søndag 25. oktober 2009

Eit hemmeleg prosjekt..

Mannen står fornøgd med espressoen sin og ser ut vindauget. Kva skal vi finne på i dag, tru? Vel, eg skal halde meg inne og i nærleiken av sofaen, men han kan jo gå ut med den nye, fine, varme ullgensaren sin!
Eg har jo skrytt av det hemmelege prosjektet mitt, og her er altså resultatet. Mannen fekk genser til bursdagen, men den måtte jo strikkast utan at han visste det, og det er ikkje like lett alltid... Heldigvis har vi hatt det litt rotete her i det siste, så han har ikkje lagt merke til den ekstra strikkeposen som av og til har stått framme i stova. ;)

Då eg hadde strikka armane og bolen opp til der mønsteret tar til, la eg merke til feil eg hadde gjort... Genseren såg veldig liten ut, men det tenkte eg jo at kunne strekkast til! Men så stemte ikkje antal masker då eg kom så langt, så eg måtte rekke opp heile bolen! Dumme meg hadde strikka med 104 i staden for 140 masker, og det er ikkje til å anbefale... Eg holdt nesten på å gi opp heile genseren, pakka den djupt ned i posen sin og gøymte den bak sofaen.

Men mannen reiste på jobb til Italia ei veke, og då fekk eg fart på meg igjen! Då han kom heim var genseren nesten ferdig, og eg måtte berre vise han den! Så stolt! -og han vart glad for gåva! :)

Den er strikka av Alfa (85% ull, 15% mohair) og med utgangspunkt i ei oppskrift frå Sandnesgarn. Brukte pinnar 6 og 7, noko som passar meg perfekt! Kjekt med vellukka prosjekt!

6 kommentarer:

  1. Kjempefin i genser i en nydelig farge!! Så flink du har vært som har klart å gjøre det i hemmelighet :) Det må vel imponere han også?
    God søndag!!
    Kjersti

    SvarSlett
  2. Hei Guro :-)

    1. GRATTIS med K-j-e-m-p-e-f-l-o-t-t overskrift/logo til sida di!! Wow! Den likar eg veldig!

    2. Og du; herleg FLOTT gensar -eg er imponert over kor mykje tolmod du har til å få gjennomført ting og at du har så mange ballar i lufta PÅ SAME TID! Hallaien liksom.... :-)

    3. Takk for helsinga på bloggen min! Kryssar fingrane for at du vinn ein av premiane, hehe

    Ha ein fin kveld! L

    SvarSlett
  3. Knallfin genser! Likar så godt gensrar med rundfelling!

    God søndagskveld! :)

    SvarSlett
  4. Sikke en lækker gave, jeg er helt vild med farverne :)

    SvarSlett
  5. Hej där! Tröjan är superfin! Den ser riktigt mysig och skön ut nu i höstens ruskväder, då behöver man något varmt. Jag gillar färgerna jättemycket! Önskar dig en fin vecka! /petra.h

    SvarSlett
  6. Hei, så flott den ble. Det er så fint med disse genserne i retrostil. Helt supre. Forstår godt at du ble ergerlig når så mye må rekkes opp, men det er jo bare en ting å gjøre. Og en god følelse når en har kommet til dit en først var. Ønsker deg en riktig god uke. Med hilsen Turid

    SvarSlett



blogger template by lovebird