onsdag 6. juni 2012

Tålmodighetsprøve

Tålmodigheta mi blir stadig sett på prøve. Små prøver og store prøver.
Kommesegutdøraommorgonenprøver og velgekvaduvilhapåbrødskivaprøver.
Ventepåatbildaskallastastoppprøver og ventepåattørketrommelenskalbliferdigprøver. 
Eg reknar med at desse prøvene er kjent for dei fleste. Det er vel ventepåatsommarenskalkommeprøva også er? Det er sikkert mange der ute som er utålmodige i hagen, slik som eg er. Jøje meg, så seint det går der! Og i år trur eg det må vere rekordseint. Det har jo vore kaldt aaaltfor lenge. Og dessutan er det jo ting der ute som tar årevis å få til! Det er heilt sant! Eg skal komme med eit aldri så lite eksempel.
Sjå på denne fine Klematisen min! (Eg meiner bestemt det er Klematis, sjølv om andre har sagt Humle..) I år er den ENDELEG full av blomster! :) Herleg! Dette er den fjerde sommaren vi bur i dette huset. Den første sommaren flytta vi inn på seinsommaren, og då kom det larver som spiste opp det meste av denne planten. Ikkje nokon blomster. Den andre sommaren klipte eg den ned, men larvene kom likevel, og det kom ikkje så mykje som eit blad som ikkje vart spist opp. I fjor, altså den tredje sommaren, fann eg ut på nettet at det er noko som heiter Klematisveps. Isj! Dei legg egg i stilken på Klematisen, og rett ut av stilken kjem larvene, og landar midt i matfatet. Der spis dei seg store og feite, før dei dett ned i jorda og blir til pupper. Året etter vil dei komme ut av puppene som Klematisveps og legge egg i stilken over seg... Og slik går det. År etter år. Heilt til Guro kjem med anti-klematisveps-spray. Og dessutan måtte eg klippe bort alle bulkete (eggeholdige) stilkar. Så vart det berre blad på denne planten det året. Men i år, FIRE ÅR etter at eg starta, kjem blomstrane! Hurra!! 
Andre som må vente tålmodig er desse maurane. Men dei ser ut til å stortrivast med ventinga. Eller, det er kanskje berre eg som ventar, mens dei håpar at denne fasen ikkje skal gi seg... ;) Ser du kva det er? Det er ein søt, liten peonknopp! Eg gler meg i alle fall til den skal springe ut i full blomst!
Ein av mine favorittar i hagen. Desse valmuene har spreidd seg langs heile den søndre husveggen på desse fire åra. Det begynte med tre flotte valmuer, og no er det mange! Og eg elskar den sterke oransje fargen og dei florlette, tynne kronblada. Til og med den lodne knoppen er vakker!
Ønskar deg gode dagar i hagen!

9 kommentarer:

  1. Å jo, det er en Klematis - ingen tvil om det. Ligner akkurat min clematis alpina. Skummel historie det der med de vepsene, jammen skal jeg huske det! Ellers helt enig, nå er det på tide at sommeren kommer på ordentlig!! Hjertelig hilsen Hanne.

    SvarSlett
  2. fantastiske blomsterbilete Guro!!

    eg har gravd opp så og sei heile hagen min i løpet av dei siste åra, men i dag har eg sitte på benken og teikna. teikna og teikna, for planer for hagen, det har eg!!
    :)

    SvarSlett
  3. Jeg sådde noen klematiser fra frø jeg hadde høstet i hagen et år. Så fikk jeg små planter og en del, kanskje fem år senere har et par av dem blitt velvoksne og blomstrer fint. Jeg er spesielt begeistret for den ene som har mørk rødlilla blomster. Ellers ligner den på alpeklematisen din. Men nå har jeg jo flyttet fra den hagen... -Sånn kan det gå.

    SvarSlett
  4. Vidunderlege valmuer! Og knallfine foto! Flinkeguro!

    SvarSlett
  5. så vakre bileter!
    Ja, det gjeld å ha tålmodighet med den hagen. Dei klematiskvepsane høres ekle ut, det har eg heldigvis ikkje vore plaga med her.
    Vi har eit lite morellebærtred i hagen, for morellebær er noko av det beste eg veit. Men det har ikkje akkurat blitt morellebær i overflod på meg. Eit år tok fuglane bæra, så året etter dekte eg det til med eit garn, men då åt kvepsen opp bæra...det var berre så det aula med kveps på innsida av det garnet. Kvepsen åt forresten opp jordbæra eit år også. Noko skal det vere.
    Uansett, det er spennande med hage synes eg. Lykke til med din!

    SvarSlett
  6. Nydelige plantebilder. Devalmuebildene var kule!
    Javisst er det Klematis du har, for Humle har vel ikke blomst? Den bare klatrer....

    SvarSlett
  7. Såå lekre foto er vel verdt å vente på! No minte du meg på at eg visst har ståande tilbod om nokre slike klematis-avleggarar frå mamma. Vakker, og veldig voksevillig, den der. Kanskje klarar eg den også - -.
    Ha ein fin dag, og nyt hagedagane framover.

    SvarSlett
  8. Hei! For ein fargerik og fin blogg du har! Og for nokre dritkule bilete av ein blomefødsel! Veldig inspirerande å bruke tid her inne :) Og på nynorsk! <3

    SvarSlett
  9. Jeg tok feil, det er en Alpeklematis. Som sant er, Humle har ikke blomster. Fine junihagen!

    SvarSlett



blogger template by lovebird