mandag 21. desember 2009

Smilerynker

Smilerynker.dk er ein heilt nydeleg blogg, som no har ein herleg julegiveaway! Du kan vinne metervis med flott vintagetapet, og det syns i alle fall eg hadde vore utruleg kjekt! Klikk på biletet over for å komme til bloggen, og på tapetrullane for å komme direkte til konkurransen.
Ho skriv sjølv: Smilerynker er herligt børnetøj i skønne farver og mønstre. Genbrug og nyt blandet sammen i skønt design. Jeg laver dejlige dukker der dufter af uld og børnetøj syet med kærlighed. Her elsker vi naturen, køer med horn, bondemand Niels´ biodynamiske grøntsager og 70érne. Det hele er godt rystet sammen og er blevet til kjoler syet af retro-sengetøj, bukser i økologisk fløjl og mormors hæklelapper. Børnetøj som giver mor smilerynker, fordi det minder hende om dengang hun selv var barn…

lørdag 19. desember 2009

Sukker på landet

Dette har vore ein utruleg deilig førjulslaurdag! Joda, vi skulle nok heilt sikkert ha stressa som så mange andre, men det hadde vi ikkje lyst til! Lille A vekte oss då ho vakna litt over kl.10, og då bada og somla vi, slik at laurdagsfrukosten vart både sein og god... :) Og så skulle vi jo på julemarknad i dag!

Designmarkedet Sukker hadde flytta ut på landet for ein dag, og det var så fint der! Sjølve garden var idyllisk og skjønn, og alt det som var på marknaden....åh! Først må eg seie noko om korleis det var ute der...med eit fint lag mjuk og kvit nysnø, fuglenek, faklar, blå himmel, fredeleg gardstun. Det er nesten så eg kunne tenke meg å flytte ut av byen igjen (men berre nesten!). Denne fine lykta du ser øverst stod utanfor hønsehuset, og den er av is. Såå fint når lyset skin gjennom isen!Lille A fekk kose seg på juleverkstad for borna...og eg kosa meg også med det! ;)
Det var også kjekt å få helse på Gekko! Ho var der med nokre av dei fiiine tinga som ho syr, og vi kjøpte eit heilt herleg skjørt, som Lille A likte så godt. Actionbileta får heller komme seinare. ;)
Vi kjenner også til Tiril som har vakse opp på denne garden, og som er keramikar og billedkunstnar. Ho deltok sjølvsagt også på marknaden med dei vakre tinga sine. Og når vi kikka oss rundt forsto vi jo at det bur kreative folk på garden.
Til slutt ei vinterbilete av meg, med det mjuke, gode skjerfet dama bak Fin i formen har hekla til meg. :) Og eg har lova å gi mannen min cred for bileta... Takk, B! Han tar forresten mange gode bilete, og om du vil sjå fleire finn du nokre av dei her.

Vidare også var laurdagen ein suksess, altså! Det har vore skigåing i hagen, baking av nydelege biscotti og pizza framfor tv... Og julestresset? -det får komme i morgon eller mandag...hihi!

torsdag 17. desember 2009

Lær å brette søt eske


I dag har eg lært meg å lage slike fine, små esker. 
Dei er verkeleg søte, og eg vil gjerne prøve å lære det bort!
Det einaste du treng er ei saks og to ark. 
Eg brukte eit A4-ark frå Ikea til lokk, og eit anna til botn. Først brettar du arket og klipper av, slik at du får eit kvadrat.
Brett kvadratet andre vegen også, slik at du får eit kryss i midten.
Brett hjørna inn mot midten av krysset. 
Hugs at dersom du stryk neglen over kanten, vil den bli tydeleg og lettare å brette seinare.
Når alle fire hjørna er bretta inn, brettar du ut att, 
før du brettar inn eit hjørne og brettar det ein gong til, 
slik at kanten ligg inntil bretten som alt er på papiret. 
Gjer dette på alle sidene.
No kjem den vanskelegaste og kjekkaste delen, der du ser at eska finn fasongen sin. 
Du tar to sider og brettar dei med spissen inn og sida opp.
Dei to andre sidene løftast så dei står opp.
I hjørna på eska brettar du flikane inn.
Spissen brettast ned, og slik fikserer du også veggen på eska.
Vips, så har du ein del av ei eske, og manglar berre den andre halvparten. 
Når du lagar botnen klipper du berre kvadratet 5mm mindre, så blir det ganske passe!
Spissane inni eska kan festast med eit fint merke, 
og eska kan fyllast med noko som er kjekt å gi bort...

Lukke til!

onsdag 16. desember 2009

Når ein peparkakebakar...

I vår andre peparkakebakerunde har eg og Lille A trykt ut bokstavar til den store gullmedalje... Dei skal vere oppi nokre julegåver, så då passa det fint med bokstavkjeks med peparkakesmak. :) Bokstavformene fekk eg som premie i ein eller annan bokklubb, og fekk endeleg brukt dei!

Morgondagen ventar med hjartepynting, nonstop og silkeband...mmm... :)

tirsdag 15. desember 2009

Misteltoe...

Sjølv om det å kysse under mistelteinen ikkje er ein norsk skikk, så syns eg dette var litt morsomt...og fint var det også! Oppskrifta fann eg hos Matsutake. :)

Må oppdatere dykk på kamerafronten, for no er vidunderet i hus, men eg har sydd så mykje i kveld at eg ikkje har hatt sjansen til å gjere så mykje med det enno... Men er i alle fall glad for at det kan ta fine bilder, sjølv i gult innelys om kvelden...hihi!

lørdag 12. desember 2009

Endelig sying...men ikkje kamera ;)


Photo by mobilkamera i kveldsmørket...
Har fått i oppdrag å sy to firkanta toalettmapper, og måtte prøve meg i dag. Den vart jammen ganske fin, sjølv om eg nok kjem til å gjere nokre endringar på dei neste i morgon... ;) Måla vart ca 18x18x9,5 cm, i staden for ca 30x20x20, så då er det vel berre å finne fram penn og papir. Eg må teikne for å klare å visualisere mønsteret og måla...og så er det vel berre å bruke matematikkunnskapane?

Det er faktisk fleire ting som har blitt produsert ved symaskina i dag, og det er så utruleg tilfredsstillande! :) Ganske stolt også! Og så vart eg så glad i dag, for mannen var ein snartur til byen og fekk bestilt kamera! Hurra! Så i løpet av neste veke skal eg vel kunne klare å lære meg det godt nok til å ta fiiiine bloggbilder igjen.

Ønsker dykk alle ei riktig god helg!

fredag 11. desember 2009

Esperanza Spalding

Har sett og høyrt fredspriskonsert, og særleg denne vesle jenta med den store kontrabassen fascinerte meg... Må nok høyre meir på Esperanza Spalding etterkvart, og har difor lagt opp ei lita speleliste på sida her (uff, eg slit visst litt med å få det til denne gongen, og forstår ikkje heilt kvifor...), i tillegg til at bildet er linka til heimesida. Enjoy!

onsdag 9. desember 2009

DesignArtist Shawn Soh

Den koreanske designaren Shawn Soh har laga dette treet, som for anledninga er julepynta... Eg fann det først som eit grønt tre, og det var heilt nydeleg som bokhylle i eit barnerom! Linken til desse inspirerande bileta finn du her. Av respekt for copyrighten tok eg ikkje dei bileta ho hadde merka med (c), berre dei ho ga bort.. :)
Eg likte det reine, naturlege uttrykket, og at det ikkje berre er dekor, men også veldig brukbart! Av omsyn til miljøet er det laga i metall, og det er også noko eg har sansen for. Ikkje metall, altså, men at designaren tenker på miljø...det er jo viktig!
Alle bilder er henta frå www.designartist.co.kr

tirsdag 8. desember 2009

Julegåvetips og litt..

Photo by www.rice.dk
Eg veit at det er fleire enn meg som ikkje er heilt i hamn med julegåvene, sjølv om det virkar som dei fleste av dykk bloggarar stort sett har kontroll..hihi! I år føler eg at eg er i rute, for eg har allerede kjøpt inn fleire julegåver, og eg veit kva eg skal ha til nokre til, så då er det ikkje så mange usikre igjen. :) Og eg kosar meg med det! Det var stas å ta morfar med til Nøstebarn for å kjøpe julegåve til Lille A, for då blir vi glade alle saman! Men i tilfelle nokre andre skulle komme til å kikke innom her, så kjem eg med nokre tips. Og dei kan nok heilt sikkert gjelde for fleire småjenter på 4 (og mammaene deira) også!

Photo by www.rice.dk
Dei nydelege korgene hadde vore supre til å ha leiker i! Det er jo sånn at det er kjekkast å vere på stova, og ikkje måtte sitte aleine nede på rommet sitt å leike. Og difor så har vi eit hjørne med leiker i stova. Eller å kalle det eit hjørne er vel litt drøyt, for det har ein tendens til å spre seg utover, slik at vi har leiker på stovebordet, på det vesle barnebordet, i og under sofaen, i bokhylla, bak pianoet og litt rundtomkring. MEN om vi hadde ei sååå fin korg, så kunne jo leikene hatt plassen sin der! Ok, vi har korger no også, men problemet ligg vel litt i at leikene kjem opp av korgene sine på rommet, for å vere saman med Lille A på stova...

Og så var det desse morsomme snøkulene...ein favoritt. ;) Rice lagar så utruleg lekre ting i dei sprekaste fargane!
Photo by www.designdelicatessen.dk
Denne gyngestolen syns eg også er heilt herleg, sjølv om eg ikkje heilt har bestemt meg for kor den skulle stått... Har funne den på DesignDelicatessen, der dei har fleire lekre saker...

Og så må eg nok ein gong reklamere litt for Bloesem, men denne gongen for den andre bloggen, nemleg BloesemKids. Der er det daglege give-aways no, og særleg desse to likte eg veldig godt!
Denne gule bokhylleelefanten kan du få tak i hos Spunky Sprout, ein litt rotete, men velassortert nettbutikk. Eller du kan gå til konkurransen ved å trykke på bildet.

Og denne illustratøren lagar så nydelege bilder! Heilt skjønne, med ein særeigen strek som minner meg om illustrasjonane til Den vesle prinsen.
Du kan gå inn på Sarah Jane Studios Etsyshop, eller gå til konkurransen ved å trykke på bildet. Eg vil også vise eit par til bilder, av dei gode vennane Wellesley and Winslow, som var så søte...

søndag 6. desember 2009

Indie Fixx Galleria

Via Bloesem kom eg over litt ny inspirasjon i dag... Får alltid lyst til å lage slike lekre filledukker når eg kjem over dei! Men symaskina står stort sett i fred og ro i kroken sin på kjøkkenet (jaja, så vart det symaskina sin krok denne månaden også..sukk!), og alt eg treng til sømmen ligg rundt om kring, og eg spring rundt og får ikkje gjort så mykje som eg tenkte eg skulle gjere denne helga heller.
Vi har besøk av morfar, og det er jammen kosleg! Så siste dagane har det vore pepparkakebaking, bytur, godteri, feberkramper, slappfisk og kjærleik... Stakkars, lille A. Det er ikkje godt å vere sjuk, morfarbesøk eller ikkje...
Sjå desse posane - eg har aldri tenkt på at ein kan putte posar med tørka lavendel i tørketrommelen, men det var jammen ein god idè! Om eg berre kunne få ein tørketrommel snart... Hihi! Apropos det, så er badet vårt snart fiks ferdig! Hurra! Då har vi altså vore meir eller mindre badlause i over tre månader, og det skal bli heilt fantastisk og flytte inn der igjen. Eg har kjøpt inn badeskum til boblebadet (det er berre såå herleg når ein set i gang boblene og skummet veks over alle bredder!), skrubbekrem og herlege saker, som eg skal nyte når vaskebyrået har fått vaska bort alt byggestøvet der nede.. :)
Men ikkje før er badet reparert for ein uhelbredeleg fuktskade, så oppstår den samme skaden i kameraet, og verkstaden måtte berre beklage at det ikkje ville løne seg å reparere..om eg berre visste kor eg hadde gjort av kompaktkameraet! Takk for at de uansett held ut med meg og kjem innom her iblant...eg er også innom rundt om kring i blant, men har vore litt for opptatt til å etterlate spor i det siste...

I mellomtida byr eg på bilder frå Indie Fixx Galleria, som byr på mange slags kunstnarar og uttrykksformer...eg likar slikt!

mandag 30. november 2009

Adventskos og interiørutfordring..

Nyyydeleg adventsinteriør
Det er ganske stille her hos meg om dagen... Og eg vil skulde på kameraet! :( Det har skjedd så mykje kjekt og "bloggverdig", men utan godt kamera er det liksom ikkje noko stas, så då blir det berre sånn.. Heldigvis har eg funne desse vakre og inspirerande bilda frå House Doctor. Deira ting har eg oppdaga gjennom dei utallige besøka hos ulike interiørbloggarar, og det er kjekt med slik ny inspirasjon som er med på å utvikle min eigen stil!

No MÅ eg berre dele ei utfatteleg enkel og deilig dessertoppskrift i desse travle adventstider. På laurdag hadde eg nemleg nokre venninner på besøk, og vi hadde julebord! Kjempekjekt! Eg rydda og vaska og pynta og kosa meg masse på førehand, og på sjølve kvelden var det såå fint og det lukta godt i huset! På menyen stod det indisk mat, der alt var laga frå grunnen av. Laurdagen gjekk eg mellom ulike innvandrarbutikkar og delikatesseforretningar i byen for å få fatt i alle ingrediensane, og resultatet vart absolutt vellukka. Vi toppa det heile med denne desserten:

Lun toffeesaus:
200 g sukker smeltast
2 dl kremfløyte rørast inn

Heimelaga flurry..
Vaniljeis får stå så den mjuknar litt, før du puttar den i ei kjøkkenmaskin og "eltar" den så den blir nesten som softis. Tilsett ulike slags godis, som for eksempel Nonstop, Dajm, peanøtter, pikekyss....smak og behag! Elt dette godt, slik at alt blir blanda, og server med sausen. Mmmmmm.....

Stemningslys frå www.housedoctor.dk

3x3 interiørutfordringer frå LahrA

3 interiøravsløringar om deg:
  • Eg er storfornøgd med stova mi, som har ein slags "mix don't match"-stil... Vi har blanda nytt og gammalt, Ikea og loppis, arvegods og design, fargar og kvitt.
  • Eitt år etter at vi flytta inn i dette huset er det framleis to soverom som ikkje er som dei skal vere... Men det SKAL bli fint ein dag, altså!
  • Eg har enno ikkje pakka ut av alle flyttekassene heller, og det er ingenting eg saknar, så dei inneheld vel nokre ubrukelege ting.. På tide å gi noko tilbake til Fretex eller loppis?
Tenk om soverommet kunne bli litt meir slik som dette
frå www.housedoctor.dk


3 interiørkjøp du angrar på du ikkje gjorde:
  • For eit år sidan kom eg over Eames si knaggrekke Hang It All på eBay, og hadde sjansen til å gjere eit kupp!
  • Tenk at eg ikkje fekk kjøpt fleire delar til bestikket mitt før det forsvann frå butikken..åh! Eg skal ikkje gjere samme feilen med serviset i alle fall. Håpar eg har god tid! Hihi..
  • Eg trur eg raskt legg frå meg det som eg angrar på, slik at eg ikkje treng å gå og tenke på det... Kjem ikkje på noko spesielt no, sjølv om det HEILT SIKKERT har vore ting eg gjerne skulle hatt. Det er vel slik at det eg ikkje har kjøpt har vore på grunn av plass eller pengar, og det er ikkje slikt eg vil gruble på, og som eg ikkje kan angre... :)
3 interiørjaktobjekt:
  • Lampar til stova! Det er jammen mørkt på denne tida av året, men frykteleg vanskeleg å finne den rette!
  • Små skåler, bollar og fine koppar - det blir eg ikkje lei av!
  • Spisebord og stolar til kjøkkenet - stort og rommeleg, utan å ta for mykje plass...
No skal eg kose meg med adventstida, planlegge julegåver, handle litt, sy litt, pakke inn, pynte og nyyyte dagane (innimellom jobb og stress..hihi)! Drøymer om slike lekre pakkar som desse frå www.housedoctor.dk

Oi, eg må jo hugse å gi utfordringa vidare også, og håpar den blir godt tatt imot! Den går til:
Between Two Trees
En fugl i hånden
Fruens Syslerier

onsdag 25. november 2009

Nydelege band i store mengder!

Eg har akkurat prøvd å handle litt i denne butikken som heiter Volksfaden. Dei har mange ulike stoff å velge mellom, men det var banda eg forelska meg litt i... Så utruleg bra utvalg! Dette bildet er frå nettbutikken, og eg vil vil vil ha!!

Kameraet mitt er forresten levert til service, så eg håpar det blir friskt att snart. :) Det hadde vore kjekt å ta nokre bilder av juleførebuingane eg er i full sving med...

søndag 22. november 2009

Kræsja kamera og ein fin konkurranse

Photo by www.boxdelux.dk

Søte Rakel i Danmark har den nydelege bloggen Fruens syslerier, der ho akkurat no har ein give-away. Du kan vinne kjempefine ting av Rie Elise Larsen, frå nettbutikken Box de lux. (Eg er ellers ikkje tilhenger av reklame, men dette kan eg stå inne for, trur eg!)

Photo by www.fruenssyslerier.blogspot.com

Bloggen hennar strøymer over av inspirasjon både når det kjem til handarbeid og interiør, og mykje anna rart også! Ho har komt som ei kule i bloggverda, og det fortener ho verkeleg...

Photo by www.boxdelux.dk

Eg har vore bortreist i helga, og har ikkje gjort noko for å bli den nye stjerna i denne verda..hihi! Derimot har mannen vore ute i alvorleg regnvèr med det flotte kameraet vårt, og sjølv om det låg godt nedpakka i kameraveska døydde det altså i løpet av turen. Det er trist. Og eg håpar verkeleg forsikringa dekker det! Men no vil det altså ikkje bli fullt så fine bilder på bloggen framover, i alle fall ikkje dersom eg har tatt dei sjølv. Men det fins maaange flotte bilder som andre har tatt, så noko skal eg finne! ;)

Photo by www.boxdelux.dk

onsdag 18. november 2009

St.Martin

I Lille A sin steinerbarnehage har dei nettopp feira St.Martin med ein lanternefest. Det var ein kjempefin kveld! Barn og foreldre møtte opp i barnehagen etter at det var blitt mørkt, og alle barna fann fram lanternene sine etter eit lite dukkespel i hjerterommet (fellesarealet i barnehagen). Så gjekk vi i tog frå barnehagen og bort til ein sjukeheim i nærleiken, der barna sang og delte ut sol- og månekaker. Lille A har prata om lanterna si leeenge, og er så stolt av den! Den er laga av lekkert papir, og så har ho nok fått hjelp til å klippe ut små bilder, der ho har limt sikepapir over. Med eit lys inni er den heilt skjønn!
St.Martin kom ridande til byen Amiens ein kald vinterkveld, og møtte ein fattig mann ved byporten. Legenda seier vidare at han då tok sverdet sitt og delte den flotte kappa si i to, og gav halvparten til den fattige. Den natta hadde han ein draum, der han såg Jesus bere den halve kappa.
Dette biletet er henta frå Lullaby og la la

No har eg brukt kvelden på den neste store happeningen i barnehagen. På søndag skal det vere julemarknad, og i fjor var det ein kjempesuksess!! Vi kan ikkje vere med, og eg er såå lei meg for det, men har hekla armband etter inspirasjon frå Karen Klarbæk, og har baka havreflarnliknande, julete og fantastisk gode kjeks! Det luktar himmelsk!

tirsdag 17. november 2009

Himmel...

På søndags ettermiddag tok eg desse bileta ut av stoveglaset mitt... Syns himmelen var heilt fantastisk! Den hadde utallige fargenyansar i blått, og med flotte innslag av rosa, oransje og gull. Og tenk at det kan finnast så mange forskjellige skyer på ein himmel!

I dag skal eg også ta meg tid til å kikke på himmelen...gjer det du òg!




blogger template by lovebird