Viser innlegg med etiketten strikke. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten strikke. Vis alle innlegg

torsdag 19. januar 2012

Ventetid

Det er ventetid. Store og små ventar og gler seg og er spente. Når som helst kjem den vesle babyen til kjæraste systra mi, og det er så stas! :) Og medan vi ventar strikkar eg litt. Og syr litt. Og leitar etter fine babyklede frå både Storesyster og Lillebror. Skal tru om det er ei lita jente som kjem? Eller er det kanskje ein liten gut? Og blir det krøllar? Blå auge? Eg gler meg uansett til å bli kjent med deg, vesle venn!
I siste liten blir det teppe frå tante Guro, i alle fall. Eg er aldri tidleg ute med noko som helst, ikkje ein gong når denne babyen er på overtid greier eg å bli ferdig...! Men snart, snart... Teppeoppskrifta fann eg i alle fall i Nøstebarnboka, og garnet er Nøstebarns 2-tråds merinoull i ein superfin blå-grøn-grå farge. Fuglen fekk vere med på bildet, berre fordi eg likar den boksen så godt. ;)

Lukke til, skjønne Gine!

fredag 11. november 2011

Waldorfdukka mi

I dag har eg lyst å vise fram ein liten del av waldorfdukka mi. Er den ikkje skjønn, vel? ;) Neivel, så ser du kanskje ikkje så mykje av den på dette bildet, men det er jo fordi den ikkje er heilt ferdig enno. Men du kan tru den har personlegdom! Og eg har nesten blitt glad i den, eg er i alle fall veldig stolt, og det ligg mange timar med arbeid bak eit slikt produkt! :) I går kveld hadde vi dukkesyerskene hårkveld, og eg kom godt igang med håret. Panneluggen vart ikkje heilt som eg tenkte først, og då slo det meg eit lite kvartsekund; eg kan jo berre feste luggen med ei hårspenne no, og så veks det jo ut etterkvart... ;) Joda, den er som eit bittelite menneske, men manglar enkelte kvalitetar likevel... Hihi!

Vesten på dette bildet er inspirert av denne frå Pickles. Men det måtte sjølvsagt litt justeringar og ein råsjans til, og med tynnare tråd og pinnar og cirka halverte maskeantal, vart den faktisk i perfekt storleik! Jippi! Neste gong skal eg prøve å få den større, slik at den kan passe seksåringen. Veldig fin og superenkel! :)

Såg forresten at inspirerande, flinke og trendsettande Linda/Den Gode Feen har waldorfdukkeplanar også no. Så då blir det kanskje neste trend? Ellers kan du jo kikke på dukkene til Smilerynker eller Tusindfryd eller Fröken Skicklig for å nevne nokon... Så mykje fint! :)
Slik ser arbeidsplassen min ut i dag. Arbeidsbordet er plassert i stovekroken, med sola inn frå sør og skogen som utsikt rett fram. Eg er i julemarkedsmodus, og frydar meg over fridagen min, slik at eg kan halde på heime! 

Dukka mi skal bli ferdig til julemarkedet neste søndag. Kom-kom! Det er ein årleg tradisjon i Sommerfuglen Steinerbarnehage, at foreldre og ansatte saman får til ein kjempefin dag, med mykje ulikt til salgs, aktivitetar for barna, god mat i cafèen og fullt av folk i heile barnehagen. Det er ope for alle! Kl. 10-16 i Havsteinekra 7. :) Og om du skulle vere i tvil: det er i Trondheim det skjer! ;)

Trudde du forresten at eg skulle fortelle frå København i dette innlegget? ;) Nei, det må nok vente litt til.. Eg har mykje å fortelle, mykje å vise fram og hadde ei strålande helg! Men symaskina og julemarkedsvarene ventar.

Ha ein super fredagskveld!

torsdag 3. november 2011

Rullegenser

Lillebror sin nye ullgenser er neeesten ferdig no! (Oi, det var visst ikkje heilt riktig fokus på det bildet... Sorry!) Men uff, så vanskeleg det skulle vere å få den aller siste tingen fin til slutt! Eg har brukt Nøstebarnboka, og har strikka rullegenser, og då står det at det skal heklast ein kant med knappehol i... Har du nokre gode tips til korleis eg skal få det pent? Jaja, det får uansett bli morgondagens prosjekt! Og så må eg sjølvsagt finne dei perfekte knappane også i morgon. Eg har lyst på fiiine knappar fra Snella og Petronella! :)

I dag gjorde eg forresten noko som var både morsomt og lurt! ;) Eg tok med meg sanseputene og øyredobbane mine på jobb, og då gjekk det unna! Takk til gode kollegaer! :) Men no skal det jobbast her, og sjølv om eg verkeleg klør i kreativiteten no for tida, så kan eg ikkje halde på med slikt akkurat i kveld. Og ikkje blogge heller, forresten. Ops! ;) Men eg kjem tilbake, og gler meg til å ta ei real runde i bloggland ein dag snart!

Ønskar deg ein deilig kveld!

onsdag 21. september 2011

Varmt teppe frå varmt hjarte

Dette teppet har Guro med bloggen m.i.l.c.h.schaum hekla av den mjukaste alpakkaull, berre for å gi det bort til nokon som verkeleg treng det. Eg syns teppet er heilt nydeleg fint, og at gode Guro (joda, det fins fleire gode Guroer.. ;) ) heilt sikkert har eit varmt og godt hjarte også! Og bloggen er verkeleg inspirerande, så ta ein titt innom! Bildet har eg fått lov til å låne av henne.

Eg har tidligare skrive om aksjonen Tepper til Nepal i dette blogginnlegget.

I kveld skal eg kose meg med strikketøy og gårsdagens episode av Grey's. Det er så deilig å synke ned i sofaen i blant, berre for å sløse med tida og ikkje stresse med noko. Og ja, det blir heilt sikkert ein kopp te og nokre tente lys også, for det har jo blitt haust! :)  (-og Blogger streika for meg i kveld, men eg har kost meg, altså! Men no er det natt for min del.. Sov godt!)

Ønskar deg ei fortsatt fin veke!

tirsdag 23. august 2011

Haust i lufta

Det kjennast definitiv ut som hausten har komt til Trondheim. 
Riktignok varmar solstrålane enno, men lufta er klar og skarp,
og lyset og lukta og alt fortel meg at hausten er på veg.
På tide å gjere ferdig ullstrømpene til Lillebror.
Strikka i deilig, mjuk og varm alpakka, etter mønster frå Myk start.
Ei fantastisk strikkebok for gravide og andre som vil strikke smått!

Nyt dagen!

mandag 23. mai 2011

Skulle ønske...og Paristips..

Skulle ønske eg fekk meg til å strikke ein slik! Eg fall pladask for dette herleg sommarplagget,
og så snart eg får somla meg til det, skal eg bestille dette fiiine garnet og sette meg ned med strikkepinnane!
Bilda har eg fått låne av flinke MonsterMønster, som forresten vart kåra til Beste håndarbeidsblogg i Håndlaga 2011! Du finn innlegget om dette strikkeprosjektet og mønsterlenke  her.
Om ikkje så lenge drar vi på bryllupsreise til Paris...hihi!
Ja, det er ikkje vårt bryllup, altså, for det er faktisk snart fem år sidan,
men det er nokon andre som giftar seg i Paris, og vi er så heldige å få komme! :)

Trur Lillebror hadde likt seg i ein slik sommarleg dress der. For det er vel sommar der no? :)
Er det forresten nokon som har tips 
til kva vi bør gjere og sjå når vi er i Paris?
Mannen, eg og Lillebror skal bu rett ved Louvre, så dit skal vi sjølvsagt.
Men ellers har vi lite planar for den laurdagen og søndagen vi skal vere aleine.
Tar gjerne imot tips, og kanskje det beste tipset får ei belønning? ;)
Gler meg i alle fall MASSE til kultur, cafèliv og romantikk...

Håpar du har ein deilig mandag!

onsdag 2. februar 2011

Sol ute - sol inne

Kjenner du denne songen?
Sol ute, sol inne,
sol i hjertet, sol i sinnet,
sol, bare sol!
Det er nesten fascinerande å kjenne korleis sola virkar!
Når sola skin inn i stova mi, då blir stova såå mykje finare! 
Og barna blir skjønnare, kroppen roligare, hjertet varmt, humøret lyst...
Sjølv om natta var slitsom (og nei, eg skal ikkje bruke bloggen til klagemur i dag igjen!)
så ser alt så greit ut i solskinn! Og det heile toppast med deilig kaffe latte og skulebolle til lunsjdessert..
Ein halvdød orkidè står i lyset og tar til seg all energi den kan få, og eg har pynta den litt, 
for slike restar er ikkje alltid så vakre. Men med ein liten fugl på ei stang er den heilt skjønn!
Strikketøyet ligg på vent, men det hastar heller ikkje... I fjor begynte eg på ei heilt nyyydeleg jakke i perlestrikk, men den vart liggande...eg likar jo ikkje spesielt godt å strikke rett-vrang, og då vart perlene eit lite mareritt.. No, med rettstrikk, veks genseren heilt av seg sjølv medan eg ser på tv! Men eg er spent på om eg får den til denne gongen, for eg har enno ikkje funne noko mønster. Forslag, kanskje? 
Strikkar med Gjestal Bris, som er ull/soya og supermjukt!

Dagens ord:
Det ordnar seg, veit du! ;)

tirsdag 11. januar 2011

Ei varmande gåve

Først av alt vil eg berre seie takk for all responsen på forrige innlegg! 
Moro at mine små, fargerike prosjekt kan inspirere! 
Det er jo først og fremst difor vi bloggar, er det ikkje det? 
For å inspirere og bli inspirert! Hurra for alt vi kan dele! :)

Sjå kor stor Lillebror har blitt allerede! Tida går ganske fort, og det blir gøyare og gøyare med baby, etterkvart som ein får meir kontakt, meir respons og så utruleg gode smil! Eg smeltar!! :)
Den skjønne blå jakka har ei snill og flittig venninne strikka til han. Tusen takk, E! :)
Smokkesnora er frå Sebra, og den er det fleire som har spurt om etter bildet nedanfor her.
Men det eg eigentleg vil vise fram i dag er det supergode og supermjuke og utruleg anvendelege ullteppet Lillebror fekk av mormora si. Vi brukar det dag og natt, ute og inne... Rett og slett ein supersuksess, mormor!

Og då må eg jo berre lage ei lenke til eit prosjekt som mormora fall for, og som er eit utruleg bra initiativ!  
Tepper til Nepal er eit prosjekt du bør sjå nærmare på! Du kan følge med på prosjektet her,
og lese om korleis det vert strikka, samla inn, sydd saman ogsendt ulltepper til eit sjukehus i Nepal, 
der nyfødde er kleslause og fattigdommen og kulden er stor... 
Kanskje noko fleire av oss kunne bidratt til?
Send ei varmande helsing du også!

torsdag 25. november 2010

Gnistrande!

Vi stod opp til gnistrande kulde i dag! Gradestokken viste 17 minusgrader!
Då er det berre ein ting som nyttar og det er ULL! Frå innerst til ytterst!

Heldige Lillebror har fått deilig, mjuk og fin alpakkavest,
som blir trekt utanpå alle dei andre ullkleda,
og så blir han lagt på eit skinn, under eit ullteppe.
Eg fyrer i ovnen og sitt i den turkise sofaen, der eg kan
nyte nokre varmande solstrålar gjennom sørvinduet.
Men vinduet er trekkfullt, og eg frys faktisk på baken..

Eitt av vindua ser slik ut, med fantastisk fine og fascinerande isroser!
-og for dei som lurer så har vi super skøyteis på eit vatn i nærleiken,
og Storesøster skal nok få ta seg ein tur dit med pappaen igjen, 
når det berre blir litt mindre kaldt i lufta.... Fysj, det er iiiiskaldt!!

Tusen, tusen takk for varmande og fine kommentarar! 
Tida mi strekk ikkje heilt til om dagen, men eg lovar å bli flinkare til å gi respons tilbake! ;)
Ønskar deg også ein gnistrande fin dag!

torsdag 14. oktober 2010

Yarnbombing

Eg likar denne formen for kunst.
Garngrafitti.

Klikk på bilda for å sjå kor dei kjem frå.


Det finnast fleire stader kor du kan sjå meir av dette. 
Og om du googlar fenomenet får du opp nesten 12 000 treff på bilder! Moro! 

Eg må berre få komme med eit stort 
takk
heilt til slutt her. 

Det var overveldande respons på innlegget om den vesle luksussymaskina,
og det er sååå gøy! De får nok oppdateringar om framdrifta på den fronten etterkvart. Enno strevar vi litt med å bli kjent, og eg må innrømme at det var vanskelegare enn eg trudde. Kanskje eg gjer ein eller annan dum feil? Eg skal nok finne ut av det! :)

Enn så lenge ønskar eg deg ein frisk torsdag!

onsdag 29. september 2010

Tøybleiebror

Lillebror skal få tøybleier, og eg må innrømme at eg er ganske spent.
Brettebleier og ulike andre typar tøybleier er kjøpt inn, vaska og lagt pent i korger ved stellebordet. Dei siste dagane har eg herja med strikkepinnane, og greidde å trylle fram deilige, sunne, fornuftige og sympatiske bleiebukser. Dei er strikka av supergodt Askeladden lanolingarn, kjøpt hos Nøstebarn.
I og med at rykta fortel om gode oppvekstvilkår for møll i våre dagar, har eg gjort mitt for å beskytte ulltøyet vårt. Eg har sydd ein liten bunke lavendelposar, som skal ligge litt her og der, innimellom ulltrøyer, strømper og anna. Og eg har også høyrt at det skal vere fint å putte ein lavendelpose i tørketrommelen, så det skal testast! :) Lavendelen er kjøpt i lausvekt, og den luktar himmelsk!
Men korleis kjem det eigentleg til å funke med tøybleiene?
Kjem vi til å finne eit godt system for oppbevaring og vask? Eg trur nemlig at det blir den største utfordringa..
Og kvifor vil vi velge tøybleier no når vanlege bleier nesten blir gitt bort i butikken? 
Eg vil ha tøybleier ikkje berre fordi det er trendy ;) Det må jo vere såå mykje betre å ha på! Og tenk dessutan på miljøet! Ikkje fleire bleielass i søpla herfrå!
Vel, vi får sjå korleis det går, og eg skal nok heilt sikkert fortelle om erfaringane undervegs!

Skal tru kva eg skal strikke no?
Eg storkosar meg med strikkinga om dagen.
Og eg storkosar meg med blogginga også!
Såååå kjekt med masse respons!

Ønskar deg ein herleg onsdagskveld!

torsdag 23. september 2010

Kosepose til lillebror

Stadig nye diller frå denne kanten, og i det siste har eg hatt fullstendig strikkedilla. Det resulterer i timesvis i godstolen med strikketøy i hendene, og herlege små plagg til lillebror. Det ser jo ikkje ut til at han har tenkt å komme med det første, og eg får gjort både det eine og det andre.
Eg fall pladask for denne boka av May B. Langhelle, med massevis av enkle og fiiine oppskrifter. Boka heiter Myk start, og May har også ein blogg med samme navn. Du kan for eksempel sjå nærmare på boka her.
Denne dressen, eller det er nok heller ein pose, er strikka av Drops Alaska, som er eit ganske tjukt ullgarn. Med tjukke pinnar og tjukk tråd går det som du sikkert veit relativt fort, og det likar eg! :)
Knappane har eg trekt med ein gammal loppisduk, og vi lo litt då eg var ferdig.. Eg har nemlig brukt tynnare garn enn det som var oppgitt i oppskrifta, og har dermed laga posen ein storleik mindre enn det som stod der. Det var heilt greit, og eg gjorde berre små justeringar i forhold til måla undervegs. Men knapphola gjorde eg ikkje mykje med, og eg var så opptatt av å få jevne mellomrom, at eg ikkje tenkte over at det kanskje vart litt tett mellom knappane.. Haha, sånn kan det gå med mindre kosepose og fleire knapphol enn i oppskrifta!
Uansett, ein utruleg deilig, varm, mjuk og sjarmerande kose- og køyrepose
(ja, for eg har faktisk laga hol til bilbeltet også!). 
No gler eg meg til det kjem ein utruleg deilig, varm, mjuk og sjarmerande lillebror i posen, 
så skal vi kose masse med han! :)

No ventar fleire bursdagsførebuingar, og eg skal prøve å ta nokre fine bilder undervegs... ;)
Ha ein fin dag!

lørdag 31. juli 2010

Strikkedilla!

No er hekletøyet lagt på hylla ei lita stund, og det er bytta ut med det deiligaste strikketøy!!

Har kjøpt Cashmerino frå Pickles
og det blir heilt fantastisk mjukt og godt! Det tok berre nokre få dagar frå bestilling til garnet låg i postkassa, og det blir ikkje lenge til eg bestiller ny porsjon! :) No er det teppe til Lillebror som blir strikka på, men etterpå skal eg garantert strikke lue og diverse anna tilbehør i dette garnet. Når eg først vart van med kvaliteten (strevde litt med at tråden delte seg), vart eg rett og slett hekta. Både eg og fleire andre har lurt på om det er mjukt bomullsgarn, men det er ull! Det berre kjennast ikkje slik ut!
Eg sitt mykje i ro i godstolen om dagen, og får dermed strikka mykje meir enn eg syr... Grunnen til dette er jo nettopp den voksande magen, og sjølv om eg ikkje har termin før i slutten av oktober så er eg ikkje så sprek som eg gjerne skulle vore. Som sagt før så er jo bekkenet mitt ganske dårleg, så krykker og bil er einaste framkomstmiddel. I tillegg har eg no vore sjuk og slapp, og blodtrykket blir for høgt, og sidan eg hadde ganske alvorleg svangerskapsforgiftning sist, så er jo akkurat det med blodtrykk ganske spennande i utgangspunktet... Men no er dette på veg til å betre seg igjen, og energien er på veg til å vende tilbake, så dermed håpar eg at eg skal få gjort både det eine og det andre til veka, når jobb og barnehage tar til igjen for dei andre. ;) Vi har jo kosa oss masse i ferien, men for min del blir det godt å få huset for meg sjølv igjen. Ingen som masar, ingen som gjer ting eg gjerne skulle gjort, berre meg sjølv og fred og ro... :) 
Ja, då vart eg jammen litt personleg i dag... :) Litt tankar frå huset i skogkanten. 
Men mest håpar eg de fekk lyst å strikke! Eg skal i alle fall strikke nokre fleire striper i løpet av dagen, for eg er så utolmodig på å få begynne på neste prosjekt! 
Og medan eg held på no, så høyrer eg på herleg, herleg musikk frå denne dama her!

Ha ei herleg helg!

fredag 19. mars 2010

Nostalgisk sy- og strikkebok!

Fredagskveld. Deilige, deilige fredagskvelden!
Eg skal kose meg i sofaen med gullrekka, pizza og fyr på peisen.

Er det nokon som kjenner att denne boka? Eg såg deg i eit innlegg hos Den gode feen, og kjente den igjen med det samme... Denne måtte vi vel ha hatt heime då eg var lita? Mi mamme var formingslærar og iherdig strikkar, syar og vevar, og vi hadde mykje heimelaga klede. Kanskje var ikkje det alltid det kjekkaste, men no i ettertid er eg sååå glad for det! Eg trur absolutt det har vore med å forme meg! I alle fall måtte eg ringe mamma, og sendte ho linken til bileta. Joda, denne kjente ho, og det tok ikkje lang tid før ho greidde å finne den fram til meg. Så no har eg den til låns på ubestemt (evig?) tid!
No er ikkje mamma like ivrig forminsdame lenger, sjølv om ho i det siste har begynt å strikke igjen. Vi lo litt då ho laga leggingsar til Lille A, for som ho sa det sjølv: "Eg plukka opp tråden der eg slapp på 80-talet..." Bokstaveleg talt, nesten...hihi! ;) Og forresten, leggingsane er utruleg populære hos 4-åringen!
 Litt dårlege bilder, med de ser kanskje likevel? Alle bileta er henta frå boka 
Barneklær og kosedyr (1982).
Eg fall pladask for denne varme grå jakka i perlestrikk, og det antrekket var jo som tatt ut av ei reklame for ny, dansk barnekledesign! 

Snart er det påske, og medan andre gler seg til skitur og svett matpakke, gler eg meg til kos i solveggen, strikking og gode bøker... Akkurat no er det riktignok vanskeleg å sjå for seg at den store vårkjensla skal komme, for det kom enorme mengder snø forrige helg, og no er det regn og skodde i massevis.

Ønskar deg ei fortreffeleg helg!

søndag 25. oktober 2009

Eit hemmeleg prosjekt..

Mannen står fornøgd med espressoen sin og ser ut vindauget. Kva skal vi finne på i dag, tru? Vel, eg skal halde meg inne og i nærleiken av sofaen, men han kan jo gå ut med den nye, fine, varme ullgensaren sin!
Eg har jo skrytt av det hemmelege prosjektet mitt, og her er altså resultatet. Mannen fekk genser til bursdagen, men den måtte jo strikkast utan at han visste det, og det er ikkje like lett alltid... Heldigvis har vi hatt det litt rotete her i det siste, så han har ikkje lagt merke til den ekstra strikkeposen som av og til har stått framme i stova. ;)

Då eg hadde strikka armane og bolen opp til der mønsteret tar til, la eg merke til feil eg hadde gjort... Genseren såg veldig liten ut, men det tenkte eg jo at kunne strekkast til! Men så stemte ikkje antal masker då eg kom så langt, så eg måtte rekke opp heile bolen! Dumme meg hadde strikka med 104 i staden for 140 masker, og det er ikkje til å anbefale... Eg holdt nesten på å gi opp heile genseren, pakka den djupt ned i posen sin og gøymte den bak sofaen.

Men mannen reiste på jobb til Italia ei veke, og då fekk eg fart på meg igjen! Då han kom heim var genseren nesten ferdig, og eg måtte berre vise han den! Så stolt! -og han vart glad for gåva! :)

Den er strikka av Alfa (85% ull, 15% mohair) og med utgangspunkt i ei oppskrift frå Sandnesgarn. Brukte pinnar 6 og 7, noko som passar meg perfekt! Kjekt med vellukka prosjekt!

fredag 11. september 2009

Over 500 hyggelege gjestar så langt!

Jippi! Det er nesten så eg bør ha ein giveaway...men syns det er litt tidlig. ;) Eg får vel vente til eg har bikka tusen besøkande, og håpe at det ikkje blir så lenge til..

Huset vårt er framleis i kaos, og eg har ikkje tid eller overskot til å produsere så mykje om dagen. Men eg lovar å komme sterkare tilbake! Enn så lenge så kan eg jo vise fram den første genseren eg har strikka, og som Lille A har brukt nokre sesongar no. Men i år har den blitt for liten! Uff, uff...heldigvis har ho ei mormor som vil strikke, og eg gleeer meg til å sjå kva det blir!

I morgon må vi ut å leite etter nytt kjøkkengolv, og kanskje nokre nye fliser til badet. Det skal nemleg bli enno eit hakk finare enn det var før den ufrivillige oppussinga!

lørdag 15. august 2009

Pulsvarmar



Det ser ut som det blir helgeblogging denne veka også ;) Denne fredagen hadde eg berre lyst til å kose meg i sofaen, men hadde ikkje roa på meg til å berre sjå på tv... Ganske kjekt å ha noko i hendene samtidig, og så blir det jo noko fint ut av det, sjølv om eg ikkje visste kva det skulle bli denne gongen.


Pulsvarmarane er laga av superwash ull, og strikka med rettstrikk før eg sydde dei saman, hekla kant og pynta dei. Eg trur jammen dei kan vere ganske praktiske også, for no er det nesten på tide å finne fram ulltrøyene til Lille A. Det er berre det at ho ikkje er så veldig lita lenger, og trøyene frå i fjor er rett og slett litt korte i armane. Kanskje vil ho bruke desse til eg har kjøpt nye trøyer?

mandag 22. juni 2009

Endeleg lappeteppe!

Eit utruleg mjukt og godt teppe! Det er strikka i maskinvaskbar Alpaca, og består av 10x7 ruter à 15x15 cm. Du får gjere resten av reknestykket sjølv...det skal i alle fall passe til ein stor eller to litt mindre personar. ;)

Dette har vore litt av eit fellesprosjekt! Sidan juni i fjor har vi tre venninnene jobba med dette teppet til ei venninne som har flytta. Joda, det skulle vi få ferdig til flyttinga i september, eller uff, det må visst bli litt seinare på hausten... Men hausten gjekk, og så kom jula, og vinter og vår...men NO er vi ferdige! Og det vart såå fint!
Her er ein liten detalj, ein lapp eg har strikka. Ikkje alle lappane vart like store, det var frå 13-17 cm trur eg, så vi har dampa og strekt og trekt saman, og det vart ganske pent til slutt..
Som henta rett ut frå eit interiørmagasin! -og her trur eg du kan sjå alle ni fargane vi brukte. Og for å få fin samanheng i det, vart det hekla ein brun kant rundt heile teppet.
Kjempekjekt med slike prosjekt, men det vert nok ei stund til neste gong...håpar ingen fleire har tenkt å flytte med det første. ;)

lørdag 6. desember 2008

Nokre tidligare prosjekt

Anna har fått ullukse med navnet sitt på! Den er strikka av pt3, og kan nok tovast..men heldigvis gjekk det heilt fint å vaske den på ullprogram! :) Det var ikkje meininga at det skulle bli ei bukse, men så fann eg ut at det skulle bli det likevel...


Denne kjolen strikka eg på sommarferie i Sunnfjord. Det er strikka av superwash frå Sparkjøp, med ei oppskrift frå Familien. Den vart veldig fin på, sjølv om halsen ikkje vart heilt som planlagt. Kjempefin som tunika også!

Posted by Picasa


blogger template by lovebird