torsdag 8. oktober 2009

Nesten fredag!

Photos by Ingrid Riddervold
I morgon er det plutseleg og endeleg fredag igjen! Veka har så langt vore svært innhaldsrik, og helga skal også bli bra! Eg satsar på å få vere kreativ aleine, med Lille A og med ei venninne... Har brukt kvelden til å kikke rundt på ulike bloggar, og eg finn så mykje fiiiiiint!! Blir utruleg inspirert!

Og så er det så kjekt å sjå at så mange tek turen innom her også! Håpar denne bloggen også kan inspirere, og at den viser at ein ikkje treng å legge lista så høgt, men likevel få til noko fint... ;)
Har lyst å vise fram ein butikk som eg trur eg må innom på byturen min på laurdag... Den ligg på vakre Bakklandet i Trondheim, og dit kan ein gå for å kjøpe både nydelege og morsomme ting. Det er berikande for ein by å ha eit slikt strøk og slike butikkar! -og ta gjerne ein kaffe på Dromedar når du ruslar forbi!

Den fine lommeboka du ser øverst er blant dei tinga du kan få kjøpt på Pryd. Den er laga av Ingrid Riddervold, og fins i mange ulike variantar, gamle og nye mjølkekartongar, Litago, vanilje og gelè m.m. Herleg! Ho lagar også fargerike sminkepungar, ringar og øyredobbar med retrostoff og mykje anna gøy!

Håpar vi alle får ei helg fylt av folk vi er glad i, fine opplevingar, vakre fargar og flott haustsol!

5 kommentarer:

  1. Takk for hyggelig hilsen:). Så fine vimpler du har sydd! Kos deg i helgen.

    SvarSlett
  2. Hei Guro! No har eg laga min eigen blogg, slik at eg kanskje lettare skal få solgt meir av produkta mine :-)
    lyckebo-design.blogspot.com. Men sei meg; korleis får eg slik besøksteller som du har på di side? Den er så fin i forhold til andre ein limer inn.... :-)
    Helsing Lise

    SvarSlett
  3. Hej Guro,
    Ang. muggen på min blogg, det är en specialutgåva som såldes ganska nyligen på Coop (butikskedja i Sverige) när de hade jubileum. Mönstret är designat av Stig Lindberg. Då det var en mycket begränsad upplaga såldes de flesta slut på ett par dagar. Men jag hade tur som hann köpa några stycken! :)

    Ha en fin lördag!

    SvarSlett
  4. Hei Guro :)

    Mått jo bare inn å se på hjemmesia, å den e imponerende må æ sei! :) Du e jo å så FLIIINK! :) Kjenne at æ begynne å få litt lyst te å lær mæ å sy no..... Blei veldig inspirert av alt det fine du har laga :)

    Håpe alt står bra te, e jo veldig lenge sia sist!

    Klem fra Camilla. (din romkamerat i Ghana)

    SvarSlett
  5. Hej!
    Visst är bloggvärlden inspirerande!
    Kul att göra en börs av ett mjölkpaket. Jag tycker mycket om återbruk.

    SvarSlett



blogger template by lovebird