onsdag 22. januar 2014

Liksomkjole… (Ikkje alle nettkjøp er like heldige!)

Er det i dag eg skal prøve meg som motebloggar? Neida, slapp av, det skal eg slettes ikkje. Men eg måtte berre dele dette… Eg har handla ein del på Etsy dei siste åra, og stort sett har eg vore veldig fornøgd, men denne gongen vart det nesten komisk! Denne kjolen fall eg nemleg litt for, og tenkte at den ville vere super å ha framover. I klesskapet mitt finn eg mange slags kvardagskjolar eller tunika, og eg likar best å gå med det over tightsen. Og her var det altså ein kjole som passa perfekt til formålet, til årstida og til den veksande magen. Flott! Og det gjekk heller ikkje lenge før den kom i posten, slik at eg raskt kunne slenge den på meg…. Sjå berre her:
Haha! Ikkje akkurat kjolelengde på denne! Men greit nok, eg skal kjøpe meg ei bukse ein dag, og då kan det jo vere greit å ha ein genser… ;) (Beklager bildet, forresten! Det er jammen ein kunst å fotografere seg sjølv, og akkurat det har eg svært lite trening i…) Men eg gir ikkje opp nettkjøpa mine så lett, og eg har funne fleire fine klede eg ønskar meg. Klikk på bilda for å komme til butikken! Det er forresten ein ting som er veldig påfallande når eg søker etter maternity dress på Etsy… Då er nemleg halvparten av produkta fotografert med liknande tresmykker som det øverste, og frå butikkar i Kina! Min genser hadde ein fransk lapp på seg då den kom, og såg ut som den var sendt frå UK. Jaja...
Toad in a Tree

Original Style Shop

Lukke til med dine nettkjøp..!

4 kommentarer:

  1. He, he, ja ikke alltid bildene stemmer med virkeligheten. Ellers må modellen være veldig kort!!
    Bra at den kan funke som genser iallefall, fin over den flotte magen din:)

    SvarSlett
    Svar
    1. Trur den modellen må ha vore mini… Men, men… Takk for at du er med her, Siri! :)

      Slett
  2. Oi, den modellen kunne ikke være spesielt høy!!
    Men du, gratulerer med ny baby på vei! Så koselig ♥
    Jeg ble forresten så inspirert av deg når jeg så din nye layout på bloggen, at jeg har surfet etsy i dagesvis nå etter nytt templat. Det var mange fristende, og mange som kostet litt for mye. Til slutt gikk jeg for noe litt enkelt, som jeg var ganske sikker på at jeg ville klare å installere selv. Og vips, så ser bloggen min ryddig og ren ut Ü Så takk for inspirasjonen!

    SvarSlett
    Svar
    1. Bloggen din vart jo kjempefin! Gler meg til å følge den vidare! Du inspirerer alltid!! :)
      Ny baby på veg er stor stas, og både gøy og spennande og litt skummelt… Tenk at vi skal ha tre barn!
      Eg er forresten såå glad for at du er med her, Guro! Kjekt! :)

      Slett



blogger template by lovebird