søndag 1. november 2009

Green Berry Tea

Photo by www.weheartit.com
Åååå....tenk å kunne drikke så fin te! Desse fantastiske teposane er designa av ei russisk dame som heiter Nathalia Ponomareva. Dei er basert på den japanske papirkunsten origami, og inni denne vakre fuglen ligg teen. Eg har ikkje funne ut korleis eg kan få tak i slik te, eller om den i det heile tatt fins, men om eg finn den må eg nok få tak i den! Eg drikk mykje te, og eg ikkje berre opptatt av at den skal smake godt, men den skal gjerne sjå bra ut også! Godt for auget, godt for ganen, godt for sjela.. Hihi...!

Det har jammen vore godt med helg! Eg har kosa meg sånn!! Laurdagen var vi på bytur, der eg og Lille A fekk kose oss i knappebutikk og hobbybutikk før vi møtte pappaen på cafè. Herleg! Og på kvelden fekk eg servert (!) den nydelegaste gourmetmiddagen, som mannen brukte heile kvelden på å fikse. Med gode vener og god vin vart det eit festmåltid!

Dagen i dag har også vore begivenhetsrik, med ulike besøk til formiddagskaffe og middag, og litt arbeid i hagen innimellom... No er huset kaotisk igjen, men på ein koseleg måte. Det er jo kjekt at det ber spor av aktive menneske, sjølv om det akkurat var sett i stand til helga.. :)

Rommet til Lille A var imidlertid ikkje såå kjekt å komme ned på i dag. Oppi senga satt ho hylande, medan søskenbarna var på veg opp trappa til oss vaksne. Ho hadde teikna med tusj i heile ansiktet sitt, i tillegg til rundt omkring på og i senga.. Sinna mamma!! Men vi vart godvener att, altså! Ho angra tydelegvis på det ho hadde gjort, og eg såg nok ikkje blid ut etter å ha vaska rommet, for då eg sette meg i sofaen kom ho opp i fanget mitt og prøvde så godt ho kunne å få meg til å smile. Ho stakk det perfekte ansiktet sitt tett opp til mitt, og smilte på ein sånn eg-angrar-kan-ikkje-vi-bli-vennar-att-måte, så eg måtte berre smile tilbake, gi ho ein knuseklem og fortelle at eg var sint for det ho hadde gjort, men er uansett glad i ho! Så var vi bestevennar, slik vi stort sett brukar å vere. ;)

No står ei ny veke for døra, vinden susar rundt husveggen her, og eg gler meg til å bruke nokre kveldar på kreative prosjekt! Det er sååå godt å kjenne at energien er på veg tilbake!

5 kommentarer:

  1. De teposene så helt fantastiske ut!! Jeg er fasinert av origami, så det ville vært supert å fått tak i disse.
    Så søt historie om den lille.. lett å bli litt irritert med en gang og så ikke klare å holde seg alvorlig når de gir deg det blikket.. Ha en super dag :)

    SvarSlett
  2. Nei,har du sett. Stilige teposar!! slike skulle eg også fått tak. Te er skikkeleg haust kos :)

    Skjønne lille A, dei små er herlege.
    Kjenner meg sjølv igjen frå den episoden, berre at eg lekte frisør då,hehe..

    Ha ein glad ettermiddag!
    Klem frå Kamille

    SvarSlett
  3. Hei!! =)
    TUUUUUUSEN TAKK for den fantastiske vimpelrekken!!
    Jeg er mildt sagt Imponert over hvor flink du er til å sy! Ble kjempeglad da jeg kom hjem og åpnet postkassen igår, verdens beste overraskelse!! :) Sitter i skrivende stund og nyter synet av de fine fargene og mønstrene.. Og det var jo ikke nødvendig med de ekstra serviettene, men jeg ble superglad for de også.. elsker å dekke bord med forskjellig servise, bestikk og servietter, så dette var virkelig midt i blinken!! =) =) Håper du er blitt frisk nå og har en fin start på November!! Stor klem fra M =) =)

    SvarSlett
  4. Åh jag som är så svag för fina förpackningar kan nästan tänka mig börja dricka te istället för kaffe nu :)

    SvarSlett
  5. Knallfine teposar!

    Ang kamera: Eg brukar mest speilrefleks (Canon), men kompaktkameraet er jammen praktisk på tur! Har Canon Ixus og er kjempefornøgd! Lett å bruke, og det tar fine, klare bilete! :)

    SvarSlett



blogger template by lovebird