mandag 25. oktober 2010

Belysning...

Cluster Light av Kathleen Hills

Det er heilt utruleg kor mykje tid ein kan bruke på å surfe på internettet, altså.
Denne gongen er eg på utkikk etter meir lys til stova, og det er jammen ikkje lett!
Det fins utallige variantar og storleikar og uttrykk og prisklasser og og og....
Her er i alle fall bilder til inspirasjon, og om du vil vite meir kan du berre klikke på bildet.

 The Great One fra Luxo

Toldbod 120 fra Louis Poulsen

Petit Light Cage Blanche av Jocelyn Deris

Orike Muth

Pluma Cubic

Enlightenment av Studiomeiboom

Aqua Creations

Victor Vetterlein

Cord Light fra Form Us With Love
Litt varierande smak, seier du? Litt vanskelege kombinasjonar? Og ja, sjølv om dette var maaange lyspunkt, så er det jammen ein del aktuelle kandidatar som manglar...eg brukar berre denne samlinga til inspirasjon! :)
Og kor fann eg alt dette? Jo, på den flotte Design & Inredningsbloggen!

Ha ein strålande kveld!

lørdag 23. oktober 2010

Fleire godsaker

Når eg er så godt i gang med kosen på kjøkkenet, vil eg berre halde fram med det litt til.
Denne boka har eg ønska meg leeenge, og passande nok har mannen også sansen for
nydelege foto og deilig drikke... Då var dette perfekt bursdagsgåve til han!

Boka er gitt ut av Frelsesarmeen og heiter 
Drikk mer
103 gode grunner

Kald og varm drikke, for store og små!
Du kan sjå etter den på Fretex!

Ha ein strålande laurdag!

torsdag 21. oktober 2010

Deilig lunsj!

 Dette blir eit reklameinnlegg. Berre så du veit det!
Det blir reklame for Trondheim, for eit trøndersk gardsysteri og for litt anna.
Eg har nemleg hatt lunsjbesøk i dag, og mi gode venninne og eg kosa oss verkeleg med 
denne deilige maten! -og berre for ordens skuld; sidan eg er gravid et eg ikkje mygla mat, 
men heilt fersk brie o.l. av pasteurisert mjølk går fint, så lenge ein kan skjere bort skorpa. ;)

Skal eg guide deg gjennom dette bilderushet? Du får nemleg servert bilder av desse deilige ostane, samt fikenmarmelade og valnøtthonning frå Gangstad Gårdsysteri
Og om du har sjansen, vil eg også sterkt anbefale den supergode, silkemjuke isen deira....mmmm!!

Fersk og god olivenolje og verdas absolutt beste balsamico har vi frå Oliviers &co.
Der kjøper vi også fantastisk honning med hasselnøtter og pastakrydder... Ein kan bli faktisk bli avhengig av slike delikatesser! -men dette er luksusvarer som kan berge eit kvart måltid! :)

Den fine tekanna frå Menu rommar store mengder deilig rooibush chilite..
Det gule lyset er av bivoks, og det fekk Storesyster i barnehagen til bursdagen sin. 
Der vart det tent og sendt rundt til alle barna, medan dei sang: 
Ønsker for din fødselsdag
gleder av alle slag
til ditt behag!
 Og når det gjeld reklame for Trondheim...
Her skulle du ha vore i dag!
Ein nyyyydeleg dag, med sol frå knallblå himmel,
og med eit haustlys som blir forsterka av den gnistrande snøen.

Ha ein GOD dag!

onsdag 20. oktober 2010

Ein vinterleg haustdag

Årets første kvite morgon!
I pysjamas og med kalde tær tok eg forventningsfullt med meg Storesøster bort til vinduet i dag tidleg. Eg hugsar så godt kjensla av den første snøen då eg var lita! Dette magiske, kvite teppet som gjer at alt blir annleis. Hagen ser annleis ut, lyset er forandra og lydane er pakka inn i vatt. Augene til Storesøster skinte, då ho høgtideleg kunne informere om at i dag skulle ho ha med skia i barnehagen...Vel, min entusiasme stod nok ikkje til forhåpningane. Det er litt tidleg for skigåing enno, meiner no eg.

Etter å ha kikka på nydelege haustbilder her, måtte eg ut på trappa og knipse litt sjølv. Ericaen og lavendelen har fått kvite tepper på seg, og den finfine sofaen på verandaen har også fått nokre fnugg... Den har imidlertid blitt populær blant skjærene i nabolaget, som plukkar skumgummien ut av holet i armlenet. På samme måte som dei plukkar skumgummi ut av bittesmå hol i tørkestativet..! 

Det er innekos for meg i dag også, trass i knallblå himmel, sol og kvite tretoppar... Tenk å kunne gå seg ein liten tur i marka i dag!! Rusle rundt, sjå siste restar av haustfargar innimellom den mjuke, tørre, fine snøen, knipse nokre bilder (for det er ein utruleg god måte å SJÅ på!), bevege seg og kanskje til og med bli litt svett og andpusten.. Ja, ikkje det at eg ikkje er andpusten, men svett blir eg ikkje av å reise meg frå stolen, i alle fall.. ;) Magen er diger og i vegen, kroppen er tung og Lillebror må berre komme!!

Ha ein STRÅLANDE dag!

tirsdag 19. oktober 2010

Skjønn dukke og deilig ull!!

 Denne vesle krabaten ligg klar og ventar på lillebror. Den er sydd av mjuke, gode stoff, og fyllt med ull og bittelitt lavendel...akkurat nok til å kunne kjenne lukta om du snusar godt inntil magen. :) 
Eg er ganske fornøgd, for dette er nemleg den første dukka eg har sydd!
Kvar torsdag går eg på dukkekurs i barnehagen til Storesøster,
og målet er å kunne sy ei stor og fin dukke!

Tenk om eg kunne sy dukker som Lisbeth eller Juliane!! 
Bloggane deira er vel verdt eit besøk eller fleire!
I første omgang skal eg nøye meg med å sy fleire av denne vesle sorten,
og dei kan du få kjøpt på barnehagens julemarknad 21. november!
Meir info kjem seinare!
Legg du forresten merke til det utruleg deilige lammeskinnet?
Dette hadde Storesøster som soveskinn, og det er no gjort klart til Lillebror.
Det er kjøpt hos Nøstebarn, og du kan lese om/kjøpe det fantastiske produktet her!
Har du eit skinn som ikkje er fluffy lenger?
Dagens husmortips:
Kjøp ein hundebørste og børst skinnet godt!
Eg satt med det i fanget i går kveld, og børsta etter alle kunstens reglar,
og fann vel ut at sjølv om resultatet vart superbra, så var nok dette ein typisk utejobb..

Kva syns du forresten om den nye headeren min?
Og kva med bakgrunnsfargen?
Eg utforskar litt, og er ikkje heilt einig med meg sjølv enno.. Hihi..!

Ønskar deg ein herleg dag!

søndag 17. oktober 2010

Søndag og kos...

 Søndagsmorgon. 
Deilig kosepysjamas.
Rosalego ved kjøkkenbordet. 
Bruke god tid til det ein vil. 
Sol inn gjennom vinduet. 
Ingenting ein skal rekke. 
Berre GOD tid. 
Saman.
 Ok, ikkje alle søndagar er så perfekte. Men den forrige var det!
Og denne søndagen? Slett ikkje ille den heller!! :)
Men i dag høljeregnar det. Det regnar i strie straumar, 
og inne er det godt å vere! Vi har allerede hatt besøk av skjønne venninner,
og skal berre ordne litt fleire babyting før vi drar ut på middagsbesøk.
Eg likar søndagar!

Før var eg faktisk slik at eg syns søndagar var heilt pyton. 
Vart så rastlaus. Ingen planar?? Åååå - kva gjer vi da?
Men no: Ingen planar? Åååå - deilig! :)

Kva skal du bruke denne dagen til?

fredag 15. oktober 2010

Glitrande!

Årets første snø ute på trappa. 
Store, kvite, våte flak dalte ned frå himmelen då vi stod opp i dag,
og storesyster jubla over snøen og dei nye, glitrande, lilla cherroxane sine...
Heldigvis vart det ikkje kvitt på bakken, men det er nok ikkje lenge til no. 
Frosten ligg framleis delvis gøymt, og eg syns den er vakker.
Den glitrar, sjølv i grått vèr. 
Og denne lillafargen på lyngen er nok ein av mine favorittar!
Inne i varmen på kjøkkenet, med tjukke ulltøflar på,
nyt eg ein deilig kaffe. Vil du ha kaffetips?

Bruk deilig (nykverna) espresso,
mjølk, litt sjokoladesaus, litt vaniljesukker 
og ei klype chilipulver.
Tøm espressoen i ein oppvarma kopp, 
og hell den steama mjølkeblandinga over..nammm!
Ved sidan av er denne sjokoladen perfekt!

Green and Black's 
Organic Dark Chocolate
with inherent warmth from 
crystallised ginger.

Ein god start på ein fredag!
Nyt fredagen, du også!

torsdag 14. oktober 2010

Yarnbombing

Eg likar denne formen for kunst.
Garngrafitti.

Klikk på bilda for å sjå kor dei kjem frå.


Det finnast fleire stader kor du kan sjå meir av dette. 
Og om du googlar fenomenet får du opp nesten 12 000 treff på bilder! Moro! 

Eg må berre få komme med eit stort 
takk
heilt til slutt her. 

Det var overveldande respons på innlegget om den vesle luksussymaskina,
og det er sååå gøy! De får nok oppdateringar om framdrifta på den fronten etterkvart. Enno strevar vi litt med å bli kjent, og eg må innrømme at det var vanskelegare enn eg trudde. Kanskje eg gjer ein eller annan dum feil? Eg skal nok finne ut av det! :)

Enn så lenge ønskar eg deg ein frisk torsdag!

tirsdag 12. oktober 2010

Luksus minisymaskin ;)

Storesyster fekk oppfylt fleire av ønska sine til bursdagen...
-men dette var kanskje ein av mine favorittar. Hihi!
Ho hadde morfarbesøk for ei stund sidan, 
og ved frukostbordet spurte han kva ho ønska seg til bursdagen.
"Mmm - en sånn som mamma har. Til å sy med! Med blomster på!!"
Eg forstod med ein gong kva ho tenkte på, sjølv om det var forrige sommar, 
før ho fyllte fire, at vi såg den i butikkvinduet til ein symaskinbutikk i byen. 
Den gongen fall ho pladask, og jammen hugsa ho den ikkje enno!
Morfar sprang straks i nærmaste leikebutikk for å kjøpe symaskin, 
men eg fekk rettleia han inn til den rette butikken, og det er eg jammen glad for. :) 
No kan eg og 5-åringen sy saman. Herleg! 
Første prosjekt vart ei pingvinlue til nettopp morfar. Skal tru om den fell i smak? ;)
No er det opp til pedagogmammaen å få dette til å bli fine, gode stunder. 
Ei ordentleg symaskin (ikkje noko tull!) syns eg er viktig for å ta vare på sygleda,
men like viktig er mitt tolmod, mitt humør og min evne til å motivere...
Oioioi... Det er ikkje like lett å vere pedagogisk heime som på jobb.
Fleire som kjenner seg igjen?

I dag skal ho hentast tidleg i barnehagen, 
og på ettermiddagsprogrammet står det systund igjen, trur eg. :)
Ønskar deg ein nydeleg tysdag!

søndag 10. oktober 2010

Happy gloves!

Eit lite pusletips til søndagsettermiddagen... :) Var ikkje denne morsom?
Kanskje du også har ein og annan einsleg hanske liggande innerst i ei skuffe?
Eg er jo litt opptatt av å såkalte love-links, men denne gongen veit eg ikkje kor eg fann bildet først. 
Eg greidde imidlertid å finne boka det stammar frå, og den kan du kikke nærmare på her
Og eg fann også bilder og tips her

Vil du ha fleire søndags-ettermiddag-pusle-tips kan du sjekke ut Mini Eco
Her var det jammen mange gode, enkle og flotte idèar! 
Hovedsakleg for barn, men også for vaksne! :)

Ha ein kreativ søndag!

lørdag 9. oktober 2010

Eg er her enno! :)

Bursdagsfeiringar fleire dagar til ende slit på ei høggravid mamma...
Men vil dele nokre småting med dykk! 
Sjå desse herlege prinsessemuffinsane! Eg og Storesyster pynta dei i fellesskap, og gjett om 5-åringen var fornøgd! Eit lite tips for å gjere det enkelt: eg laga berre ei sjokoladekakerøre, og så brukte eg litt av den til muffins, og resten til brun, vanleg, nonstoppynta sjokoladekake. :) Men for å gjere muffinsane heilt supre brukte eg litt melis, margarin og kremost, og piska det lett og luftig og kjempegodt!
Bursdagsmorgonen såg slik ut.. ;) Frukost på senga er eit must! -og bursdagsbarnet våkna akkurat på rett tidspunkt, i det eg kjem ned trappa syngande på Hurra for deg! Ho var sååå lukkeleg!!
Og her ser vi samme jenta akkurat fem år tidligare...
Tenk det! 

Eg manglar ord for å beskrive henne og kjenslene mine...
Ho er det største som har hendt!
Men sjå så lita ho var. 
Den vesle, skjønne handa 
som held så godt rundt tommelen min.
Det tynne handleddet som ligg inntil peikefingeren min.
Den spinkle kroppen som ligg inntil huda mi.
Tett, tett inntil i dag etter dag etter dag.
Enno føler eg at vi har eit heilt spesielt band.

Gler meg til Lillebror kjem.
Han kjem nok til å vere både stor og sterk!
Men likevel vil eg ha han også tett, tett inntil.
Lenge og godt og mjukt og trygt.

Ha ein fin laurdagskveld!

onsdag 6. oktober 2010

Fine funn på Etsy!

Dette er ein heilt spesiell dag!
Akkurat på denne dagen for nøyaktig fem år sidan kom nemleg veslejenta vår til verda,
og no er ho ikkje så veldig lita lenger, men ei stor, flink, skjønn og utruleg herleg jente!
Vi starta sjølvsagt dagen med tente lys, bursdagssong, frukost og pakkar på senga,
men så var ho ivrig på å komme seg i barnehagen... :)

Tenkte det kunne passe med nokre fiiine, barnlege funn frå Etsy i dag.
Dei er i alle fall på mi ønskeliste..hihi!

Sebra på hjul frå Happysquashtoys
Flybitering av tre frå Little sapling toys
Regnboge i tre frå Imagination kids
Soppar til veggen frå Six under a tree
Hjarteprint frå Strawberry Luna
Skogsuro i filt frå Pink Perch
Filtekorn frå Sleepy King
Ullteppe frå Pingvini
 
Moro med mykje respons på gjettekonkurransen!
Spent på kven som får rett! Og om eg skulle bli borte litt over tid,
så forstår du kanskje grunnen... Eg kjem i alle fall tilbake så fort eg kan! :)

Ønskar deg ein strålande dag!

tirsdag 5. oktober 2010

Konkurranse!

  
Når kjem lillebror til verda, trur du?
 Vil du vere med å gjette på datoen, så kan du vinne ein fiiin premie!
Eg kan presentere premien først, og deretter sjølve konkurransen.
(Ja, og beklagar dei dårlege bilda..ikkje lett å ta bilder med sjølvutløysar!)

Mi kjære, skjønne, flinke syster har gitt ut jazzplate,
- Yours Truly -
-og det er ei skikkeleg koseplate! Nydeleg musikk til haustkveldane,
til romantiske middagar eller berre til å nyte medan du gjer andre ting.
Denne plata kan bli di! Høyr Gine og Yours Truly her!

Alt du treng å gjere for å delta er 
å gjette kva for ein dato vesleguten vår blir fødd!

Du skal få litt info for å vite litt meir om kor tid du trur det kan bli.
I morgon er eg endeleg i veke 37, og det vil seie at termin er sett til 30.oktober.
Dei siste målingane har han lagt ca. 3% over gjennomsnittet i storleik, og har det nok fint i magen!
Eg er imidlertid veldig lei, og trudde ikkje eg skulle gå gravid såå lenge.
Sist fekk eg svangerskapsforgiftning, og storesyster vart fødd 2,5 mnd før termin.
Denne gongen har eg blitt fulgt tett opp, og ingenting tyder enno på at eg skal bli dårleg.
Går til akupunktur, og har fått modningsakupunktur i eit par veker no.

Kva trur du?
Alle kan delta, med eller utan blogg. :)
Berre legg att kommentar under innlegget, og hugs å skrive e-postadresse om du ikkje har eigen blogg, så veit eg kven du er. Om fleire skulle treffe riktig dato, så blir det loddtrekning og kanskje ein trøystepremie eller to.

Takk til herlege Ulla som gav meg idèen om gjettekonkurranse!

Ønskar deg ein deilig tirsdag!

søndag 3. oktober 2010

Søndagskos

Dette har vore ein ekte haustsøndag
Ute trur eg det må vere storm i vindkasta, 
så inne har vi fyr på peisen og varm drikke i koppen.

Men kva gjer ei lita, stor jente på snart fem ein sånn dag?
Jo, ho finn fram byggeputene sine, eit tørkestativ, små tepper, skjerf, puter 
og sjølvsagt babydukka si. Så blir det hyttebygging, 
og kosestund inne i det flotte byggverket.
Deilig!
Ønskar deg ein fin og lun søndagskveld!

Og forresten...snart blir det feiring av 40 000 besøkande!
Såååå gøy! :) Premieforslag, kanskje?

fredag 1. oktober 2010

Eventyrlege cupcakes

I Trondheim har det opna ein supersøt cafè, 
med fantastisk fine og nyyydeleg gode muffins!
Eller det heiter vel ikkje muffins, men cupcakes!
Ikkje spør meg kva som er forskjellen, men
smaken på desse muffinsane - orsak, cupcakesane - 
er jammen heilt strålande. Og til og med kaffien er god!
Interiøret er like søtt som bakervarene...
Og her kan du lese meir om 

Eg kosa meg på cafè og i sola med ei ny venninne i går.
Herleg!

Ønskar deg ein deilig fredagskveld og ei super helg!


blogger template by lovebird