tirsdag 3. november 2009

Vakker veggpynt!

Denne idèen likte eg! Og dette treet med denne fine ugla og det skjønne rådyret var berre såå herleg! Etter å ha leika meg (ja, eg har visst tatt over litt for Lille A innimellom) med det vesle treet vi har på vindauget, har eg fått sansen for trebygging, rett og slett! Og sjølv om eit sjølvheftande og flyttbart, stort stofftre er noko anna enn eit lite, geleaktig tre, så er prinsippet ganske likt, og kjensla av å lage noko vakkert er definitivt til stades...

Ikkje berre kan ein kjøpe slike tre, ein kan til og med vere med på konkurranse her (eller klikk på bildet over)! -og sjølv om premien er mindre verdt enn treet, kan ein jo legge til nokre kroner sjølv og få det likevel, eller ein kan nøye seg med nokre elefantar eller sånn..
Eg syns jo desse elefantane også var heilt nydelege! Du kan kjøpe dei her hos StickyTiki på etsy.

4 kommentarer:

  1. de elefantene var søte... By the way - niesebukse. julegave om jeg rekker det og får mudd i hus - eller kjøpe over jul om ikke?

    SvarSlett
  2. Utrolig skjønne ting! En nydelig måte å pynte på og samtidig få være kreativ..også for ungene :)
    Ha en fin onsdag
    Kjersti

    SvarSlett
  3. Hei,

    for eit nydeleg tre, og for ein nydeleg blogg du har! Her kjem eg gjerne att :O)

    Eg blei veldig inspirert til å hekle armband... :O)


    *Helsing frå Linn*

    SvarSlett
  4. Oj så söta!! Kanske dags för nya hemma hos oss eftersom den lille snart lyckats peta bort ugglorna vi har :)

    SvarSlett



blogger template by lovebird