Viser innlegg med etiketten musikk. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten musikk. Vis alle innlegg

torsdag 7. juni 2012

Lunsj med noko attåt

Deilig lunsj. Salat med mykje godt i, og med olivenolje, verdens beste balsamico og krydder frå O&CO på toppen. Servert på det siste bruktfunnet mitt, nemlig djuptallerknane Kartago frå Rørstrand. Fine!

Foreløpig sitt eg berre med ein kaffe latte, halvvegs på farten til jobb. Planen var å drikke den ute på trappa, men bloggelysta var for stor. ;) Og dessutan skal eg sminke meg også, og likar best å gjere det i smug bak kjøkkenvinduet. Lyst og godt! Men det betyr vel at eg må få opp farten!

Ville berre dele dette lunsjbildet og ikkje minst DENNE flash mob'en! Eg fann den via fine Haust i går, og tårene trilla når eg såg på den. Vakkert! Nydeleg musikk og så mange forundra og glade menneske! Rett og slett strålande! Nyt den til lunsjen din, du også!

Ha ein god dag!

torsdag 13. oktober 2011

Det er lov å vere stolt!

Eg har så mykje å vere stolt over! Og eg er verkeleg stolt over mange ting også! Sjølvsagt kan eg skjemme meg og gremme meg og rødme og bli skikkeleg flau over ting eg presterer eller ikkje presterer å få til... Men akkurat no kjenner eg at eg er stolt!

Familien min er det eg er aller mest stolt over. Den fine, vesle familien min og den store, gode familien min. Så stolt er eg at eg meir enn gjerne heng opp bilder av barna mine rundt i huset. Og gjerne bilder dei har laga også, for det er jo verkeleg flotte kunstverk! :) Den nye bildeveggen min i stova er eg også stolt over. Endeleg fekk eg gjort det! Det var jo berre å slå inn nokre spiker og få opp desse bilda! Har du prøvd å lage bildevegg? Kanskje gjorde du som eg; pusla og flytta på alle bilda på stovegolvet leeeenge, før du endeleg fann ein god måte å henge dei opp på. Eg valgte til slutt å bygge opp bilda rundt ei rett linje i midten, på ein måte... Så no håpar eg det skal vere enkelt å legge til fleire bilder når eg vil det. ;) Ja, så er eg forresten litt stolt over at eg plutseleg malte to strøk på denne stoveveggen. Den var eigentleg kvit, men då eg flytta på to store bilder var malinga blitt heilt gul under. Hjelp! Så då stakk eg innom malebutikken i hui og hast, plukka ut ein gråfarge (Zen Hage - litt for lys, trur eg..) og fekk malt to strøk på eit halv døgn. Joda, eg slår til og er effektiv når det trengs! :)
Lillebror har oppdaga gleden ved pannekaker med blåbær, og er stolt over å kunne spise sjølv! Men ikkje på langt nær så stolt som eg er! Min vidunderlege, vesle gut - tenk han fyller snart eit år!

Men kva meir vil eg vise fram i dag? Eg kunne jo nevnt både jobben min, vennane mine, den halvstrikka genseren eller den gode kikertsalaten som ting eg er stolt av, men eg gjer det ikkje. I staden vil eg trekke fram søstra mi. Den flinke, skjønne, snille, gode, omtenksomme, vakre og uttrykksfulle lisjesystra mi. Ho har vore ein del i media på Sunnmøre i det siste, og det er ikkje utan grunn. To nyydelege konsertar har ho hatt no, og vi ventar og gler oss til musikken er å få kjøpt i platebutikken!! Ho fulgte draumen sin og er superdyktig jazzsongarinne. Du kan sjå heile intervjuet på Nrk her, eller lytte meir til musikken hennar her. Eg er så glad i deg, Gine!
Bilda har eg lånt her og her.

No skal eg vere heime aleine i mange timar framover. Det er spennande og rart, men også godt. Eg har faktisk ikkje vore heime aleine på snart eit år! Janome, no kjem eg snart! ;)

Takk for alle gode tilbakemeldingar på bloggen min! 
Du gjer meg stolt og audmjuk og glad!

fredag 11. desember 2009

Esperanza Spalding

Har sett og høyrt fredspriskonsert, og særleg denne vesle jenta med den store kontrabassen fascinerte meg... Må nok høyre meir på Esperanza Spalding etterkvart, og har difor lagt opp ei lita speleliste på sida her (uff, eg slit visst litt med å få det til denne gongen, og forstår ikkje heilt kvifor...), i tillegg til at bildet er linka til heimesida. Enjoy!

tirsdag 27. oktober 2009

Dagen i dag

Etter å ha vore sjuk i ei veke er eg no rimeleg lei...og håpar energien snart skal komme strøymande tilbake! Torsdag skal eg etter planen vere tilbake på jobb, og då har eg ikkje lyst å få hosteanfall som nesten tek pusten frå meg, eller bli så sliten at dersom eg ikkje får lagt meg ned litt så tar eg til å skrike... Uff, apropos det, så føler eg meg som ei forferdeleg mor i dag! 4-åringen har jo forstått at mamma er dårleg, og har vore mild og god og snill, mens mammaen har vore tålmodig og god i det eine augeblinket, og verdas mest utålmodige og småsinte i det neste. DET er ikkje bra! Særleg blir det slik når pappaen ikkje er heime... Men vi snakkar ofte om det etterpå, slik at vi sørger for å vere gode venner, og ho er nok ikkje det minste i tvil om at ho er høgt elska, i alle fall!
I dag er faktisk første gongen på dagevis at eg har gjort noko anna enn å surfe og slappe av. For det første så var stoveteppet no så ruskete at det var ekkelt, så etter å ha irritert meg over det i ei veke, så støvsuga eg i dag stova. Det er jo måte på kor mykje eg skal gidde å mase på andre om å støvsuge, når støvsugaren til og med står i gangen enno, etter forrige runde for over ei veke sidan. Etterpå måtte eg legge meg nedpå litt, men så henta eg meg inn att og fekk satt meg til kjøkkenbordet for å pusle. Det er jo såå kjekt! Og eg spiste til og med! Yoghurten blir ekstra god med litt Møllerens frukostmüsli på.

Og så har eg omsider fått i orden nokre pakkar som eg måå få sendt i veg snart! Uglekorta vart laga med inspirasjon frå både den eine og den andre bloggen, så om nokon vil ta æra, så ver så god! :)
Blomekortet er til veslesystra mi, og er ei forseinka bursdagshelsing. Men kva skjedde med fargane? Hm, eg må nok lære meg å stille inn kvitbalansen eller noko sånt... Det er altså ganske knallgrønt og knall guloransj, og bakgrunnen er eit raudt Tildaark.
Forresten skal veslesyster Gine ha konsert i Norge snart! (Ho spelar ein del i Göteborgområdet også for tida, trur eg..) Om nokon befinn seg på Sunnmøre, vil eg råde dykk til å ta ein tur på Ingebrigt Davik-huset i Brattvåg 8.november. Yours Truly spelar nyyydeleg jazz!

torsdag 17. september 2009

Siste rest av sommaren....

På hylla over peisen står desse tre vasane, med grøne, friske, lette og fine blomar i. Det er ikkje så veldig lenge sidan dei vart plukka og sett inn, og eg fann dei ute i hagen min. Kanskje ikkje så mykje igjen der ute no, men i kjøkkenhagen fann eg altså ein forvokst bladpersille som blomstra så fint!

Ellers så får jo blomane hjelp til å halde varmen i dag, for vi har kosa oss med fyr i peisen, eplemuffins og perler... Vi er to småpjuske jenter her, og då må vi gjere noko kosleg! Og så er det jo sjølvsagt innmari fint med fløyelstanta på cd, og Lille A som syng såå nydeleg til musikken! Dersom du kunne tenke deg ein slik cd, så får du berre gi beskjed, så skal eg gjerne skaffe den til deg!


blogger template by lovebird