lørdag 19. september 2009

Ein nyyydeleg haustdag!

For ein fin dag! Eg og Lille A har hatt det så kjekt i dag! Først var vi på loppemarknad, der det var smekkfullt av folk, og vi kjøpte sparkesykkel som vart slept med gjennom heile den altfor trange gymsalen. Og så fann vi nokre andre småting også, og det meste skal utsetjast for litt redesign, og så får de sjå resultatet seinare..hihi..

Etterpå vart det is og open brannstasjon og bibliotekstur, før vi køyrde heim for å koooose oss i hagen! Eg syns sjølv at eg etterkvart har lært å bruke det fancy kameraet vårt dugeleg bra, for desse bileta er vel ikkje så verst? Dei er tekne med eit Nikon D200, og med den fantastiske macrolinsa, som eg likar så godt.
Som du ser så viser hagen seg frå ei god side i dag, takka vere knallblå himmel og strålande sol. Det er slikt ein blir glad av!

Men apropos loppis...eg kan nesten ikkje forstå at folk gidd å gå heilt bananas, og stille seg i kø ein og ein halv time før opning..(slik rykta sa at dei gjorde). Det er sikkert nokon som gjer nokre kupp, slik som ho som gjekk då vi kom, og som hadde funne tallerkenhylle...åh, som eg ønskar meg ei slik! Men då vi var der, ein og ein halv time etter opning, var det jammen mest skrot igjen..trur eg. ;) Nei, neste gong skal eg dra utan barn, og så finn eg kanskje meir eg også..og då kan eg kanskje våge meg på å prute også, for det gløymte eg visst heilt i dag. Eg er visst ikkje særlig dreven i denne businessen... :)

3 kommentarer:

  1. Du skulle hatt med deg lisje-søstra di, trur eg! Eller blitt med meg og Anne på den herlege loppis-utflukta vi gjorde til Jonsered og Östhjälpen idag! Vi var der prikk 10 når dørene opna! Også gjekk vi ein nydeleg haust-tur og plukka røsslyng i skogen etterpå. Eg lurer på om eg er av dei du kallar loppis-bananas, forresten? KLEM :)

    SvarSlett
  2. Tudeluu Guro!!!DU,det er helt "vanlig" å komme en halvtime før loppisn åpner altså....har til og med vært ute tidligere og..hihi-da kuppet jeg en del godbiter og det gir blod på tann altså:)
    Har akkurat kommet fra trening og sitter veldig opplagt forran pcn med ei skål solfrokost-føler meg kjernesunn nå altså:)
    Sparksykkeln ble kjempesøt (kjenner du radioflyer sine flotter sykler/trekkvogn.....Bettina fikk den røde sparkesykkeln i Danmark i sommer-liker!(og alt for dyr..)
    Klæm fra Julie
    Og du...nydelige bilder i bloggen!Koser meg med de fine stemningsbildene du tar!

    SvarSlett
  3. Har forstått at neste gong må eg berre vere ute i LITT betre tid, og at eg må gå utan barn... :) DÅ kan eg vel kanskje gjere det store kuppet? -og du må berre seie frå om du vil dra meg med ein gong, J!
    Skjønne Gine: eg skulle veldig gjerne gått med deg! Kom hit då, snälla!

    SvarSlett



blogger template by lovebird