onsdag 9. juni 2010

Eg vil sette spor...

Endeleg kom Canadapakken min i posten! :) 
Eg vart så glad, og saman med Lille A måtte eg prøve ut dei nye stempla mine. 
Råflott? Javel, men eg skal jo bruke dei til noko! :)
No kan eg sette spor etter meg både her og der. Kanskje sette navnet mitt i ei bok? Eller skrive eit godt, gammaldags brev, som eg kan stemple? Ja, og så må eg jo sjølvsagt prøve å lage fine merkelappar på det eg får solgt på Epla! :) Trur dette blir min måte å tagge på..hihi!
Stempla er kjøpt hos The Mayberry Sparrow.

Tuuusen takk for mange fine helsingar på innlegget i går! :)
Utan at dette skal bli ein gravidblogg, så er det nok sjansar for at de får ta del i litt av kvardagen vår, og får følge med på korleis det går med Lillebror... Det er utruleg kjekt å vite at det er liv i magen, og at det skal bli eit barn til i familien! Sjølve svangerskapet er derimot ikkje berre fryd og gammen, men sutring hjelp ikkje mot noko! Eg gjer det eg kan for å nyte forsommaren og ta vare på dei gyldne augeblinka! Deilig!
Vakre blomar og små detaljar kan gi kvardagslukke!
Ta vare på det som gjer deg godt!

7 kommentarer:

  1. Så utrolig stilige stempel!! og gratulerer med bebis i magen :) Så kjekt å høre!!

    Klem

    SvarSlett
  2. Gratulerer med den lille i magen! Så gøy!
    Stemplene dine var veldig fine :-)

    SvarSlett
  3. God formiddag!!

    Det var veldig fine stempel du har gått til anskaffelse av også synes jeg du skriver så fint :)
    Gratulerer så mye med baby i magen! Jeg har også en der inne som kan gjøre sin entre når som helst, innmari spennende :)

    Håper solen også skinner der du er!
    Klem fra Anette

    SvarSlett
  4. Så flotte stempler du har anskaffet deg:-) Jeg må nok også bestille noen sånne tror jeg:-)

    SvarSlett
  5. Hei hei, er du sikker på at hagen din ikkje er stpr nok? Me har to mikroskopiske hageflekkar, men det leikehuset skal eg klare å presse inn uansett :)

    Ha ein flott dag, stor klem frå Linda

    SvarSlett
  6. Åja, er det ikkje kjekt med eige stempel? Eg har stempel til ungane også, kjekt når vi skal ha bokomslag på skulebøkene, for eksempel...

    Dine eksemplar er supersøte! :)

    SvarSlett



blogger template by lovebird