Vi storkosar oss med våren i Trondheim!
Eg trur jo at det vèret vi har akkurat no, er slikt vèr vi skal ha i lange tider framover. Har rett og slett vanskar med å forestille meg at det plutseleg ein morgon kan vere kaldt og surt,grått og trist, støvlar og strømpebukser igjen... Men for å vere på den sikre sida tar eg likevel inn dei nysådde frøa mine om natta.
Det er faktisk nesten minusgrader då, altså! Men enn så lenge strålar sola varmt og godt!
Denne helga hadde vi veldig lite planar. Vi skulle berre pusle rundt huset, rydde i hagen, gå tur og kose oss.
Det gjorde vi verkeleg også! Men kanskje kjekkast av alt var likevel turen vi hadde til Rotvollfjæra saman med gode venner. Storesøster kunne såvidt sykle aleine før vi tok turen dit, men etterpå hadde ho verkeleg stålkontroll! Det var heilt genialt å drive sykkeltrening på grasplenen ovanfor fjøresteinane.
Flatt og fint å sykle på og heilt greit å ramle der. Ingen nye skrubbsår! :) Og ho var så stolt!
På bildet ser du gliset, men du går glipp av lyden - ho ler heile vegen!
Vi fekk også testa ut litt av utstyret til Lillebror i helga.
Han har nemleg TFK sin nyaste vognbagmodell, Multi X, som du kan sjå nærmare på
her.
Vi er så langt veldig fornøgde! Eg ville ha TFK fordi den er lett å trille, har handbremse og går lett inn i bilen.
Ikkje superfornøgd med alt, men så stiller eg høge krav også... Yrkesskade etter å ha prøvd ut utallige vogner i barnehagejobben? Skulle hatt min eigen perfekte kombinasjon av fleire ulike..!
Uansett: det store minuset med denne vogna har jo etter mi meining vore det at barnet må ligge vendt bort frå deg frå den dagen du velger å kutte ut bagen. Dette kan jo vere ganske tidleg, og då mister ein den kontakta ein har med kvarandre ute på tur, og som eg syns er ubetaleleg! Men med denne nye bagen kan ein altså fikse og trikse litt.. Ryggen kan hevast, fotenden gjerast litt om, bagen vippast opp - og hokus, pokus, du har ei sittevogn vendt mot deg! Hurra! Lillebror er enno litt liten til å sitte der særleg lenge, men det er heller ikkje mykje jobb å trylle den tilbake til den lune, gode bagen som er så god å sove i. :)
I vogna si har Lillebror no også fått den utruleg fine posen han fekk til dåpen sin. Den heiter LilleSommer, og du kan sjå nærmare på den
her. Vi er så utruleg fornøgde med den! Kjempedeilig stoff, ullfòr og lekker design! Litt stor enno, men det betyr vel berre at han kan bruke den leeenge! Tuusen takk, J!!
No skal det syast her!
Eg har funne ut at Lillebror må ha nye penklær til 17.mai, og det skal eg greie å fikse!
Har forresten lagt ut nye stoff til salgs i
Eplabutikken min! :)
Ha ein deilig kveld!