fredag 30. november 2012

Fart og sjølvtillit!

Ein bitteliten kikk inn på Trondhjæmsdesignernes eget Julemarked... (Kva skal vi forresten kalle det? Eg ville brukt ordet sneakpeak, men syns vi har så mange gode norske ord vi kan bruke i staden for desse engelske. Bortsett frå for sneakpeak. Ein bitteliten lurkikk? ;)) Bordet mitt er rigga og ordna og fiksa, og ser innbydande og fint ut. Sanseputene er fargerike og mange, og i tillegg har eg hårspenner, ringar, øyredobbar og erteposar. Håpar mange tar turen innom Byscenen 1. desember mellom kl. 10 - 18. 
Som ein del av førebuingane har eg sjølvsagt også kjøpt nye sko og kjole, og skal fiffe meg litt opp til den store dagen. Det hjelp nok på eksamensnervane... ;) Om ein føler seg fin er det så mykje lettare å komme i kontakt med folk! Fart og sjølvtillit er Tonje Glimmerdal (av Maria Parr) sitt livsmotto, og eg trur nesten eg går for det samme!

Ja til fart og sjølvtillit! :)
Velkommen til julemarked!

fredag 16. november 2012

Julemarkedsspenner

Småtterier til jenter. Store eller små jenter. Fargesterke eller avdempa. Juletrefest eller barnehage.

Den siste tida har eg produsert uendeleg mykje meir enn eg har publisert på bloggen. Ja, det kan nok gjelde for heile det siste halve året, trur eg... :) Men i det siste har det toppa seg litt, og julemarkedsesongen har truleg ein stor del av skulda. I år skal eg nemleg vere med på Trondhjæmsdesignernes eget Julemarked! Gå inn på sida deira for å sjå kva som skjer. :)
Det kriblar i magen, i føttene og i fingertuppane når eg tenker på det. Hjartet bankar litt ekstra fort, og tusen bilder rasar gjennom hovudet mitt. Tenk at eg skal vere med der! Enkle meg, som har beundra mange av dei som deltar der, og som har hatt dette markedet som eit fast innslag i komme-i-julestemning-ritualet i fleire år. I år våga eg meg på å søke, takka vere ei messe i Florø og Designernes marked i Kristiansand, som sendte meg e-post for å invitere meg med dit. Dette er STOR stas, altså! Og jammen så kom det som svar: Gratulerer, du er blant de utvalgte... Ojojoj! :)

Eg kjem til å stille med hårspenner, sanseputer, ringar, øyredobbar og erteposar. Fleire bilder kjem på bloggen etterkvart, men eg startar med desse hårspennene, som eg syns er enkle og fine! Håpar verkeleg på massevis av positive tilbakemeldingar, og aller helst eit godt salg, også! ;)

Fredagspizza og pusleri. 
Ha ei super helg!

torsdag 8. november 2012

Kompliment


Så utruleg mykje nokre enkle kompliment kan bety!
Eg har hatt eit møte heime i stova mi i kveld, og fekk så mykje gode tilbakemeldingar på kor koseleg det var her. :) Oh, lukke! Folk eg berre så vidt kjenner skryt over stilmiksen min, det kreative kaoset og fine små ting rundt om kring. Ei av dei kommenterte til og med at ho kunne sjå at eg blogga... Hihi!

Men i alle fall, dette kjente eg var eit skikkeleg boost på å lage eit nytt innlegg. Stova er ryddig og hadde lyset på natta vore betre, kunne eg kanskje til og med tatt fine bilder... Beklager kvaliteten!



På sybordet mitt har eg ein heil drøss med koffertar og esker i fine fargar og mønster, og oppi der har eg småsaker eg brukar sjeldan, ofte eller berre av og til. Sysaker, smågåver, ferdige produkt, ledningar... Arkitektlampen fann eg på ein loppis, symaskinparken står klar til bruk, og på veggen heng ei blanding av familiebilder, barneteikningar, origami og gamle billedlottoplater. Bordet laga vi til eit hageselskap for nokre år sidan, og det er stort og romsleg og ristar som eit middels jordskjelv når symaskina durar på som verst. Og alt dette står i stova! Det er heilt supert! Eg vil jo absolutt vere der det skjer, og ikkje sitte på eit rom i kjellaren. Og i og med at eg syns kreativt kaos kan vere ganske inspirerande og fint, så gjer det meg ingenting å ha det framme heile tida! :) Det einaste minuset må vere at eg stiller veldig svakt når eg ber mannen (eller ungane) rydde i sakene sine... Rotekoppar!

Men poenget mitt i kveld er altså ganske enkelt, og heng saman med ei god og klar utfordring:
Eit lite kompliment kan bety så mykje!

onsdag 24. oktober 2012

Tid for å pusle inne

Hausttid. God tid. Travel tid. Innetid. Pusletid.

Når mørket kjem tidlegare om kvelden, tenner eg lys og drikk te. Eg har vore både djupt nede i sofaen og ytterst på stolkanten med strikketøyet mitt, og i løpet av kort tid fekk ungane nye nydelege ullgenserar. Eg har vore bøyd over symaskina og over hobbybordet. Og no når berre ein månad gjenstår før årets julemarknadar, er det verkeleg på tide å skru av tv og skru på turboen... Mange planar, mange idèar og mange kveldar. Og mykje uforløyst bloggelyst!

Bildet er frå eit tidlegare år. Veslejenta mi har fylt sju år no, og eg frydar meg over alt ho kan og veit og vil, samtidig som det er vemodig at ho ikkje er lita lenger. Fine, fine jenta mi! :)

Håpar du har varme, fine haustkveldar!

mandag 27. august 2012

Ta den ring og la den vandre...

Det er så kjekt å sjå at så mange kjem innom bloggen min! Stas å sjå at besøkstala stig når det kjem innlegg, men eg er også audmjuk og glad for at så mange er innom i stille periodar også. :) Håpar det er verdt ventinga på nye innlegg... ;) Tusen takk, i alle fall!

Vil vise fram litt frå Eplabutikken min i dag. Men aller først ser de bilde av ein konvolutt med det nye, fine stempelet mitt på. Eg likar det så godt! :) For når ein driv butikk må ein jo ha eit stempel, som kan brukast både til å lage visittkort og på for eksempel konvoluttar, som her... Eg har også eit med navn og adresse på, men det må eg dyppe i ei stempelpute, og det er jo faktisk hakket meir dillete. Og eg likar det enkelt! Jøje meg, eg har jo uansett tusen ting, og syns faktisk det er utruleg praktisk at eg berre treng ein av dei for å stemple. ;) Stempelet har eg kjøpt her, og servicen var super!

Ny ring på fingeren? Eg vart veldig fornøgd med desse, og får mange fine kommentarar på den eg stadig går med. Litt annleis og veldig fin! Det kjem nok øyredobbar i samme stilen også etterkvart. 

No freistar sofakroken, og det blir nok utan handarbeid i hendene. Eg har akkurat vore innom Pickles og bestilt nokre garnpakkar, for ungane skal få fine nye vimpelgensrar før vinteren kjem, så det er nok berre å sette i gang snart! ;) Her i Trondheim har verkeleg hausten komt, og lufta er klar og lys og skarp og frisk. Eg likar hausten! Håpar det er haust leeenge enno! :)

Ønskar deg ein strålande mandagskveld!

søndag 26. august 2012

På Tekstileriet...

Epla + IKEA = sant

Eg var så heldig å få vere med på ei utfordring i samband med Tekstileriet, eit samarbeid mellom Epla og IKEA. Moro! Eg fekk nokre stoffbitar i posten, og midt i ferieavvikling og tusen ting, fekk eg satt meg ned og sy ei sansepute av eit av stoffa. Eg må seie at stoffa eg mottok ikkje var heilt i min stil, men resultatet vart slett ikkje verst, altså! ;) Visste du forresten at "ikkje verst" har motsett betydning på norsk og svensk? Ei kjelde til småkjipe misforståingar... ;)

Denne friske og fine sanseputa ligg no til salgs på Tekstileriet på Epla, og pengane går til WWF. Den er litt større enn dei vanlege sanseputene mine, trur eg, men eg gløymte visst å måle den før eg sprang på postkontoret. Eller postbutikken heiter det vel, for heldigvis stenger ikkje mitt postkontor før middag... 

Det har forresten komt litt fleire nye saker på Eplabutikken min også, og den fyllast snart med enno meir nytt. Skapartrangen er stor for tida, og sjølv om det er stress både på jobb og heime, så finn eg innimellom utløp for kreativiteten både her og der. Det er godt!
Ønskar deg ein fin søndagskveld og ei god veke!
Vaflar til kvelds - eg må springe!

mandag 30. juli 2012

Sommarkjole

Storesøster fekk ny kjole før ferien, og den likar vi godt! Har endeleg kjøpt Meedom-bøkene, og kan ikkje forstå kvifor eg ikkje har gjort det tidligare. Så enkle og fine oppskrifter! Du finn dei her! Stoffet er frå Stoff og stil, og passar perfekt til den bringebærraude buksa Storesøster likar så godt. Men vi har vore heldige, og har ikkje trengt bukse under så mange dagar denne sommaren! ;) 

Eg vart veldig fornøgd med detaljen i nederkant av kjolen. Eit lyserosa sikksakkband er lagt i kanten, og stikk fram som ei fin avslutning. Flinke Grønn lærte meg korleis eg skulle gjere kanten fin ved hjelp av kanteband på innsida, og det var jo kjempelurt! Det ser verkeleg fint og forseggjort ut med det samme. Kanskje eg viser framgangsmåten her seinare, om det er fleire som er interesserte i slike lure triks? :)
Det er ikkje alltid store jenter vil bli tatt bilde av. Men mammaene likar å ta bilder av dei store jentene sine likevel. Fine, flinke, gode, store jenta mi! :) 

Ha ein fortreffeleg kveld!

mandag 9. juli 2012

Silkemjuk!

Foto: Paula Deen
Fingrane på tastaturet igjen, for første gong på lang tid. Etter at eg fekk ein iPhone i handa blir pcen brukt berre sporadisk, og det går nok utover blogginga mi. Ein veldig kjekk hobby, som også kan vere tidkrevande. Men eg kosar meg med bloggen, og eg frydar meg over alle kjekke bekjentskapane eg har fått takka vere dette blogglandet. Herlige venninner! :)

Det luktar deilig av sitron her, og hendene er mjuke som silke! Og veit du, det tok berre fem minutt å få dei slik! :) No gler eg meg til neste gong eg går i dusjen, for då skal andre kritiske område få samme behandlinga. Verdas mest klumpete og raude kne skal vere først ute med å teste mirakelskrubben eg kom over via Pinterest. Dette småbarnslivet og barnehagejobben går hardt utover knea mine... Men no er det sommarferie, og vi skal nyyyte fridagane våre! Storesyster med broten arm, men med godt humør og stort pågangsmot, Lillebror med mykje vilje og store smil, mamma og pappa med mykje kjærleik og feriestemning. Det blir bra!

Og forresten, oppskrifta til denne supre saltskrubben finn du her!
God sommar!

onsdag 13. juni 2012

Memory


Eg har så lyst å lage eit slikt spel! Var ikkje det ein utruleg fin og god og gøy idè?! Og heilt supert å ta med 6-åringen i prosessen! :) Bildet har eg funne hos Lemon Tree StudioEtsy, men det var sjølvsagt på Pinterest at eg først kom over det. Sjekk ut Petit Poulou! Eg trur jammen eg må innom hobbybutikken og handle treknappar i dag! 

Ha ein god onsdag!

torsdag 7. juni 2012

Lunsj med noko attåt

Deilig lunsj. Salat med mykje godt i, og med olivenolje, verdens beste balsamico og krydder frå O&CO på toppen. Servert på det siste bruktfunnet mitt, nemlig djuptallerknane Kartago frå Rørstrand. Fine!

Foreløpig sitt eg berre med ein kaffe latte, halvvegs på farten til jobb. Planen var å drikke den ute på trappa, men bloggelysta var for stor. ;) Og dessutan skal eg sminke meg også, og likar best å gjere det i smug bak kjøkkenvinduet. Lyst og godt! Men det betyr vel at eg må få opp farten!

Ville berre dele dette lunsjbildet og ikkje minst DENNE flash mob'en! Eg fann den via fine Haust i går, og tårene trilla når eg såg på den. Vakkert! Nydeleg musikk og så mange forundra og glade menneske! Rett og slett strålande! Nyt den til lunsjen din, du også!

Ha ein god dag!

onsdag 6. juni 2012

Tålmodighetsprøve

Tålmodigheta mi blir stadig sett på prøve. Små prøver og store prøver.
Kommesegutdøraommorgonenprøver og velgekvaduvilhapåbrødskivaprøver.
Ventepåatbildaskallastastoppprøver og ventepåattørketrommelenskalbliferdigprøver. 
Eg reknar med at desse prøvene er kjent for dei fleste. Det er vel ventepåatsommarenskalkommeprøva også er? Det er sikkert mange der ute som er utålmodige i hagen, slik som eg er. Jøje meg, så seint det går der! Og i år trur eg det må vere rekordseint. Det har jo vore kaldt aaaltfor lenge. Og dessutan er det jo ting der ute som tar årevis å få til! Det er heilt sant! Eg skal komme med eit aldri så lite eksempel.
Sjå på denne fine Klematisen min! (Eg meiner bestemt det er Klematis, sjølv om andre har sagt Humle..) I år er den ENDELEG full av blomster! :) Herleg! Dette er den fjerde sommaren vi bur i dette huset. Den første sommaren flytta vi inn på seinsommaren, og då kom det larver som spiste opp det meste av denne planten. Ikkje nokon blomster. Den andre sommaren klipte eg den ned, men larvene kom likevel, og det kom ikkje så mykje som eit blad som ikkje vart spist opp. I fjor, altså den tredje sommaren, fann eg ut på nettet at det er noko som heiter Klematisveps. Isj! Dei legg egg i stilken på Klematisen, og rett ut av stilken kjem larvene, og landar midt i matfatet. Der spis dei seg store og feite, før dei dett ned i jorda og blir til pupper. Året etter vil dei komme ut av puppene som Klematisveps og legge egg i stilken over seg... Og slik går det. År etter år. Heilt til Guro kjem med anti-klematisveps-spray. Og dessutan måtte eg klippe bort alle bulkete (eggeholdige) stilkar. Så vart det berre blad på denne planten det året. Men i år, FIRE ÅR etter at eg starta, kjem blomstrane! Hurra!! 
Andre som må vente tålmodig er desse maurane. Men dei ser ut til å stortrivast med ventinga. Eller, det er kanskje berre eg som ventar, mens dei håpar at denne fasen ikkje skal gi seg... ;) Ser du kva det er? Det er ein søt, liten peonknopp! Eg gler meg i alle fall til den skal springe ut i full blomst!
Ein av mine favorittar i hagen. Desse valmuene har spreidd seg langs heile den søndre husveggen på desse fire åra. Det begynte med tre flotte valmuer, og no er det mange! Og eg elskar den sterke oransje fargen og dei florlette, tynne kronblada. Til og med den lodne knoppen er vakker!
Ønskar deg gode dagar i hagen!

lørdag 2. juni 2012

Action hos Finn





Her vart det fart! :) Eg har laga annonse på Finn.no, for å selge unna pent brukte klede. Og jammen var det mange som var interesserte! Moro! Du kan finne den her, om du vil. Trur jammen eg må finne fram meir og selge unna, for vi har jo ikkje bruk for det lenger... Her i huset sorterast kleda i fleire omgangar, i mange bunkar, og med mykje fram og tilbake. Fretex? Nokon som vil arve? Selge? Samle på? Unisex? Sesong? Må reparerast? Joda, eg har nok å halde på med, om eg vil... ;)

Ha ein strålande laurdag!


fredag 1. juni 2012

Lappetepper til inspirasjon





I dag måtte eg berre vise fram nokre inspirasjonsbilder eg har samla på fantastiske Pinterest. Sjekk ut fleire her! No for tida syns eg trekantar er heilt herlege, og fall pladask for dei to første bilda her. Kunne verkeleg gått laus på restekorga mi til desse prosjekta, men kjem eg til å gjere det...? Neppe. Likte sommarkjensla det tredje teppet gav. Mange fine lappar ein kan kikke på leenge, og fargane var forfriskande fine (om enn ein smule overeksponert på bildet...hihi)! Men det siste trur eg likevel er min favoritt. (Eller er det nummer to som er det, kanskje...?) Med nydelege, blå og grå fargetonar, og den gule kanten rundt. Love it! Og så er jo sekskantar også vakre. ;) Men tenk deg for å ein jobb det er å skulle få alle dei tusen hjørna til å passe perfekt til kvarandre! Sorpedorpeguro har nok ikkje sjans! :) 

I dag har eg hatt luksusdagen min. Det betyr fridag. Og eg lot husvasken ligge. Latskap - eller nødvendig for å kose seg? For meg er det i alle fall slik at det av og til er berre godt å snu ryggen til rotet. Eg kjem aaldri ajour, uansett, men no nærmar fredagskvelden seg, og eg skal ta ei rask ryddeøkt. Det må til, om eg skal kjenne helgefølelsen komme!

Ha ein fin fredag!

torsdag 31. mai 2012

Med hint av neon

I forrige veke var det omtrent 20 grader varmare i Trondheim enn det er no. Det er STOR forskjell! Vi fekk ein smakebit av sommaren, og måtte plutseleg legge bort ulla og gå til innkjøp av sommartøy til barna. Men gleda var relativt kortvarig. Eg syns det regnet som kom i ettermiddag var litt i tjukkaste laget for mai å vere... Heldigvis kjem sola igjennom av og til, og den varmar godt i stova vår! Sommarblomstrane må vente, for det er framleis ganske kaldt om natta. Joda, eg har jo nokre på trappa, men har gitt opp å flytte dei inn og ut etter temperaturen, og tenker at det er survival of the fittest som gjeld. Dei skal jo trass alt overleve resten av sommaren også.. ;) Er det kanskje litt ulogisk tenking?

Ute på verandaen står ein fin turkis sofa. Den er storebroren til den vesle turkise sofaen vi har i stova, og som vi ikkje kan kvitte oss med, sjølv om den syng på siste verset. Men den syng i det minste enno... ;) Og då storebroren slutta å synge for eit par år sidan, og vi måtte bytte den ut, sette vi den midlertidig ute. Den har stått ute i vind og vèr, sommar som vinter, og den får vare så lenge den varer. Vi diggar den! Rett og slett! På bildet har den fått selskap av eit loppisnattbord, som etterkvart skal fiksast litt på og flyttast ut i leikehytta, når den ein gong skulle bli innflyttingsklar. Trollhasselen kjøpte eg på Mester Grønn tidlig i vår, og den kvite fuglen er frå Panduro. Det vart frisk og fin og herleg pynt med nokre fine tapebitar. SJØLVSAGT ispedd litt neonfarge. Kven hadde trudd at eg skulle like DET igjen?! 

Eg GLER meg til solnedgang og kvitvin her ute i sofaen!
Nyt dagen!

onsdag 30. mai 2012

Stoff og agurkar

Det er altså ikkje agurktider heilt enno, sjølv om overskrifta kunne antyde slikt noko. Tvert imot er det så mykje som skjer i nyheitsbildet for tida, at det er godt å koble ut med blogging og kreative syslar! Slik såg sykroken min ut denne føremiddagen. Eg er i streik, og nytta tida før streikevakta på å passe jenter som ikkje fekk komme på skulen, og samtidig leite fram symaskina igjen. Og begge deler var kjekt! :) I den kvite blomsterpotta veks forresten agurkplanten min. Eg måtte flytte den over i større potte i går, og det er litt skummelt. Vi får håpe den trivast og har det bra!

Eg har jo lova å seie noko om kor eg får kjøpt fine og deilige stoff, men eg har ikkje bilder av desse stoffa i dag. Om du klikkar deg inn på desse lenkene, tenker eg imidlertid du kan finne både det eine og det andre...
  • Stoff og stil  - stort utvalg og greie prisar
  • Gekko - mjuke, fine og gode stoff frå ei favorittbloggedame
  • Trendsales - ulike selgarar og eit enormt utvalg av retro og vintage stoff
  • Volksfaden - stort utval og super service
  • Etsy - kos deg med jakta på alt det fine
Eg trur dette er der eg har handla mesteparten av stoffa mine. Og sjølvsagt kjem det eitt og anna stoff frå Panduro og frå skap og skuffer og loppisar rundt omkring... Samlinga er stor, og det er i grunnen synd at det hopar seg opp! Nei, no skal eg klippe og sy litt meir med det samme! Sola er borte frå sykroken i stova, men jammen er det fantastisk deilig at det er så lange og lyse kveldar no!

Ha ein strålande kveld!

mandag 14. mai 2012

Mandagsstjerna

Mandag kveld. Ei ny veke er i gang. Ei god helg er over. Håpar veka også bringer mykje glede! :) 
Eg viser fram sybilder igjen. I dag har eg hatt på meg den nye tunikaen min på jobb, og har vore så stolt! Endeleg har eg sydd noko til meg sjølv! Noko som vart vellukka! :) Og eg vil gjerne sy meir også no, når eg først har fiksa og triksa med mønsteret, slik at det meir eller mindre passar til min kropp. Mønsteret har eg funne i boka Made by me, og det er Sukkertøykjolen fra Klinkekult. Min kjole er av lilla babyfløyel og med prikkar på armane. Ikkje noko meir pynt. Less is more, sa mannen. ;) Kjempegøy og akkurat passe enkel å sy!

Stjerna på bildet sit på ei herleg bukse eg tidligare har sydd til Lillebror. Han var så fin i den på laurdag! Vi kosa oss, men det viser kanskje bildet? Mannen måtte knipse bilder, når vi først gjekk i heimesydde klede begge to! ;) Denne guten er stjerna mi...og sjølvsagt er søstra det også! Varm i hjartet!

Eg vil ønske eg ei god og glad veke!

onsdag 9. mai 2012

Cafèblogging

Storesyster og eg nyt formiddagen i byen. Begge er i perlehumør, lunsj, cupcakes og kaffe er nydeleg godt, og no sit ho og fargelegg minimandalas og nynnar på ein fin melodi, mens mammaen tar inn masse god energi. Måtte berre dele dette.

Ta vare på dei gode stundene!

fredag 4. mai 2012

Moromiddag

I dag vil eg berre dele eit litt morsomt tips! -og eg beklagar den dårlege bildekvaliteten, men mannen har gøymt favorittlinsene mine ein eller annan stad... Slik kan det gå, når huset har for mange gode gøymeplassar og altfor få ting ligg på sin plass. ;) Men no er det fredag og før sushien kjem på bordet, skal helgestemninga senke seg over stova! Barna skal i seng og dei vaksne skal nyte kvelden. Godt!

Denne morsomme middagen fann eg idèen til på Pinterest, men nokon har gjort slett arbeid, og eg kunne ikkje finne fram til originalkjelda. Argh, det er både irriterande og ikkje minst respektlaust! Nei, takke meg til linking with LOVE! :) Uansett, (det var då veldig vanskeleg å komme fram til poenget i dag!) det er jo kjekt å kunne kombinere ulike typar P-mat på ein gong. Pølser OG pasta! Ja, for du veit vel at P-mat stort sett er sikkerstikk hos barna? Vi hadde litt grønsaker også, men faktisk vart ikkje dette ein stor suksess her i huset. Nei, i dag ville ungane helst ha maten kvar for seg, og ikkje blanda saman. Men moro var det!

Ha ein fin fredagskveld!

torsdag 26. april 2012

Siklesmekke og syvenninner

Gode syvenninner er gull når du vil at produksjonen skal opp! Mine syvenninner og eg samlast nokre gongar i året, og også denne gongen lånte vi ein barnehage der vi kunne sy, spise, skravle, motivere og inspirere kvarandre i fred og ro ein heil dag. Eg var til og med så heldig at eg fekk låne ei overlockmaskin heile dagen, og fekk laga både det eine og det andre... :) Det var jo for eksempel utruleg enkelt å lage fine siklesmekker, med godt utstyr og mjuke gode stoff. Kor eg får tak i lekre, deilige stoff vil eg komme tilbake til ein annan dag. No må eg springe på jobb!  ;)

Ønskar deg ein fin torsdag!

lørdag 14. april 2012

Sanseputer

Her er dei dei nyaste sanseputene mine, som eg må seie meg veldig fornøgd med! :) Alltid kjekt å lage noko ein aller helst skulle hatt sjølv, men kva i all verda skal eg med så mange sanseputer?? Nei, då er det mykje betre at nokon andre får glede av dei! Eg har jo solgt nokon slike etterkvart, og eg lurer sånn på kor det blir av dei? Det hadde vore veldig kjekt å få tilbakemeldingar på korleis dei blir tatt imot av små fingrar og nysgjerrige auge.

I morgon skal eg ha sydag med gode venninner, og på planen står sommarklede til barna mine. Trur eg då. Eg har jo sjølvsagt ikkje funne fram mønster og klipt til stoffa, slik eg tenkte, men snart, snart... ;) 

Håpar du har ein god laurdagskveld!

fredag 13. april 2012

Litt etter litt

Litt etter litt kjem eg i gang igjen.
To månader med fullstendig bloggestopp og minimalt med kreativitet.
I dag strålar sola, og eg klør i fingrane etter å kose meg med å skape noko fint! 

Sanseputene eg laga før påske er endeleg fotografert, og kjem nok ut på Epla i løpet av kvelden. Herlege leiker for dei minste, i mjuke og spennande stoff, og med mykje gøy å fikle med. Snart vil eg lage fleire også, for desse er verkeleg supre! Og så kosar eg meg sånn med å lage dei! 
Foto: Bertil
Forsiktig vågar hagen å kle av seg vinterdrakta, og knoppane lengtar etter dei varme strålane frå sola. Slik som oss andre. No er vi vel ferdige med vinteren snart!? Det er i alle fall godt at kveldane er lyse, morgonane er lyse og barna lukkelege over å finne att sand, stein og syklar. I dag skal eg til byen, trene, drikke kaffe, rusle i sola og nyte dagen. ;) Høyrast ikkje det ut som ein ganske perfekt formiddag? 
Foto: Bertil
Det er dei nære tinga som har opptatt meg i det siste. Eg har fryda meg over gode Lillebroren og skjønne Storesystra. Travle og gode dagar har det vore. Vi tøysar med augevippane, vi pratar om fuglar og bilar og alt vi ser rundt oss, vi herjar og kosar og kranglar og ler. Lukke! Og Storesøster er den store helten, med sitt gode, tannlause smil, og sin uendelege energi. Eg er så takksam! Og no, no er eg faktisk igang med bloggen igjen også. Slik. Det var visst berre å kaste seg ut i det! ;)

Tusen, tusen takk for gode ord og tankar. Eg har forstått at nokre har lurt på kor det vart av meg, men her er eg altså igjen! Og eg har det bra! :) 

Ønskar deg ein deilig dag!

tirsdag 14. februar 2012

Heimelaga plastilina!

Har du leika med leire eller plastilina eller play-dough nokon gong? Kanskje saman med barn? Hugsar du kor umulig det er å kose seg med det når leira er heilt hard, og det blir umulig å forme noko med små barnehender? Eg kom over ei oppskrift som løyste problemet, og i helga kosa eg og barna oss med heimelaga playdoh! Gøy! Det meste eg trengte hadde eg i huset frå før, men måtte gå til innkjøp av Kremortartaris (på apoteket) og skikkeleg matfarge (i muffinsavdelinga på Obs). Du finn oppskrifta her!
Mjuk og god og spennande, men sjølv om den er ufarleg å smake på, trur eg ikkje Lillebror vil anbefale det. Han syns ikkje den smakte godt, i alle fall... ;) Fargen kan smitte av litt, så vi brukte voksduk på bordet. Og no ligg deigen i lufttette boksar, der denvisstnok skal halde seg fin i seks månader. Mykje moro framover, altså!

Eg har forresten mottatt bekymringsmeldingar fordi eg bloggar så lite for tida. Men eg har det bra! Vi har hatt nokre runder med feber og slikt i huset, men ingenting alvorleg. No skal eg kose meg med kaffe før eg drar til fysio for å få skikk på eit skranglete bekken, og har ein deilig dag! Håpar du også har det!

Ønskar deg ein fin tysdag og ei god veke!

onsdag 25. januar 2012

To-do-lister og produktfotografering...

Det ser ut til at det er fridagen min som også er bloggedagen min for tida. Fridagen som eg har snakka om så mange gongar før, som eg verdset så høgt og som eg har så mange planar for. I dag sette eg meg ned og skreiv ein slags plan over dagen, for å få gjort mest mulig av det eg burde, ville og skulle gjort... Berre det å ha ein plan hjalp veldig, men eg greidde nok ikkje å halde den. Lagar du lister og planar? Eg likar tilfredsstillelsen i å stryke ut noko, vere ferdig med ein ting og kunne begynne på noko nytt. Kanskje fordi eg er best på begynnelsar? :) Eller kanskje fordi eg treng struktur i det (kreative) kaoset eg har rundt meg? Joda, nokre kallar det rot, og det er mulig at det er mest av det og minst av kreativt kaos. Men eg veit ikkje.
Ganske tidleg på programmet stod blogginga lista opp, men før eg kan blogge må eg jo ha nokre ganske ferske bilder. Og eg prøvde å ta bilder i rett lys, etter at sola hadde slutta å skinne direkte inn kjøkkenvindua mine. Og dagens bilder har eg tatt etter tips herfrå. Eg skulle ta produktbilder av dei nye sanseputene som skal inn på Epla, og med den lave sola er ikkje det heilt enkelt... Så no blir det "ny look" på produktbilda mine, og så må eg sjå om eg blir fornøgd. ;) Eg har brukt bakepapir på vinduet, aluminiumsfolie på ei eske som var høgare enn vinduskarmen, og så laga eg ein skjerm av aluminiumsfolie for å reflektere lyset, slik at produktet var best mulig opplyst. Vi bloggarar må vere eit artig skue for nysgjerrige naboar iblant. Hihi... ;)
Kva syns du? Er dette fine produktbilder? Eg syns rett og slett det er ganske vanskeleg å vise fram produkta mine på ein god måte, men dette var vel ikkje ille? Litt mykje speiling i underlaget?

Vi ventar forresten enno spent på babyen... Takk for alle kommentarane og varme tankane! :)

Ha ein fortreffeleg kveld!


blogger template by lovebird