onsdag 15. mai 2013

Stoffavhengig?

Produktbilde
Produktbilde
Produktbilde 
Produktbilde
Eg har hatt ryddesjau i stoffhyllene og stoffeskene og stoffposane mine... I alle fall fekk eg begynt på den store ryddesjauen, og ser at sjølv om eg no faktisk skal få ein plass å ha alle sysakene mine, så treng eg ikkje å fylle opp den plassen med ein gong. Og etter at alt småtteriet er kasta (-det gjorde vondt i gjenbrukshjartet mitt, for det er jo sjølvsagt mulig at barnehagebarn eller sfobarn ikkje har slikt eit rikt utval som eg har, og at dei kunne hatt glede av det...men nei!) så er der både små og store bitar med stoff som eg mest sannsynleg ikkje kjem til å sakne. Og det er godt mulig at andre kan ha glede av det! Og dermed er sånn ca ti kilo stoff allerede lagt ut på Eplabutikken min. Her ser du berre eit utval av det som ligg der. Klikk på bildet, om du vil! :)

Ha ein fortreffeleg onsdag!

tirsdag 14. mai 2013

Små og store hus

Plutseleg er hus det einaste eg tenker på. Det begynte kanskje med desse små husa. Eg fann idèen i Rom123, og dei har henta den frå dette blogginnlegget. Ein verkeleg god idè, særleg no når alle dei etterkvart litt lange spirane mine treng meir plass...og det er mange av dei! :) Eg brukte store og små kartongar, hobbylakk og pensel. Nokre er svarte og nokre antikkrosa, og kombinasjonen med det grønne gjer det både tøft og fint og friskt. Herleg!
Hovedgrunnen til at eg berre tenker på hus er nok at vi for akkurat ei veke sidan kjøpte einebustad. Crazy! Eg får framleis nesten gåsehus av å tenke på det, og måtte køyre forbi igjen i dag på veg frå barnehagen. Det er eit stort og fint hus ikkje så langt frå her vi bur no, og flyttinga blir mot slutten av sommaren. Men i morgon kjem boligstylisten heim til meg, og det rare er jo at eg aller helst vil style huset mitt før ho kjem... Eg skjemmast av å vise fram alt kaoset her, men så er det jo delvis fordi vi allerede har begynt å pakke vekk ein del ting, har skaffa eit lass med pappesker, har demontert hyller for å male tak og veggar osv. Det blir jo innmari fint her når vi skal flytte, altså! Men no skal eg sjå om eg får litt meir orden i sakene før Greys. Kaos eller ikkje - ingen tirsdag utan sofakrok og Greys! 

Håpar bilda mine inspirerer deg i dag. Våren har endeleg eksplodert ute, men hagevekstane kan nok trenge litt ekstra varme og omsorg innandørs før dei skal ut og blomstre! :) Eg gler meg i alle fall til hagen får meir farge!

Ha ein deilig kveld!

onsdag 1. mai 2013

Gøy med body!

Forrige helg tok eg med meg symaskinene og nokre stoffbitar og besøkte ei venninne nokre timar. Utruleg kjekt å sy saman med nokon! Og resultatet vart eg strålande fornøgd med! :) Her ser du lillebror i sin nye body, sydd etter innfallsmetoden i det herlege Cirkusstoffet frå Gekko. Verkeleg deilig kvalitet! Eg brukte ein passeleg stor body som mal, teikna av mønsteret og sydde glad i veg. Oops, eg hadde gløymt å tenke ut ei lur halsopning, men det ordna seg visst med litt kreativitet og nokre trykknappar. Neste gong vil eg nok leite etter eit eigna mønster først... ;)
Guten er også strålande fornøgd. Fin og glad! "Æ har fått øya på magen min!" seier han og ler. Og mammaen er inspirert til å sy meir. Kanskje eit par vårlege bodyar til? Eller kanskje det snart er slutt på bodytida, slik at gensrar og t-skjorter er meir på sin plass? Og nattkjole til storesøster. Og eit snurrete skjørt, kanskje? 

Nyt dagen!

tirsdag 30. april 2013

Etsyfavorittar i mint

Fold Over Vegan Clutch in Mint
Fold Over Vegan Clutch in Mint
via Milk and Honey Handbag

Mint Green Heart Stickers 3/4" - Free Shipping / Pack of 82 / Envelope Seals / Wedding Seals / Wedding Invitation Seals / Heart Labels
Mint Green Heart Stickers
via The Loveliest Details

MENS BIKE Shirt Fox on a BICYCLE Mint Green Unisex  American Apparel TShirt
Fox on a Bike
via Dark Cycle Clothing

Large Roll-top -- mint and orange. Made to order.
Large Roll Top in Mint and Orange
via Tich Bags

Geometric platter
Geometric Platter
via  Asleep From Day

Muligheitene er uendelege på Etsy! Eg fell for alt frå interiør og mote, til handarbeidsdilldall og friluftsutstyr. Gåver til meg sjølv og til mannen min. Og til ungane og bestemødrene og tantene og venninnene.... Og sikkert til naboane og hundane deira også, om eg ville. Og det kjem i postkassa fra heile verda. Eg meiner verkeleg frå heile verda. Eg har faktisk vore innpå tanken å begynne å samle på frimerke no, berre fordi den eine pakken frå kor-det-no-var hadde så mange vakre frimerke på seg! Men eg skal ikkje det. Samle på frimerker, altså. Men kanskje storejenta mi er interessert...? ;)

Ha ein inspirerande 1.mai!

mandag 29. april 2013

Ei fryd for sansane

Nytt og fint i Eplabutikken min!
Fryda meg stort over funnet av sju ferdigmonterte sanseputer i ei fin eske på sybordet mitt. Desse satt eg med ein sein kveld i adventstida, men ga opp å få dei ferdige til julemarknad. Så låg dei der berre, fine og fargerike, og venta på at eg skulle finne dei att. Eg sydde dei saman, fyllte dei med vatt, ei lita bjelle og bittelitt lavendel, og så var dei klare for butikken. No ventar dei berre på at ivrige babyhender skal uforske dei; plukke, lukte, føle, smake, sjå og høyre. Verkeleg frydefullt!

Ha ei fortreffeleg veke!

søndag 28. april 2013

Det spirar og gror

Ein liten erteblomst har reist heilt frå Hong Kong, berre som eit lite frø, pakka og sendt hit på bestilling. Bestilt på Etsy, såklart... Og eg kryssa sjølvsagt fingrane for at alle dei mange frøa vi planta skulle spire og gro, for det er jammen ingen sjølvfølge! Men det vesle frøet har våkna til liv, etter å blitt holdt av små barnehender, putta varsamt i god jord, vatna med forventning og glede. Ikkje rart det vil vise oss at det kan!
For kven vil vel ikkje vise at dei kan greie det utrulege, berre dei får kjensla av at nokon trur på dei? Det å vite at nokon set pris på ein og har forventningar til ein, det er så godt! Det krevst vel for at både små plantar og små menneske skal vokse, gro og blomstre. Det trur i alle fall eg! :)
Eg høyrer sjølv at tankane mine er ganske store i dag. At eg kanskje til og med overdriv og snakkar svada. Men ikkje heilt, likevel. Det er jo sant! På dette bildet har lillebror akkurat ramla oppi planteprosjektet vårt. Stakkars små spirane... Men det var heldigvis i den delen der frøbarna enno ikkje har våkna til liv. Og ikkje veit eg heilt korleis eg skal vekke dei heller. Kanskje det er på tide å synge for dei, for det har vi ikkje prøvd enno. Og kultur er jo også viktig for å utvikle seg... ;)
Storesøster er full av omsorg, og hjelper veslebroren sin. Det er godt. Vi er heldige.
I dag har eg jobba for å hjelpe våren i hagen. Vi vil jo gjerne at det skal spire og gro der også, og i løpet av dagen reknar eg med at dei aller siste snøflekkane skal forsvinne. Vi må hjelpe kvarandre. Storesøster hjelper lilleror, eg hjelper våren, og solet og lyset hjelper meg. Gode dagar. Vårdagar.

Håpar du også nyt lyse, gode dagar!

tirsdag 23. april 2013

Kvardagskaos

Ein snartur innom heimen og bloggen.
Storesøster skal i dobbelbursdag. Gåver, kort, fine fletter, selskapskjole...og kjem ho snart heim frå skulen, tru?!
Eg skal på møte på jobben. Litt meir styla enn vanleg, smykke, minnepinne, lipgloss..? For ikkje å gløyme min doble latte. Alltid i handa i det eg fomlar med mobil og nøklar og skal springe ut døra. Alltid. Må ha.
Fingrane er kryssa for at gutane mine får skikk på kjøkkenet i løpet av ettermiddagen...
Velkjent, kanskje?

søndag 21. april 2013

Søndagskveld

Fyttikatta så fort denne veka har gått! Først går det som ein schvupp frå mandag til fredag, så er det lange, gode helgedagar, som plutseleg er over. Heldigvis er tida fylt med mange gode opplevingar, og eg føler at eg blir ekstra merksam på desse når eg har bloggebriller på. Kjenner du det sånn også? At blogginga får deg til å stoppe opp litt ekstra? Eller at du ser verda rundt deg med eit blikk som vil fange opp det vakraste utsnittet? Som om du alltid er klar med kamera, og vil fange opp det som er fint? 

Eg er ein rotekopp. Eg erkjenner det. Slik er det visst berre. Og no har eg blitt trettifem år, og må vel innsjå at eg er vaksen, og at ordenssansen dermed ikkje er noko som automatisk følger med alderen heller. Men eg greier i alle fall å ha det fint på enkelte områder om gongen, berre ikkje overalt på samme tid. Og det kan eg heller verkeleg ikkje forstå at enkelte får til...Jøje meg! Akkurat no har eg slengt beina på det reine og ryddige salongbordet, har tente lys, pc rett i fanget og skal gjere dei siste jobbførebuingane før den nye arbeidsveka tar til. Skal berre litt først... Blogge litt, lese litt nyhende, kjøpe nye sko til vesleguten. Kosar meg! :) 

I dag vart det lite kreativitet i innlegget. Rett og slett litt interiør... Det er ikkje ofte! :) Men eg er godt fornøgd med denne delen av stova. Spesielt no når eg har rooosa tulipanar. Elskar rosa tulipanar! Verkeleg! Og så er eg godt fornøgd med dei to putene i framkant av bildet. Ugleputa i bakgrunnen ser eg at eg definitivt må bytte ut snart. Den er berre ikkje meg. Den gule/kvite puta er heilt ny frå Kremmerhuset, og den store svart/kvite fann eg i Åre før jul. Den er av merket Littlephant, og er heilt skjønn! Det merket har forresten ein babykolleksjon på Lindex no, og eg skulle veldig ønske at den var i større storleikar også! Anbefalar ein titt!

 
Ha ei strålande veke!

onsdag 17. april 2013

Cloudy

Wooden Cloud Stacker- Waldorf Toy- Eco-friendly
via ImaginationKids 

Rain - Screen Print
via Louise Smurthwaite 
Hand Printed Linen Cushion Cover - Hello
via Hellomilky 

Little house on the hill
via Laura Amiss

Ein gråvèrsdag i Trondheim, men snøen smeltar superfort, og eg er glad!
Ville berre vise fram nokre av mine mange favorittar på Etsy, og valgte skyer som tema i dag. Kanskje har du forslag til eit anna tema til ein annan dag? Klikk på bildet eller navnet for å komme til kjelda. :)

Kos deg!

tirsdag 16. april 2013

Brodert mobilcover

Småtteri og pirk og dilldall og skjønnheit... I eit tidligare innlegg har eg vist fram eit mobilcover som verkeleg inspirerte meg. Faktisk inspirerte det meg så mykje at eg straks gjekk i denne butikken og handla det eg trengte for å komme igang (Oj, no var ho nesten utsolgt!). Enno ein ny hobby... Brodering denne gongen. Og heldigvis hadde eg eit knippe brodèrtråd i lekre fargar, som eg ein gong kjøpte inn for å knytte vennskapsband av. Noko eg enno ikkje har brukt dei til, men når eg no kjem på det så får eg litt lyst til å prøve det i kveld... Hmm, vi får sjå kva eg får tid til. ;) Friskt gult mobilcover til min Iphone, og med tråd i gul, lilla-, blå- og grøntonar. Og ein dæsj gull frå mormor si kjøkkenskuff. Frå då eg var med å tømme mormorhuset i påska. Rett og slett ein dæsj gull som sender tankane til mormor på sjukeheimen, og det er ganske fint å ha med! Det minner meg på at det er så mange nye ting som blir enno vakrare om ein tilfører ein dæsj historie. Ein spore til smil, minner og fantasi om kva som har vore og kan komme.
Dette prosjektet er imidlertid ei verkeleg tolmodigheitsprøve! Eg kunne sikkert strikka tre gensrar på den tida eg bruker på denne vesle dingsen. Og eg fryktar nesten at mobilen går ut på dato før det blir ferdig... Heldigvis er det fint sjølv om det er uferdig også! Eg har brodert etter innfallsmetoden, som er min mest vanlege framgangsmåte i mykje av det eg gjer. Det ordnar seg alltid, veit du! ;) Og noko av det som er litt morsomt med dette prosjektet, er all merksemda eg får. Folk stussar verkeleg over kva i all verda eg sit og held på med! Og så får eg så mykje skryt og oppmuntring når dei forstår det, og det er jo kjekt! Men best av alt er det at eg får kose meg med fargesamansetting og geometriske former. Skape noko som er både fint og brukande. Og tenk, heile denne hobbyen får plass i ein liten boks som eg kan ha med overalt! Perfekt å ha i hendene i pausen på jobben, for eksempel! :)
Takk for koselege helsingar på innlegga mine, forresten!
Det er verkeleg ei fryd å vere tilbake i bloggverda igjen!

Nyt kvelden!