tirsdag 8. desember 2009

Julegåvetips og litt..

Photo by www.rice.dk
Eg veit at det er fleire enn meg som ikkje er heilt i hamn med julegåvene, sjølv om det virkar som dei fleste av dykk bloggarar stort sett har kontroll..hihi! I år føler eg at eg er i rute, for eg har allerede kjøpt inn fleire julegåver, og eg veit kva eg skal ha til nokre til, så då er det ikkje så mange usikre igjen. :) Og eg kosar meg med det! Det var stas å ta morfar med til Nøstebarn for å kjøpe julegåve til Lille A, for då blir vi glade alle saman! Men i tilfelle nokre andre skulle komme til å kikke innom her, så kjem eg med nokre tips. Og dei kan nok heilt sikkert gjelde for fleire småjenter på 4 (og mammaene deira) også!

Photo by www.rice.dk
Dei nydelege korgene hadde vore supre til å ha leiker i! Det er jo sånn at det er kjekkast å vere på stova, og ikkje måtte sitte aleine nede på rommet sitt å leike. Og difor så har vi eit hjørne med leiker i stova. Eller å kalle det eit hjørne er vel litt drøyt, for det har ein tendens til å spre seg utover, slik at vi har leiker på stovebordet, på det vesle barnebordet, i og under sofaen, i bokhylla, bak pianoet og litt rundtomkring. MEN om vi hadde ei sååå fin korg, så kunne jo leikene hatt plassen sin der! Ok, vi har korger no også, men problemet ligg vel litt i at leikene kjem opp av korgene sine på rommet, for å vere saman med Lille A på stova...

Og så var det desse morsomme snøkulene...ein favoritt. ;) Rice lagar så utruleg lekre ting i dei sprekaste fargane!
Photo by www.designdelicatessen.dk
Denne gyngestolen syns eg også er heilt herleg, sjølv om eg ikkje heilt har bestemt meg for kor den skulle stått... Har funne den på DesignDelicatessen, der dei har fleire lekre saker...

Og så må eg nok ein gong reklamere litt for Bloesem, men denne gongen for den andre bloggen, nemleg BloesemKids. Der er det daglege give-aways no, og særleg desse to likte eg veldig godt!
Denne gule bokhylleelefanten kan du få tak i hos Spunky Sprout, ein litt rotete, men velassortert nettbutikk. Eller du kan gå til konkurransen ved å trykke på bildet.

Og denne illustratøren lagar så nydelege bilder! Heilt skjønne, med ein særeigen strek som minner meg om illustrasjonane til Den vesle prinsen.
Du kan gå inn på Sarah Jane Studios Etsyshop, eller gå til konkurransen ved å trykke på bildet. Eg vil også vise eit par til bilder, av dei gode vennane Wellesley and Winslow, som var så søte...

2 kommentarer:

  1. Vi har sådan en fin huskurv og jeg er vild med den. Min lille datter er derimod ret ligeglad så jeg overvejer om jeg kan bytte mig til den for en anden... (må man godt det?)

    SvarSlett
  2. Må bare si meg enig- Sarah Jane har nydelige bilder til salgs! Handlet massevis av bilder i julegaver- tenker de faller i smak;)
    Kjekk blogg du har- masse gode tips!

    SvarSlett



blogger template by lovebird