Viser innlegg med etiketten pusle. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten pusle. Vis alle innlegg

mandag 20. januar 2014

Barnevev av restegarn

Små og enkle ting kan vere verkeleg fine! Denne veven laga Anna for lenge sidan, og den heng på stova, til glede for både hjarte og auge! Den er laga så enkelt som at to pinnar er lagt i kryss, og så trur eg den gule tråden innerst er surra for å feste dei saman. Så har ho surra og vevd med ulike garnrestar, og fargane er så fine! Eg likar så godt den litt duse blågrøne mot den sennepsgule, og det lille hintet av glitter, og litt raudt og knallblått for å gi kontrast…. Det er rett og slett slik at mange av fargane ho har brukt her plukkast opp i detaljar ellers i stova, som den lyseblå puffen, den gule lampa, den raude stolen, putene i sofaen… Joda, eg likar godt fargar! Og då er det godt å ha kvite veggar og lyst golv som lerret!
Det har vore ein intens mandag, og dei neste dagane blir Alfred heime for å bli i form til kvardagen og barnehagen igjen. No kjenner eg det er kvelden, og vurderer ein deilig dypp i badekaret før leggetid. Det gjer godt! Men atter ein gong; takk for at de er innom her! 
Ønskar deg ei strålande veke!

mandag 13. januar 2014

Ny start med nytt syrom!

Det kriblar litt i magen. Musikken som svingar seg gjennom huset passar til stemninga i meg akkurat no. Sola skin på meg gjennom vinduet, og lufta utanfor er sprakande og knirkande kald. Eg sit og vaklar på ein gammal trappekrakk, og rundt meg er fargar og mønster og ei nesten uoverskueleg mengde inspirerande materiell. 
Dette er lukke! Eg har fått eige syrom!
Det er nye tider her i huset. Mykje skal skje i dette nye året, og medan vi ventar på at fire skal bli fem, humpar eg rundt heime og vekslar fint mellom å ligge godt oppstabla mellom putene og synast synd på meg sjølv, og det mykje betre alternativet; frydar meg over tid til utløp for oppdemt kreativitet! Oh joy!

Dei siste månadane har eg dagleg tenkt ut opptil fleire blogginnlegg eg skulle laga, og no tar eg atter ein gong sats og hoppar i det. Blogginga har gitt meg så mykje, og eg er definitivt ikkje klar for å gi opp den, altså. Håpar det framleis er nokon der ute i verda som har lyst å bli med ferda vidare! 
Den fine kattepungen har Ingrid Riddervold sydd!

Ønskar deg ein fortreffeleg vinterdag!

onsdag 15. mai 2013

Stoffavhengig?

Produktbilde
Produktbilde
Produktbilde 
Produktbilde
Eg har hatt ryddesjau i stoffhyllene og stoffeskene og stoffposane mine... I alle fall fekk eg begynt på den store ryddesjauen, og ser at sjølv om eg no faktisk skal få ein plass å ha alle sysakene mine, så treng eg ikkje å fylle opp den plassen med ein gong. Og etter at alt småtteriet er kasta (-det gjorde vondt i gjenbrukshjartet mitt, for det er jo sjølvsagt mulig at barnehagebarn eller sfobarn ikkje har slikt eit rikt utval som eg har, og at dei kunne hatt glede av det...men nei!) så er der både små og store bitar med stoff som eg mest sannsynleg ikkje kjem til å sakne. Og det er godt mulig at andre kan ha glede av det! Og dermed er sånn ca ti kilo stoff allerede lagt ut på Eplabutikken min. Her ser du berre eit utval av det som ligg der. Klikk på bildet, om du vil! :)

Ha ein fortreffeleg onsdag!

tirsdag 16. april 2013

Brodert mobilcover

Småtteri og pirk og dilldall og skjønnheit... I eit tidligare innlegg har eg vist fram eit mobilcover som verkeleg inspirerte meg. Faktisk inspirerte det meg så mykje at eg straks gjekk i denne butikken og handla det eg trengte for å komme igang (Oj, no var ho nesten utsolgt!). Enno ein ny hobby... Brodering denne gongen. Og heldigvis hadde eg eit knippe brodèrtråd i lekre fargar, som eg ein gong kjøpte inn for å knytte vennskapsband av. Noko eg enno ikkje har brukt dei til, men når eg no kjem på det så får eg litt lyst til å prøve det i kveld... Hmm, vi får sjå kva eg får tid til. ;) Friskt gult mobilcover til min Iphone, og med tråd i gul, lilla-, blå- og grøntonar. Og ein dæsj gull frå mormor si kjøkkenskuff. Frå då eg var med å tømme mormorhuset i påska. Rett og slett ein dæsj gull som sender tankane til mormor på sjukeheimen, og det er ganske fint å ha med! Det minner meg på at det er så mange nye ting som blir enno vakrare om ein tilfører ein dæsj historie. Ein spore til smil, minner og fantasi om kva som har vore og kan komme.
Dette prosjektet er imidlertid ei verkeleg tolmodigheitsprøve! Eg kunne sikkert strikka tre gensrar på den tida eg bruker på denne vesle dingsen. Og eg fryktar nesten at mobilen går ut på dato før det blir ferdig... Heldigvis er det fint sjølv om det er uferdig også! Eg har brodert etter innfallsmetoden, som er min mest vanlege framgangsmåte i mykje av det eg gjer. Det ordnar seg alltid, veit du! ;) Og noko av det som er litt morsomt med dette prosjektet, er all merksemda eg får. Folk stussar verkeleg over kva i all verda eg sit og held på med! Og så får eg så mykje skryt og oppmuntring når dei forstår det, og det er jo kjekt! Men best av alt er det at eg får kose meg med fargesamansetting og geometriske former. Skape noko som er både fint og brukande. Og tenk, heile denne hobbyen får plass i ein liten boks som eg kan ha med overalt! Perfekt å ha i hendene i pausen på jobben, for eksempel! :)
Takk for koselege helsingar på innlegga mine, forresten!
Det er verkeleg ei fryd å vere tilbake i bloggverda igjen!

Nyt kvelden!

søndag 14. april 2013

Lett som ei fjør

Søndagen er på hell og vaffelrøra står på vent. Det har nesten blitt ein tradisjon for oss å ete vaflar til kveldsmat til barnetv på søndagskvelden. Det er så godt! Og etterpå går eg ofte på yoga, men i kveld kjenner eg at eg ikkje skal det. Eg skal berre vere heime, slappe av og kjenne at det er helg nokre timar til... 
Har du det sånn at du har fleire hobbylyster og hobbybehov enn du eigentleg har tid og plass til? Eg trur eg er på randen av ekstrem i så måte, og prøvar stadig ut noko nytt. :) Og då eg kom over verktøy til utskjæring av eigne stempel, ja då måtte det også prøvast. Moro! Utstyret er kjøpt på Etsy, og var veldig rimeleg i innkjøp. Og gummien eg lagar stempelet av, er vel kanskje berre eit digert viskelèr. Og sidan inspirasjonen allerede var på plass, var det berre å setje i gang, og eg vart rimeleg fornøgd med ferdigheitene også, om eg får seie det sjølv... ;) Eller kanskje det berre var nybegynnerflaks? Fjøra fekk i alle fall akkurat det lette, fine uttrykket eg var ute etter, og eg jublar! Vil lage fleire! :)

Ha ein fortreffeleg søndagskveld!

torsdag 10. januar 2013

Brodert mobilcover av Søhesten

På jakt etter nytt cover til telefonen min. Vurderte akkurat å kalle den meir enn det, men ga opp. Eg hadde verkeleg aaaldri trudd at eg skulle sette så stor pris på ein telefon. Den er verkeleg viktig i kvardagen min, og det er med skrekk og gru eg tenker på korleis det skal gå den dagen den plutseleg går i svart. Det brukar nemleg mine telefonar å gjere. Om ikkje dei forsvinn først... Men altså, nye mobilcover trengs i ny og ne, og eg verkeleg diggar dette coveret! Ikkje berre er idèen heilt fantastisk, men sjølve utforminga, fargane og formene er heilt nydelege! Vil ha! :) Du kan kikke nærmare på dette hos SØHESTEN, og der kan du også sjå mykje anna fint og kjekt! Om du klikkar på bildet kjem du direkte til innlegget med det broderte coveret. Link with love!

Okay, så tok eg ein bitteliten pause midt i blogginnlegget, heilt utan at du merka det, og fekk bestilt meg eit cover. Eg valgte gult. Og skal grave fram lekre fargar i broderiboksen min, og gjere dette til ein ny hobby. Herleg! :) Du kan sikkert kjøpe slike cover både her og der, men om du går inn på Etsy, kan du berre bruke søkefeltet for å leite fram nesten kva som helst som du treng til prosjekta dine!

Eller kanskje du vil fornye mobilen din på ein annan måte? Her kjem nokre få tips... Det fins tusenvis!




Neste gong velger eg kanskje eit gjennomsiktig cover. Eller eit kvitt igjen? Kjenner idèane strøymer på, og eeelskar den kjensla! Og ja, eg gjennomfører faktisk ganske mange prosjekt, sjølv om det berre er ein brøkdel av alle dei eg planlegg. Og ein brøkdel av dei eg gjennomfører kjem på bloggen. Kanskje eg skal skryte litt igjen snart? Men først skal eg skape. Og sove. Det er natta, men i morgon er det fredag! Igjen!!

Ha ein fortreffeleg fredag!

onsdag 13. juni 2012

Memory


Eg har så lyst å lage eit slikt spel! Var ikkje det ein utruleg fin og god og gøy idè?! Og heilt supert å ta med 6-åringen i prosessen! :) Bildet har eg funne hos Lemon Tree Studio på Etsy, men det var sjølvsagt på Pinterest at eg først kom over det. Sjekk ut Petit Poulou! Eg trur jammen eg må innom hobbybutikken og handle treknappar i dag! 

Ha ein god onsdag!

torsdag 31. mai 2012

Med hint av neon

I forrige veke var det omtrent 20 grader varmare i Trondheim enn det er no. Det er STOR forskjell! Vi fekk ein smakebit av sommaren, og måtte plutseleg legge bort ulla og gå til innkjøp av sommartøy til barna. Men gleda var relativt kortvarig. Eg syns det regnet som kom i ettermiddag var litt i tjukkaste laget for mai å vere... Heldigvis kjem sola igjennom av og til, og den varmar godt i stova vår! Sommarblomstrane må vente, for det er framleis ganske kaldt om natta. Joda, eg har jo nokre på trappa, men har gitt opp å flytte dei inn og ut etter temperaturen, og tenker at det er survival of the fittest som gjeld. Dei skal jo trass alt overleve resten av sommaren også.. ;) Er det kanskje litt ulogisk tenking?

Ute på verandaen står ein fin turkis sofa. Den er storebroren til den vesle turkise sofaen vi har i stova, og som vi ikkje kan kvitte oss med, sjølv om den syng på siste verset. Men den syng i det minste enno... ;) Og då storebroren slutta å synge for eit par år sidan, og vi måtte bytte den ut, sette vi den midlertidig ute. Den har stått ute i vind og vèr, sommar som vinter, og den får vare så lenge den varer. Vi diggar den! Rett og slett! På bildet har den fått selskap av eit loppisnattbord, som etterkvart skal fiksast litt på og flyttast ut i leikehytta, når den ein gong skulle bli innflyttingsklar. Trollhasselen kjøpte eg på Mester Grønn tidlig i vår, og den kvite fuglen er frå Panduro. Det vart frisk og fin og herleg pynt med nokre fine tapebitar. SJØLVSAGT ispedd litt neonfarge. Kven hadde trudd at eg skulle like DET igjen?! 

Eg GLER meg til solnedgang og kvitvin her ute i sofaen!
Nyt dagen!

tirsdag 14. februar 2012

Heimelaga plastilina!

Har du leika med leire eller plastilina eller play-dough nokon gong? Kanskje saman med barn? Hugsar du kor umulig det er å kose seg med det når leira er heilt hard, og det blir umulig å forme noko med små barnehender? Eg kom over ei oppskrift som løyste problemet, og i helga kosa eg og barna oss med heimelaga playdoh! Gøy! Det meste eg trengte hadde eg i huset frå før, men måtte gå til innkjøp av Kremortartaris (på apoteket) og skikkeleg matfarge (i muffinsavdelinga på Obs). Du finn oppskrifta her!
Mjuk og god og spennande, men sjølv om den er ufarleg å smake på, trur eg ikkje Lillebror vil anbefale det. Han syns ikkje den smakte godt, i alle fall... ;) Fargen kan smitte av litt, så vi brukte voksduk på bordet. Og no ligg deigen i lufttette boksar, der denvisstnok skal halde seg fin i seks månader. Mykje moro framover, altså!

Eg har forresten mottatt bekymringsmeldingar fordi eg bloggar så lite for tida. Men eg har det bra! Vi har hatt nokre runder med feber og slikt i huset, men ingenting alvorleg. No skal eg kose meg med kaffe før eg drar til fysio for å få skikk på eit skranglete bekken, og har ein deilig dag! Håpar du også har det!

Ønskar deg ein fin tysdag og ei god veke!

torsdag 15. desember 2011

Stjernefint!

Eg har kasta meg på trenden med papirstjerner, for det er ein av dei finaste julepynttinga eg har sett på lenge! No har det blitt bretta og ordna stjerner i fleng, og eg fekk endeleg brukt litt av papirsamlinga mi..! ;) Akkurat dette papiret vart kjøpt inn då eg var i København for nokre veker sidan, og eg fekk tips frå fine HOME by Linn. Bloggen hennar er full av vakre bilder og fine ord! Verkeleg inspirerande! :)

I kveld skal eg kose meg og pakke inn nokre julegåver og marsipangodteriet vi lagde til i går. Denne jula er eg ganske godt i rute med julegåvene, men ikkje så godt i rute med julehuset. Må vi verkeleg vaske inni kjøkkenskapa? Og må vi verkeleg rydde bort alle spor av mine kreative utskeielsar? Hmpf! Mannen er nok litt frustrert til tider, og joda, eg er det nok til og med sjølv, for her i huset er det papirrullar, stoffbitar, strikkepinnar, saks og pynteband i kvar ei krå... Vi kan jo kalle det teikn på liv og kreativitet, eller berre kalle ein spade for ein spade og sette i gang storreingjeringa. ;) Det er jammen godt eg enno har nokre fridagar att før jula tar til!
Tusen, tusen takk for alle kommentarar, forresten! Det er så umåteleg kjekt å sjå spor etter deg som har vore innom! Eg blir veldig, veldig glad, rett og slett! :) Takk, takk!

Ønskar deg ein strålande dag!

søndag 19. juni 2011

Kreativ med og til barn

Først av alt: Tusen takk for at de er så flinke til å legge att kommentarar!
Blir så utruleg glad i hjartet av det! :) Takk!
Prøvar å besøke alle som har skrive nokre ord, men må innrømme at det ikkje er alltid eg rekk det.
Men om eg ikkje legg at helsing, så kan det godt hende eg ar vore innom likevel!
På denne måten kjem eg over nye, fine bloggar som eg ellers ville gått glipp av..

I dag vil eg vise fram ein fin liten ting som eg og Storesøster laga for nokre veker sidan.
Ho teikna mønsteret og valgte fargar, og eg klipte ut og sydde saman.
Alt vi har brukt er litt filt, fire bitar med band, nokre perler og litt brodertråd.
Ja, så putta vi litt vatt inni og festa nokre knappar til pynt på banda som heng ned.
Sidan gjekk vi på butikken og kjøpte hårspenner, som Storesøster med glede festa fast.
Og i morgon er det bursdagsselskap for bestevenninna, og det blir stas å gi bort denne!
Det er ein dings til å henge på for eksempel badet eller andre stader småjenter fiksar håret,
og på den kan du henge alle hårspennene som ellers har ein tendens til å vere både her og der 
og overalt, bortsett frå akkurat der du treng dei.. ;) Eller..?
Idèen er i alle fall henta i denne supre boka!

I dag har vi kosa oss masse i hagen, og eit forfalle, gammalt, lite hus har funne vegen heim til oss...
Vi har litt av eit prosjekt framfor oss! Eg satsar på å få tatt nokre før-bilder snart, og så skal vi vel få litt meir orden på det i løpet av sommaren. Ganske snart håpar eg eigentleg, men vi kan nok vere litt treige.
Den gamle dukkestua har stått i ein hage litt borti vegen her, og har vore ubrukt i over tjue år!
Eg har trilla tur forbi den hagen så veldig mange gongar, og har hatt så lyst til å overta det huset!
Og veit du, ein dag var det ei dame ute i hagen der og arbeidde, og eg stansa for å snakke litt med henne...
Det førte til at eg faktisk fekk heile dukkestua! Gratis! :) Jippi!
Dei var berre glade for at nokon ville ha den, og det forstår eg godt!
No får dukkestua eit nytt liv, og hagen deira eit mindre forfalle uttrykk..
Eg er sååå glad!

Håpar du får ei god veke!

søndag 22. mai 2011

Knuffelbeesten!

Eg trur eg har verdas snillaste og skjønnaste søster!
Her ein dag hadde ho funne denne boka på loppis, og dermed fekk eg og Storesøster pakke i posten.
Heldige oss! -og med eit koseleg, enkelt brev til, med nydeleg loppisglansbilde på. Takk!!
Utruleg mykje inspirasjon i eit lite hefte! Herlege kosedyr i mange ulike variantar, og både store og små.
Heftet er visst ein del av ein hobbyserie, og dette kom ut i 1977. Det er på nederlandsk, men det går bra. 

I dag ville Storesøster så veldig gjerne sy, og vi fann ut at vi skulle prøve oss på noko enkelt frå denne boka.
Ja, faktisk har vi laga to ting i dag, men den andre får eg heller vise fram seinare...
Her kan du sjå den fin-fine fingerdukka vi laga i dag. 
Den er av filt, og vi har brukt både lim og nål og tråd. 
Det er eit samarbeidsprosjekt, altså! Kjempekoseleg! :)
Ønskar deg ein deilig søndagskveld og ei flott, ny veke!
Hugs å bli med på lotteriet mitt! ;)

torsdag 19. mai 2011

Mine papiresker i avisa!

Har du lært deg å brette slike fine esker av papir?
Her på bloggen min har oppskrifta lagt framme ei god stund, og eg kan med glede sjå 
at mange finn vegen til det innlegget via ulike søkemotorar! Så kjekt det er å dele!! :)

Forrige veke ville Adresseavisa bruke bilda mine i sitt fredagsbilag Hjem, og eg er så stolt!
Tenk at nokon der har lagt merke til vesle meg, og at mine bilder og mi forklaring kunne brukast!
Ja, dei oversette den riktignok til bokmål, men det er greit... Er det vanskeleg med nynorsk?

Om du vil sjå resultatet i avisa, kan du finne e-utgåva HER!
Og om du vil sjå oppskrifta mi på bloggen, kan du sjå HER!

Ønskar deg ein fortreffeleg torsdag!

søndag 20. mars 2011

Dinglande uro og Rie Elise Larsen

Lillebror treng meir underhaldning for å halde humøret oppe under påkledning, og eg har difor laga ei uro som skal få henge over stellebordet. Eg har ikkje vore superkreativ akkurat, for liknande skyer og regndropar har eg jo sett flust av rundt omkring på bloggane, men ikkje ein slik variant... 

Hos Fargevandring blir eg alltid inspirert, og ho har jo også ein slags skyuro øverst i bloggen sin. 
Og dessutan har ho så mange lekre bilder, så den bloggen er vel verdt eit besøk! :)

Min uro er altså ikkje sydd, men laga av papir. Og fordi Lillebror skal ligge under og kikke opp, så har eg laga dråpane litt spesielle, noko som også gjer at dei snurrar så fint når ein blæs på dei. Mesteparten av papiret er laga av den dyktige dama Rie Elise Larsen, men noko er også kjøpt hos Søstrene Grene.

Eg kjenner at eg berre MÅ vise litt fleire av Rie Elise Larsen sine ting, 
og har lånt bilder på heimesida hennar.
Dette er verkeleg INSPIRASJON:










Blir jo litt flau over mitt eige dårlege urobilde no... Burde sjølvsagt ha fiksa meir på både omgivelsane og fargane i bildet, men det har eg altså ikkje gjort! Og no er det nesten natt, så nye bilder blir ikkje tatt i kveld, i alle fall. ;) I kveld blir det Livvaktene på tv, tente lys og sofakos.. Og alle verdas katastrofer får ikkje sleppe inn så veldig i kveld. Kjenner det blir både nok og for mykje av tragediar på ein gong no..

Ønskar deg ein deilig søndagskveld!

fredag 25. februar 2011

Kreativt kaos...

Så moro det var med tilbakemeldingane på gårsdagens interiørblogging! Takk! :)
I dag er det realitetsorientering...med eit rykande ferskt bilde av kjøkkenbordet mitt. Der er det mange ting som skjer på ein gong, men akkurat no dominerer det siste syprosjektet. Innimellom resten av kaoset boblar nemleg kreativiteten til overflata, og det er så utruleg tilfredsstillande å få gjort noko kreativt! 
Kanskje blir det nye varer til Epla? Vent og sjå... ;)
Storesøster er også kreativ, og er gjerne med på det som skjer. Og mens mammaen tar ein pust i bakken og ammar Lillebror gjer ho seg klar for solstranda... Om eg vil vere med? 
Eh...ja, gjerne det, venn, men ikkje akkurat no...!

Ha ei deilig, kreativ helg!

torsdag 10. februar 2011

Siste sjanse...

Vil minne om at du framleis har sjansen til å bli med på blogglotteriet mitt! 
I kveld skal eg trekke to heldige vinnarar...hurra!
Du kan finne det her!
Perlene er til eit anna prosjekt... Lillebror søv i vogna si (oioioi!!), og eg sitt ved kjøkkenbordet og puslar. Augene vandrar stadig ut på vogna utanfor, og øyrene følger godt med, og lurer litt på om callingen virkar. ;) Vi er ikkje bortskjemt med ein sovande gut, altså! Dette blir verdsatt!
-og eg kryssar fingrane for at han no har begynt med noko nytt...
Perleprosjektet er kjempekos, og eg gler meg til
Storesøster kjem for å hjelpe til! :) 

Håpar du har det godt!


blogger template by lovebird