fredag 28. januar 2011

Bordpynting for store og små

Så kjekt med så mykje respons på blogglotteriet! 
Moro å sjå kven som er innom, både nye og gamle gjestar!
Her heime har vi også besøk no, og sjølv om Storesøster har feber for sjette dagen på rad, 
kosar ho seg med mormorbesøk! :) Og mormor syns jo at desse barna er det beste som finnast, 
og minner meg på kor utruleg rik eg er som har ein så god familie! 

Mormor hadde med ei lita gåve til Storesøster, og det var denne fine geita. Eller eit kje, om du vil. :)
Den står no på kjøkkenbordet, saman med ein skjønn campanula i ein kopp systra mi har laga.

...og når mamma lagar utstilling på kjøkkenbordet, syns Storesøster at desse også skulle få vere med. Ho kosa seg med å hente fram ting som ho meinte fortente å bli med, fordi dei var fine på ein eller annan måte... 
Snøkula kjøpte eg på Søstrene Grene før jul, så den var i kalenderen på julaften. Stor suksess!Den rosa ponnien er også ei gåve...som ikkje var etter mors og fars smak, men stor stas for ho som då var fire. 
Berre synd at batteriet tok slutt...hehe! Fatet som druene ligg på var forresten eit supert 
bruktfunn frå Myrorna i Gøteborg. Utruleg fin fasong og lyseblå glasur!

Håpar du har ein god fredag!

torsdag 27. januar 2011

Blogglotteri

Ja, no er det verkeleg på tide med ein stor takk til alle lesarane mine, 
og eg vil gjere det ved å stelle i stand eit lite lotteri.
Eg har laga til ein stoffpakkepremie og ein liten hårspennepremie,
og håpar nokon vil bli glade for det!

Eitt lodd for å legge att ein kommentar.
Eit ekstra lodd for å lenke til bloggen min. 
Bruk bildet over, og gi beskjed om kor mange lodd du vil ha!
Trekning 10.februar!

Lukke til! :)

tirsdag 25. januar 2011

Ring-ring!

Oj, eg hadde heilt gløymt desse ringane som eg laga i jula!
I dag fann eg dei fram frå skoeska si, og fekk tatt bilder medan sola enno skein frå knallblå himmel.
Dei blir lagt ut på Epla i løpet av kvelden, eg må berre ha to ledige hender og litt tid for meg sjølv først.. :)

Eg har gjort noko anna også i dag, men som så ofte før vart det eit halvvegs gjennomført prosjekt,
og eg skal fullføre det i morgon.. Men eit lite hint er jo at eg syns det er på tide å gi noko tilbake til alle dykk lesarane mine. ;) Tusen takk for besøk og kommentarar!!

Ha ein kreativ ettermiddag, kjære venner!

mandag 24. januar 2011

Klipp og lim med Alice Melvin

Symaskina fekk ikkje komme ut i lyset denne helga heller, men står tolmodig og ventar på meg i kroken sin. 
Eg og Storesøster fann imidlertid fram ei av julegåvene, nemleg dette settet med cut-out-and-make-menagerie av illustratør Alice Melvin. Det var pirkete arbeid, og vanskeleg for ein femåring, men mammaen koste seg veldig, og Storesøster kunne leike med saks og lim og paljettar, og var også fornøgd! 
Det er jo stor stas å berre halde på med ting saman! 
Åh, beklagar at bildet vart uskarpt...klønete av meg!
Men som de ser, det var mange herlege dyr i den pakken, og vi har berre såvidt starta. :)
Gjennom eit raskt søk på nettet fann eg ein god del om Alice Melvin, mellom anna eit bra innlegg på bloggen decor8. Når eg får litt meir tid skal eg kose meg å kikke litt meir på arbeida hennar! 
Det ser i alle fall veldig flott ut så langt!
Ønskar deg ein super mandag og ei god veke!

onsdag 19. januar 2011

For nokre kupp!

Ah, eg har gjort nokre deilige, deilige kupp!
No ligg to store posar med nytt stoff og ventar på vask og stryking,
og det er jo den kjedelege delen av det.. :) Men det er berre så 
utruleg inspirerande
å ha friske, fargerike, fine stoff liggande!
No blir det puter i første omgang, trur eg,
og så får vi sjå kva meir eg finn på...
Idèane er mange og sylysta stor!
Kva syns du eg skal lage av dette?
Og jada, eg har nok litt liggande frå før også... ;)
Tenk om eg kunne innrede ein liten sykrok på stova, 
så kunne eg halde på med det sånn fem minutt no og då,
i staden for å måtte rydde av og på kjøkkenbordet i tide og utide..
Men no ropar Lillebror, og vi skal ut og trille tur på glatta. Friskt!

Ønskar deg ein herleg dag!

tirsdag 18. januar 2011

Tilbake frå herleg tur :)

Ut på tur med fly og tog. Ein draum! 
Enno ein gong må eg seie at eg har nok verdas skjønnaste jente! ;) Ho er heilt fantastisk å vere på tur med -ja, i alle fall når ho er blid som ei sol.. :) Ho var like glad som eg for å vere på tur, Lillebror sov godt og vi storkosa oss. Berre det å reise saman. Sjå på flya gjennom vindua på flyplassen. Springe over perrongen på jakt etter riktig vogn på toget. Prate med medpassasjerar. Teikne og kose seg medan ein høyrer på Den vesle tigeren og Bjørnen som skulle til Panama. Sjå på husa som fyk forbi. Og vips, så er vi over grensa, og vi ventar berre på å komme fram. Og vel framme ventar verdas beste tante og onkel!
Avslappande dagar i Gøteborg. Ein by eg storkosar meg i!
Vi har rusla i sola i Slottsparken, kosa oss på cafè, 
vore innom fleire loppisar (og gjort nokre kupp!),
og vi har vore i ei heilt skjønn leilegheit saman med gode menneske.
Barna mine er heldige som får så mykje kjærleik.
Som mor er det så utruleg godt å sjå den gjensidige kjærleiken
mellom dei vaksne og barna. Tante og onkel, Lillebror og Storesøster.
Tusen, tusen takk for alle helsingane eg fekk på det forrige innlegget!
Eg har sugd til meg all motivasjonen eg kunne få, og Lillebror har no tøybleier på igjen. :)
Sjølvsagt kjem eg innom alle som legg att helsing, men det er ikkje alltid tida strekk til slik eg vil. Skulle så gjerne lagt att helsing til kvar og ein, men det blir nok litt sporadisk... Men de skal i alle fall vite at eg sett utruleg stor pris på dykk, og utan tilbakemeldingar ville blogginga vore ganske kjedeleg.. ;)

Ønskar deg ei herleg veke!

onsdag 12. januar 2011

Tøybleieforsøket vårt...

Vi har bestemt oss for å prøve tøybleier til Lillebror. Eg har noko å innrømme... Vi får det liksom ikkje til!
Tanken er god, viljen er der og alt utstyr er på plass. Men kvifor får vi det ikkje heilt til å funke? Eg lurer på om kanskje Lillebror er litt misfornøgd. Det kan vere at eg ikkje skifter bleia ofte nok. Eller er det kanskje noko eg berre trur, for å ha ein grunn til å gi opp? Foreløpig blir det nesten oftare papir enn tøy, men vi har ikkje gitt opp enno! Kanskje du kan hjelpe meg med motivasjonen?

Bilda er frå stelleplassen, med klede, klutar og bleier i fine korger. Eg likar at det ser ryddig og freistande ut!
Og når eg har rydda litt, så blir det jo fint! Og i kleskorga kan du sjå kva slags fargeskala eg brukar mest til vesleguten... Deilige, fine blå, brune og grå, og ull, ull, ull...

Når dette innlegget blir publisert er eg forhåpentlegvis på flytur. Moro med planlegging! ;)
Ønskar deg ei framleis fin veke!

tirsdag 11. januar 2011

Ei varmande gåve

Først av alt vil eg berre seie takk for all responsen på forrige innlegg! 
Moro at mine små, fargerike prosjekt kan inspirere! 
Det er jo først og fremst difor vi bloggar, er det ikkje det? 
For å inspirere og bli inspirert! Hurra for alt vi kan dele! :)

Sjå kor stor Lillebror har blitt allerede! Tida går ganske fort, og det blir gøyare og gøyare med baby, etterkvart som ein får meir kontakt, meir respons og så utruleg gode smil! Eg smeltar!! :)
Den skjønne blå jakka har ei snill og flittig venninne strikka til han. Tusen takk, E! :)
Smokkesnora er frå Sebra, og den er det fleire som har spurt om etter bildet nedanfor her.
Men det eg eigentleg vil vise fram i dag er det supergode og supermjuke og utruleg anvendelege ullteppet Lillebror fekk av mormora si. Vi brukar det dag og natt, ute og inne... Rett og slett ein supersuksess, mormor!

Og då må eg jo berre lage ei lenke til eit prosjekt som mormora fall for, og som er eit utruleg bra initiativ!  
Tepper til Nepal er eit prosjekt du bør sjå nærmare på! Du kan følge med på prosjektet her,
og lese om korleis det vert strikka, samla inn, sydd saman ogsendt ulltepper til eit sjukehus i Nepal, 
der nyfødde er kleslause og fattigdommen og kulden er stor... 
Kanskje noko fleire av oss kunne bidratt til?
Send ei varmande helsing du også!

mandag 10. januar 2011

Orden i sakene

No skal du sjå det blir orden i stelleveska! Endeleg... ;)
Eg rekk ikkje så mange store prosjekt no for tida, men har storkosa meg med desse posane!
Stoff og band til posane har eg kjøpt både her og der, og inspirasjonen er stor på bloggane rundt omkring.
Kanskje kan du også inspirerast til å sy små posar! Ein treng i alle fall ikkje mykje erfaring for å få det til!
Denne øverste posen brukar eg til bleier i stelleveska, og den er verkeleg til å bli glad av! :)
Lillebror er ikkje særleg interessert i å ta smokken, men eg gir ikkje opp så lett. 
Det er jammen greit å kunne sette i den proppen i blant!
Men når smokken stort sett berre blir hengande i snora si eller liggande og slenge, 
då er det jammen greit med ein liten pose å oppbevare den i!
Skiftetøy må vi også ha med overalt, sånn som denne herlege bodyen frå Duns, som Lillebror fekk til jul.
Eg sydde ein liten pose av fleire ulike stoff, og no er det så mykje lettare å finne fram 
i den store veska som brukast til stelleveske!
På onsdag tar eg med meg barna mine og legg ut på reise! Åh, som eg gler meg!
Så då måtte bæresjalet også få ein liten pose, slik at det blir litt lettare å frakte med seg på tur.
Vi skal reise med både fly og tog, og kjem etter kvart fram til tanta og onkelen i Gøteborg.
Der blir det gåtur og cafèliv og masse opplevelsar, kos og hygge, tenker eg! Herleg!!
Litt fleire bilder heilt til slutt. Eg er jo ganske fornøgd med resultatet, men er enno ikkje heilt ferdig med poseprosjektet. På kjøkkenbordet ventar posane som eg skal pakke barna sine klede i, for alt skal jo opp i den stoore sekken som eg skal ha på ryggen. Eg elskar å vere på reise! Og med sekk på ryggen har ein armane fri, så eg forstår ikkje heilt dei som reiser med koffert, altså.. Ok, det har sine fordelar, men eg likar sekken min!

Kom forresten på at det kom ein del kommentarar om den fine ugla mi,
og den er ikkje frå House Doctor, men Madam Stoltz. Kjøpt på Ting.

Ha ei flott, ny veke!

søndag 9. januar 2011

Mokkasin

Bildet er lånt av Mokkasin

I dag skulle eg vise fram bilder av gårsdagens syprosjekt, men dagen gjekk så fort! Plutseleg var lyset ute blitt blått, og mørket kom snikande inn i huset...så då får fotograferinga vente til i morgon! Men det får så vere, for vi har gått ein lang og deilig søndagstur i staden. Med barnevogn og spark. Herleg!

Bildet eg viser er frå ein nydeleg blogg eg kom over i dag, og som eg berre må få anbefale!
Bloggen heiter Mokkasin og var i utgangspunktet butikkblogg for butikken Mokkasin.
Men no er det ein blogg om litt av kvart, og den skal eg nok kikke nærmare på!

No skal huset gjerast klart til ettermiddagsgjestar, og vi skal knuse pepperkakehuset vårt i dag...mmm!
Håpar du har ein flott søndag!

lørdag 8. januar 2011

Øyredobbar til Epla

Eg fyller stadig på Eplabutikken, 
og denne gongen med ganske spreke øyredobbar...
Det vil også komme ringar i samme stilen. Kva syns du? ;)

Ha ein fortreffeleg laurdag!

fredag 7. januar 2011

Deilig fredag

Dette er ein utruleg deilig fredag! Og eg er så glad for at eg veit å sette pris på den!
Kjenner at mulighetene er mange, sjølv om klokka alt er langt på dag.
Skal eg bli heime og pusle med noko?
Skal eg trille tur ute? Eller kanskje til byen?

Ein ting er i alle fall sikkert, i dag skal eg rydde bort dei små restane av jul som enno er i huset mitt.
Vi hadde jo ikkje så veldig mykje julepynt framme, i og med at eg skiller mellom advent- og julepynt, og vi var bortreist heile jula... Men litt er det, og det er deilig å rydde det bort. Det blir nesten som ein ny start!
Og særleg no når sola skin rett inn i stova mi, så får eg så lyst til å forandre på ting! Flytte litt på den, rydde litt der, kaste litt rot... Men det blir nok med tanken..hihi! Heldigvis søv Lillebror akkurat no, og det gjer så godt for oss begge! Ein kopp te og ei lita pepperkake, kanskje? :)
På gårsdagens bytur med ei utruleg koseleg venninne (takk, Johanne!), fekk eg bytta nokre julegåver, og eg satt mellom anna tilbake med denne herlege lysestaken. :) Ein lysestake er jo ikkje noko eg berre går og kjøper meg i tide og utide, så det var heilt perfekt! Har ønska meg ein lenge! -og soppane er vel obligatoriske... Nesten så ein blir lei soppar og ugler i bloggland, men det er jo ein grunn til at det er så populært! Superfine!! :) (Jaja, Lillebror, då var den duppen over... Så mykje rakk eg! Hihi..)

Ha ein deilig fredag, du også!

onsdag 5. januar 2011

Nye spenner til Epla

I ei skoeske pynta med fint papir har eg ein av hobbyane mine. Og denne skoeska var akkurat passe stor til å ha med på juleferie, så den kom opp i aktivitetsposen..ja, for det var jo sjølvsagt fleire krea-ting som måtte bli med! I skoeska har eg alt eg treng for å lage hårspenner, og det er så kjekt å halde på med! 
No er det lagt ut ein del nye hårspenner i Eplabutikken min,
og eg viser eit lite utval her på bloggen også.
Tusen takk for koselege kommentarar på innlegget i går!
Kjekt å vere tilbake, særleg når så mange seier hei og sånn!
Skal snart få tatt meg ein god bloggerunde, håpar eg! :)

Ha ein strålande dag!

tirsdag 4. januar 2011

Fine funn på Etsy

1. Sommarlege tøysko frå The Generation 
2. Årskalender 2011 frå Sarah Jane Studios
3. Frodig uglepute frå Karen Sagez
4. Froskestoff frå Kalla
5. Bilde av geitebukk frå Hillary Bird
6. Superskjønn nålepute frå Emma Lamb
7. Herleg sjiraff frå Contemori
8. Morsom epleukulele frå Celentano Woodworks

Eg startar året med herleg inspirasjon/ønskeliste frå Etsy... Joda, eg fekk mykje fint til jul, men ein kan jo likevel ønske seg noko! ;) Men mest av alt brukar eg Etsy til inspirasjon, og til tidsfordriv... I dag har eg hatt ein fot på vippestolen nesten heile tida, i alle fall når ikkje Lillebror har vore i armane mine. Og eg gleeer meg til han skal begynne å sove lang dupp! Det er så vanvittig frustrerande å ha så mange planar og ønsker for dagen, og så går all tida bort. Då er det VIKTIG å minne seg sjølv på at det faktisk er dette eg er heime for no. Eg SKAL bruke tida mi på babyen, for han er det viktigaste av alt! -men det hadde vore superdeilig om han berre kunne sove ein time eller to i strekk iblant...

Det har vore ein lang og god juleferie, og vi har kost oss med familiane våre. Eg har ikkje opna ein pc på over ei veke, og det har vore deilig, men no er det godt å vere tilbake. Takk for at de ikkje gir meg opp! ;)

Ønskar deg alt det beste for det nye året!


blogger template by lovebird