onsdag 30. september 2009

Bursdagsinvitasjon..

Dette er så utruleg vanskeleg! Ikkje akkurat å lage invitasjonen, for det var ganske fort og greit, men det med å vite kven som skal komme!

Sjølve invitasjonane er klipt ut av litt tjukt lyseblått papir (ca.10x10cm), og så limte eg på litt Tildapapir som eg klipte ut ved hjelp av eit mjølkeglas. Eg klipte små kroner, som eg limte Karen-Marie Klip på, brukte teipputer til feste, samt toppa det heile med nokre dæsjar sølvglitter... (Det meste får ein altså tak i på Panduro.)
Sjølvsagt skulle Lille A heilt klart ha vore med på heile prosessen, men det rakk vi faktisk ikkje. Eg fann plutseleg ut at invitasjonane må bli med i barnehagen i morgon, så då var det berre å sette i gang. Forhåpentlegvis kjem vi oss opp tidsnok til at ho kan få hjelpe til å sette navn på dei i morgontidleg.. ;)

Men kven skal ein be, då? Ho kjem jo med nye forslag heile tida, og eg veit ikkje heilt kven ho leikar med i barnehagen...Vel, vi ender i alle fall opp med å invitere alle 3- og 4-åringane på avdelinga, sjølv om eg gjerne skulle hatt med dei eldste også! Men kva med plassen? Vi har ikkje bordplass til dei 12 vi har invitert ein gong! Og så var det meny og leikar og slikt...eg har ikkje vore i barnebursdag på over 20 år! (Uæææ - er eg såå gammal?)

Tek altså gjerne imot gode tips og idèar for fest og moro i to timar!

6 kommentarer:

  1. Det skal nok bli ei råd med gode idear til barnebursdag, kjære Guro! Sjølv om det er lenge sidan sist, har vi jo arrangert ein heil del slike selskap i årenes løp:-)
    Og mormor kjem!
    Klem til så lenge!
    Nb: Kjempefine invitasjonar!

    SvarSlett
  2. Så fine invitasjonar du har laga! Lukke til med selskapet! :)

    SvarSlett
  3. Fina kort!

    Så mycket läckert du syr också!

    SvarSlett
  4. Hei!
    Takk for hyggelig kommentar på bloggen, og veldig koselig at du linker til meg i lista di! :-D Jeg tror jeg skal lage meg sånne trekant-vimpler selv, har jo opparbeidet meg ganske mange tøyrester som passer godt til formålet!
    Ingen barnebursdag uten brus m sugerør, gelé og godteposer.
    Søstra di hadde forresten en nydelig sangstemme!

    SvarSlett
  5. Fina kort! Tack för fin kommentar hos mig!

    SvarSlett



blogger template by lovebird