fredag 31. juli 2009

Pyssel de luxe

Eg fann denne fine boka på 70% på Panduro i dag! Det er gøy, det! Den heiter Pyssel de luxe 41 vansinnigt piffiga pyssel! og er skriven av Josefin Ekman. Det står om den at den er en praktisk inspirationsbok för dig som tycker att handarbete är minst like avkopplande som en timmes yoga, och som saknar lekistidens ohämmade klisterfester.

Lille A og eg nyt den siste feriedagen med bytur og pussel og musikk...

torsdag 30. juli 2009

Søte teikningar

Kom over denne i dag, og Stephanie Fizer har nokre kjempesøte print på Etsy. No er det berre å finne ein favoritt eller to og skrive ei helsing til henne, så kanskje du er den heldige som vinn gåvekort?

onsdag 29. juli 2009

Nye sanseputer

Mjuke, gode sanseputer, som stimulerer ulike sansar hos det vesle barnet. Denne lilla puta har ulike fløyelsstoff og tre rosa knappar på eine sida, og 15 ulike band rundt kanten. Desse er utruleg morsomme for ein baby å plukke og kjenne på. Stoffa har kontrasterande fargar, og er fine å sjå på.

Baksida er eit gammalt stoff frå Ikea, og inni er den fylt med vatt.

Dette vart nesten som ei fotballpute, med den grasgrøne fløyelen bak fotballungen. Det er vel fordi eg er så glad i fotball..haha!

Baksida er av eit kjempefint prikkestoff frå Reprodepot. Det er ein bra stoffbutikk, og varene er supre!

Sanseputene er forresten til salgs, og det ligg fleire på eldre innlegg også.

tirsdag 28. juli 2009

Hobbypakke!

Så morsomt! I går kom det pakke i posten, og det er jo alltid spennande. Og denne gongen var det frå Hobbyklubben, eller kva det no var det heitte....hihi, eg er ganske flink til å bli medlem i bokklubbar!

Eg har i alle fall begynt å glede meg til hausten kjem, for då vil eg leite fram garn og heklenål, og sjå om eg kan hekle nokre enkle ting. Eg kan jo ikkje hekle om sommaren!

I den pakken var det andre kjekke ting også:
  • Søm - ei abc-bok (som gjer meg ganske frustrert, for den må eg nok bruke når det er noko eg ikkje får til, og det likar eg ikkje...)
  • Eit smykke (som eg kanskje ikkje kjem til å bruke, sjølv om Lille A syns det var veldig fint.)
  • Eit reisesyskrin
  • Quilteutstyr, med linjal, skjærefjøl, rullekniv og div. nåler og slikt (så no har eg lyst å sy fleire lappetepper!)
  • Og best av alt: ein kjempefin Stelton shopnic bag. Den er ganske rosa, og så kan den brettast saman og bli berre 7 cm høg, men elles er den super til alt frå piknik til matvarehandel...

Endeleg retro!

Denne kjolen må eg seie meg svæært nøgd med! Den vart kjempefin, og midt i blinken til ho som skal få den , trur eg. Den er sydd av eit gammalt restestoff, og kanta med vanleg grønt kanteband. Det vart ein fin kontrast! Knappane er trykknappar frå Panduro.

Eg ville at det skulle bli eit sett, og laga difor ei grøn bukse som skulle matche. Første forsøk var skikkeleg mislukka, men denne gongen gjekk det betre. Stoffet er jersey frå S&S, med kjolestoffet nederst i beina og som elefantapplikasjon. Oppskrifta er på ein måte frå Ottobre nr.6/2007, men den er gjort litt om på.
Nederste bildet er eit nærbilde av elefanten, som er klipt ut på frihand etter eige hovud, men som vart litt rufsete då eg sikksakka kanten. Neste gong skal eg finne ein annan måte å gjere det på, trur eg.

søndag 26. juli 2009

Er det framleis sommar?

Vel heime etter nokre veker på farten, og eg må berre spørre..det er vel sommar enno ei stund? Her er det grått og surt og berre elleve grader i dag! Det er jo kosleg å fyre i peisen, men eg trudde ikkje vi skulle gjere det i juli, altså. Men, men, noko må vi jo bruke brystpanelet til..hihi... I dag har vi (eller mannen) rive ned alt inne på lilledoen, og så skal vi pusse opp der dei neste dagane. Det er litt kjekt! Og eg har baka nydelege skulebollar og pusla med symaskina i dag. Men resultatet av syinga vart ikkje akkurat som eg tenkte, så eg må nok prøve på nytt i morgon.

Bildet over er forresten frå Stokkøya, kor vi hadde kjærastetur tidlegare i sommar. Det var fint!

søndag 19. juli 2009

Sommarfryd


Det er så spennande! Det kriblar i magen og musklane spennar seg! Ei ekte krabbe! Og den er ikkje død, men heilt levande! Ok, så er den berre nokre få centimeter stor, men for Lille Anna er det meir enn nok. Ho nyt livet på landet og ved sjøen!


Morfar er så tøff, for han kan holde fram krabba så vi kan sjå den på nært hald.


Og der, oppi isboksen, der har desse to samla fleire krabber og smådyr frå fjøresteinane. Kanskje eg skal våge å ta denne lange pinnen borti? -undrar veslejenta.

Transplant

I går var vi innom eit spennande senter, som ligg i ei lita vestlandsk bygd. Vi endte opp med å kjøpe nyydeleg muffins og ein stilig kopp, som passar fint til te eller kaffe latte. Den er frå Koziol, og sjølv om eg ikkje har "oppdaga" den før denne sommaren, er den ikkje akkurat årets modell. (Dessutan så er den litt finare enn eg har klipt den ut..eg held nemleg på å øve på Gimp, slik at bilda kan bli ok uansett bakgrunn.)

Dette senteret vi var på heiter Transplant, og dei skal ha redesignkurs ganske snart. Det hadde vore såå kjekt å vere med! Men i staden får eg reklamere litt for dei her.

Kvardagsenglar...

Ein liten engel som eg har fått av ei god venninne. Ho sa den ropte navnet mitt frå plassen sin på den sør-afrikanske marknaden. Eg er så glad i desse fargane! Og så er eg glad i alle slags kvardagsenglar, slike som berre plutseleg er der og ser menneska rundt seg. Eg kjenner nokre slike...eller kanskje mange? Hm..eg håpar at eg òg blir oppfatta som ein slik god person, ein kvardagsengel, innimellom..

torsdag 16. juli 2009

Slow motion...


Vi har så veldig ferie! Eg gjer på nesten ingenting, men har tid til å slappe av og lese bøker og andre ferieting. No satsar vi på at sola skal komme til vestlandet i morgon, slik at eg til og med kan gjere minst mulig medan eg kanskje blir litt brun! -eller off-white, som ein god kollega så treffande kalla det..hihi.
Forresten så ser de på bildet at eg har lånt svigermor si symaskin i dag. Det vart ikkje så mykje spennande, men mannen fekk tre av buksene sine fiksa, pluss ein shorts som fekk ny lomme og ei fjerde bukse som vart shorts. Kva skal eg bruke alle dei sparte pengane på?!
God ferie!

tirsdag 7. juli 2009

Ferietid

Det er ferie! Hurra-hurra!
Har med meg flott kamera og ting og tang, men ikkje noko til overføring av bilder, så bloggen blir ikkje oppdatert før til helga..
Ha ei fiin veke!

onsdag 1. juli 2009

Ein ny start..


Gammalt og nytt stoff er vaska og nystroke, og ligg i bunkar som berre innbyr til å sy! Dagens syplan er (eller var...) som følger: 1. Sy grøn babybukse som skal matche ein løyndom. 2. Sy noko lurt til å ha klesklypene i når eg held på med tørkesnora. Desse er førstepri., men det er jammen utruleg kor mykje anna som skal gjerast først! Kanskje det blir i morgon?


blogger template by lovebird