mandag 28. september 2009

No blir det fest!

I går kveld møttast vi tre venninner med symaskinene våre, og eg begynte på nokre fantastiske (men likevel så enkle!) vimplar til Lille A sin bursdag neste veke. Eg sydde trekantar i fleng, utan å sjekke kor mange eg trengte, så då eg skulle montere dei opp på kanteband hadde eg 34 å velge mellom! Hihi...det var gøy! Og noko av det kjekkaste med desse vimplane er at eg hugsar historia rundt kvart einaste av stoffa eg har brukt, og det er mange! Nokre er kjøpt på salg eller på nett eller litt forskjellig, medan andre har vore brukt til kjolar til meg og søstra mi då vi var små... Og så kan eg hugse at då eg fekk tak i akkurat det eller det stoffet, så budde eg der eller der, og så kjem minna strøymande! Herleg!!
Det vart to rekker med vimplar, men du får ikkje sjå det verkelege resultatet heilt enno...eg må jo pynte med dei først! :)
Eg blir jo så utruleg stolt og kry når eg har laga noko som eg er sååå fornøgd med, og måtte sjølvsagt ta dei med på jobben for å vise dei fram i dag..hihi.. Det funka! Eg fekk masse ros og anerkjennelse!

4 kommentarer:

  1. Å heisann - eg kjenner jo deg! Eg prøvar å vere ein tanke anonym i bloggen min, men dersom eg seier Volda...? ;)

    SvarSlett
  2. Aiai, finn ikkje epostadressa di...sender du ein til meg? posidriv (a) hotmail.com

    SvarSlett
  3. Sukk, nydelige vimpler! Tror jeg må lage meg noen selv! : )

    SvarSlett
  4. Hei Guro!
    Takk for koselig hilsen her om dagen! De vimplene så rett og slett fantastiske ut!!! Og så mange ! Farvene ser så utrolig flotte ut sammen. Gleder meg til å se den opphengt! Ha en fin kveld!
    Klem fra Kaspara

    SvarSlett



blogger template by lovebird