søndag 1. august 2010

Oppslukt og svett i hendene...

Illustrasjonsfoto: Flickr

Kan du bli så oppslukt av ei bok at timane flyt umerkeleg forbi, det som skjer rundt deg er uviktig, middagen må berre etast for å komme tilbake til boka, barn må vere stille og legge seg i riktig tid etc...?

Eg har akkurat fullført litt over 600 grufullt spennande sider på omtrent to døgn. Dvs lite strikking og altfor lite kos med veslejenta! Men boka var frykteleg heilt frå begynnelsen, og eg innsåg at eg ikkje hadde lyst til å lese dette. Eg som har så altfor god forestillingsevne. Eg som drøymer om alt muleg rart. Eg som alt er nok husredd og mørkeredd. Likevel greidde eg ikkje å la vere! Eg måtte berre vite korleis det gjekk, og les heldigvis så raskt at det ikkje vart seigpining for meg...

No håpar eg koselege Poirot skal viske ut hardbarka Harry Hole. :)

Håpr du har hatt ein god søndag!

5 kommentarer:

  1. Det er så gøy når man finner bøker som man blir helt oppslukt av!

    Jeg fant en slik bok ifjor! Hadde den med meg til italia, og den ene dagen på stranda, ble alle solbrent, for de var nødt å vente med å gå hjem til jeg hadde lest ut boken:)

    fin kveld til deg!
    klem ellemell

    SvarSlett
  2. Ooooh...Harry Hole!! Ja, eg har òg angra på at eg begynte på bøker med den karen... Men så er det jo knakande kjekt med god underhaldning då!

    Ha ein fin kveld! - og så ynskjer eg deg gode dagar framover, med fred i godstolen, så blodtrykket og bekkenet får tid til å finne roen..;-)

    Klem

    SvarSlett
  3. Eg har også vore oppslukt i det siste! Nasen min har vore begravd i "Den glemte hagen" av Kate Morton - kjempekjekk bok! Koooseleg å lese! :)

    SvarSlett
  4. Hihi, selv pløye jeg gjennom alle Holebøkene i 2008 så kjenner følelsen ja. Syns du de var skumle og vanskelige å legge fra seg vet jeg ikke om jeg bør anbefale 'Hypnotisøren' av Lars Kepler... men den er virkelig bra!

    SvarSlett
  5. Kom tilfeldig over bloggen din gjennom ein blogg, gjennom ein blogg, osv... Nydelege bilete, og alltid kjekt å kome over bloggar på nynorsk. Det finst ikkje så mange av dei! Helsing Rangla.

    SvarSlett



blogger template by lovebird