onsdag 30. juni 2010

Fridagar...


Ah, så utruleg deilig det er å ta nokre dagar fri med familien! 
Ikkje at eg akkurat jobbar så veldig mykje no for tida, men det er det andre som gjer... Eg går mest heime og steller med meg sjølv, medan folk flest jobbar og slit og ventar på ferien. Det er luksus! Men for å vere heilt ærleg så skulle eg heilt klart heller ha vore rask og sprek og på jobb!

Bildet viser korleis den knallgule, fine valmuen såg ut etter nokre dagar heime aleine...

Uansett, så tok vi nokre dagar borte, eg, mannen, Lille A og morfar. Vi sette oss i bilen, håpa feberen og forkjølelsen til Lille A var på retur, og køyrde til Østersund. Det trur eg nemleg er ein fin by! Og eg gledde meg til å harryhandle både det eine og det andre, men det vart heller lite handling. Fredag kveld pluss laurdag formiddag såg eg kanskje 30 personar totalt i gatene i sentrum av byen. Det var som om heile byen sov. Ingen opne butikkar, ingen opne restaurantar, ingen opne kioskar...jammen godt at vi hadde fint hotell!
Heldigvis kunne Lille A gå i dyreparken og på tivoli med pappa og morfar, 
medan eg fann eit herleg konditori, som heldigvis tok seg godt av meg og mine behov...
Vi kosa oss alle saman, heilt til øyreverken vart for intens, og hotellsenga og godisen var det beste. :)
Foto: Bertil

Hugseliste til neste gong:
  1. Sjekk at byen er open før du drar (ikkje dra når det er midtsommar!)
  2. Sjekk at du ikkje treng krykker lenger (utruleg slitsomt å gå rundt med krykker...og vondt) og at alle er friske!
  3. Sjekk at du har rikeleg med cash til alle dei små loppisane langs landevegen (og hugs kva som er verdt ein stopp, og kor du berre kan køyre rett forbi, om du tør...)
 No ventar vi på sommaren, som vi fekk ein smakebit av i går!
Ha ein fin dag!

7 kommentarer:

  1. Så koselig at dere dro til Østersund. Var der et par dager da Tarjei var 2 år, og det er et veldig fint ferieminne.

    Folkemuseet (som jeg har glemt hva heter) var et høydepunkt. Og kafebesøk i det gamle badehuset i parken ved innsjøen!

    Kos dere masse i sommer.

    Klem fra AC

    SvarSlett
  2. Østersund tror jeg kan være ganske så livlig egentlig, særlig siden trøndere ofte invaderer stedet på sommerstid. Midtsommar er tydeligvis ikke tiden for å dra dit.

    Hørtes deilig ut uansett :) Pass godt på magen.

    SvarSlett
  3. Beautiful and very interesting blog!!!
    Regards from Croatia.
    Zondra Art

    SvarSlett
  4. Så fine bilder!!!

    GOD SOMMER :)

    SvarSlett
  5. Akk - det er ikkje alltid lett å følgje med på den kulturelle kalendaren i andre land. Eg har hadde ei liknande oppleving i Kroatia, og kom til låste butikkar og kafear over alt. Heldigvis hadde me mat i veska og tak over hovudet, så det gjekk veldig greit! Dessutan var (av alle ting!) scooter-utleigesjappa open, så me fekk nytta tida godt :D

    Nyt sommaren!

    Susanne

    SvarSlett
  6. Så flotte bilder du har i bloggen din! Fantastiske blomsterbilder!

    SvarSlett



blogger template by lovebird