mandag 14. september 2009

Rabarbra og ein spennande dag...

La oss begynne med rabarbraen... Denne nydelege desserten laga eg i går, og akkurat no sit eg og nyyyt restane! Akkurat passe søtt, akkurat passe syrleg, akkurat passe sunt (?) og akkurat passe idealistisk... ;) Det siste kjem av at rabarbraen er kjøpt av ein kosleg trøndersk bonde frå Berlin, som hadde bod på Bondens Marked i byen på laurdag.

I det eg og Lille A hasta forbi såg eg at han hadde såå mykje fint i boda si, så vi måtte berre stoppe! Litt etter hasta vi vidare, med ein papirpose med minigulrøtter og noko stoort nepeaktig (?), ein bunt rabarbra og ei eske spansk kjørvel som vi fekk på kjøpet. Og dette skulle han ha 36 kr for! Det må vel vere rein idealisme, vel?? Den spanske kjørvelen fekk vi med fordi vi skulle lage rabarbragraut, og då syns han den passa så godt å koke saman med den, og han hadde jammen rett! Ein nydeleg lakrisaktig smak, som satte prikken over i'en!

Dei søte små skålene er forresten frå Kremmerhuset, og voksduken er ein rest frå S&S.

Og så var det dette med den spennande dagen då...eg trur ikkje eg vil seie så mykje meir om den, anna enn at den er spennande. Og eg skal nok følge litt med utover kvelden, men får vel ikkje med meg slutten, så resultatet skal eg sjekke i morgon. Eg har i alle fall gjort mitt for å få det som eg vil... :)

2 kommentarer:

  1. HEI! Eg trudde det var EN gul knapp du tipsa om på facebook for noko sidan. Det er nemlig butikken til ei venninde av meg. Veldig koselig blogg! Eg har forresten slike klossar. Ædda bædda! Hi hi hi...

    SvarSlett
  2. Så fin blogg du har. Jeg liker det jeg ser. Fine bilder og artikler. Jeg faller totalt for lørdagsgodtet ditt: )

    SvarSlett



blogger template by lovebird