onsdag 30. januar 2013

Nytelse!

Ei deilig pause. Ein liten stopp. To timar ventetid brukast på best mulig måte, med ei god bok og verdens rausaste og fantastiske rekesmørbrød på Fairytale Cupcakes. Himmelsk godt!

Heime ventar planen om nye kostymer til heile familien, sidan vi skal på tur og karneval i helga. Der ventar også jobbgreier og det vanlege huskaoset, men det er akkurat dette eg likar med slik ventetid som akkurat no; eg kan ikkje gjere noko med det som er andre plassar, så eg velger å nyyte denne stunda for meg sjølv. Nytrent og nydusja, og gumlande på rosa reker, grønt stæsj og knasande godt brød...

Ta vare på gode stunder, du også!

mandag 21. januar 2013

Aktiv i kropp og tanke...

Foto: Bertil
Det knirkar i nysnøen på trappa. Nokre få fjon kom for å gjere landskapet reint og kvitt igjen. Akkurat nok for meg. Og heilt fin for skøytebana også. Desse bilda tok pappaen av Storesyster då dei var på nærmaste vatn for å teste skøytene. Varm i kinna, varm i kroppen, stolt og fornøgd! 

Og i aktivitet blir ein sveitt. Slik som eg vart på yogatrening i går. Eller, eg vart jo ikkje akkurat gjennomsveitt, men ganske varm og akkurat passe sliten og god i kroppen. (Og i dag kjenner eg jo verkeleg at kroppen vart utsett for nye, interessante øvingar i går..) Inni meg foregår det stadig merksnodige saker. Eg kan oppleve kjensler som fargar, og eg assossierer veldig fort når sansane vert aktivert. Kan dette henge saman, skal tru? Eg har i alle fall ei formeining om at dette heng saman med kreativitet. For kreativ, det er eg. Eg kan boble over av idèar og assossiasjonar, og treng ofte nokon som kan halde meg att for å seie kva som er gjennomførbart og ikkje. I går hadde eg forresten ein morsom assossiasjon i det eg kom ut av yogahallen, i det fine, nyoppussa treningssenteret, med parkett på golvet og fancy møblar i freshe fargar. Høgt under taket er det også. Og der, som om nokon dytta lukta opp i nasen på meg, tenkte eg berre på eitt ord: leirskule. Det lukta rett og slett som ein gammal leirstad, der sveitte ungdommar og sure sokkar har vandra rastlaust i gangane. Der herjing, skrål og sang har gått hand i hand med tente lys og klumpekos. Der paprikachipsen ligg i tusen knas, og initialar er skrapa inn i veggane. Oj, det vart mange gode minner fordøyd på få sekund. Av den herlege lukta av sveitte folk og joggesko. Heldige er vi som kan minnast så mykje av så lite!

Eg veit ikkje om du har lagt merke til det, men eg har altså gitt opp den utfordringa eg prøvde å slenge meg med på. Det er jo så skrekkeleg slitsamt å vere på etterskot. Sjølv når det gjeld slike kjekke ting! Dermed vart altså den ein av dei tinga eg så optimistisk kastar meg over, for å innsjå at eg ikkje gjennomfører. Det er vel stort sett berre når det gjeld strikking at eg ikkje er på den måten... Der brukar eg nemleg laang tid på å komme igang, men blir nesten manisk for å bli ferdig. Det er jo så tilfredsstillande! :)

Erteposar i fleng er lagt ut i Eplabutikken min. Fine, fine fargar og stoff! Og så er der forresten salg på ein del varer som har lagt der litt for lenge. Men erteposane er ferske i butikken, og eg er ganske stolt av utvalget der no. Lyst og fargerikt og fint. Akkurat som eg likar det! ;)

Ha ei nydeleg veke!

torsdag 10. januar 2013

Brodert mobilcover av Søhesten

På jakt etter nytt cover til telefonen min. Vurderte akkurat å kalle den meir enn det, men ga opp. Eg hadde verkeleg aaaldri trudd at eg skulle sette så stor pris på ein telefon. Den er verkeleg viktig i kvardagen min, og det er med skrekk og gru eg tenker på korleis det skal gå den dagen den plutseleg går i svart. Det brukar nemleg mine telefonar å gjere. Om ikkje dei forsvinn først... Men altså, nye mobilcover trengs i ny og ne, og eg verkeleg diggar dette coveret! Ikkje berre er idèen heilt fantastisk, men sjølve utforminga, fargane og formene er heilt nydelege! Vil ha! :) Du kan kikke nærmare på dette hos SØHESTEN, og der kan du også sjå mykje anna fint og kjekt! Om du klikkar på bildet kjem du direkte til innlegget med det broderte coveret. Link with love!

Okay, så tok eg ein bitteliten pause midt i blogginnlegget, heilt utan at du merka det, og fekk bestilt meg eit cover. Eg valgte gult. Og skal grave fram lekre fargar i broderiboksen min, og gjere dette til ein ny hobby. Herleg! :) Du kan sikkert kjøpe slike cover både her og der, men om du går inn på Etsy, kan du berre bruke søkefeltet for å leite fram nesten kva som helst som du treng til prosjekta dine!

Eller kanskje du vil fornye mobilen din på ein annan måte? Her kjem nokre få tips... Det fins tusenvis!




Neste gong velger eg kanskje eit gjennomsiktig cover. Eller eit kvitt igjen? Kjenner idèane strøymer på, og eeelskar den kjensla! Og ja, eg gjennomfører faktisk ganske mange prosjekt, sjølv om det berre er ein brøkdel av alle dei eg planlegg. Og ein brøkdel av dei eg gjennomfører kjem på bloggen. Kanskje eg skal skryte litt igjen snart? Men først skal eg skape. Og sove. Det er natta, men i morgon er det fredag! Igjen!!

Ha ein fortreffeleg fredag!

søndag 6. januar 2013

Nytt på Epla!

 Eplabutikken min er fylt opp med ein del nye varer, og enno meir er på veg!
Sanseputene er populære, og sjølv er eg veldig glad i desse fine ringane!

Det er SALG! på Epla no, og også i min butikk kan du finne varer nedsett med 30-40%
Ta ein titt, det er mykje fint som blir laga av kreative folk der ute!
 Ha ein strålande dag!

lørdag 5. januar 2013

Sleepy - ein del av utfordringa Moments

Min vakre, gode, fine, flinke son. Min skatt og mitt gull og min skjønnaste gut!
Det er fred og ro i heimen, med barna i seng og beina på bordet. Det er tidleg kveld etter ei lita veke tilbake i kvardagen, med skule og barnehage og jobb og ein døgnrytme som ikkje er heilt som den skal vere... Men vi er tilbake, og kvardagar er det mange av, så det gjeld å nyte dei også. Det er ikkje berre helga som er god, men det er viktig å stoppe opp og nyte små augneblink når som helst. Moments. Golden moments.

Eg øvar stadig på å bli ein betre fotograf, og i stad lista eg meg ned trappa, skrudde opp lyset ved senga til Lillebror og prøvde forsiktig å knipse nokre bilder. Det er i det minste ein ok start. Det er verkeleg utfordrande å ta bilder i mørket, med gult lys, skuggar og til og med ei sprinkelseng i vegen for det nydelege motivet. Om du ser inn til Clickin Moms, får du kanskje litt inspirasjon og tips til fotografering av dei sovande små, du også... Ingen toårstrass å spore her akkurat no, i alle fall. Deilig. :)

Ha ei framleis fin helg!

tirsdag 1. januar 2013

Nytt og godt!

Eit nytt år. Nye draumar, nye forhåpningar, nye muligheter. Nye dagar, nye planar, nye avtalar. Mykje er likt som i fjor, men for meg er alltid overgangen til eit nytt år noko heilt spesielt. Eg har så mykje eg vil gjere annleis! Eg vil så gjerne ha meir tid saman med familien min, meir tid for meg sjølv, meir tid til kreative syslar, meir tid til å vere sosial. Trening er ikkje akkurat noko eg har så veldig lyst til å bruke den verdifulle tida mi til, men eg har etter 34 år innsett at det er noko eg berre må igjennom, så blir både eg og kroppen min gladare etterpå. Og sjølv om eg nesten ikkje har lyst til å innrømme det, så er det jo faktisk ganske deilig etter gjennomført økt! Og slik skal eg også auke overskotet, slik at eg kan bruke av sofatidkontoen til desse andre tinga eg så veldig gjerne vil gjere meir av. ;)

Dagens bilete har mannen min tatt av fine familien sin. Den vakre kona hans laga litt bling til seg sjølv til jul, for heile familien var jo på tv på sjølvaste julaften! Vi syng i familiekor, og her kan de sjå oss synge i Byåasen kirke på julaftengudstjenesten... Tilbake til blingen; den er laga av to trekuler og litt skinnsnor. Den vesle trekula er mala med lysrosa hobbylakk, og den store er dekka med bladmetall. Det var moro og fint!

Storesyster fekk ny kjole til jul. På lillejulaften vart knapphola sydde, og knappane kom på. Den nye symaskina mi gjorde jobben på eit blunk, og gjett om eg gler meg til vi skal bli betre kjent! Kjolen var ei prinsesse verdig, og mottakaren var også veldig fornøgd. Ho er jo prinsessa mi! Og med Julekongen som adventskalender, har vi jo gjort oss nokre tankar om prinsessegreier... Ein dag stod ho over meg og sa: "Mamma, du har sølv i håret!!" Haha...akkurat det ein har lyst til å høyre, særleg når ein vanlegvis driv med heimehårfarging og badet no er totalvraka av ein kjip vasslekkasje frå kjøkkenet i etasjen over. Men uansett, litt sølv i håret treng faktisk ikkje å vere så ille. Eg proklamerte at det kom av at eg er ei ekte prinsesse! Akkurat som Eiril i Julekongen! ;) "Nei, mamma, du kan ikkje vere prinsesse, for då må jo tante også vere det..!" "Joda," seier eg, "både eg og tante er prinsesser. Det er berre å sjekke, for om du legg ei ert under madrassen hennar, er eg sikker på at ho har vondt i ryggen når ho våknar!" Og det stemmer alltid... ;)

Veslebror fekk kjepphest i julegåve. Med den kan han vere både ridder, prins og cowboy. Den er vakker og handstrikka, med tjukk, fin man og gulltaumar. Kjeppen er spikka og pussa av ei flott grein, og er både vakker og god å halde i. Takk til julemarkedet i Sommerfuglen steinerbarnehage. Verdas finaste!

Eg har sakna blogginga medan eg har vore borte. Ikkje berre saknar eg det å lage blogginnlegg, men eg saknar også tilbakemeldingane og bloggbekjentskapane. Det er så mange herlege jenter der ute i verda, og eg føler jo at eg kjenner mange av dykk! Kvar dag, mange gongar om dagen, har eg tenkt blogginnlegg. Det trur eg er ein bonus ved å blogge; det at ein ser småting rundt seg med andre auge. Eg kan sjå så mykje i så lite! Og eg har så lyst å dele både tankar, bilder og idèar med lesarane mine. Og for å komme igang igjen skal eg kaste meg med på denne utfordringa. Sannsynlegvis ikkje med daglege innlegg, men i alle fall med nokre kvar veke! :) Sjå meir her!

Årets første blogginnlegg avsluttast med nokre enkle ord. Og frå innerst i hjartet mitt vil eg ønske dykk alle eit riktig godt nytt år, med kjærleik og varme, helse og fridom!

 Holly McCaig


blogger template by lovebird