tirsdag 29. september 2009

Varmande fargar!

Photos by www.heatherbaileystore.com

Det er altså berre så surt ute i dag! Lang dag på jobben i barnehage, med regn og vind og hagl og snørr og tårer og latter...og så møte og trening og full fart frå det eine til det andre. Slik er faktisk kvardagen for veldig mange, trur eg. Eller i alle fall den delen med full fart... ;) Eg er så fornøgd når eg kjem meg på trening sånne dagar, for det er aller mest fristande å krype opp i sofaen med tekoppen, eller sette seg ved symaskina med tekoppen...men vanngym er heller ikkje å forakte, altså!
Og så vil eg jo ha tid til å blogge litt også! Bli inspirert! Finne fine bilder, flotte bloggar, spennande butikkar, nye menneske! Kjekt!

Bildet over er frå Heather Bailey, som eg syns har så herlege fargar på stoffa og bilda sine! Eg har enno ikkje handla noko der, men ho virkar så sympatisk, at det er sikkert berre stas!

Gler meg til ein ny dag i morgon, og tenk at det alt er onsdag då! Tida går så fort når ein har det gøy!

1 kommentar:

  1. Hei, Guro! Her har du funne fram til ein spennande stoffleverandør! Ein gløymer den sure haustdagen og får lyst til å sy noko lekkert og sommerleg! Eg er ein flittig gjest her hos deg. Bloggen din med tanker, bilete og kreative produkt er til inspirasjon og glede.

    SvarSlett



blogger template by lovebird