søndag 15. november 2009

Ei blomstrete utfordring!

Fruens syslerier ga meg ei vanskeleg utfordring tidligare i veka... Ho utfordra meg på å vise fram nokre av dei blomstrete tinga eg omgir meg med, og eg tenkte berre Hæ! Blomstrete? Har eg noko særleg av det då??

Men kva finn eg..? Jo, eg har mykje blomstrete! -ja, i alle fall ein god del.. Sånn som denne grisen frå Rice, som eg kjøpte før Lille A var fødd, berre fordi den var fiiin!

Desse herlege bøkene fann eg i hylla. Broderiboka har eg fått/lånt av mamma, og inni den fann eg til og med broderigarn som sikkert er 30 år gamalt, men kjempefint! Boka Glade hjem har eg fått av ei venninne som fann den på Fretex og tenkte på meg. :) Herleg!Nydelege, japanske ting - alle har eg fått av lillesøster Gine som har turnert der. Ein liten pung i eit vakkert stoff, ein svane eg har bretta sjølv av japansk gåvepapir, ein dachs som er pusla saman av masse små pappbitar og til slutt eit lite kunstverk av ein teboks... Aah!Desse postkorta har eg nettopp kjøpt, men ikkje bestemt kva eg skal bruke dei til. Dei må kanskje i glas og ramme og opp på veggen...

Eit heilt nydeleg servise som Lille A fekk til bursdagen sin. Eg er såå glad i treleiker! Og her er alle detaljar på plass - til og med teposar i koppane! Tefata er derimot i bruk ein eller annan stad, og kunne ikkje vere til stades då biletet vart teke...
Eit lite utvalg av dei maaaange banda mine...likar dei SÅ godt!
Desse skoa vart kjøpt då veslejenta var bittelita, og eg er så glad i dei! Dei er heilt nydeleg fine, og så er dei så gode! Eg kjøpte dei litt brukt, på Trendsales.dk, og hugsar at betalinga var så vanskeleg, og banken tok så høgt gebyr, at eg sikkert kunne kjøpt dei nye til samme prisen... Men det var verdt det!
Denne veska er så søt! Og nesten kvar gong eg brukar den får eg kommentarar på den, gjerne om eg har laga den sjølv og slikt...hihi! Den er mykje brukt og frå Noa Noa, og sjølv om blomstrane berre såvidt heng på, så fekk den altså vere med i det blomstrete innlegget mitt. ;)
Er denne koppen blomstrete, tru? Den har i alle fall ein blomst i botn, som viser godt når eg drikk te. Det er favoritt-tekoppen min, og sjølv om den er eit lite kunstverk skal den ikkje stå i hylla. Brukskunst skal brukast, og eg nyyyyt teen min i denne!Nytt, gammalt piano, med tilhøyrande brodert pianokrakk.
Nokre favorittar frå det vesle klesskapet til Lille A. Blomstrete kjole frå Rohde. Den nydelege lilla blusen frå Melanies masker er kjøpt hos navnesøster En Gul Knapp i Bergen.
Til slutt nokre Marimekkobilder frå det rotete kjøkkenet mitt...difor får de berre detaljane..hihi! Voksduken er god å ha, sjølv om det blir litt i meste laget saman med liftgardinene eg sydde i fjor... Legg merke til fuglemataren utanfor vinduet. Vi gler oss til å få fuglebesøk som kan spise frukost saman med oss!

Denne utfordringa har verkeleg vore krevande, både i forhold til å finne blomstrane i huset mitt, men også fordi det er mørkt og bilda ikkje blir så bra... Men det er også utruleg kjekt å leite rundt i alle rom med blomsterbrillene på! Eg fann jo mykje meir enn eg trudde eg skulle finne! :) Og no er eg inspirert til å rydde og ordne og gjere det fint rundt meg, slik at eg lettare skal få auge på det eg har...hihi!

Eg vil sjølvsagt sende denne utfordringa vidare, og sender den til Kaspara, Haust og SavanneTreet! Håpar de tar imot den med glede! ;)

8 kommentarer:

  1. Oisann, her var det mykje fint! Likte spesielt godt det skjønne serveringsbrettet, treleiker er best! :)

    Takkar med det same for utfordriga, vi får sjå kva eg klarer å hoste opp etterkvart. ;)

    Ha ei fin veke...

    SvarSlett
  2. Så fint at du tar imot utfordringa! ;)

    Eg såg at eg hadde gløymt eit viktig bilde, så det er lagt til no etterpå...trur du vil like det også! :) Dei lagar mykje fint i Japan, og Gine har sansen for detaljar og estetikk, så ho får det med seg... ;)

    SvarSlett
  3. Den største og finaste blomsten er du sjølv, kjære fargerike, skjønne Guroa mi!
    MASSE flotte bilder,- og utruleg spanande å ta på seg blomsterbriller, som du kallar det.
    Eit lite filosofisk sitat frå mamma til natta: "Litt avhengig av hva man leter etter, vil man finne".
    Klem og god natt!

    SvarSlett
  4. God senkveld, Guro!
    Tusen takk for din morsomme utfordring! Jeg liker slike farve og mønsterutfordringer veldig godt!
    Se du har jo mange flotte blomstrete ting. Falt for den søte grisen og den boka med Marimekkostoff på utsiden virker bare så herlig! Den grønnlige vesken var også noe blikket mitt dvelte litt ekstra ved. Nydelig!
    ja, da går jeg på blomstermønstrete jakt i morgen! Sov godt og ha en flott ny uke, Guro!
    Klem fra Kaspara

    SvarSlett
  5. Heisann!!
    Fine blomstrete ting du har!! Vi tar imot utfordringen =) Ha en fin ny uke!
    M

    SvarSlett
  6. Så mange vakre, blomstrete ting du fant på din vandring rundt i huset. Flotte bilder!
    Ønsker deg ei super uke!
    Pludrehanneklem

    SvarSlett
  7. Vakre bilder!! Utruleg mange flotte ting du fant med blomster på :)
    Eg falt pladask for det supersøte servise til lille A og den søte grisen.

    Ha ei fin veka!
    Helsing kamille

    SvarSlett
  8. Så masse fine blomstrete ting du har!
    Gøy å se:)

    SvarSlett



blogger template by lovebird