For å vise fram dette, har eg måtte låne ei dukkevogn. Den har nok også ei historie, kanskje om ei jente med sløyfer i flettene som lukkeleg trilla rundt med den? No er det mi jente som ofte trillar rundt med denne vogna, og den fyllast opp med bamsar og dukker og tepper og dyner og vesker og korger og-og-og... Eg måtte i alle fall tømme ut ganske mykje for å få plass til Lillebror si dyne! :)
Eg fall pladask for dette stoffet då eg kom over det her, og det er verkeleg fiiint! Fargane er klare og fine (og ikkje så neon som dei ser ut på bildet...), og bomullen har ein fantastisk tett og glatt og deilig kvalitet. Eg GLER meg til å bruke det til den vesle guten vår, som vi går ventar på!
Det som var så morsomt, var at eg hadde nokre venninner på besøk i går, og mi skjønne tyske venninne vart berre ståande å sjå og sjå på dette dynetrekket. "Eg hadde eit heilt likt då eg var lita!" sa ho henrykt. Så kunne ho fortelje at ho trudde det var laga til eit tysk dameblad på 70-80-talet, og at vår generasjon no hadde etterspurt det så mykje at det hadde blitt produsert på nytt. Heldigvis for det! Ho fann att motiv som ho kunne smile av, som skya med lyn, som alltid hadde vore litt skummel. Min favoritt er nok elefanten. Og sola. Og regnbogen. Og toget. Og trea og blomstrane. ;)
No skal eg komme meg ut til sola, lage meg ein deilig iskaffe og nyte sommarvèret!
Nyt dagen, du òg!
Heisan Guro
SvarSlettSå herlig, herlig grønn dukkevogn!!! Og så koselig at det er en arv fra deg.
Jeg prøver intenst å huske min dukkevogn som liten, men tror faktisk ikke jeg hadde dypvogn men en blå og grønnrutet sportsvogn.
Teppet som lå oppi vogna var jo også så fint.
Det er nesten litt trist at gutta her hjemme er blitt så store at jeg må se langt etter alle de fine barnetingene som er på markedet.
"Mamma, nå ønsker jeg meg sofa og bord og litt mer sånn ungdomsrom" sa niåringen til meg nylig.
De starter tidlig nå for tiden.
Ha gode sommerdager, Guro!
Klem fra Kaspara
Fantastisk dukkevogn! -Og yndigt betræk.
SvarSlettSommervejr, siger du? Her øser regnen ned i stride strømme...
Åh, så koselig historie!
SvarSlettDynetrekket og vogna er utrolig flotte:)
Minner meg om min egen, mørkeblå skinnvogn. Spørs om jeg ikke må på loftet til foreldrene mine og lete litt fremover :)
SvarSlettNydelig og friskt stoff!
Guro, eg er heilt sikker på at du og Gine også hadde dette stoffet då de var små! Fekk sterke assosiasjonar-
SvarSlettHerleg
Tida går berre rundt og rundt!
Klem frå mams
Nyyydelig stoff!
SvarSlettDen grønne vogna var imidrtid et absolutt høydepunkt, rett og slett fantastisk fin :o)
Vurderer sterkt å prøve å lage et slikt dynetrekk jeg også til lillebror, superfint!
SvarSlettÅåhh, akkurat som mi dokkevogn. Ekte Grepa - laga på fabrikken her i bygda.
SvarSlettEg fekk ho til 6-årsdagen min. Eg har bursdag midt på sommaren, så sjølve dagen feira eg på ferie hos besteforeldra. Og då hadde mormor og farmor og mamma sine 3 ugifte tanter gått saman om bursdagsgåve: Stor dokke med heimestrikka, heimehekla og heimesydd garderobe! Super gåve. Og då vi kom heim frå ferien stod dokkevogna i gangen og venta på meg- gåve frå mamma og pappa. Den beste bursdagen, ever!
Og dokkevogna og dokka har eg enda:)
Oops! Litt lang kommentar..., men minnene strøymer på :)