fredag 31. januar 2014

I krikar og krokar

Barna får plass i denne heimen, det er i alle fall sikkert! Her bur det Pet Shopar i i krikar og krokar, og Duplodyrehagen har visst opna alle bura sine denne veka, så alle dyra har lista seg rundt i stova… Dyrepassarane rir rundt på krokodiller og dinosaurar midt på golvet, mens sebra, hundar og skilpadder snik seg bortover vinduskarmen. Hesten tar og er nok ein liten risiko, der han ligg midt i løypa mellom stova og kjøkkenet. Jaja, det er jo fint at alle trivast her!

Eg og Alfred har ein slitsam og roleg dag i dag, og slike dagar har det vore mange av i det siste. No ventar vi på at hosten skal forsvinne, energien komme tilbake for fullt og guten vere klar for barnehagen igjen. Sjølv får eg gjort utruleg lite slike dagar. Eg treng liksom litt ro og fred og tid for meg sjølv, dersom eg skal få til å vere kreativ og skapande, i alle fall. Men vi kosar oss likevel. Bollar i ovnen og NrkSuper på Paden. Litt strikking innimellom, kanskje?
Slik ser det ut i kroken ved vinduet i dag. Og eg trur jammen at eg skal sette meg og strikke vidare på fantastisk mjukt og godt babystrikketøy. Herleg!
Ønskar deg ei nydeleg helg!

mandag 27. januar 2014

Nyt dagen

Det kjennast verkeleg ut som vi nærmar oss våren no, altså! Snart ferdig med januar, og her i Trondheim er det framleis like tørt (og kaldt). Ungane snakkar dagleg om kor gjerne dei skulle hatt snø, men eg kjenner at det ikkje er så viktig for min del. Ikkje no når det går mot slutten av januar, det er ein månad sidan sola snudde, og snø eller ikkje snø, det er lysare ute! Sol rett inn i stova. Gult og varmt lys. Og inne kan vi nyte tulipanar og peisvarme og kvarandre. Herleg!
I helga har verdas snillaste morfar vore på besøk her, og Alfred jublar over at det er framgang i oppussinga av rommet hans. Det skal nok bli bra! No må berre mammaen og pappaen vere like flittige som morfar, og få ting gjort…! Eg er nok flinkare til vaffelsteiking og småtteri enn til dei store prosjekta. (Skranglebekken!) Men jammen er det koseleg med saft og vaflar ved kjøkkenbordet også! Liten mugge passar fint til små barnehender, så får ein til meir sjølv! Det er meistring! Stas!

Det er kvardag igjen. Ingen gjestar og ingen andre heime enn meg sjølv. Eg elskar verkeleg å ha besøk, men det er når eg puslar aleine at eg får ting gjort… I dag er det berre trening som står på programmet, og eg har enno eit par timar til eg må komme meg i veg. Så først skal eg skru på kaffemaskina, så må eg skru på varmen på syrommet, så lage kaffe og nyte den i godstolen ved vinduet, mens syrommet blir varmt. Deretter er det kreatid. Herleg! Ja, eg veit det. Det er verkeleg akkurat så luksus som det høyrast ut. Heldige, heldige oss som bur her, og som kan vere heime når vi ikkje er i stand til å vere på jobb…

Nyt dagen du også!

onsdag 22. januar 2014

Liksomkjole… (Ikkje alle nettkjøp er like heldige!)

Er det i dag eg skal prøve meg som motebloggar? Neida, slapp av, det skal eg slettes ikkje. Men eg måtte berre dele dette… Eg har handla ein del på Etsy dei siste åra, og stort sett har eg vore veldig fornøgd, men denne gongen vart det nesten komisk! Denne kjolen fall eg nemleg litt for, og tenkte at den ville vere super å ha framover. I klesskapet mitt finn eg mange slags kvardagskjolar eller tunika, og eg likar best å gå med det over tightsen. Og her var det altså ein kjole som passa perfekt til formålet, til årstida og til den veksande magen. Flott! Og det gjekk heller ikkje lenge før den kom i posten, slik at eg raskt kunne slenge den på meg…. Sjå berre her:
Haha! Ikkje akkurat kjolelengde på denne! Men greit nok, eg skal kjøpe meg ei bukse ein dag, og då kan det jo vere greit å ha ein genser… ;) (Beklager bildet, forresten! Det er jammen ein kunst å fotografere seg sjølv, og akkurat det har eg svært lite trening i…) Men eg gir ikkje opp nettkjøpa mine så lett, og eg har funne fleire fine klede eg ønskar meg. Klikk på bilda for å komme til butikken! Det er forresten ein ting som er veldig påfallande når eg søker etter maternity dress på Etsy… Då er nemleg halvparten av produkta fotografert med liknande tresmykker som det øverste, og frå butikkar i Kina! Min genser hadde ein fransk lapp på seg då den kom, og såg ut som den var sendt frå UK. Jaja...
Toad in a Tree

Original Style Shop

Lukke til med dine nettkjøp..!

tirsdag 21. januar 2014

Heilt eventyrleg



Ein sliten, liten gut sovna på sofaen i dag, etter ei vidunderlig lita stund. Vi la oss godt tilrette på putene han og eg, og då han låg der i armkroken min var det nesten så vi låg nase mot nase. Mjuk og god, er han. "Mamma, no må du fortelle ei historie", seier han, og eg tenker meg om. Ja, eg vil gjerne fortelle eit eventyr, og treåringen ligg og frydar seg over historia om Gullhår, fantasifullt overbrakt og fargelagt, men utan andre bilder enn dei han sjølv kan skape inni seg. Han er trøytt, men eg måå fortelle ei historie til! Ei om det store, skumle trollet! Og eg fortel om trollet, det som var så stort og stygt, med ei lang og krokete nase og alt som høyrer til. Han nyt stunda, og det gjer eg òg. Etterpå syng eg for han. Stille og fint ligg vi i sofakroken, og medan eg syng vakre, gamle songar, fell han i søvn. Sliten etter gårsdagens og dagens påkjenningar. Slike stunder er gull!
Den Gode Historien
Eg har ei god venninne som er ein fantastisk forteljar, og ho held kurs slik at fleire kan lære å fortelle historier som berører og begeistrer. Alle som jobbar med menneske, og kanskje særleg alle som jobbar med barn, burde lære meir om korleis dei kan formidle gode historier. Så snart eg får sjansen er eg med! Klikk på bildet med den eventyrlege, vakre døra for å komme inn til Hege.

mandag 20. januar 2014

Barnevev av restegarn

Små og enkle ting kan vere verkeleg fine! Denne veven laga Anna for lenge sidan, og den heng på stova, til glede for både hjarte og auge! Den er laga så enkelt som at to pinnar er lagt i kryss, og så trur eg den gule tråden innerst er surra for å feste dei saman. Så har ho surra og vevd med ulike garnrestar, og fargane er så fine! Eg likar så godt den litt duse blågrøne mot den sennepsgule, og det lille hintet av glitter, og litt raudt og knallblått for å gi kontrast…. Det er rett og slett slik at mange av fargane ho har brukt her plukkast opp i detaljar ellers i stova, som den lyseblå puffen, den gule lampa, den raude stolen, putene i sofaen… Joda, eg likar godt fargar! Og då er det godt å ha kvite veggar og lyst golv som lerret!
Det har vore ein intens mandag, og dei neste dagane blir Alfred heime for å bli i form til kvardagen og barnehagen igjen. No kjenner eg det er kvelden, og vurderer ein deilig dypp i badekaret før leggetid. Det gjer godt! Men atter ein gong; takk for at de er innom her! 
Ønskar deg ei strålande veke!

fredag 17. januar 2014

Sanseleg påfyll

Nye sanseputer i Eplabutikken min!
Desse er fantastisk kjekke å lage! Eg klipper og puslar og prøvar og fiksar og gjer om igjen, heilt til dei blir slik eg vil ha dei, og slik dei små fingrane og augene og munnane kan utforske dei. For dei er populære, og om eg får seie det sjølv, så er dei rett fine! Inni er dei fylt med vatt, og bittelitt lavendel, og så har eg putta inn ei lita bjelle, som lagar ein forsiktig og fin lyd… Men den bjella er dessverre akkurat så stor at når eg pakkar puta blir den over to cm, sjølv om eg prøvar å klistre den flat. Og som mange veit, så er pakkar over to cm tjukke dobbelt så dyre å sende som dei andre… Hrmpf!

I dag er det fredag, og det er deilig med helg igjen! Eg gler meg til å vere saman med familien, ha svigerinnebesøk, gjere huset fint, lage god mat og få sola inn gjennom vindua mine. Deilig! Kva gler du deg til denne helga?

Nyt dagen!

torsdag 16. januar 2014

I blomstring

Så kjekt det er å få fine tilbakemeldingar! Eg blir glad og audmjuk og stolt, og kosar meg verkeleg med å vere tilbake i dette rause og inspirerande fellesskapet som denne delen av bloggverda er! Og sjølv om eg enno strevar litt med layout og bilder og slikt, så kjenner eg at eg er på veg tilbake til det også! I dag har eg tatt produktbilder av dei nye sanseputene eg har laga, slik at eg kan fylle på litt i Eplabutikken min. Der kjem det nok nokre skjørt også etterkvart, men eg kan starte med dette. Alfred skal i barnehagebursdag, og eg håpar jenta som fyller fem vil like dette skjørtet! Rosa og blomstrete, og med friske grønne kantar. Herleg! Og så utruleg kjekt det er å skape litt igjen! Lukke!
No ventar snart tekoppen, sofakroken og strikketøyet. Mmmmm…. Det er heller ikkje dumt, altså!
Ha ein fin kveld, du òg!

onsdag 15. januar 2014

For ei kløne!

Æsjogfysjogfrustrasjonimassevis!!
No i formiddag (ja, i timesvis, faktisk!) har eg streva enormt med å fikse på bloggen min… Eg tenkte at det ikkje skulle vere noko pes å endre på oppsettet, og fann gratisgreier via fantastiske Pinterest. MEN det var slett ikkje så enkelt som eg trudde, og når eg i tillegg er ganske uerfaren med Mac må eg berre innsjå at eg er ei kløne! Fyttikatta så kjedeleg!

No kjenner eg at det er på tide å legge vekk kløninga ei stund, og heller gå ned på syrommet ein tur, det er veldig mykje kjekkare! :)

Beklager rotet her inne!!

mandag 13. januar 2014

Ny start med nytt syrom!

Det kriblar litt i magen. Musikken som svingar seg gjennom huset passar til stemninga i meg akkurat no. Sola skin på meg gjennom vinduet, og lufta utanfor er sprakande og knirkande kald. Eg sit og vaklar på ein gammal trappekrakk, og rundt meg er fargar og mønster og ei nesten uoverskueleg mengde inspirerande materiell. 
Dette er lukke! Eg har fått eige syrom!
Det er nye tider her i huset. Mykje skal skje i dette nye året, og medan vi ventar på at fire skal bli fem, humpar eg rundt heime og vekslar fint mellom å ligge godt oppstabla mellom putene og synast synd på meg sjølv, og det mykje betre alternativet; frydar meg over tid til utløp for oppdemt kreativitet! Oh joy!

Dei siste månadane har eg dagleg tenkt ut opptil fleire blogginnlegg eg skulle laga, og no tar eg atter ein gong sats og hoppar i det. Blogginga har gitt meg så mykje, og eg er definitivt ikkje klar for å gi opp den, altså. Håpar det framleis er nokon der ute i verda som har lyst å bli med ferda vidare! 
Den fine kattepungen har Ingrid Riddervold sydd!

Ønskar deg ein fortreffeleg vinterdag!


blogger template by lovebird