Viser innlegg med etiketten tur. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten tur. Vis alle innlegg

mandag 21. januar 2013

Aktiv i kropp og tanke...

Foto: Bertil
Det knirkar i nysnøen på trappa. Nokre få fjon kom for å gjere landskapet reint og kvitt igjen. Akkurat nok for meg. Og heilt fin for skøytebana også. Desse bilda tok pappaen av Storesyster då dei var på nærmaste vatn for å teste skøytene. Varm i kinna, varm i kroppen, stolt og fornøgd! 

Og i aktivitet blir ein sveitt. Slik som eg vart på yogatrening i går. Eller, eg vart jo ikkje akkurat gjennomsveitt, men ganske varm og akkurat passe sliten og god i kroppen. (Og i dag kjenner eg jo verkeleg at kroppen vart utsett for nye, interessante øvingar i går..) Inni meg foregår det stadig merksnodige saker. Eg kan oppleve kjensler som fargar, og eg assossierer veldig fort når sansane vert aktivert. Kan dette henge saman, skal tru? Eg har i alle fall ei formeining om at dette heng saman med kreativitet. For kreativ, det er eg. Eg kan boble over av idèar og assossiasjonar, og treng ofte nokon som kan halde meg att for å seie kva som er gjennomførbart og ikkje. I går hadde eg forresten ein morsom assossiasjon i det eg kom ut av yogahallen, i det fine, nyoppussa treningssenteret, med parkett på golvet og fancy møblar i freshe fargar. Høgt under taket er det også. Og der, som om nokon dytta lukta opp i nasen på meg, tenkte eg berre på eitt ord: leirskule. Det lukta rett og slett som ein gammal leirstad, der sveitte ungdommar og sure sokkar har vandra rastlaust i gangane. Der herjing, skrål og sang har gått hand i hand med tente lys og klumpekos. Der paprikachipsen ligg i tusen knas, og initialar er skrapa inn i veggane. Oj, det vart mange gode minner fordøyd på få sekund. Av den herlege lukta av sveitte folk og joggesko. Heldige er vi som kan minnast så mykje av så lite!

Eg veit ikkje om du har lagt merke til det, men eg har altså gitt opp den utfordringa eg prøvde å slenge meg med på. Det er jo så skrekkeleg slitsamt å vere på etterskot. Sjølv når det gjeld slike kjekke ting! Dermed vart altså den ein av dei tinga eg så optimistisk kastar meg over, for å innsjå at eg ikkje gjennomfører. Det er vel stort sett berre når det gjeld strikking at eg ikkje er på den måten... Der brukar eg nemleg laang tid på å komme igang, men blir nesten manisk for å bli ferdig. Det er jo så tilfredsstillande! :)

Erteposar i fleng er lagt ut i Eplabutikken min. Fine, fine fargar og stoff! Og så er der forresten salg på ein del varer som har lagt der litt for lenge. Men erteposane er ferske i butikken, og eg er ganske stolt av utvalget der no. Lyst og fargerikt og fint. Akkurat som eg likar det! ;)

Ha ei nydeleg veke!

tirsdag 1. november 2011

Tips til Københavntur?

Foto: Butik Retro Villa/Tia Borgsmidt

Om nokre dagar går turen til København, dette mekka for oss bloggarar... ;) Eg har funne fram til maaange ting eg vil gjere der, men lurer på om du har nokre tips til meg? Heldigvis skal eg reise med to gode venninner, og vi vil få med oss både kultur, kreativitet og shopping, og sjølvsagt også god mat og drikke. :) Vil du sjå kva eg har funne fram til? Klikk på navnet for å komme til heimesida.

Butik Retro Villa - med eit fantastisk utvalg retrotapet og anna godis! (Badstuestræde 17)
H&M Home - kanskje verdt ein titt? (Læderstræde 27)
Notre Dame - dill og dall og småtteri? (Nørregade 7)
Grønlykke - fargerik og retro og søt... (Læderstræde 3 og 5)
Fil de fer - franske loppemarkedfunn (Store Kongensgade 83a)
Workshop Copenhagen - eit kunstnerkollektiv (Studiestræde 16)
Designer Zoo - butikk, verkstad og galleri i eitt! (Vesterbrogade 137)

 Foto: Illums bolighus
Casa shop - dansk og internasjonal design (Store Regnegade 2)
Hay CPH - så mykje kult interiør! (Pilestræde 29)
Stilleben - keramikk, glas, tekstil, interiør, smykker... (Læderstræde 14)
Illums bolighus - dansk design og interiør i massevis! (Amagertorv 10)
Solspejlet - antroposofisk butikk (Frederiksborggade 41)
KAiKU - skandinavisk design (Kompagniestræde 8)
Husflid - retro og superkreativt (Blegdamsvej 124)
Louisiana - Museum of Modern Art
Girlie Hurly - fargerikt og fint (Istedgade 99)
Quriosa - gjenbruksbutikk (Rantzausgade 33)
Foto: Grønlykke
Contrast - kjøkkengreier og gåver, trur eg (Hovedvagtsgade 6)
Sømods Bolcher - liten dropsfabrikk (Nørregade 36)
Superlove - både klede og living.. (Nørregade 45)
Stof2000 - stoff og sytilbehør

Det hadde vore veldig kjekt med tips om fine marknader eller galleri vi kunne besøkt, syns eg. Har du nokre butikkar, teater eller museum som du vil anbefale? Eller kva med supre cafèar eller andre spisestader? Mmmm - eg gler meg masse, i alle fall!

Og jada, eg veit at dette vart litt i overkant mykje, men vi må jo ha litt å velge blant. ;) Og dette innlegget er nok veldig for meg og dei to reisevenninnene mine! Men kanskje andre også finn tips her? Eg har i alle fall benytta meg av tips frå BoligLiv og Klikk i leitinga. :) Om du legg att dine beste forslag, hadde eg blitt superglad om du la ved lenke eller noko, slik at eg kan finne fram.. ;)

Ha ein fin kveld!

søndag 5. juni 2011

Glimt frå Paris

Eg er heime igjen etter kjempefine dagar i Paris og gode dagar på Sunnmøre. For ein luksus det er å dra på tur! Eg elskar verkeleg å vere på veg. Dra med meg bagasjen og dei eg er glad i, inn i ein bil, eit tog, ein t-bane eller eit fly. Vere på farten. Kikke på menneska rundt meg, smile til dei og fryde meg over smil i retur. Lurer på kor alle skal? Lurer på kor dei kjem frå? Lurer på korleis dei har det? Om eg har tid og ro syns eg det er moro å lage meg forklaringar på ulike ting. Sjølvsagt blandar eg inn fordommar i bøtter og spann, men også litt humor eller tragedie, kjærleik eller sinne... Joda, fantasien er i orden. :)

Vi hadde altså tre nydelege dagar med kultur, romantikk og opplevingar i sjølvaste Paris. Og ei av dei beste stundene for meg var faktisk ein tidleg morgon i stille gater. Kvelden før var vi i bryllup på fasjonable Ritz, men med baby på tur vart det ikkje store utskeielsane for meg. Det var difor heilt greit å komme seg ut av hotellrommet kl. 8 morgonen etter, trille tur med morgonsola i augene bort til ein cafè, og gå derfrå og inn på plassen framfor Louvre med ein kaffe i handa. Der var sanden heilt kvit, bygningane store og overveldande flotte og detaljane uendeleg mange. Kineserane stressa, uteliggarane gjorde morgonstellet, dei spreke var på joggetur og vannspreiarane vatna gras, blomster og trær. Eg sette meg på ein benk og kikka på alt, medan Lillebror tok ein liten morgondupp i vogna. Etter at vannspreiaren bak meg forveksla meg med ei anna busk, spratt eg raskt opp og rusla inn i parken. Der var det vakkert! :) Og snart kom også den kjekke mannen min ruslande, og vi kunne finne ein frukostcafè.
Eigentleg burde eg investere i eit kompaktkamera. Det er synd at kamerautstyret skal fylle ein heil sekk, vege utallige kilo og kreve meir kunnskap enn eg har erverva meg til dags dato. Løysinga på denne vesle morgonturen vart difor eit halvdårleg mobilkamera, som ved hjelp av Picnic har blitt til litt kule bilder. 
Kanskje mannen har fleire fine bilder eg kan få, og på den måten vise meir av Paris i eit seinare innlegg..

Tusen takk i massevis for flotte tips! Eg må berre innrømme at tida gjekk frykteleg fort og strakk ikkje til til alt det eg hadde lyst å gjere. Men vi fekk sett masse likevel og kosa oss! Herleg! :)

Hugs forresten at eg trekker blogglotteriet mitt i morgon! :)

mandag 23. mai 2011

Skulle ønske...og Paristips..

Skulle ønske eg fekk meg til å strikke ein slik! Eg fall pladask for dette herleg sommarplagget,
og så snart eg får somla meg til det, skal eg bestille dette fiiine garnet og sette meg ned med strikkepinnane!
Bilda har eg fått låne av flinke MonsterMønster, som forresten vart kåra til Beste håndarbeidsblogg i Håndlaga 2011! Du finn innlegget om dette strikkeprosjektet og mønsterlenke  her.
Om ikkje så lenge drar vi på bryllupsreise til Paris...hihi!
Ja, det er ikkje vårt bryllup, altså, for det er faktisk snart fem år sidan,
men det er nokon andre som giftar seg i Paris, og vi er så heldige å få komme! :)

Trur Lillebror hadde likt seg i ein slik sommarleg dress der. For det er vel sommar der no? :)
Er det forresten nokon som har tips 
til kva vi bør gjere og sjå når vi er i Paris?
Mannen, eg og Lillebror skal bu rett ved Louvre, så dit skal vi sjølvsagt.
Men ellers har vi lite planar for den laurdagen og søndagen vi skal vere aleine.
Tar gjerne imot tips, og kanskje det beste tipset får ei belønning? ;)
Gler meg i alle fall MASSE til kultur, cafèliv og romantikk...

Håpar du har ein deilig mandag!

onsdag 27. april 2011

Påskeglimt

Eg må jo berre komme med nokre bilder for å vise fram litt av mi påske, slik som så mange andre gjer.
Det blir tatt bilder litt i rykk og napp når eg er på tur. Enten har eg kamera framme og tar mange bilder, 
eller så ligg det godt pakka ned, og blir ikkje leita fram. Omtrent som pc-bruken, altså... ;)
Og så syns eg dette innlegget hos bareWunderbar sette så fint ord på det. 
Måske er det fraværet, der giver mig nærvær andre steder...
 Vi har vore på påskeeggjakt i skogen saman med nokre av fetterane.
Det er stor stas å vere på garden til bestemor og bestefar!
-og eg skulle jo tatt bilde av dei bittesmå lamma og geitekillingane!
Og vi har også vore ved havet. 
Det store, store, utruleg fascinerande havet.
Eg ELSKAR lyset der ute i havgapet.
Og den fredelege lyden av hav.
Og lufta som er så frisk!
Storesøster storkosa seg på stranda i den nye, herlege regndressen sin.
Og Lillebror fekk sine første raude roser i kinna, der han hang og kosa seg i bæresjalet på magen min.
Det var forresten nesten umulig å ta bilde av Storesøster, for ho var heilt i hundre heile tida, og ikkje særleg interessert i å bli tatt bilder av. Men eg syns det er greit. Det er jo jammen ikkje så ofte at vi har mormor i nærleiken og ei strand rett utanfor døra! Ja, for mormor leigde ei lita hytta nokre dagar, slik at vi kom oss ut i havgapet og hadde masse tid der. Eg blir nesten freista til å sette opp eit hus der ute ved havet, eg!
Lillebror nærmar seg 6 månader no. Og tida går så usannsynleg fort! 
Sjå kor stor og skjønn han er! (-og alltid lett å ta fine bilder av!)

Håpar du også har hatt gode dagar!

onsdag 30. mars 2011

Tilbake til snøen..

Eg har vore på tur i helga, nesten heilt aleine, og det har vore såå kjekt!
Det var altså berre meg og Lillebror, for han må jo vere der puppen er, med vogn og ryggsekk på togtur til Oslo. Så deeeilig! Der var det jammen skikkeleg vår! Eg hadde heldigvis lagt att Sorelstøvlane heime og pakka tøysko i bagasjen, og kunne vandre rundt i kjente trakter på Grünerløkka på tørr asfalt.
Det vart cafèmarathon og Sprellbesøk med skjønne M på fredagen, deilig lunsj med gamle kjente på laurdagen og litt andre venninner innimellom. Så godt å ha to heile dagar og ikkje berre to timar i byen!
Søndagen var eg fadder i barnedåp, og det var eit nyyydeleg dåpsbarn og ei fin feiring! 
Og det er jammen litt av ei ære å få vere fadder! :) Takk BO! 
Desse herlege keramikkmagnetane av Tiril Havdal kjøpte eg på designmarkedet Sukker før eg reiste.
Det er så koseleg å ha med ei lita gåve til vertinna! Ho var så snill at ho lånte ut det vesle soverommet sitt til meg og Lillebror, og låg sjølv på sofaen i stova i fire netter... Slik er det med ein liten toroms sentralt i byen. Men vi storkosa oss! Dessutan var dette eit besøk som var enklast når vi ikkje kom fire på ein gong! Hihi..
Og heime i Trondheim var det ei Storesøster og ein pappa som sakna oss, og det syns eg også var heilt greit!
Eg trur jammen det er sunt for alle at vi saknar kvarandre innimellom! Og så godt det er å sjåast igjen! :)

Vel heime er det full vinter og snø i store mengder! Eller...vi merkar jo at det er vår!
Himmelen er blå, sola varmar og snøen smeltar... Tid for frappe, kanskje? ;)

Ha ein herleg dag!

tirsdag 18. januar 2011

Tilbake frå herleg tur :)

Ut på tur med fly og tog. Ein draum! 
Enno ein gong må eg seie at eg har nok verdas skjønnaste jente! ;) Ho er heilt fantastisk å vere på tur med -ja, i alle fall når ho er blid som ei sol.. :) Ho var like glad som eg for å vere på tur, Lillebror sov godt og vi storkosa oss. Berre det å reise saman. Sjå på flya gjennom vindua på flyplassen. Springe over perrongen på jakt etter riktig vogn på toget. Prate med medpassasjerar. Teikne og kose seg medan ein høyrer på Den vesle tigeren og Bjørnen som skulle til Panama. Sjå på husa som fyk forbi. Og vips, så er vi over grensa, og vi ventar berre på å komme fram. Og vel framme ventar verdas beste tante og onkel!
Avslappande dagar i Gøteborg. Ein by eg storkosar meg i!
Vi har rusla i sola i Slottsparken, kosa oss på cafè, 
vore innom fleire loppisar (og gjort nokre kupp!),
og vi har vore i ei heilt skjønn leilegheit saman med gode menneske.
Barna mine er heldige som får så mykje kjærleik.
Som mor er det så utruleg godt å sjå den gjensidige kjærleiken
mellom dei vaksne og barna. Tante og onkel, Lillebror og Storesøster.
Tusen, tusen takk for alle helsingane eg fekk på det forrige innlegget!
Eg har sugd til meg all motivasjonen eg kunne få, og Lillebror har no tøybleier på igjen. :)
Sjølvsagt kjem eg innom alle som legg att helsing, men det er ikkje alltid tida strekk til slik eg vil. Skulle så gjerne lagt att helsing til kvar og ein, men det blir nok litt sporadisk... Men de skal i alle fall vite at eg sett utruleg stor pris på dykk, og utan tilbakemeldingar ville blogginga vore ganske kjedeleg.. ;)

Ønskar deg ei herleg veke!

torsdag 2. desember 2010

På tur med opne auge

Endeleg kom eg meg ut på tur i nabolaget! Med gode 12 minusgrader i lufta pakka eg oss godt inn, og bestemte at i dag skal bekkenet og bakkane testast... Det skulle bli ein roleg og fin runde i sola, så eg tok med kamera. Og det er så fint å gå tur med kamera i handa!! Augene er med på ein heilt annan måte enn ellers!
Sjå berre desse nydelege fuglekassene, og treet som har julekuler på...

Ja, så likar eg jo å ta bilder også, da! Og prøvar meg fram for å lære meir, men er nok ein frykteleg utolmodig student og utforskar! Kanskje eg skal ønske meg eit ekte fotokurs til jul? Syns jo sjølv at eg har potensiale...hihi! Og vi har godt nok utstyr, så eg burde jo bli i stand til å utnytte det!
Uansett, bildet over er samme motiv men med ulikt fokus. Syns raude nyper i den kvite snøen er så flott! 
Og iskrystalla som dekker det meste no er heilt utrulege! 

Med kamera dinglande over skuldra var eg årvåken på jakt etter elg. Stadig vekk høyrde eg rasling og knirking inni mellom trea, men såg heldigvis ikkje elg denne gongen... Eg må innrømme at eg er redd dei store dyra, sjølv om dei som bur her oppe ikkje bryr seg om folk. Eg håpa nok at eg skulle få tatt eit godt bilde av ein elg eg håpa eg ikkje skulle møte... Komplisert. ;)

Eg høyrde mange andre lydar også, og måtte stoppe opp under dette treet. Lenge leita eg med augene før eg fann hakkespetten, men den var der! Med flott raud farge og intens hakking i treet... Åh, så kjekt! Ekornet eg møtte etterpå var imidlertid så rask på foten at eg ikkje rakk å knipse. :)
Og bekkenet? Joda, det holdt! Jippi!!

Ta med deg kamera på tur, du også!

tirsdag 13. juli 2010

Mormorlukke!

Tenk å vere fire år og litt til, og ha sommarferie med masse besøk!
Denne gongen er det snille, gode, varme mormor som har vore her, og siste dagen sette ho opp teltet sitt i hagen. For ei lukke!
Lille A stråla og fnisa og knisa og lo, sprang rundt i sommarkleda (eller helst utan), plaska i bassenget, leika med dukker, blomar, vatn... Og mormor er toppen!
I morgon reiser Lille A på spennande fjelltur i telt saman med pappaen, og i dag har dei fryda seg med å lage pakkeliste og matliste og forskjellig planlegging. 
Tenk å vere så glad i pannekaker, og så spent på tur, at ein ikkje greier å stoppe å le når mammaen kjem med idèen pannekakerøre på flaske på telttur! :)

Eg håpar sommarvèret er tilbake i morgon, for eg skal vere stranda i eigen hus og hage nokre dagar. 
Gler meg masse til å nyte gode bøker, ro og fred og tid med symaskina mi.

Og forresten - tusen takk for fine kommentarar!
Kjekt å sjå at de er her, trass ferietid og lange sommarkveldar!
No skal eg ta meg ein runde på bloggane dykkar! :)

Klem

onsdag 30. juni 2010

Fridagar...


Ah, så utruleg deilig det er å ta nokre dagar fri med familien! 
Ikkje at eg akkurat jobbar så veldig mykje no for tida, men det er det andre som gjer... Eg går mest heime og steller med meg sjølv, medan folk flest jobbar og slit og ventar på ferien. Det er luksus! Men for å vere heilt ærleg så skulle eg heilt klart heller ha vore rask og sprek og på jobb!

Bildet viser korleis den knallgule, fine valmuen såg ut etter nokre dagar heime aleine...

Uansett, så tok vi nokre dagar borte, eg, mannen, Lille A og morfar. Vi sette oss i bilen, håpa feberen og forkjølelsen til Lille A var på retur, og køyrde til Østersund. Det trur eg nemleg er ein fin by! Og eg gledde meg til å harryhandle både det eine og det andre, men det vart heller lite handling. Fredag kveld pluss laurdag formiddag såg eg kanskje 30 personar totalt i gatene i sentrum av byen. Det var som om heile byen sov. Ingen opne butikkar, ingen opne restaurantar, ingen opne kioskar...jammen godt at vi hadde fint hotell!
Heldigvis kunne Lille A gå i dyreparken og på tivoli med pappa og morfar, 
medan eg fann eit herleg konditori, som heldigvis tok seg godt av meg og mine behov...
Vi kosa oss alle saman, heilt til øyreverken vart for intens, og hotellsenga og godisen var det beste. :)
Foto: Bertil

Hugseliste til neste gong:
  1. Sjekk at byen er open før du drar (ikkje dra når det er midtsommar!)
  2. Sjekk at du ikkje treng krykker lenger (utruleg slitsomt å gå rundt med krykker...og vondt) og at alle er friske!
  3. Sjekk at du har rikeleg med cash til alle dei små loppisane langs landevegen (og hugs kva som er verdt ein stopp, og kor du berre kan køyre rett forbi, om du tør...)
 No ventar vi på sommaren, som vi fekk ein smakebit av i går!
Ha ein fin dag!

mandag 26. april 2010

Ein eventyrleg stad...

Ein nydeleg sti tek oss med vidare innover... Hos meg set den i gang refleksjonar og tankar, og hos deg..? Denne stien har eit fantastisk overbygg av pil, og etterkvart som sola og varmen får betre tak skal den bli tett av blad. Den blir herleg grøn og full av springande, leikande og leande barn! Kan du sjå det for deg? For ein draum av ei fantasiverd for eit barn!
Greinene strekker seg mot himmelen, og det er mange slike flotte tunnelar på denne her! -og sklier og klatrestativ, bålplass og gapahuk. Her er det godt å vere!
Forrige helg var det regntøy som var tingen...denne helga var det joggesko. Det går framover!
Takk til fotografmannen, forresten ;)

Ønskar deg og dine ei eventyrleg veke!

torsdag 25. februar 2010

Land Art

"Maple Leaves arrangements"
Har du høyrt om Andy Goldsworthy? Han er kunstnar, og driv med Land Art, ein kunstart som er ganske så fin. Det beste med den er at den er så inspirerande for ting ein sjølv kan gjere ute på tur. Kanskje aleine, med kameraet, eller saman med barn, familie eller vennar. 

Konseptet er at du brukar det du finn i naturen, så det treng ikkje planleggast, og det skal ikkje brukast unaturlege element. Du kan skape nydelege kunstverk, og dei vil brytast ned på naturleg vis, slik naturen gjer det når den ryddar opp. Det er også ein del av kunsten. :)
Bileta er henta frå Google, og det var mykje å velge mellom! Eg fann også ei side med bilete av andre, inspirert av denne kunstnaren, og den sida kan du finne her.
Hihi, eg har fått ein award/utfordring frå Bella Vintage, og skal fortelje sju interessante fakta om meg sjølv... No er det jo litt vanskeleg for meg å seie noko om kor interessant dette er, men det er i alle fall ganske personleg, slik at alle de kjekke lesarane kan bli litt betre kjent med meg. :)
  1. Eg har ein uendeleg straum av idèar og lyster eg har lyst til å gjere noko med! -men er litt for tiltakslaus til at det blir så veldig mange resultat...
  2. Eg syns det er ganske kjedeleg å sjå på OL, og gler meg til det blir litt andre ting på tv igjen...
  3. Eg jobbar som pedagogisk leiar i barnehage, og er stolt av det! Syns jobben med dei minste barna er umåteleg interessant og viktig, og får brukt veldig mange områder av meg sjølv.
  4. Eg har vore aktiv speidar i mange år (men det er nok lenge sidan no), i tillegg til korps, musikkskule, kor og andre ting... Og eg skulle ønske eg hadde tid og overskot til å vere med i barne- og ungdomsarbeid no. ;)
  5. Eg oppfattast som ganske tolmodig, men er eigentleg ikkje det... Eg likar når det skjer ting, blir sprø av antakelsar, fastgrodde tankemønster og for mykje babbel.
  6. Eg koplar ut alle stressande tankar når eg løyser sudoku.
  7. Eg har ei lillesyster som eg er umåteleg stolt av! Ho har blitt det ho drøymte om!
No skal eg eigentleg gi denne vidare til 7 andre bloggarar, men eg står over den delen... Syns det er veeeeldig mange som fortener denne, og dedikerer den til alle på blogglista mi!

Ha ein herleg kveld, jenter!

torsdag 18. februar 2010

Herlege Gøteborg!

 
Eg har vore på tur! Eg har vore på ein heilt fantastisk tur! Ein tur heilt aleine! :) Åh, det var fantastisk godt å reise av garde, med sekken på ryggen (utruleg mykje meir praktisk enn koffert!) og handveska full av hekletøy og lesestoff. Men eg hadde ikkje komt lenger enn til flytrappa før eg følte at eg hadde gløymt noko...eller nokon. Det er nemleg første gongen på to år at eg reiser utan barn, og det var både rart og godt og viktig og...hm, rart. ;)
Målet for reisa var Gøteborg, ein by eg likar betre og betre etterkvart som eg blir betre kjent med den. Verdas skjønnaste, godaste og herligaste syster bur der, og det er så godt å vere med henne!

Bildet over er utsnitt frå leiligheta ho delar med kjærasten sin. Ho er musikar og han er keramikar, så det er ein kunstnarisk heim, der kvar ein detalj er tenkt på. Og faktisk kunne eg tatt bilder av kvar ein krok, men slikt hadde eg slett ikkje tid til! Men du får sjå eit glimt av ei tekanne som Erik har laga, minner frå Japanturnè, loppisfunn og ein kopp Gine har arva av vår oldemor. Den brukast til sukkerkopp, og det er så fint at den er i bruk enno, så tynn og skjør som den er.
 
Hihi, dei hadde ikkje akkurat laga utstilling på minipianoet, dei har berre nettopp flytta, og lid under henge-på-veggen-angsten, som mange av oss kjenner att... Men eg likte det litt rotete pianoet, eg! Telefonen er også ganske morsom, for den vart kjøpt på loppis for ein femmer eller noko, og har 12 ulike deksel i herlege retrofargar. Akkurat no var det gulldekselet som var på, og telefonen var utruleg stilig på det enorme, luksusskrivebordet som brukast til spisebord i stova. At det berre var svigermor som ringte på fasttelefonen gjorde ingenting. ;)
 
Cafèen Two little birds opna for første gong den laurdagen, og var opna av vennar av Gine og Erik. Dei hadde jobba vanvittig mykje med innreiing, og alt var second hand. Og sjølv om ikkje alt var like praktisk så var det jo kosleg..

Har ikkje blogga på ei veke, og det er - som alltid - godt å vere tilbake! 
No er det snart helg igjen (det går såå fort!), og eg skal kose meg heime i helga. Kva skal du?

Ha ein fin fredag!

torsdag 8. oktober 2009

Nesten fredag!

Photos by Ingrid Riddervold
I morgon er det plutseleg og endeleg fredag igjen! Veka har så langt vore svært innhaldsrik, og helga skal også bli bra! Eg satsar på å få vere kreativ aleine, med Lille A og med ei venninne... Har brukt kvelden til å kikke rundt på ulike bloggar, og eg finn så mykje fiiiiiint!! Blir utruleg inspirert!

Og så er det så kjekt å sjå at så mange tek turen innom her også! Håpar denne bloggen også kan inspirere, og at den viser at ein ikkje treng å legge lista så høgt, men likevel få til noko fint... ;)
Har lyst å vise fram ein butikk som eg trur eg må innom på byturen min på laurdag... Den ligg på vakre Bakklandet i Trondheim, og dit kan ein gå for å kjøpe både nydelege og morsomme ting. Det er berikande for ein by å ha eit slikt strøk og slike butikkar! -og ta gjerne ein kaffe på Dromedar når du ruslar forbi!

Den fine lommeboka du ser øverst er blant dei tinga du kan få kjøpt på Pryd. Den er laga av Ingrid Riddervold, og fins i mange ulike variantar, gamle og nye mjølkekartongar, Litago, vanilje og gelè m.m. Herleg! Ho lagar også fargerike sminkepungar, ringar og øyredobbar med retrostoff og mykje anna gøy!

Håpar vi alle får ei helg fylt av folk vi er glad i, fine opplevingar, vakre fargar og flott haustsol!

onsdag 19. august 2009

Litt soppinspirasjon...


Den er jo unekteleg litt styggpen, denne fluesoppen. Og sjå dei fargane! - skikkeleg kvit stilk, og ein nesten trillrund topp i raudt og kvitt. Men eg undrar litt på korleis den har fått såra sine? Og så lurer eg på kor eg skal applikere min neste sopp?


Dette vatnet ligg fem minutt frå huset vårt, og her finn vi blåbær og bringebær, og vi kan stoppe for å mate ender og småfisk. Lille A storkosa seg på tur her oppe, og det gjorde jammen vi andre også! Og eg som trudde eg hadde blitt heilt byjente...hihi!

Photos by Bertil

søndag 26. juli 2009

Er det framleis sommar?

Vel heime etter nokre veker på farten, og eg må berre spørre..det er vel sommar enno ei stund? Her er det grått og surt og berre elleve grader i dag! Det er jo kosleg å fyre i peisen, men eg trudde ikkje vi skulle gjere det i juli, altså. Men, men, noko må vi jo bruke brystpanelet til..hihi... I dag har vi (eller mannen) rive ned alt inne på lilledoen, og så skal vi pusse opp der dei neste dagane. Det er litt kjekt! Og eg har baka nydelege skulebollar og pusla med symaskina i dag. Men resultatet av syinga vart ikkje akkurat som eg tenkte, så eg må nok prøve på nytt i morgon.

Bildet over er forresten frå Stokkøya, kor vi hadde kjærastetur tidlegare i sommar. Det var fint!

søndag 19. juli 2009

Transplant

I går var vi innom eit spennande senter, som ligg i ei lita vestlandsk bygd. Vi endte opp med å kjøpe nyydeleg muffins og ein stilig kopp, som passar fint til te eller kaffe latte. Den er frå Koziol, og sjølv om eg ikkje har "oppdaga" den før denne sommaren, er den ikkje akkurat årets modell. (Dessutan så er den litt finare enn eg har klipt den ut..eg held nemleg på å øve på Gimp, slik at bilda kan bli ok uansett bakgrunn.)

Dette senteret vi var på heiter Transplant, og dei skal ha redesignkurs ganske snart. Det hadde vore såå kjekt å vere med! Men i staden får eg reklamere litt for dei her.

lørdag 23. mai 2009

Gode dagar


I dag har vi vore på lang og god sykkeltur. Finevèret kom, akkurat som eg vart lova, men då vart det jammen ikkje mykje tid til å sitte inne og blogge! Men uteliv blir derimot prioritert, og det er utruleg godt for kropp og sjel.


Lille Anna kosa seg også på tur. Ho sovna likegodt i sykkelvogna på dei humpete skogsvegane, og våkna ikkje før vi kom fram til vatnet der vi slo oss ned og laga middag. Nokre ender kom heilt bort til oss og fekk loff, og det var stas for store og små.


Etter ei hageøkt då vi kom heim, smakte denne godt!
Vi lagar ofte smoothie til kvelds på varme dagar, og brukar helst
banan, vaniljeyoghurt, frosne bringebær og eplejuice.
Men andre bær, yoghurtar og juicar funkar også bra!
-og det er alltid godt!
Posted by Picasa


blogger template by lovebird