mandag 12. oktober 2009

Så søt!

Eg har ein kollega som er så snill og god og flink! Det er jammen godt, det! Og tenk, ein dag då eg kom på jobb låg det ein stoor, fin pakke og venta på heldige meg. Då hadde ho vore på loppis og funne noko eg ønska meg, og så hadde ho hugsa på det, og gav meg den i gåve! Du lurer kanskje på kva det kan vere...? Hihi, du må nok vente og sjå, for den skal få eit strøk kvitmaling før den blir presentabel nok til å få vere med her...hihihi!
Og så må eg berre ta med nokre få bursdagsbilder til...dette er ei heilt fantastisk god sjokoladekake, som vart hjertekake, heilt etter Lille A sitt hjerte... Og nei, det er faktisk ingen prins på kaka, men ei prinsesse med blå kjole! Eg likar den så godt, og syns det er stas med slike ting som vi kan leite fram og ha på alle bursdagskaker i åra som kjem!
Eit lite tips: i barneselskapet serverte eg nydelege fruktspyd. Det er rett og slett ulike gode frukter tredd på trespyd, og sett fast i ein honningmelon. Kjempepopulært, og alle ungane fann noko dei likte! Og med eit slikt fyrverkeri av eit fruktfat MÅ det jo berre bli fest! Resten av frukta kutta eg i mindre bitar og serverte med vaniljesaus til foreldra som var med dei minste barna som følge.

6 kommentarer:

  1. Så kjekt å få overraskelsespakke! Eg er spent på kva du fekk!!! :)

    SvarSlett
  2. Så koselig med pakke! Jeg er veldig spent på hva det er som skal males! :D

    SvarSlett
  3. Her var det mye fint. Jeg blir nysgjerrig på navnet du har valgt. En gul knapp: )

    Mange fine innlegg. Jeg likte spesiellt godt den med melkekartongene: )

    SvarSlett
  4. Hei Guro!
    Så moro med seer-rekord! Ikke noe å få prestasjonsangst av! Dette klarer du supert!
    Tipper kollegaen din fant en tallerkenhylle til deg? Den er nå i ferd med å bli hvit.
    Kanskje er jeg alldeles på bærtur nå.....
    Fruktspyd høres både sunt ut og ser fristende ut. God ide!
    Ha en fin kveld!
    Klem fra Kaspara

    SvarSlett
  5. Hei Guro!
    Åhh -eg falt for fruktspyd-oppsatsen din!
    Det var virkelig ein ide til utprøving på mine gjester :-) Eg er sikker på at det blir ein suksess!

    No er bloggen min blitt "offisiell". lyckebo-design.blogspot.com. Men veit du dette: Korleis får eg besøkstellaren min til å skrive antallet fordelt på 2 linjer? No kjem det eine antallet direkte etterfulgt av det andre. Ser ikkje like fint ut som på di side, der du har det på 2 separate linjer....

    :-) Diggar bloggen din!
    Helsing Lise

    SvarSlett
  6. Hej, hittade hit genom Kaspara! Jättemysig blogg du har!!!

    Kram Lycke

    SvarSlett



blogger template by lovebird