lørdag 19. desember 2009

Sukker på landet

Dette har vore ein utruleg deilig førjulslaurdag! Joda, vi skulle nok heilt sikkert ha stressa som så mange andre, men det hadde vi ikkje lyst til! Lille A vekte oss då ho vakna litt over kl.10, og då bada og somla vi, slik at laurdagsfrukosten vart både sein og god... :) Og så skulle vi jo på julemarknad i dag!

Designmarkedet Sukker hadde flytta ut på landet for ein dag, og det var så fint der! Sjølve garden var idyllisk og skjønn, og alt det som var på marknaden....åh! Først må eg seie noko om korleis det var ute der...med eit fint lag mjuk og kvit nysnø, fuglenek, faklar, blå himmel, fredeleg gardstun. Det er nesten så eg kunne tenke meg å flytte ut av byen igjen (men berre nesten!). Denne fine lykta du ser øverst stod utanfor hønsehuset, og den er av is. Såå fint når lyset skin gjennom isen!Lille A fekk kose seg på juleverkstad for borna...og eg kosa meg også med det! ;)
Det var også kjekt å få helse på Gekko! Ho var der med nokre av dei fiiine tinga som ho syr, og vi kjøpte eit heilt herleg skjørt, som Lille A likte så godt. Actionbileta får heller komme seinare. ;)
Vi kjenner også til Tiril som har vakse opp på denne garden, og som er keramikar og billedkunstnar. Ho deltok sjølvsagt også på marknaden med dei vakre tinga sine. Og når vi kikka oss rundt forsto vi jo at det bur kreative folk på garden.
Til slutt ei vinterbilete av meg, med det mjuke, gode skjerfet dama bak Fin i formen har hekla til meg. :) Og eg har lova å gi mannen min cred for bileta... Takk, B! Han tar forresten mange gode bilete, og om du vil sjå fleire finn du nokre av dei her.

Vidare også var laurdagen ein suksess, altså! Det har vore skigåing i hagen, baking av nydelege biscotti og pizza framfor tv... Og julestresset? -det får komme i morgon eller mandag...hihi!

7 kommentarer:

  1. SÅ mysigt det ser ut!

    Islyktor, det ska jag ordna imorgon!

    SvarSlett
  2. Så koselig innlegg!! =)Juleverksted er så trivelig da!! Synes headeren din var riktig så fin, har du laget de små englene selv?? Ha en finfin 4 søndag i advent!! Klemmer fra M

    SvarSlett
  3. Takk for besöket i går, det var veldig hyggelig å hilse på deg live! :-) Fine bilder, jeg lenket til deg fra det seneste innlegget så flere får se bildene! :-)

    SvarSlett
  4. Sikkert mykje fint å sjå på designmarkedet! Vi køyrde forbi der litt for tidleg, hadde det vore litt seinare skulle vi jammen ha stoppa! :-)

    SvarSlett
  5. Juleguro! Så fin sida di er! Og så skjønn ei lita A:-)
    mormor kosar seg med å sjå, og gler meg til de kjem heim!

    SvarSlett
  6. Det lyder rigtigt hyggeligt. Islygter er så smukke men det kræver jo mange dages kulde før man får dem lavet. Rigtig dejlig hyggelige jul til dig og dine.

    SvarSlett
  7. Det lyder som en rigtigt hyggeligt dag.. :)
    Flot islygte, den kunne være sjov at gøre efter, nu vi har sådan frost i DK i tiden..
    Tak for dine altid søde kommentarer inde hos mig!!
    Mange kh Rakel.. :)

    SvarSlett



blogger template by lovebird