilig i den senga, og han har elska å bli gynga, både opp og ned og fram og tilbake, og gjerne i kjempefart...! Sovemedisin! ;)

Kjenner du til konseptet? Du kan sjå nærmare på Sovgunga/Mawok her!
Eller er du blant dei syglade, flinke mødrene/tantene? Kanskje du vil la deg inspirere av å sjå 
kva herlege, flinke, danske Rappedikke har gjort? Hennar Sansevugge kan du sjå her.
Eg fann ein krok i taket på verandaen, og fekk i hui og hast knipsa dette bildet i regnvèret. 
Men du ser kanskje korleis den er? Mmmmm...deilig! 
No ligg den ute på Finn.no til 650 kroner. Eit kupp! ;)
Du kan finne annonsa her!
Heimestrikka ullbukser er også til salgs. Eg har vist dei i dette innlegget tidligare, og eg er framleis fornøgd med arbeidet, altså.. Når det gjeld tøybleiebruken er vi no back in business, etter nokre månader med fulle bleiedunkar og stadige turar til butikken etter fleire bleier... Kanskje blir det færre bleieskift no når det kjem anna mat i magen? Vi gir det i alle fall ein ny sjanse! :) Men akkurat desse bleiene og ullbuksene har han vokse ut av, og det er jo berre såvidt brukt! Håpar nokon andre vil ha dei! Tøybleiene er TotsBots Bamboozle str.1, og dei treng sperrelag. Så då passar jo desse saman som fot i hose, hånd i hanske eller tøybleie i lanolinullbukse..! Og prisen? To dagbukser og ei nattbukse i lanolinull str 1-4 mnd for 275 kr, 
og fire tøybleier (trur vi berre prøvde to av dei, nypris ca 640 kr) selgast for 240 kr. :)

Det er deilig å vere i gang med blogginga igjen!
Og eg kikkar innom dykk, sjølv om eg er lite flink til å skrive helsing..

Ha ein fin dag!

tirsdag 5. april 2011

Sykkelpikene!

Eg har lyst å finne fram sykkelen og prise våren!
Nei, ikkje den grå offroadsykkelen som står i garasjen...men kanskje ein påskegul?
Eller kva med ein lysblå? Og sjølvsagt med korg på styret, blomst i håret og flagrande kjole...

er butikken eg nettopp har falle pladask for...
Syklar og hjelmar og utstyr i utruleg mange fine variantar!!
Klikk på navnet for å komme til butikken!
Eg vil ut på sykkeltur i solskinn med det samme!
Og så har eg sjølvsagt tenkt at Storesøster verkeleg skal lære å sykle denne våren, 
og ho hadde nok eeelska mykje av ekstrautstyret ein kan finne til barn!
...og tenk om mannen kunne sykle med fine klede, kul veske og herleg hjelm som dette!
Då ville han jammen vore kjekk!! -eh, han er jo ikkje så verst i tights og gul sykkeljakke heller,
men eg ville nok foretrekke meir den stilen som er på bildet... ;) Sorry, B!
Alle bilda er lånt av Sykkelpikene.

I dag har eg møtt to herlege damer på cafè! Moro med nye bloggbekjentskaper! :)
Og ekstra moro når desse to kan inspirere meg til å sy heilt utan at vi snakka om det!
I kveld var eg fast bestemt på å sy nokre putetrekk igjen, men uff og uff..eg fekk ikkje gjort det.
Kjenner at senga freistar meir enn symaskina no, og då blir resultatet aldri noko særleg bra om eg velger å bli sittande... Kanskje i morgon? Skal jo trass alt treffe ei anna herleg bloggvenninne då! :) 

Ønskar deg ei god natt!

torsdag 31. mars 2011

Og dei nominerte er........

Oioioi - så utruleg moro!!
Du har vel fått med det flotte initiativet Handlaga 2011?
No har dommarane valgt ut finalistane og eg er med! 

Må seie at det er ei skikkeleg vitamininnsprøytning for tiltakslysta og kreativiteten,
og håpar eg får gjort litt meir framover enn eg har gjort i det siste... Vil begynne med det samme!
Syns tida går så fort, og les om alle som storkosar seg med prosjekta sine på kveldstid, 
men kva gjer eg...? Joda, eg sitt ved pc'en eller tv'en og glor, med ein kopp te og eit teppe,
og gler meg til å komme i seng, for eg er så trøytt... På tide å nattamme litt sjeldnare snart?
Eller kva med å foreslå at Lillebror søv lengre enn 30 minutt om dagen snart?
Det finnast ulike kategoriar i denne konkurransen, og etter ein nominasjonsrunde har dommarar plukka ut ti finalistar i kvar kategori. Så skal stemmene delast ut, og du kan kun stemme ein gong i kvar kategori. 
Bruk stemmeretten din innan 12. april! :)

I kategorien for Smykker finn du ringen min, og kan stemme på den her!
I kategorien for Barn finn du sanseputa mi, og kan stemme på den her!

Begge deler og meire til kan du finne i Eplabutikken min her!

Kos deg!

tirsdag 15. mars 2011

Barneloppis

Denne gongen lurte eg litt på om eg skulle kalle innlegget barnelopper eller barneloppis...eller noko heilt anna. Men det handlar ikkje om lopper av den kløande varianten, så eg vil velge å bruke det fine svenskimporterte ordet loppis! ;) Innimellom leiker og puslespel av ulike kvalitetar og variantar, har vi nemleg nokre gode, gamle skattar. Og eg må innrømme at det er mest systra mi som kjøper det til oss.. 
Eg finn OFTE barnebøker på ulike loppisar (Fretex er inkludert i dette samlebegrepet), 
men sjeldan fine spel og slikt. Derimot ser det ut som tanta stadig kjem over kvalitet og fiiine ting, 
og vi er så heldige å få gåver i tide og utide. Takk, snille!
Albert Åberg er ein favoritt, og puslespelet er så fint! -og sjølvsagt kan vi heile historia rundt dette bildet!
Det andre bildet eg viser er av eit svensk spel, som vi berre så vidt har funne tid til å prøve oss på. Men det fortener nesten å stå framme, for fargane og teikningane er så herlege og inspirerande!

Til sist viser eg eit klipp frå ei bok om Lille Anna, eller Vesle Anne, som ho heiter i nynorskvarianten av bøkene. Desse bøkene og illustrasjonane av Inger og Lasse Sandberg er også heilt herlege! 
Eigentleg fekk eg lyst til å vise fleire fine funn til barn, som er gjort på loppisar, men tida spring frå meg.
No ventar Storesøster og bestevenninna på meg i barnehagen, og Lillebror må vekkast for å bli med på hentinga. Så blir det pannekaker og god stemning i ettermiddag, håpar eg! :)

Ha ein glad tirsdag!


blogger template by lovebird