mandag 28. februar 2011

Sanseputer og kvardagsglimt

Endeleg er dette prosjektet ferdig! Det var dette du fekk ein forsmak av i mitt kreative kaos... ;)
Det vart ni nye, fine sanseputer, og sju av desse kan du no få kjøpt her!

Sanseputer og koseklutar finnast jo i eit uttal variantar, men eg syns eg har fått til å sette mitt særpreg på dei. Det var i alle fall kommentaren frå ei venninne som var innom, at dei er kjempeforskjellige, med heilt ulike uttrykk, men ein ser likevel at det er Guro som har laga dei. Kjempekompliment, syns eg! Takk! :)

No våknar straks Lillebror frå duppen, kaffekoppen står og ventar, to femåringar leikar på rommet til Storesøster, telefonen ringer.... Oioioi, for ein dag! Og veit du, i dag er det bursdagen min!! Hurra!!
Straks går vi ut døra for å bli med på babysang og gå på biblioteket. Feiring? Nja, kanskje ein tur på cafè?

Håpar du også har ein god og meiningsfull mandag!

søndag 27. februar 2011

Ingrid Riddervold

Heldige meg har blitt den lukkelege eigaren av denne herlege katten!
Den er flinke Ingrid Riddervold som har laga den til meg, 
etter at eg uttrykte ønske om ein vårleg kattepung.
Mission accomplished!

No har Ingrid eit blogglotteri på gang, og du kan gå direkte dit ved å klikke på bildet under.

Så fantastiske premiar! Mmm - eg vil så gjerne vinne, men kan ikkje la vere å tipse andre, heller.
Vi driv jo med blogging for å spre gode idèar og løfte kvarandre fram, sant!?
Sjekk også Ingrid sin butikk på Epla!

Snart kjem det nye, fine varer i min butikk, også...
Følg med, følg med... :)

Ha ein nydeleg søndagskveld!

lørdag 26. februar 2011

Laurdagsfrukost

I dag starta dagen nokre timar tidlegare enn eg hadde håpa på... Sånn er det med baby, trur eg. 
Ikkje lett å planlegge noko som helst, og rutinene endrar seg frå veke til veke.

Men når eg først var oppstått kunne eg jo gjere noko nytte for meg, og sidan brødet vart tørt, pålegget uinspirerande og kjøkkenbenken ryddig og innbydande til arbeid, fann eg fram muffinsbok og former.
Så då vart det skinke- og ostemuffins til frukost! Ganske godt, altså! :)
Men Storesøster ville heller hatt skinke- og sjokolademuffins...

Sukkeret er bytta ut med salt og pepar,
sjokoladen er bytta ut med skinke og raspa ost.
Enkelt og godt - men sunt...? Neppe...

Ønskar deg ein herleg laurdag!

fredag 25. februar 2011

Kreativt kaos...

Så moro det var med tilbakemeldingane på gårsdagens interiørblogging! Takk! :)
I dag er det realitetsorientering...med eit rykande ferskt bilde av kjøkkenbordet mitt. Der er det mange ting som skjer på ein gong, men akkurat no dominerer det siste syprosjektet. Innimellom resten av kaoset boblar nemleg kreativiteten til overflata, og det er så utruleg tilfredsstillande å få gjort noko kreativt! 
Kanskje blir det nye varer til Epla? Vent og sjå... ;)
Storesøster er også kreativ, og er gjerne med på det som skjer. Og mens mammaen tar ein pust i bakken og ammar Lillebror gjer ho seg klar for solstranda... Om eg vil vere med? 
Eh...ja, gjerne det, venn, men ikkje akkurat no...!

Ha ei deilig, kreativ helg!

torsdag 24. februar 2011

Vil du sjå stova mi?

No er eg visst blitt bittelitt interiørbloggar.. :) Håpar du likar det!
Vil vise fram nokre glimt frå stova mi, som eg er så glad i. Den er ganske stor, har deilige store vindauge, og har mange ulike krokar til forskjellige behov. Om du vil kan du sjå den bursdagspynta i dette innlegget frå i haust. I dag kunne eg ikkje ta bilde med vidvinkel, for då må liksom heile stova vere presentabel.. 
Nei, det passa betre med utvalde hjørner..hihi!

På det øverste bildet ser du det gamle pianoet vi er så heldige å få passe på. Og oppå det står Storesøster sin globus og familiebildet ho teikna i helga. Herlege, herlege bildet! Vimplane vart laga til ein bursdag, 
men dei får lov å henge. Dei har så glade fargar!

På bildet under ser de kosekroken vår. Der har vi ein pall frå Bolia, med puter frå Indiska og Ikea. Skjenken er arvegods og den raude Hoptimisten ei barselgåve til Lillebror. Dette er ein herleg krok for ei god bok!
Møblane flyttast gjerne litt på, og no har den turkise sofaen fått flytte frå sin faste plass ved vinduet og inntil stovebordet. Det er forresten eit teakbord som pappa hadde på hybelen sin då han var student.. Kjekt!
I går var sofaen full av gode venninner, og det er noko av det beste eg veit! 
No lar eg den stå slik litt, og så får vi kanskje fleire gjestar i nær framtid?
Den fine vogga som morfar laga til Storesøster har komt ned frå loftet. No har eg lagt oppi ein kjempefin og deiligdeilig pose frå LilleLille. Dei har mykje anna fint også, så ta ein titt!

Fantastisk deilig med sol!!
Ønskar deg ein strålande dag!

onsdag 23. februar 2011

Sjå!

Eit lite glimt frå fredagens bytur med Johanne.
Så deilig å trille tur i sola med kamera lett tilgjengeleg!

Det er mykje vakkert å sjå, om ein berre ser etter!

tirsdag 22. februar 2011

Nydeleg dåpsdag!

Vår skjønne, gode Lillebror vart døypt i helga, og det var så fint!
På dette bildet ser de meg i min fine silkekjole frå Noa Noa, og Lillebror i den nydelege dåpskjolen vår.
Denne kjolen har både eg, søskena mine og fleire i slekta blitt døypt i, og sist var det Storesøster som hadde den på. Mi grandtante har brodert inn namna og dåpsdatoen til alle som har brukt den, og eg syns det er så fint. Det er noko spesielt med eit slikt plagg, brukt berre ved desse høgtidelege høva, og brukt av fleire generasjonar. Ein heilt skjønn bomullskjole, ganske enkel, men med nokre søte blonder. 
Lurer på korleis dåpsdagen har vore desse andre gongane den har vore i bruk?
Lurer på kor forskjellige liv den har vore ein del av?
For meg rommar den så mykje! :)

Og eg, eg lid jo av vanskeleg-å-bestemme-seg-syndromet, og hadde med to fargar sløyfe i kyrkja... 
Som de ser endte eg opp med eit fløyelsband i ein slags petrolblå farge. Perfekt!
Vi kom jo hastande til kyrkja litt seint, og superstressa var vi også. Eg kan kanskje skulde på ammetåke og mykje styr, men eg kunne altså ikkje finne nøkkelen til selskapslokalet... Den låg jo klar kvelden før, men denne morgonen var den heilt borte! Oioioi, for eit kaos! Eg endevendte huset på veg ut døra, men til ingen nytte. Kva skulle vi gjere no? Rett etter kyrkja skulle 25 gjestar og eit cateringbyrå møtast ved dette lokalet, men eg hadde rota bort nøkkelen!! Og Lillebror bæsja då vi skulle gå heimanfrå, og i det vi hadde stilt oss opp til å gå inn i prosesjon i kyrkja... Jaja, så fekk vi snike i køen og vere først i dåpsrekkefølgen. Og eg sneik meg ut for å skifte bleie, og då eg kom tilbake var det mannen sin tur å snike seg ut...han måtte skaffe nøkkel... ;)
Vi fekk lånt ein ekstra nøkkel. Og den originale nøkkelen dukka også opp. 
Eg hadde lagt den på ein lur plass...oppi korga med teen min... ;) 
Lokalet var enkelt pynta, men så fint det vart! Vi leigde barnehagen, og den er jo heilt super! Kjempegod atmosfære i bygget, nydeleg, nytt, romsleg, barnevennleg...Åh, så fornøgd eg er med dette valget!

I utgangspunktet hadde eg kjøpt papirduk, for det er jo praktisk..men fysj så utriveleg det er!
Dermed vart det nokre meter frå Stoff og stil i staden, og papirduk berre på barnebordet. Barna hadde jo også fått kvar sin pose med fargestiftar, klistremerker og litt anna i, og storkosa seg på eige bord. Seks barn mellom tre og åtte år kunne fort blitt kaos, men dei oppførte seg eksemplarisk, og eg trur det var fint å ha eige bord. Serviettane er Guro-style, med masse ulike serviettar i ulike blåtonar. 
Og raust med tulipanar i friske, vårlege fargar var så flott! Herleg!
Hovedpersonen kosa seg heile dagen. Gjekk frå fang til fang, smilte og var fornøgd. Deilig!
Og mammaen? Ho kosa seg også! Kjempekjekt med masse familie og nokre gode venner, mengder av god mat og eit stort sunnmørsk kakebord...Ja, for eg er jo Sunnmøring! Og lurer du på kva eit sunnmørsk kakebord betyr? Hehe..då bereknar ein vel omtrent ei halv kake per person, trur eg... ;)

Takk til mannen som knipsa nokre bilder...eg kjem ikkje på å bruke kamera slike gongar!
Og takk til dei som sender meg fine bilder frå dåpsdagen... ;)

No skal huset gjerast klart til strikkeklubb med gode venninner og deilige kakerestar... :)
Ha ein flott kveld, du også!

torsdag 17. februar 2011

Koseleg!

Så kjekt det er å få så mange fine tilbakemeldingar på det eg legg ut!
Blir hoppande glad for det! :)
Er ikkje det ein herleg koseklut Lillebror har fått? 
Den har gode M sydd, - takk! - og den blir meir og meir populær!
Så mange av venninnene mine har vore snille og kreative og flinke, 
og burde absolutt ærast litt meir gjennom bloggen... Kanskje det også blir snart?

Eg slit enno med å få Picasa til å laste opp bilda frå kamera, og det er utruleg irriterande!
Har mange gøye prosjekt gåande no, og på søndag skal vi ha barnedåp. Ventar masse langvegsfarande familiebesøk og full rulle, men også masse kos og klem og gode pratar. Gler meg!
Kanskje får eg vist fram nokre av prosjekta mine over helga?

Ønskar deg ein super torsdag!

tirsdag 15. februar 2011

Ei slags utlevering..

I dag tenkte eg at eg verkeleg skulle utlevere meg sjølv på bloggen min.
La lesarane mine få eit innblikk i kven eg verkeleg er.
Den usminka sanninga... 

Men eg feiga litt ut. Gøymte meg bak kaffekoppen min. Skriv det eg vil skrive, og ikkje det eg ikkje vil at de skal vite om. Men hallo! dette er jo meg! Joggebukse, kaffe latte, kjøkkenbord og slapp formiddag. 
Ikkje alltid like trendy og fresh og effektiv. Er ikkje det godt å vere litt av begge deler? :)

Det er faktisk to grunnar til at det blir eit slikt innlegg i dag.
For det første er det noko som ikkje er som det skal, slik at eg ikkje får lasta opp bilda mine frå kamera i dag. Og for det andre..: Tam-ta-da-daa! Eg har fått ein award! :) Alltid like kjekt å få det, sjølv om eg ikkje alltid er like flink til å oppfylle krava som gjerne følger med ein slik... Denne gongen må eg imidlertid innrømme at det var litt ekstra stas, for det var sjølvaste Karen som gav den til meg! Ho er jo eit av mine bloggforbilder, og ei dame som verkeleg sprutar av energi og kreativitet og ein befriande, stor vilje til å dele, både eigne idèar og andre sine fine bloggar. Herleg! Slike damer vil vi ha fleire av her inne! :)

Eg fekk altså denne awarden, med påfølgande tekst:
Til norske Guro/Ein gul knapp for eminent god stil.
Hihi - det er meg, det!

Denne leiken inneber at eg skal fortelle heile åtte ting om meg sjølv:
  1. Eg er opptatt av korleis det ser ut rundt meg, men drøymer gjerne meir enn eg handlar... Difor har eg tusen påbegynte prosjekt og idèar på gang, og ei laaang liste på kjøleskapet over ting eg vil ha gjort i og rundt huset. Ja, så kjem alle kreative prosjekt i tillegg, så klart...
  2. Eg er impulsiv og likar å vere med på plutseleg moro. Syns det kan vere vanskeleg å planlegge alt mulig, men likar å tenkt på ulike alternativ, og så handle ut frå det som er mest freistande akkurat her og no. 
  3. Eg går til fysioterapeut to gongar i veka på grunn av bekkenet mitt, mens syns det er frykteleg kjedeleg å trene... Tenk om eg kunne trylle meg i form! Åh, så bra det hadde vore!
  4. Eg og mannen og barna har begynt i familiekor! Det er sååå kjekt, både å synge i kor og gjere noko saman som familie, saman med så mange andre koselege familiar!
  5. Eg er ganske sosial, og det siste året har eg fått så mange nye vennar! Det er heilt fantastisk! :) Blogginga har vore ein del av det, og eg har truffe herlege, nye folk gjennom bloggen. Eg visste verkeleg ikkje at den skulle ha den fine bieffekten! 
  6. Eg har facebookkonto, men brukar den ytterst sjeldan. FB gir meg faktisk nesten ingenting, mens ein herleg runde ute i bloggverda og på etsy og sånn gir meg enorme mengder inspirasjon! Faktisk så mykje at eg berre får benytta meg av ein brøkdel av det. Men herlighet så deilig det er..!
  7. Eg er skikkeleg kresen på kaffe. Må seie det sånn cirka som eg las det i ei bok: Stakkars dei priviligerte som har smakt skikkeleg god kaffe. Ingenting blir som det. Og stakkars dei som skal servere desse kaffe... Ja, takk, eg tar sikkert helst te, om du spør...hihi!
  8. Eg er optimist. Men eg trur fort at det verste har hendt. Som når mannen kjem to minutt seinare heim enn han har sagt at han skal.. Han er vel ikkje overkøyrt av ein sinna bussjåfør i Byåsvegen, vel? Men så overbeviser eg meg sjølv om at det verste ikkje har hendt. Lillebror pustar nok tungt og godt i vogna si - sjølv om det er heilt stille. Storesøster kan nok hente posten heilt aleine - utan å bli bortført. Morfar har det nok bra - han har sikkert berre lagt att telefonen heime... Ja, slik tenker eg om det aller meste. Og sjølv om eg har blitt dobbelt så nervøs med dobbelt så mange barn, så tenker eg fortsatt dette: 
Det ordnar seg!

Til slutt skal eg gi awarden vidare til tre andre flotte bloggarar, og det er jo frykteleg vanskeleg!
Eg har med nød og neppe klart å velge berre desse tre fine bloggane, sjølv om mange fleire fortener det:
Johanne/A blög once bit my sister - kvardagsliv på den skjønne måten!
Mia/Kiiromi - herleg kreativt, inspirerande og retro!
Ylva/Darling Things - interiør og masse tips!

Ha ein deilig dag!

torsdag 10. februar 2011

Og vinnaren er...


G R A T U L E R E R 
- som får stoffpakke i posten
- som får søte spenner

Trekninga foregikk stille og rolig for seg, med penn, papir og saks,
og med frykteleg dårleg kameralys til dokumentering.
Eg håpar de stolar på meg og at de tar til takke med 
eit resirkulert bilde frå ei tidligare trekning. :)

Tuuusen takk
til alle som har vore med!!
Det er så utruleg deilig med alle tilbakemeldingane,
og kjekt å kikke innom så mange nye bloggar.

Siste sjanse...

Vil minne om at du framleis har sjansen til å bli med på blogglotteriet mitt! 
I kveld skal eg trekke to heldige vinnarar...hurra!
Du kan finne det her!
Perlene er til eit anna prosjekt... Lillebror søv i vogna si (oioioi!!), og eg sitt ved kjøkkenbordet og puslar. Augene vandrar stadig ut på vogna utanfor, og øyrene følger godt med, og lurer litt på om callingen virkar. ;) Vi er ikkje bortskjemt med ein sovande gut, altså! Dette blir verdsatt!
-og eg kryssar fingrane for at han no har begynt med noko nytt...
Perleprosjektet er kjempekos, og eg gler meg til
Storesøster kjem for å hjelpe til! :) 

Håpar du har det godt!

onsdag 9. februar 2011

Det er lov å leike med makaronien..

For ei herleg stund vi hadde då vi leika litt med makaronien!
Eg og storesøster laga restemiddag, og i suppa skulle vi putte morsom megamakaroni, kylling og litt andre godsaker. Og sidan ho heldt på å svelte i hel, (ja, det var i alle fall det ho sa,) så begynte vi likegodt å spise litt medan vi kokkelerte. Det er alltid eit bra triks, for då blir jo middagslaginga så mykje kjekkare!
Og eg veit ikkje om eg kanskje er ei litt kjedeleg og streng mor til vanleg, 
men Storesøster syns i alle fall det var stor stas då eg kom med tusjen og ville teikne på henne... 
For det har ho fått klar beskjed om fleire gongar før: Berre teikne på papiret, veit du!
Lillefingeren var sjølvsagt babyen, og har god og varm vinterlue på. Damefingeren (som eigentleg heiter ringefinger, men vi brukar fri assosiasjon) er mamma, sjølv om pappaen har lånt mammahåret på akkurat dette bildet. Pappaen må nemleg vere den lengste fingeren, for pappaene er jo alltid størst...(Eh...ikkje hos oss, men det er jo det som er normen!) ;) Frøken Slikkepott fekk forresten skikkeleg surmunn, mens staselege Herr Tommeltott fekk snurrebart. Kven kosa seg mest? Hihi..eg syns i alle fall slikt er moro!

No skal eg ut på tur med vogna, og lurer på om det blir gåing eller bussing i dag... 
Eg har lova bort babyen min som demobaby på babysangkurs, og skal nyyte det! Herleg!

Ha ein strålande onsdag, du òg!

tirsdag 8. februar 2011

Korleis finne fram på Etsy..?

  1. Berties closet - grå elefantveske til laptop
  2. Fine day press - valentinekort
  3. Trafalgars square - "Reach for the stars"
  4. designed DESIGNER - veggpynt
  5. Helen Dardik - "Join the circus"
  6. Lemon drop 09 - elefantkonfetti
  7. Typewriter boneyard - leselampe av vintagebøker
  8. Leatherprince - skinnetui til iPhone
  9. by Marika - hekla koseelefant av organisk bomull
Det er ikkje alltid ein får gjort så mykje som planlagt. Ikkje tatt gode bilder i dagslys, ikkje sydd perfekte skjørt (æsj, eg må rekke opp og fikse på noko!), ikkje klipt opp og leika med stoffbitar... Men å leite etter ting på Etsy, det har eg ofte tid til. Og gjett om eg finn mykje inspirasjon!

Syns du det er vanskeleg å vite kor du skal leite, kanskje? Du kan for eksempel bruke søkefunksjonen, og skrive inn teknikk, designer, tema...osv. Denne gongen skreiv eg "elephant" og fekk side opp og side ned med stygge, fine, skjønne, klumpete og teite elefantar, og så må eg sjølv finne akkurat dei som eg likar.

Eg har fått meg ei lang liste med produktfavorittar og butikkfavorittar, og dermed kjem det opp masse gode tips til meg, valgt ut i fra det eg alt likar. Herleg funksjon! Eit anna bra tips kan vere å gå inn på andre sine favorittar. Om du for eksempel kjem over ein butikk med varer og bilder du likar kjempegodt, 
så er det jo ein viss sjanse for at du har ganske lik smak som denne butikkeigaren.. :) 
-og så har du det gåande...klikk-klikk-klikk!!!

Ja, eg likar norske Epla også, altså!! Men det er jo sånn, at desto større utvalet er, desto større er sjansen for å finne gode produkt du likar. Neste gong skal eg plukke fram Eplafavorittar, trur eg.. ;)

Hugs å bli med på lotteriet! Berre to dagar igjen!

søndag 6. februar 2011

Endeleg sytid!

Endeleg kom symaskina fram på bordet igjen! Det har eg jammen venta på... Og i løpet av helga så langt, har det blitt sydd tre skjørt her i huset! Gøy! Skjørtet på bildet sydde eg og Storesøster saman på hennar symaskin. Eg har vist den fram før, og om du vil ta ein nærmare titt, kan du gjere det her. :)
Medan eg somla med noko på stova på fredag (ja, det var vel nokre nye briller som skulle visast fram..) hadde ho funne fram, plugga i ledningane og sett pedalen på plass på fotbrettet på tripptrappen.
Då var ho heilt klar! Heldigvis trengte eg ikkje mykje tid på å gjere alt ferdig,
og så kunne eg styre stoffet, medan ho styra pedalen og bakoverknappen. :)
Det er vel på tide at ho får leike litt meir med maskina snart, slik at ho blir litt tryggare
på sjølve syinga. Men moro er det uansett! Og skjørtet fekk ho tatt med i bursdagsselskap
og gitt bort til ei venninne som også fylte fem. Stor stas!

I går sydde eg to skjørt aleine, og dei skal eg ta bilder av i dag, for eg lurer på å legge dei ut på Epla. ;) Det eine går i alle fall dit, medan det andre sannsynlegvis blir ei forsinka bursdagsgåve...Oioi, det er så mange bursdagar om dagen, og eg er heilt på etterskot! Skjerpings! Uansett, dette skal bli ein deilig søndag, har eg bestemt, og eg skal prøve å få sydd meir, medan storesøster tar med pappaen på skitur i marka. 
Det har komt masse nysnø! Kvitt og fint og mjukt og stille... Deilig!

Håpar din søndag blir akkurat som du ønskar!

fredag 4. februar 2011

Brillefin

Kom akkurat inn døra med mine nye briller... Hihi..moro!
No skal eg sjå verda med nye auge, og har briller for aller første gong. 
Jøje meg så vanskeleg det var å velge! Men det vart desse ganske kule brillene, 
som eg kjenner stiller krav til at eg kler meg litt kult, fiksar meg litt på håret og brukar litt sminke.
Så deilig å føle seg litt fjong innimellom nattevåk, amming og hektisk kvardag...!

Storesøster sin kommentar:
Pappa kjem til å spørre om du har tatt hans briller!

Deilig med fredagskveld!
Her i huset blir det pizza og gullrekka på nrk, som vanlig..
Korleis ser din typiske fredagskveld ut?

torsdag 3. februar 2011

Gud har det nok travelt...

Storesøster er jammen ganske herleg! 
Ein kveld skulle ho be kveldsbøn saman med mormor, og startar slik:
Kjære Gud,
Eg veit at du har det ganske travelt der oppe i himmelen,
med å passe på oldefaren min og alle englane og sånn, men ....
- ja, ho fekk i alle fall bedt han om å passe på henne også! ;)
Og eg syns dette er godt! Ho kjenner seg trygg, elska og passa på,
både av oss her på jorda, Gud i himmelen og skytsengelen ved sida si...

Lillebror kjenner seg nok også elska og passa på, men ikkje alltid like trygg...? Storesøster er i alle fall den beste han veit, kanskje bortsett frå puppedama, og han toler det mest utrulege frå den kanten. Men stort sett er ho god og tolmodig med han. Ho syng songar i det uendelege, gjerne sjølvdikta, og ho var storfornøgd då ho hadde sett på han desse øyrene medan han satt i vippestolen (eller boingsestolen, som vi kallar den) 
og laga denne sangen på rim:
Du ser ut som ei lita mus,
og hoppar som ein harepus!
Øyrene laga eg ein gong til eit karneval, og dei er kjekke og enkle! 
Ein stykk hårbøyle, to stykker filt, litt fyll, nål og tråd - voila!
Den fine dukka er frå Kidsonroof, og dynetrekket er heimesydd.

Ha ein strålande torsdag!

onsdag 2. februar 2011

Sol ute - sol inne

Kjenner du denne songen?
Sol ute, sol inne,
sol i hjertet, sol i sinnet,
sol, bare sol!
Det er nesten fascinerande å kjenne korleis sola virkar!
Når sola skin inn i stova mi, då blir stova såå mykje finare! 
Og barna blir skjønnare, kroppen roligare, hjertet varmt, humøret lyst...
Sjølv om natta var slitsom (og nei, eg skal ikkje bruke bloggen til klagemur i dag igjen!)
så ser alt så greit ut i solskinn! Og det heile toppast med deilig kaffe latte og skulebolle til lunsjdessert..
Ein halvdød orkidè står i lyset og tar til seg all energi den kan få, og eg har pynta den litt, 
for slike restar er ikkje alltid så vakre. Men med ein liten fugl på ei stang er den heilt skjønn!
Strikketøyet ligg på vent, men det hastar heller ikkje... I fjor begynte eg på ei heilt nyyydeleg jakke i perlestrikk, men den vart liggande...eg likar jo ikkje spesielt godt å strikke rett-vrang, og då vart perlene eit lite mareritt.. No, med rettstrikk, veks genseren heilt av seg sjølv medan eg ser på tv! Men eg er spent på om eg får den til denne gongen, for eg har enno ikkje funne noko mønster. Forslag, kanskje? 
Strikkar med Gjestal Bris, som er ull/soya og supermjukt!

Dagens ord:
Det ordnar seg, veit du! ;)

tirsdag 1. februar 2011

Sjå litt om gongen

Tulipanar er ein av dei vakraste blomstrane eg veit.
Og eg veit eg har vist fine tulipanbilder før, men det var ikkje akkurat denne blomsten.. Ja, den var eigentleg ganske annleis, når eg no kikkar tilbake. Men litt moro å sjå at det er nesten nøyaktig eit år sidan forrige tulipaninnlegg, og lappeteppet eg viser har jammen ikkje vokst så veeeeldig mykje på den tida. ;) 

Eg har eg enorm tulipanbukett i stova, og den er på veg utover i full fart, virkar det som... Det er ein ting som slår meg: Ein nydeleg liten tulipan i ein enkel vase på kjøkkenbordet gir meg vel så mykje glede som dei tjue i stova. Eg får fokus, og det trengs. ;)

Det er visst ganske mykje eg får gjort på ein dag, sjølv om eg føler at eg gjer ingenting...
I dag starta vi litt stressande, og eg fulgte Storesyster i barnehagen før eg hasta i veg til ein tidleg fysioterapitime. Då kom vi kom heim, etter å ha gjort unna litt handling, skreik Lillebror i nesten to timar, før telefonen frå barnehagen kom. Storesøster hadde så vondt i øyret. Stakkars, ho har vore mykje sjuk siste tida. Slitsomt for henne, og faktisk litt slitsomt for meg også... Og då blir det Playhouse Disney dagen lang. Og ein mamma som syns ho burde gjere litt meir saman med jenta si. Men som rekk å lage thaisuppe og knekkebrød etter oppskrift frå BoligLiv, før pappaen kjem heim. Han får begge barna i armane, mens mammaen synk saman i ein stol... Tuslar inn på kjøkkenet og lagar deilig kaffe. Finn fram pc og bloggar bileta eg fekk tatt tidlegare i dag. No er det kveld. Snart senkar vel roa seg, og eg skal nyte kvelden med mest mulig strikketøy og tåredryppande Greys. Gler meg. :) Kanskje eg kan finne fram symaskina i morgon i staden...? 

Klem


blogger template by lovebird