torsdag 31. mars 2011

Og dei nominerte er........

Oioioi - så utruleg moro!!
Du har vel fått med det flotte initiativet Handlaga 2011?
No har dommarane valgt ut finalistane og eg er med! 

Må seie at det er ei skikkeleg vitamininnsprøytning for tiltakslysta og kreativiteten,
og håpar eg får gjort litt meir framover enn eg har gjort i det siste... Vil begynne med det samme!
Syns tida går så fort, og les om alle som storkosar seg med prosjekta sine på kveldstid, 
men kva gjer eg...? Joda, eg sitt ved pc'en eller tv'en og glor, med ein kopp te og eit teppe,
og gler meg til å komme i seng, for eg er så trøytt... På tide å nattamme litt sjeldnare snart?
Eller kva med å foreslå at Lillebror søv lengre enn 30 minutt om dagen snart?
Det finnast ulike kategoriar i denne konkurransen, og etter ein nominasjonsrunde har dommarar plukka ut ti finalistar i kvar kategori. Så skal stemmene delast ut, og du kan kun stemme ein gong i kvar kategori. 
Bruk stemmeretten din innan 12. april! :)

I kategorien for Smykker finn du ringen min, og kan stemme på den her!
I kategorien for Barn finn du sanseputa mi, og kan stemme på den her!

Begge deler og meire til kan du finne i Eplabutikken min her!

Kos deg!

onsdag 30. mars 2011

Tilbake til snøen..

Eg har vore på tur i helga, nesten heilt aleine, og det har vore såå kjekt!
Det var altså berre meg og Lillebror, for han må jo vere der puppen er, med vogn og ryggsekk på togtur til Oslo. Så deeeilig! Der var det jammen skikkeleg vår! Eg hadde heldigvis lagt att Sorelstøvlane heime og pakka tøysko i bagasjen, og kunne vandre rundt i kjente trakter på Grünerløkka på tørr asfalt.
Det vart cafèmarathon og Sprellbesøk med skjønne M på fredagen, deilig lunsj med gamle kjente på laurdagen og litt andre venninner innimellom. Så godt å ha to heile dagar og ikkje berre to timar i byen!
Søndagen var eg fadder i barnedåp, og det var eit nyyydeleg dåpsbarn og ei fin feiring! 
Og det er jammen litt av ei ære å få vere fadder! :) Takk BO! 
Desse herlege keramikkmagnetane av Tiril Havdal kjøpte eg på designmarkedet Sukker før eg reiste.
Det er så koseleg å ha med ei lita gåve til vertinna! Ho var så snill at ho lånte ut det vesle soverommet sitt til meg og Lillebror, og låg sjølv på sofaen i stova i fire netter... Slik er det med ein liten toroms sentralt i byen. Men vi storkosa oss! Dessutan var dette eit besøk som var enklast når vi ikkje kom fire på ein gong! Hihi..
Og heime i Trondheim var det ei Storesøster og ein pappa som sakna oss, og det syns eg også var heilt greit!
Eg trur jammen det er sunt for alle at vi saknar kvarandre innimellom! Og så godt det er å sjåast igjen! :)

Vel heime er det full vinter og snø i store mengder! Eller...vi merkar jo at det er vår!
Himmelen er blå, sola varmar og snøen smeltar... Tid for frappe, kanskje? ;)

Ha ein herleg dag!

tirsdag 22. mars 2011

Grandtantekos

Eit klassisk motiv. Den 90 år gamle, fine, mjuke handa, og den lubne, gode handa til ein baby.
Men for meg er ikkje dette berre eit fint motiv, det er noko som betyr noko. For meg.

Dette er handa til grandtante Hildur, som vi ser altfor sjeldan, og som nesten ikkje ser oss lenger.
Og så er det handa til Lillebror, som grip tak i det han når og held i det med eit fast grep.
Ho som har eit langt og spennande liv bak seg, og han som har det framfor seg.
Vi veit ikkje kva som ventar, og eg kjenner at eg gjerne skulle visst meir om det som har vore.

Grandtante Hildur kan fortelle om kva ho gjorde den dagen krigen kom til Ålesund og Norge, ho kan fortelle om eit slit for å leve og om ei spennande tid som student på musikkonservatoriet i Oslo. Ho er har faktisk utdanning som klassisk songarinne, men har jobba i butikk store delar av livet. Men songen og gleda over musikken har ho alltid med seg, og det er heilt fantastisk å høyre den skjelvande, skjønne stemma synge! Musikkgleda har fleire i familien arva, og vi prøvar alltid å få Storesøster til å halde ein liten konsert når vi treff Hildur. Eg syns vi er heldige. Det er ein rikdom å ha familie og historiefortellarar rundt seg!

Eg gler meg til påske! Då skal vi treffe familien igjen! :)
Tankefull helsing frå meg i dag. Berre fordi eg kom over dette fine bildet.
Og som de veit; eit bilde seier meir enn tusen ord!

Ha ein fin kveld!

mandag 21. mars 2011

Stoff til salgs

Eg har lagt ut nokre stoffbitar på butikken min på morsomme Epla Materiell! :)
Men det er verkeleg vanskeleg med prissetting! Har lest litt kva andre meiner om dette,
og har samanlikna med andre stadar ein handlar slikt... Trur du eg greier å treffe?
Om du kikkar innom butikken blir eg glad for tilbakemeldingar!

I dag høljeregnar det i Trondheim, og eg er eigentleg glad for det...
Kanskje snøen snart kan bli borte, då? :) Kosar meg inne med dei skjønne barna mine no, 
og siklar litt over dei nyaste stoffkjøpa mine. Kanskje eg må sy noko av dei snart? Og vise fram?
Forresten - tuuusen takk for mange koselege kommentarar på innlegget mitt i går! Eg blir så umåteleg glad for dei! Ikkje alltid eg rekk å svare alle, men eg prøvar å kikke innom kvar og ein! :)

Ønskar deg og dine ein god mandag!

søndag 20. mars 2011

Dinglande uro og Rie Elise Larsen

Lillebror treng meir underhaldning for å halde humøret oppe under påkledning, og eg har difor laga ei uro som skal få henge over stellebordet. Eg har ikkje vore superkreativ akkurat, for liknande skyer og regndropar har eg jo sett flust av rundt omkring på bloggane, men ikkje ein slik variant... 

Hos Fargevandring blir eg alltid inspirert, og ho har jo også ein slags skyuro øverst i bloggen sin. 
Og dessutan har ho så mange lekre bilder, så den bloggen er vel verdt eit besøk! :)

Min uro er altså ikkje sydd, men laga av papir. Og fordi Lillebror skal ligge under og kikke opp, så har eg laga dråpane litt spesielle, noko som også gjer at dei snurrar så fint når ein blæs på dei. Mesteparten av papiret er laga av den dyktige dama Rie Elise Larsen, men noko er også kjøpt hos Søstrene Grene.

Eg kjenner at eg berre MÅ vise litt fleire av Rie Elise Larsen sine ting, 
og har lånt bilder på heimesida hennar.
Dette er verkeleg INSPIRASJON:










Blir jo litt flau over mitt eige dårlege urobilde no... Burde sjølvsagt ha fiksa meir på både omgivelsane og fargane i bildet, men det har eg altså ikkje gjort! Og no er det nesten natt, så nye bilder blir ikkje tatt i kveld, i alle fall. ;) I kveld blir det Livvaktene på tv, tente lys og sofakos.. Og alle verdas katastrofer får ikkje sleppe inn så veldig i kveld. Kjenner det blir både nok og for mykje av tragediar på ein gong no..

Ønskar deg ein deilig søndagskveld!

fredag 18. mars 2011

Stille for Japan

I dag er det stille dag for Japan blant mange bloggarar.
Eg er ikkje heilt stille, men det betyr ikkje at eg ikkje tenker på katastofen der.
For det er jammen ei katastrofe av enno uante dimensjonar,
med så veldig mange hendingar som vi enno ikkje kjenner summen av.

La oss vere stille for Japan, 
be ei bøn, tenne eit lys, gi ei gåve,
eller kva enn DU vil gjere 
for dei som er ramma!

onsdag 16. mars 2011

Siste sjanse...

No har eg gått gjennom alle kategoriane i Håndlaga 2011, 
og har nominert fine ting og flotte folk i aust og vest. Bli med du også! 

På bloggen sin skriv dei dette:
Strikker du votter? Syr du dine egne klær? Snekrer du leketøy?
Bli med på årets store begivenhet og vinn flotte premier!
Vi arrangerer Håndlaga 2011; en mønstring for skapende sjeler over hele landet!

I Norge er det utallige dyktige mennesker som lager, former og skaper til seg selv og til andre. Inntoget av sosiale medier de siste årene har gitt oss helt nye møteplasser; blogging, fotoutveksling og markedsplasser for håndlaget har stimulert og gitt næring til et stort virtuelt fellesskap av kreative mennesker.

Vi ønsker å rette søkelyset mot den store bredden av håndlagede ting i Norge, vise fram håndarbeid av høy kvalitet og feire fellesskapet som får fram slike gjenstander. Derfor utlyser vi denne konkurransen, et norsk mesterskap i håndlaget!
Konkurransen finner sted på handlaga.no. Det vil være åtte kategorier som vi håper skal klare å fange opp bredden innen dette feltet. Alle kan nominere til konkurransen og man kan nominere to gjenstander til hver kategori; en selvlaget og en laget av noen andre. Alle gjenstandene må være publisert på nett, f.eks. i en blogg, på Epla eller annet nettsted.
Nominering foregår i perioden 28. februar til 18. mars. Når denne runden er over vil et dommerpanel vurdere alle nominasjonene og plukke ut ti finalister i hver kategori. Disse blir kunngjort her i bloggen 30. mars, og da åpner vi for avstemning! Alle som vil kan stemme i hver kategori.
Avstemningene er åpne frem til 12. april, og 14. april kunngjør vi vinnerne!
Takk til arrangørane og lukke til!

Sesongstart :)

Endeleg er sesongen her.. Eg visste ikkje ein gong at den kom så innmari fort, men plutseleg kjente eg at NO er det på tide! :) Sååå godt med årets første frappe! Ja, den har sikkert mange namn, men her i huset heiter altså espresso, mjølk og knuste isbitar frappe. Og det er både min og Storesøster sin kaffefavoritt.. ;)

Grunnen til at lysta på denne kalde kaffedrikken er så stor akkurat no, er berre det at våren er her! 
Og det må jo feirast! Greit, så har vi enno sparkføre i gata vår, men det varer nok ikkje lenge.. ;)
Eg har trilla tur i dag, og ELSKAR sola som varmar meg med strålane sine, 
himmelen som har den mest vidunderlege, blå fargen,
lyden av fuglane og vatnet som drypp... Deilig!

Storesøster gjekk bort til vinduet sitt i berre nattkjolen i dag tidleg, løfta på gardinene,
kikka ut og opna vinduet. Så vart ho ståande å lytte ei lita stund, før ho plystra ein liten trudelutt. 
Berre fordi fuglane gjorde det, og ho ville vere med på moroa. Herleg!
Espresso er ikkje det eg drikk mest av. Eg må liksom ha ein god dose mjølk oppi. 
Men likevel kjenner eg godt kva som er god og mindre god og kjip espresso...
Vi har kaffemaskin og kvern frå Gaggia, og får nyydeleg kaffe! 

Den knallrosa duken er på bordet, og eg kjenner meg litt kreativ i dag.
Skal sjå om eg får utløp for kreativiteten ganske straks! :)

Ha ein fortreffeleg onsdag!

tirsdag 15. mars 2011

Barneloppis

Denne gongen lurte eg litt på om eg skulle kalle innlegget barnelopper eller barneloppis...eller noko heilt anna. Men det handlar ikkje om lopper av den kløande varianten, så eg vil velge å bruke det fine svenskimporterte ordet loppis! ;) Innimellom leiker og puslespel av ulike kvalitetar og variantar, har vi nemleg nokre gode, gamle skattar. Og eg må innrømme at det er mest systra mi som kjøper det til oss.. 
Eg finn OFTE barnebøker på ulike loppisar (Fretex er inkludert i dette samlebegrepet), 
men sjeldan fine spel og slikt. Derimot ser det ut som tanta stadig kjem over kvalitet og fiiine ting, 
og vi er så heldige å få gåver i tide og utide. Takk, snille!
Albert Åberg er ein favoritt, og puslespelet er så fint! -og sjølvsagt kan vi heile historia rundt dette bildet!
Det andre bildet eg viser er av eit svensk spel, som vi berre så vidt har funne tid til å prøve oss på. Men det fortener nesten å stå framme, for fargane og teikningane er så herlege og inspirerande!

Til sist viser eg eit klipp frå ei bok om Lille Anna, eller Vesle Anne, som ho heiter i nynorskvarianten av bøkene. Desse bøkene og illustrasjonane av Inger og Lasse Sandberg er også heilt herlege! 
Eigentleg fekk eg lyst til å vise fleire fine funn til barn, som er gjort på loppisar, men tida spring frå meg.
No ventar Storesøster og bestevenninna på meg i barnehagen, og Lillebror må vekkast for å bli med på hentinga. Så blir det pannekaker og god stemning i ettermiddag, håpar eg! :)

Ha ein glad tirsdag!

mandag 14. mars 2011

Lykkelig som liten

Deilig, deilig krem for mjuk og god og deilig, deilig babyhud!
Eg må berre få anbefale denne kremen, for eg har endeleg somla meg til å fa tak i den sjølv, 
og den er så snill og naturleg og luktar såå godt! (Ja, eg snik meg til å bruke litt sjølv også..)
Det er eit legepar som har utvikla den, og den handlagast av nonnene ved Tautra Mariakloster.
Du kan lese meir om dette produktet og fleire i samme serie her!
Det har vore labert med aktivitet på bloggfronten for meg i det siste... Slik blir det når dagane er fylt opp med andre ting, og overskotet til blogging ikkje er der. Dette er jo noko eg driv med når eg har tid og energi til det, og no kjenner eg at eg vil komme igang igjen.. Det gir jo så mykje tilbake! :)
Skal starte med ein liten bloggrunde no, medan Lillebror søv ein liten dupp, sola skin ute og eg har min favorittmorgonte i koppen som systra mi har laga. Deilig sitrus-mint-rooibush...mmmm!

Ønskar deg ein strålande dag!

torsdag 10. mars 2011

Fra fest til faste

Denne jenta er med på noko stort. Ho er med på eitt eller annan som betyr noko. Det ser i alle fall slik ut i augene hennar... :) Men det er faktisk sant også! For i går var vi på karneval i kyrkja, og store og små kom til festen utkledd som klovnar, marihøner, indianarar, tigrar, mus og mykje anna. Ja, og sjølvsagt var der ganske mange prinsesser også! :) Storesøster ville vere feprinsesse, og sidan ho tidligare stort sett har stilt på karneval som Bestemor Skogmus eller Pilemus Silkehår eller andre kjente og kjære musefigurar, fekk ho denne gongen kle seg i ein draum av eit rosa tyllskjørt og med krone og vinger og alt ein fe kan trenge..

Men kvifor var det karneval i kyrkja? Og kva er det betydningsfulle vi var med på? Joda, du får eit hint av overskrifta mi... No har vi nemleg gått inn i fastetida, som varer i 40 dagar fram til påske, og då passar det å starte med bollar og saft og moro! :) Skal du faste, kanskje? Eg har ikkje tenkt å faste sånn matmessig (sjølv om eg godt kunne trenge det..), men eg vil velge å kanskje kutte ned på alt det eg puttar i meg som ikkje er mat. Som for eksempel sjokolade (men kaffesjokolade må eg nok ha), smågodt (men kanskje nokre få bitar på laurdagskvelden?) kake på cafè...ja, eg kan ikkje love at eg får det til, men eit litt lavare forbruk burde eg få til i usle 40 dagar! Dessutan vil eg prøve å flytte fokus over på dei som ikkje har slikt. 
Og på kjøkkenbordet står ei lita bøsse frå Kirkens Nødhjelp sin fasteaksjon, 
der eg skal legge på pengar av og til, som om vi har ein usynleg middagsgjest.. 
Tilbake til festen...Eg skreiv jo at du kunne få tips til korleis sy prinsesseskjørt som dette, og det er såå enkelt! Og det kostar minimalt! Tyll fann eg på den lokale stoffbutikken, og kjøpte kvitt, sart rosa og neonrosa. Eg brukte berre tre lag tyll, men kunne godt brukt for eksempel fem lag, for no måtte ho ha på seg underskjørt. Tyllen vart lagt utover stovegolvet og så bretta eg den slik eg har lært av Jamie Oliver! Han har nemleg eit bra triks for å lage eit rundt ark bakepapir til å ha i kakeforma, og det var jo klart at eg kunne gjere det samme! Dermed bretta eg altså tyllen først i to, så på nytt, og så på nytt og på nytt...heilt til det vart ein smal spiss. Ver litt nøyaktig, men ikkje supernøyen, det er litt bortkasta. Deretter klipte eg av skjørtet så det vart i riktig lengde; tenk at spissen er midt i magen, for der skal du etterpå klippe midje. Vips, så hadde eg ein tyllsirkel! Trylleri! ;) Gjer dette med alle laga, og det gjer ingenting om kanten er unøyaktig, det blir kanskje berre fint. Etterpå fann eg midjemålet til storsøster ved å bruke eit anna skjørt (for ho var jo i barnehagen..), rekne litt og finne ut kor stor radiusen skulle vere. (Hehe..eg måtte ringe mannen, men det seier vi vel ikkje til nokon..? Ammetåke?) Så kunne eg berre klippe av spissen på tyllbretten, like langt som radiusen. Hm, skulle eg hatt bilder for å vise dette, tru? Alt eg fann var dette, men du forstår kanskje prinsippet? (Og som bonus var der ei ganske freistande oppskrift...hihi! Oi, det er fastetid no, ja! ;)
Med tyllsirklane ferdig klipte og med fint hòl i midten, var det berre å tråkle dei saman og sette på linningen. Eg brukte stoff frå ein gammal singlet (for eg hadde ikkje riktig farge i stoffhylla mi), men ein kan også bruke silkeband som ein trer strikk igjennom. Heilt til slutt limte (!) eg på små silkeblomster i ulike rosanyansar. Så fiiint! Vingane er frå H&M, krona er laga av ullfilt og strikk, kvit bluse og pensko hadde vi frå før, og Storesyster jubla over å få litt sminke på kinn og augelokk. :) Herleg!
Til meg sjølv sydde eg eit marihøneskjørt på den enklaste måten, og mannen fekk superenkel og morsom bukse, som han kan bruke til både karneval og curling! :) Hihi..eller kanskje sykkelbukse, så blir han i alle fall sett i trafikken! Eg følte meg som ei Superwoman! Tenk å få sydd så masse på ein dag eller to, trilla Lillebror, rydda litt, og mens potetene kokte bakte eg jammen to brett med bollar... 
Puh - i dag gjer eg visst nesten ingenting. ;)

Rekordlangt innlegg, trur eg. :) 
Om du framleis heng med vil eg berre takke og bukke, 
og ønske deg ei meiningsfull fastetid og 
ein strålande dag!

tirsdag 8. mars 2011

Dagens freistingar...?

Etter ei innhaldsrik helg er det godt å vere heime igjen! Og det er moro å sjå at til og med Lillebror er superfornøgd med å vere tilbake til sitt eige stellebord, si eiga seng, babygymmen, kjøkkenet og alt det kjente... No ligg han i vogna ute, og eg har litt tid for meg sjølv. Då blir det fart i dama, og eg ryddar og ordnar og fyk rundt, og har også fått tid til å lage prinsesseskjørt til Storesøster! :) Kjempekjekt!! 
Men det er nok ikkje heilt ferdig enno, så bilder kjem seinare... Og du må også følge med om du vil ha superenkle tips til korleis du kan gjere det, for det var slett ikkje vanskeleg! 

No skal beina straks på bordet ei lita stund, før vi skal ut på farten igjen..
Peanøtter er godt! Og kjøper du dei med skalet på blir dei ikkje oppspist så fort, heller...hihi!
Måtte berre legge ved eit lite skrytebilde også... :) Åh, han er så skjønn at eg blir heilt forelska!!
Deilige, deilige babyen min! Med verdas finaste smil og strålande auge... Ja, sjølvsagt heilt subjektivt..hihi!
Her stiller han i mjuk og varm ulldress frå Nøstebarn og nydeleg lue som tanta har strikka. Heldige han!

Ønskar deg ein deilig tirsdag!

lørdag 5. mars 2011

Herlege karnevalskostymer!

Eg har funne ei heilt herleg bok med enkle, skjønne og fantastisk fine karnevalskostymer!
Den dagen kom eg strålande fornøgd ut av biblioteket, for eg hadde fått med meg tre flotte, inspirerande bøker. Forhåpentlegvis får eg laga noko også.. ;)

Men i desse karnevalstider var i alle fall denne heilt super, og eg må berre reklamere litt for den!
Den er laga av Emma Hardy, og du kan finne den her. Ho har også laga andre supre bøker, mellom anna denne barnetøyboka og denne herlege sy-med-barn-boka... Knallfine bilder og enkle oppskrifter! :)
Kos deg masse i helga!

onsdag 2. mars 2011

Mmmonstermamma..?

Har du nokon gong kjent deg som ein monstermamma?
Eg gjer det stadig vekk. Og det er eigentleg litt trist, for det er jo ikkje slik eg vil vere!
Helst vil eg ha umåteleg mengder meg energi til å gjere supermykje kjekt med både liten og stor;
lese bøker, leike på golvet, spele spel, kose, synge, bake, trille...og stort sett med eit smil om munnen og all verdens tid og ikkje noko stress. Men korleis skal eg få det til? Ja, eg har jo tenkt ut nokre svar sjølv, som for eksempel å sørge for nok søvn, trening og ei positiv innstilling til at det ikkje er noko stress...Men halloo! -eg legg meg for seint, står opp for tidleg, og i mellomtida ammar eg altfor mange gongar. Eg trenar, men altfor lite og sjeldan i frisk luft. Og eg stressar. Sånn er det berre. 
Så lurer du kanskje på kva desse bilda har med saka å gjere? Hehe..jo, i går var ein sånn monsterettermiddag. Sjølv om eg prøvde å la vere... Eg håpar Storesøster syns det gjekk greit, likevel!
Ho syns nemleg det var for gale at eg ikkje skulle få kake på bursdagen min, men den dagen var jo så hektisk at kakebaking var uaktuelt. Dermed lova eg at vi skulle bake muffins på tirsdag, før barne-tv. Storsøster fann nemleg noko på ein butikk, som vi berre måtte ha, og som ho har behandla som ein skatt. Dette kjem eg tilbake til om litt.. Men i alle fall, etter middagen i går var ho klar til baking, men Lillebror var utolmodig og svolten, og eg trengte ein bitteliten ettermiddagspause. Det var berre det at Lillebror ikkje hadde tenkt å gi seg med sutringa og skrikinga si, og eg vart meir og meir utolmodig. Så då kjem det vanskelege valget, det som eg lett slapp unna før med berre eitt barn: Kven skal eg skuffe? Storesøster eller Lillebror? Det vart jo etterkvart tydeleg at ikkje begge kunne få det som dei ville... Og som de der av bildet, så fekk vi baka muffins. Med ein hylande Lillebror i vippestolen, ei mamma som stressa og masa og var irritert for at Storesøster søla sukker på benken, og redd for at ho skulle miste egga i golvet, og sur fordi Lillebror hylte og hylte..
Stakkars, store, flinke, skjønne, gode jenta mi! Ho gjorde alt ho kunne for å blidgjere mammaen sin. 
Henta seg ein stol, vaska hendene, fann fram mjøl og bakebollar og muffinsformer. 
Åh, så viktig det er å fortelle ho at eg sett pris på det!!
Til slutt vart muffinsane pynta, Lillebror sov ein altfor sein dupp, og vi kunne kose oss. 
Berre eg og Storesøster. Så deilig! 
Og eg var heile tida bevisst - no er eg ein monstermamma! 
No Guro, no gjer du det bra..nei, ikkje slik Guro! 
Haha - ikkje berre Storesøster som får korreks, altså! ;)

Muffinsane vart pynta med rosa glasur, og på toppen kom dette fantastiske sukkeret. Det er rett og slett vanleg sukker, som det er tørka jordbær og blåbær og slikt oppi. Det luktar heilt nyyydeleg!
Vi kjøpte det forresten på ein herleg favorittbutikk her i byen:

Ønskar alle monstermammaer, 
monsterkjærestar og monstersøstre
ein fin og glad dag!


blogger template by lovebird