Viser innlegg med etiketten utfordring. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten utfordring. Vis alle innlegg

onsdag 15. januar 2014

For ei kløne!

Æsjogfysjogfrustrasjonimassevis!!
No i formiddag (ja, i timesvis, faktisk!) har eg streva enormt med å fikse på bloggen min… Eg tenkte at det ikkje skulle vere noko pes å endre på oppsettet, og fann gratisgreier via fantastiske Pinterest. MEN det var slett ikkje så enkelt som eg trudde, og når eg i tillegg er ganske uerfaren med Mac må eg berre innsjå at eg er ei kløne! Fyttikatta så kjedeleg!

No kjenner eg at det er på tide å legge vekk kløninga ei stund, og heller gå ned på syrommet ein tur, det er veldig mykje kjekkare! :)

Beklager rotet her inne!!

lørdag 5. januar 2013

Sleepy - ein del av utfordringa Moments

Min vakre, gode, fine, flinke son. Min skatt og mitt gull og min skjønnaste gut!
Det er fred og ro i heimen, med barna i seng og beina på bordet. Det er tidleg kveld etter ei lita veke tilbake i kvardagen, med skule og barnehage og jobb og ein døgnrytme som ikkje er heilt som den skal vere... Men vi er tilbake, og kvardagar er det mange av, så det gjeld å nyte dei også. Det er ikkje berre helga som er god, men det er viktig å stoppe opp og nyte små augneblink når som helst. Moments. Golden moments.

Eg øvar stadig på å bli ein betre fotograf, og i stad lista eg meg ned trappa, skrudde opp lyset ved senga til Lillebror og prøvde forsiktig å knipse nokre bilder. Det er i det minste ein ok start. Det er verkeleg utfordrande å ta bilder i mørket, med gult lys, skuggar og til og med ei sprinkelseng i vegen for det nydelege motivet. Om du ser inn til Clickin Moms, får du kanskje litt inspirasjon og tips til fotografering av dei sovande små, du også... Ingen toårstrass å spore her akkurat no, i alle fall. Deilig. :)

Ha ei framleis fin helg!

tirsdag 1. januar 2013

Nytt og godt!

Eit nytt år. Nye draumar, nye forhåpningar, nye muligheter. Nye dagar, nye planar, nye avtalar. Mykje er likt som i fjor, men for meg er alltid overgangen til eit nytt år noko heilt spesielt. Eg har så mykje eg vil gjere annleis! Eg vil så gjerne ha meir tid saman med familien min, meir tid for meg sjølv, meir tid til kreative syslar, meir tid til å vere sosial. Trening er ikkje akkurat noko eg har så veldig lyst til å bruke den verdifulle tida mi til, men eg har etter 34 år innsett at det er noko eg berre må igjennom, så blir både eg og kroppen min gladare etterpå. Og sjølv om eg nesten ikkje har lyst til å innrømme det, så er det jo faktisk ganske deilig etter gjennomført økt! Og slik skal eg også auke overskotet, slik at eg kan bruke av sofatidkontoen til desse andre tinga eg så veldig gjerne vil gjere meir av. ;)

Dagens bilete har mannen min tatt av fine familien sin. Den vakre kona hans laga litt bling til seg sjølv til jul, for heile familien var jo på tv på sjølvaste julaften! Vi syng i familiekor, og her kan de sjå oss synge i Byåasen kirke på julaftengudstjenesten... Tilbake til blingen; den er laga av to trekuler og litt skinnsnor. Den vesle trekula er mala med lysrosa hobbylakk, og den store er dekka med bladmetall. Det var moro og fint!

Storesyster fekk ny kjole til jul. På lillejulaften vart knapphola sydde, og knappane kom på. Den nye symaskina mi gjorde jobben på eit blunk, og gjett om eg gler meg til vi skal bli betre kjent! Kjolen var ei prinsesse verdig, og mottakaren var også veldig fornøgd. Ho er jo prinsessa mi! Og med Julekongen som adventskalender, har vi jo gjort oss nokre tankar om prinsessegreier... Ein dag stod ho over meg og sa: "Mamma, du har sølv i håret!!" Haha...akkurat det ein har lyst til å høyre, særleg når ein vanlegvis driv med heimehårfarging og badet no er totalvraka av ein kjip vasslekkasje frå kjøkkenet i etasjen over. Men uansett, litt sølv i håret treng faktisk ikkje å vere så ille. Eg proklamerte at det kom av at eg er ei ekte prinsesse! Akkurat som Eiril i Julekongen! ;) "Nei, mamma, du kan ikkje vere prinsesse, for då må jo tante også vere det..!" "Joda," seier eg, "både eg og tante er prinsesser. Det er berre å sjekke, for om du legg ei ert under madrassen hennar, er eg sikker på at ho har vondt i ryggen når ho våknar!" Og det stemmer alltid... ;)

Veslebror fekk kjepphest i julegåve. Med den kan han vere både ridder, prins og cowboy. Den er vakker og handstrikka, med tjukk, fin man og gulltaumar. Kjeppen er spikka og pussa av ei flott grein, og er både vakker og god å halde i. Takk til julemarkedet i Sommerfuglen steinerbarnehage. Verdas finaste!

Eg har sakna blogginga medan eg har vore borte. Ikkje berre saknar eg det å lage blogginnlegg, men eg saknar også tilbakemeldingane og bloggbekjentskapane. Det er så mange herlege jenter der ute i verda, og eg føler jo at eg kjenner mange av dykk! Kvar dag, mange gongar om dagen, har eg tenkt blogginnlegg. Det trur eg er ein bonus ved å blogge; det at ein ser småting rundt seg med andre auge. Eg kan sjå så mykje i så lite! Og eg har så lyst å dele både tankar, bilder og idèar med lesarane mine. Og for å komme igang igjen skal eg kaste meg med på denne utfordringa. Sannsynlegvis ikkje med daglege innlegg, men i alle fall med nokre kvar veke! :) Sjå meir her!

Årets første blogginnlegg avsluttast med nokre enkle ord. Og frå innerst i hjartet mitt vil eg ønske dykk alle eit riktig godt nytt år, med kjærleik og varme, helse og fridom!

 Holly McCaig

onsdag 21. september 2011

Varmt teppe frå varmt hjarte

Dette teppet har Guro med bloggen m.i.l.c.h.schaum hekla av den mjukaste alpakkaull, berre for å gi det bort til nokon som verkeleg treng det. Eg syns teppet er heilt nydeleg fint, og at gode Guro (joda, det fins fleire gode Guroer.. ;) ) heilt sikkert har eit varmt og godt hjarte også! Og bloggen er verkeleg inspirerande, så ta ein titt innom! Bildet har eg fått lov til å låne av henne.

Eg har tidligare skrive om aksjonen Tepper til Nepal i dette blogginnlegget.

I kveld skal eg kose meg med strikketøy og gårsdagens episode av Grey's. Det er så deilig å synke ned i sofaen i blant, berre for å sløse med tida og ikkje stresse med noko. Og ja, det blir heilt sikkert ein kopp te og nokre tente lys også, for det har jo blitt haust! :)  (-og Blogger streika for meg i kveld, men eg har kost meg, altså! Men no er det natt for min del.. Sov godt!)

Ønskar deg ei fortsatt fin veke!

torsdag 31. mars 2011

Og dei nominerte er........

Oioioi - så utruleg moro!!
Du har vel fått med det flotte initiativet Handlaga 2011?
No har dommarane valgt ut finalistane og eg er med! 

Må seie at det er ei skikkeleg vitamininnsprøytning for tiltakslysta og kreativiteten,
og håpar eg får gjort litt meir framover enn eg har gjort i det siste... Vil begynne med det samme!
Syns tida går så fort, og les om alle som storkosar seg med prosjekta sine på kveldstid, 
men kva gjer eg...? Joda, eg sitt ved pc'en eller tv'en og glor, med ein kopp te og eit teppe,
og gler meg til å komme i seng, for eg er så trøytt... På tide å nattamme litt sjeldnare snart?
Eller kva med å foreslå at Lillebror søv lengre enn 30 minutt om dagen snart?
Det finnast ulike kategoriar i denne konkurransen, og etter ein nominasjonsrunde har dommarar plukka ut ti finalistar i kvar kategori. Så skal stemmene delast ut, og du kan kun stemme ein gong i kvar kategori. 
Bruk stemmeretten din innan 12. april! :)

I kategorien for Smykker finn du ringen min, og kan stemme på den her!
I kategorien for Barn finn du sanseputa mi, og kan stemme på den her!

Begge deler og meire til kan du finne i Eplabutikken min her!

Kos deg!

tirsdag 15. februar 2011

Ei slags utlevering..

I dag tenkte eg at eg verkeleg skulle utlevere meg sjølv på bloggen min.
La lesarane mine få eit innblikk i kven eg verkeleg er.
Den usminka sanninga... 

Men eg feiga litt ut. Gøymte meg bak kaffekoppen min. Skriv det eg vil skrive, og ikkje det eg ikkje vil at de skal vite om. Men hallo! dette er jo meg! Joggebukse, kaffe latte, kjøkkenbord og slapp formiddag. 
Ikkje alltid like trendy og fresh og effektiv. Er ikkje det godt å vere litt av begge deler? :)

Det er faktisk to grunnar til at det blir eit slikt innlegg i dag.
For det første er det noko som ikkje er som det skal, slik at eg ikkje får lasta opp bilda mine frå kamera i dag. Og for det andre..: Tam-ta-da-daa! Eg har fått ein award! :) Alltid like kjekt å få det, sjølv om eg ikkje alltid er like flink til å oppfylle krava som gjerne følger med ein slik... Denne gongen må eg imidlertid innrømme at det var litt ekstra stas, for det var sjølvaste Karen som gav den til meg! Ho er jo eit av mine bloggforbilder, og ei dame som verkeleg sprutar av energi og kreativitet og ein befriande, stor vilje til å dele, både eigne idèar og andre sine fine bloggar. Herleg! Slike damer vil vi ha fleire av her inne! :)

Eg fekk altså denne awarden, med påfølgande tekst:
Til norske Guro/Ein gul knapp for eminent god stil.
Hihi - det er meg, det!

Denne leiken inneber at eg skal fortelle heile åtte ting om meg sjølv:
  1. Eg er opptatt av korleis det ser ut rundt meg, men drøymer gjerne meir enn eg handlar... Difor har eg tusen påbegynte prosjekt og idèar på gang, og ei laaang liste på kjøleskapet over ting eg vil ha gjort i og rundt huset. Ja, så kjem alle kreative prosjekt i tillegg, så klart...
  2. Eg er impulsiv og likar å vere med på plutseleg moro. Syns det kan vere vanskeleg å planlegge alt mulig, men likar å tenkt på ulike alternativ, og så handle ut frå det som er mest freistande akkurat her og no. 
  3. Eg går til fysioterapeut to gongar i veka på grunn av bekkenet mitt, mens syns det er frykteleg kjedeleg å trene... Tenk om eg kunne trylle meg i form! Åh, så bra det hadde vore!
  4. Eg og mannen og barna har begynt i familiekor! Det er sååå kjekt, både å synge i kor og gjere noko saman som familie, saman med så mange andre koselege familiar!
  5. Eg er ganske sosial, og det siste året har eg fått så mange nye vennar! Det er heilt fantastisk! :) Blogginga har vore ein del av det, og eg har truffe herlege, nye folk gjennom bloggen. Eg visste verkeleg ikkje at den skulle ha den fine bieffekten! 
  6. Eg har facebookkonto, men brukar den ytterst sjeldan. FB gir meg faktisk nesten ingenting, mens ein herleg runde ute i bloggverda og på etsy og sånn gir meg enorme mengder inspirasjon! Faktisk så mykje at eg berre får benytta meg av ein brøkdel av det. Men herlighet så deilig det er..!
  7. Eg er skikkeleg kresen på kaffe. Må seie det sånn cirka som eg las det i ei bok: Stakkars dei priviligerte som har smakt skikkeleg god kaffe. Ingenting blir som det. Og stakkars dei som skal servere desse kaffe... Ja, takk, eg tar sikkert helst te, om du spør...hihi!
  8. Eg er optimist. Men eg trur fort at det verste har hendt. Som når mannen kjem to minutt seinare heim enn han har sagt at han skal.. Han er vel ikkje overkøyrt av ein sinna bussjåfør i Byåsvegen, vel? Men så overbeviser eg meg sjølv om at det verste ikkje har hendt. Lillebror pustar nok tungt og godt i vogna si - sjølv om det er heilt stille. Storesøster kan nok hente posten heilt aleine - utan å bli bortført. Morfar har det nok bra - han har sikkert berre lagt att telefonen heime... Ja, slik tenker eg om det aller meste. Og sjølv om eg har blitt dobbelt så nervøs med dobbelt så mange barn, så tenker eg fortsatt dette: 
Det ordnar seg!

Til slutt skal eg gi awarden vidare til tre andre flotte bloggarar, og det er jo frykteleg vanskeleg!
Eg har med nød og neppe klart å velge berre desse tre fine bloggane, sjølv om mange fleire fortener det:
Johanne/A blög once bit my sister - kvardagsliv på den skjønne måten!
Mia/Kiiromi - herleg kreativt, inspirerande og retro!
Ylva/Darling Things - interiør og masse tips!

Ha ein deilig dag!

tirsdag 11. januar 2011

Ei varmande gåve

Først av alt vil eg berre seie takk for all responsen på forrige innlegg! 
Moro at mine små, fargerike prosjekt kan inspirere! 
Det er jo først og fremst difor vi bloggar, er det ikkje det? 
For å inspirere og bli inspirert! Hurra for alt vi kan dele! :)

Sjå kor stor Lillebror har blitt allerede! Tida går ganske fort, og det blir gøyare og gøyare med baby, etterkvart som ein får meir kontakt, meir respons og så utruleg gode smil! Eg smeltar!! :)
Den skjønne blå jakka har ei snill og flittig venninne strikka til han. Tusen takk, E! :)
Smokkesnora er frå Sebra, og den er det fleire som har spurt om etter bildet nedanfor her.
Men det eg eigentleg vil vise fram i dag er det supergode og supermjuke og utruleg anvendelege ullteppet Lillebror fekk av mormora si. Vi brukar det dag og natt, ute og inne... Rett og slett ein supersuksess, mormor!

Og då må eg jo berre lage ei lenke til eit prosjekt som mormora fall for, og som er eit utruleg bra initiativ!  
Tepper til Nepal er eit prosjekt du bør sjå nærmare på! Du kan følge med på prosjektet her,
og lese om korleis det vert strikka, samla inn, sydd saman ogsendt ulltepper til eit sjukehus i Nepal, 
der nyfødde er kleslause og fattigdommen og kulden er stor... 
Kanskje noko fleire av oss kunne bidratt til?
Send ei varmande helsing du også!

tirsdag 12. oktober 2010

Luksus minisymaskin ;)

Storesyster fekk oppfylt fleire av ønska sine til bursdagen...
-men dette var kanskje ein av mine favorittar. Hihi!
Ho hadde morfarbesøk for ei stund sidan, 
og ved frukostbordet spurte han kva ho ønska seg til bursdagen.
"Mmm - en sånn som mamma har. Til å sy med! Med blomster på!!"
Eg forstod med ein gong kva ho tenkte på, sjølv om det var forrige sommar, 
før ho fyllte fire, at vi såg den i butikkvinduet til ein symaskinbutikk i byen. 
Den gongen fall ho pladask, og jammen hugsa ho den ikkje enno!
Morfar sprang straks i nærmaste leikebutikk for å kjøpe symaskin, 
men eg fekk rettleia han inn til den rette butikken, og det er eg jammen glad for. :) 
No kan eg og 5-åringen sy saman. Herleg! 
Første prosjekt vart ei pingvinlue til nettopp morfar. Skal tru om den fell i smak? ;)
No er det opp til pedagogmammaen å få dette til å bli fine, gode stunder. 
Ei ordentleg symaskin (ikkje noko tull!) syns eg er viktig for å ta vare på sygleda,
men like viktig er mitt tolmod, mitt humør og min evne til å motivere...
Oioioi... Det er ikkje like lett å vere pedagogisk heime som på jobb.
Fleire som kjenner seg igjen?

I dag skal ho hentast tidleg i barnehagen, 
og på ettermiddagsprogrammet står det systund igjen, trur eg. :)
Ønskar deg ein nydeleg tysdag!

torsdag 2. september 2010

Kaffekos og babyutstyr...

Enda meir mat... Denne gongen er det pappa som skulle kjøpe egg til meg, og kom heim med litt kaffemat. Ganske gode, og ekstra godt med litt kaffe til. :) Her er kanelsnurrane plassert på eit fat heilt etter min smak, som eg fann på loppis i Sverige tidlig på sommaren. Nydeleg form og fantastisk farge! (-åh, om eg berre hadde orka å gå og sjekke kva dei heiter...men nei, no sitt eg så fint i stolen min.) ;)

Eg må beklage den evinnelege gule duken...den har gått frå å vere fresh sommarduk i vår, til å bli sliten hobbyduk no. Hihi...og sjølv om eg innimellom får rydda bort hobbyane mine frå kjøkkenbordet, så kjem det fort tilbake. Og slik måå det jo berre vere! Om hobbysakene er rydda bort, så er det jo rett og slett umulig å bruke dei! 
Noko for ein kvar smak.. Her serverast både kaffe latte, presskannekaffe og o'boy! Og alle koppane har ei historie som eg kan. :)

Til sist må eg vise eit bilde av gårsdagens store prosjekt. Eg har streva lenge med det, og er verken heilt ferdig eller heilt fornøgd... Men eg har trua på at det skal bli bra!
Etter mykje om og men endte vi med å kjøpe brukt TFK vogn til lillebror, fordi den truleg er den mest bekkenvenlege vogna. Men eit stooort minus med den er at sportsdelen ikkje kan vendast, og at du ikkje kan ha barnet mot deg etter at bagen har blitt for liten. Eg VIL ha barnet mitt mot meg, for eg VIL ha den kontakta og kommunikasjonen! Så då gjekk eg på nett og fann Multi X! Så no har vi ein utruleg praktisk, men ikkje særleg estetisk bag til vesleguten. Den kan gjerast om til sittedel, og dermed skal den vere fin å bruke til barnet er omtrent 18 månader. Så lurt!

Så var det det litt vanskelege prosjektet mitt, då... Ein voksipose! Det grøne trekket er eit gammalt dynetrekk kjøpt på bruktbutikk i Gøteborg, og eg har funne ut at det er heilt perfekt til denne bruken! De får heilt sikkert sjå betre bilder seinare...no gjenstår litt småflikking, knappeshopping på den gøye knappebutikken i byen og så må eg bestemme meg for om den passar i bagen, eller om posen rett og slett er for stor..sukk!
Har du prøvd denne bagen, kanskje? 

I kveld skal eg imidlertid ikkje streve med noko prosjekt, men heller slappe av og spise reker med pappa. Det er også kosleg, og enno ein gong må eg berre konstatere at eg er heldig! Snille pappa som passar på oss jentene medan Mannen er bortreist! :)

Ønskar deg ein fin kveld!

torsdag 1. juli 2010

Herlege sybøker og ei lita utfordring

Herlege, inspirerande bøker datt ned i postkassa mi for ei stund sidan.
Eg såg dei hos Borghildpia, og gjekk sporenstreks inn på Capris og bestilte dei. 
Så gøy!

Det var særleg Sewing for children (bilder til høgre) som fall i smak, 
og Lille A skal nok bli super med synåla etterkvart!
Eg likte også Making childrens clothes (bilder til venstre)
med steg-for-steg-forklaringar og fine bilder.
 I tillegg til at eg no har store mengder med sydraumar og inspirasjon, stoff og utstyr liggande, vil eg først gjere noko eg har tenkt på lenge! ;) Har nemleg fått ein award av SuperLille og ei utfordring av Vannhull, og slår oppgåvene saman i ein smekk...
 Eg takkar og bukkar, og kjem her med nokre positive fakta om meg sjølv:
  1. Eg er evig optimist, og har verkeleg trua på at alt kjem til å ordne seg! -særleg for snille jenter! Hihi...
  2. Eg er kreativ og har mange (gode) idèar, men må innrømme at eg er ikkje typen som er god på å avslutte prosjekt...heller ein oppstartar! Men det er jo viktig at vi har ulike roller, ikkje sant?
  3. Eg er stort sett blid og omgjengeleg, og pratar med folk eg møter på min veg. I butikken kan det vere hyggeleg å slå av nokre ord med folk, men på busstoppen gjer ein altså ikkje det... Hihi! Lurer på om det kan vere fordi ein ikkje har nokon rømningsveg når ein står på ein busstopp? Ein skal jo til og med inn i samme, vesle bussen..
  4. Eg er utruleg fascinert av barn (særleg dei minste), og storkosar meg med å sjå alt det dei kan! Dei kan så utruleg mykje meir enn det folk flest trur!!
  5. Eg er ganske god til å lage mat, og kosar meg med å prøve meg fram på kjøkkenet. Neida, det er ikkje alltid det blir like vellukka, men så lærte eg kanskje litt av det?
  6. Eg elskar å ha besøk, og syns det er kjempekjekt når vennar og kjente finn seg til rette i heimen min. Trur eg er ein ganske enkel gjest sjølv, og syns det er stor stas med gjestar som slappar av, finn det dei vil ha og ikkje bryr seg om det er litt rotete i krokane...(for det er det dessverre som oftast her, sjølv om eg gjerne vil gjere det fint for besøket mitt!)
Heilt til slutt er eg oppfordra til å vise eit favorittbilde, og veit ikkje heilt om det skulle vere av meg sjølv eller eit som eg har tatt...Velger det siste, for eg likar trass alt å vere litt anonym på den store verdensveven..
Ein vårleg favoritt! Utruleg fornøgd med dette bildet, kor lyset nesten kjem gjennom den vakre tulipanen!
Sender utfordringa vidare til dei som vil ha den, med ei oppfordring om å vise litt kven dei er! :)

Ha ein strålande dag!

torsdag 25. februar 2010

Land Art

"Maple Leaves arrangements"
Har du høyrt om Andy Goldsworthy? Han er kunstnar, og driv med Land Art, ein kunstart som er ganske så fin. Det beste med den er at den er så inspirerande for ting ein sjølv kan gjere ute på tur. Kanskje aleine, med kameraet, eller saman med barn, familie eller vennar. 

Konseptet er at du brukar det du finn i naturen, så det treng ikkje planleggast, og det skal ikkje brukast unaturlege element. Du kan skape nydelege kunstverk, og dei vil brytast ned på naturleg vis, slik naturen gjer det når den ryddar opp. Det er også ein del av kunsten. :)
Bileta er henta frå Google, og det var mykje å velge mellom! Eg fann også ei side med bilete av andre, inspirert av denne kunstnaren, og den sida kan du finne her.
Hihi, eg har fått ein award/utfordring frå Bella Vintage, og skal fortelje sju interessante fakta om meg sjølv... No er det jo litt vanskeleg for meg å seie noko om kor interessant dette er, men det er i alle fall ganske personleg, slik at alle de kjekke lesarane kan bli litt betre kjent med meg. :)
  1. Eg har ein uendeleg straum av idèar og lyster eg har lyst til å gjere noko med! -men er litt for tiltakslaus til at det blir så veldig mange resultat...
  2. Eg syns det er ganske kjedeleg å sjå på OL, og gler meg til det blir litt andre ting på tv igjen...
  3. Eg jobbar som pedagogisk leiar i barnehage, og er stolt av det! Syns jobben med dei minste barna er umåteleg interessant og viktig, og får brukt veldig mange områder av meg sjølv.
  4. Eg har vore aktiv speidar i mange år (men det er nok lenge sidan no), i tillegg til korps, musikkskule, kor og andre ting... Og eg skulle ønske eg hadde tid og overskot til å vere med i barne- og ungdomsarbeid no. ;)
  5. Eg oppfattast som ganske tolmodig, men er eigentleg ikkje det... Eg likar når det skjer ting, blir sprø av antakelsar, fastgrodde tankemønster og for mykje babbel.
  6. Eg koplar ut alle stressande tankar når eg løyser sudoku.
  7. Eg har ei lillesyster som eg er umåteleg stolt av! Ho har blitt det ho drøymte om!
No skal eg eigentleg gi denne vidare til 7 andre bloggarar, men eg står over den delen... Syns det er veeeeldig mange som fortener denne, og dedikerer den til alle på blogglista mi!

Ha ein herleg kveld, jenter!

mandag 30. november 2009

Adventskos og interiørutfordring..

Nyyydeleg adventsinteriør
Det er ganske stille her hos meg om dagen... Og eg vil skulde på kameraet! :( Det har skjedd så mykje kjekt og "bloggverdig", men utan godt kamera er det liksom ikkje noko stas, så då blir det berre sånn.. Heldigvis har eg funne desse vakre og inspirerande bilda frå House Doctor. Deira ting har eg oppdaga gjennom dei utallige besøka hos ulike interiørbloggarar, og det er kjekt med slik ny inspirasjon som er med på å utvikle min eigen stil!

No MÅ eg berre dele ei utfatteleg enkel og deilig dessertoppskrift i desse travle adventstider. På laurdag hadde eg nemleg nokre venninner på besøk, og vi hadde julebord! Kjempekjekt! Eg rydda og vaska og pynta og kosa meg masse på førehand, og på sjølve kvelden var det såå fint og det lukta godt i huset! På menyen stod det indisk mat, der alt var laga frå grunnen av. Laurdagen gjekk eg mellom ulike innvandrarbutikkar og delikatesseforretningar i byen for å få fatt i alle ingrediensane, og resultatet vart absolutt vellukka. Vi toppa det heile med denne desserten:

Lun toffeesaus:
200 g sukker smeltast
2 dl kremfløyte rørast inn

Heimelaga flurry..
Vaniljeis får stå så den mjuknar litt, før du puttar den i ei kjøkkenmaskin og "eltar" den så den blir nesten som softis. Tilsett ulike slags godis, som for eksempel Nonstop, Dajm, peanøtter, pikekyss....smak og behag! Elt dette godt, slik at alt blir blanda, og server med sausen. Mmmmmm.....

Stemningslys frå www.housedoctor.dk

3x3 interiørutfordringer frå LahrA

3 interiøravsløringar om deg:
  • Eg er storfornøgd med stova mi, som har ein slags "mix don't match"-stil... Vi har blanda nytt og gammalt, Ikea og loppis, arvegods og design, fargar og kvitt.
  • Eitt år etter at vi flytta inn i dette huset er det framleis to soverom som ikkje er som dei skal vere... Men det SKAL bli fint ein dag, altså!
  • Eg har enno ikkje pakka ut av alle flyttekassene heller, og det er ingenting eg saknar, så dei inneheld vel nokre ubrukelege ting.. På tide å gi noko tilbake til Fretex eller loppis?
Tenk om soverommet kunne bli litt meir slik som dette
frå www.housedoctor.dk


3 interiørkjøp du angrar på du ikkje gjorde:
  • For eit år sidan kom eg over Eames si knaggrekke Hang It All på eBay, og hadde sjansen til å gjere eit kupp!
  • Tenk at eg ikkje fekk kjøpt fleire delar til bestikket mitt før det forsvann frå butikken..åh! Eg skal ikkje gjere samme feilen med serviset i alle fall. Håpar eg har god tid! Hihi..
  • Eg trur eg raskt legg frå meg det som eg angrar på, slik at eg ikkje treng å gå og tenke på det... Kjem ikkje på noko spesielt no, sjølv om det HEILT SIKKERT har vore ting eg gjerne skulle hatt. Det er vel slik at det eg ikkje har kjøpt har vore på grunn av plass eller pengar, og det er ikkje slikt eg vil gruble på, og som eg ikkje kan angre... :)
3 interiørjaktobjekt:
  • Lampar til stova! Det er jammen mørkt på denne tida av året, men frykteleg vanskeleg å finne den rette!
  • Små skåler, bollar og fine koppar - det blir eg ikkje lei av!
  • Spisebord og stolar til kjøkkenet - stort og rommeleg, utan å ta for mykje plass...
No skal eg kose meg med adventstida, planlegge julegåver, handle litt, sy litt, pakke inn, pynte og nyyyte dagane (innimellom jobb og stress..hihi)! Drøymer om slike lekre pakkar som desse frå www.housedoctor.dk

Oi, eg må jo hugse å gi utfordringa vidare også, og håpar den blir godt tatt imot! Den går til:
Between Two Trees
En fugl i hånden
Fruens Syslerier

søndag 15. november 2009

Ei blomstrete utfordring!

Fruens syslerier ga meg ei vanskeleg utfordring tidligare i veka... Ho utfordra meg på å vise fram nokre av dei blomstrete tinga eg omgir meg med, og eg tenkte berre Hæ! Blomstrete? Har eg noko særleg av det då??

Men kva finn eg..? Jo, eg har mykje blomstrete! -ja, i alle fall ein god del.. Sånn som denne grisen frå Rice, som eg kjøpte før Lille A var fødd, berre fordi den var fiiin!

Desse herlege bøkene fann eg i hylla. Broderiboka har eg fått/lånt av mamma, og inni den fann eg til og med broderigarn som sikkert er 30 år gamalt, men kjempefint! Boka Glade hjem har eg fått av ei venninne som fann den på Fretex og tenkte på meg. :) Herleg!Nydelege, japanske ting - alle har eg fått av lillesøster Gine som har turnert der. Ein liten pung i eit vakkert stoff, ein svane eg har bretta sjølv av japansk gåvepapir, ein dachs som er pusla saman av masse små pappbitar og til slutt eit lite kunstverk av ein teboks... Aah!Desse postkorta har eg nettopp kjøpt, men ikkje bestemt kva eg skal bruke dei til. Dei må kanskje i glas og ramme og opp på veggen...

Eit heilt nydeleg servise som Lille A fekk til bursdagen sin. Eg er såå glad i treleiker! Og her er alle detaljar på plass - til og med teposar i koppane! Tefata er derimot i bruk ein eller annan stad, og kunne ikkje vere til stades då biletet vart teke...
Eit lite utvalg av dei maaaange banda mine...likar dei SÅ godt!
Desse skoa vart kjøpt då veslejenta var bittelita, og eg er så glad i dei! Dei er heilt nydeleg fine, og så er dei så gode! Eg kjøpte dei litt brukt, på Trendsales.dk, og hugsar at betalinga var så vanskeleg, og banken tok så høgt gebyr, at eg sikkert kunne kjøpt dei nye til samme prisen... Men det var verdt det!
Denne veska er så søt! Og nesten kvar gong eg brukar den får eg kommentarar på den, gjerne om eg har laga den sjølv og slikt...hihi! Den er mykje brukt og frå Noa Noa, og sjølv om blomstrane berre såvidt heng på, så fekk den altså vere med i det blomstrete innlegget mitt. ;)
Er denne koppen blomstrete, tru? Den har i alle fall ein blomst i botn, som viser godt når eg drikk te. Det er favoritt-tekoppen min, og sjølv om den er eit lite kunstverk skal den ikkje stå i hylla. Brukskunst skal brukast, og eg nyyyyt teen min i denne!Nytt, gammalt piano, med tilhøyrande brodert pianokrakk.
Nokre favorittar frå det vesle klesskapet til Lille A. Blomstrete kjole frå Rohde. Den nydelege lilla blusen frå Melanies masker er kjøpt hos navnesøster En Gul Knapp i Bergen.
Til slutt nokre Marimekkobilder frå det rotete kjøkkenet mitt...difor får de berre detaljane..hihi! Voksduken er god å ha, sjølv om det blir litt i meste laget saman med liftgardinene eg sydde i fjor... Legg merke til fuglemataren utanfor vinduet. Vi gler oss til å få fuglebesøk som kan spise frukost saman med oss!

Denne utfordringa har verkeleg vore krevande, både i forhold til å finne blomstrane i huset mitt, men også fordi det er mørkt og bilda ikkje blir så bra... Men det er også utruleg kjekt å leite rundt i alle rom med blomsterbrillene på! Eg fann jo mykje meir enn eg trudde eg skulle finne! :) Og no er eg inspirert til å rydde og ordne og gjere det fint rundt meg, slik at eg lettare skal få auge på det eg har...hihi!

Eg vil sjølvsagt sende denne utfordringa vidare, og sender den til Kaspara, Haust og SavanneTreet! Håpar de tar imot den med glede! ;)


blogger template by lovebird