Viser innlegg med etiketten aktivitet. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten aktivitet. Vis alle innlegg

mandag 31. mars 2014

Årets familebilde

Anna og Alfred har laga eit heilt herleg kunstverk for og med heile familien! Eg er både stolt og glad og fornøgd, og det store bildet har allerede komt opp på veggen i gangen. Eg har også vore med bittelitt, for det er jo kjekt å male! :) Dessutan har eg jo måtte vere til stades absolutt heile tida, for å hindre små og store maleulykker og krangling og slikt… Treåringen har malt frå eine sida, og åtteåringen frå andre sida, og vi har jobba i tre omgangar, sånn omtrent.

Her er nokre tips til korleis du og ungane kan lage årets familiebilde:

1. Kjøp eit ganske stort lerret, sånn som f.eks. dette på 70x100 cm frå Søstrene Grene. Slike sel dei mange ulike stader, og i alle prisklasser. 

2. Teip rundt kanten på bildet, så har du ferdig passepartout når du tar bort teipen til slutt. Dette syns eg rammar inn motivet på ein flott måte, og gir eit reinare uttrykk enn om ein malar heile vegen rundt.

3. Mal bakgrunnen på bildet først! Vi brukte grønne og blå nyansar, og ungane vart instruert til å gøyme bort alt det kvite på lerretet. Dette var kjekt for begge to! La dette tørke.

4. Mal konturane til motivet. Her vart åtteåringen bedt om å lage familien, og små uhell vart til blome og bie… Og pappa fekk ikkje skikkeleg plass, så han fekk berre kikke oppom kanten. "Han står liksom heilt nærme, så det er difor han er sånn…" forklarer Anna.

5. Følg litt med så ikkje dei minste blandar alle fargane heilt saman. Her har eg latt treåringen velge fargar sjølv, men har hjelpt han, slik at han har malt dei lyse fargane i eine enden av bildet, og dei mørke i andre.

6. Når alt er tørt igjen, kan ein begynne å fargelegge detaljane i bildet. Eg fulgte nøye opp åtteåringen, slik at ho ikkje skulle slurve... Det vert finare når ein er nøyaktig, og ho fekk enkle tips til korleis ho kunne lage beine strekar inntil det svarte og fylle ut fargen med nok maling. Og sjølv om vi begge var litt utolmodige innimellom, var både eg og Anna fornøgde med resultatet!

 


Slik såg bildet ut etter første arbeidsøkta.
Eg har kjøpt maleduk på Stoff og stil, og treng ikkje vere redd for malingssøl på bordet. Det er også fint for ungane at det ikkje er stress rundt dette med å søle litt, og dei har på maleforkle mens vi held på. Javel, så er eg litt småstressa for at dei skal søle på stolane og tapeten og slikt, men det meste går jo bort! ;)

Vi har forresten brukt akrylmaling frå Søstrene Grene og Hobbylakk og Allmogemaling frå Panduro. Noko blir blankt og anna matt, men alt kan blandast og enkelt vaskast bort med vatn.





Ha ei kreativ veke og ein fin mandag!

torsdag 27. mars 2014

Kreativ kos


Etter nokre dagar med dårleg form er treåringen endeleg i farta igjen. Og ikkje berre betyr dette mykje kos og tull og leik og sang, men også stunder med roleg pusling og nokre velfortente pauser for mor… Det er jo faktisk sånn at det er ganske slitsamt å vere heime med sjuke barn, og når ein i tillegg er prototypen på bekymra, forkjøla og trøytt gravid, så kjennast verda som ein betre stad å vere når barnet er i fin form! Då får optimismen fritt utløp igjen, og både mor og barn kan slappe av. Godt!

Figurane Alfred bygger med på desse bilda, har eg kjøpt på museumsbutikken til Nordenfjeldske kunstindustrimuseum i Trondheim. Det er fargeglade og solide pappbitar, som ein kan bygge saman til nydelege og morsomme kreasjonar. Her i huset synast ungane det er veldig kjekt å lage fjeset til pappa, kjærleik på pinne og bokstavar…og alt muleg anna. Når eg no fann nettsida deira Remember Paolo, ser eg at vi må hente meir inspirasjon og kanskje skrive ut nokre bilder. Dette er kjekt!

I går vart denne t-skjorta endeleg ferdig, og Alfred er glad og fornøgd! "Æ e en hai!!" og "Den hai-t-skjorta vil æ ha på mæ i barnehagen i morra!" er kommentarar som viser suksessen… ;) Den tok litt tid, for eg begynte å krangle med ermane, og når eg kranglar med slikt blir eg sur, og når eg er sur funkar det veldig dårleg å krangle… Så heile plagget vart liggande eit par veker, til eg i går klipte bort dei som krangla (Hah! Då vann eg i alle fall den krangelen!) og laga nye, snille, fine ermer. Mønsteret er frå Meedom og stoffet frå Stoff og stil.

Takk til gode venninner som i går oppfordra meg til å blogge litt igjen! Det går litt trått, men det er jo kjempekjekt! :) Og takk til alle som er innom og tar ein titt! Legg gjerne igjen ei helsing!!

Nyt dagen!

lørdag 15. februar 2014

Entusiastisk og begeistra


Relativt enkle saker kan gjere fantastiske ting med barna sin leik! Alfred på tre år vart i alle fall bergtatt av denne kappa, og fantasien fekk verkeleg springfart! Mens Anna på 8 år lurte på kva det skulle forestille, om det var ein spesiell fugl, eller det kunne i alle fall ikkje vere slik eller sånn… Det er så trist å sjå korleis samfunnet og kvardagen og all vektlegginga på faktakunnskap, gjer fantasi og forestillingsevne til noko som er mindre verdt. Jenta mi, som alltid har vore kreativ og rik på fantasi, er skulejente og vil gjerne ha fasitsvar. Når skjedde liksom det? Alfred går heldigvis i ein barnehage der barnas leik og kreative utfalding er høgt prioritert, og vi to har stadig samtalar der vi snakkar om for eksempel grøne, flygande kyr som kjem og landar på verandaen… Kva skulle vi gjort då?! Eller andre rare og morsomme ting, som vi fantaserar rundt når vi lurer på noko, ser noko rart eller leiker og tullar. Dette er uvurderlege stunder for samspelet mellom oss, for meg sjølv, for han og hans utvikling av fantasi, forestillingsevne, språk, humor og så mykje meir. Dette er gull! Og heldigvis er det ikkje slik at storesystra heilt har slutta med slikt, det er berre at ho ikkje kan gjere det når som helst. Ho må liksom vere tydeleg på at dette er berre tull, og det er vel ikkje heilt sant, vel, mamma… Flink og stor! 

Men tilbake til kappa… Eg var typisk veldig seint ute med ei bursdagsgåve til ein nevø, og Anna skulle pakke kofferten for å dra på vinterferiebesøk dit. No måtte eg berre finne på noko lurt! Men det er jammen grenser for mi oppfinnsomheit også, og eg fann ingenting i butikkane, som eg hadde lyst å kjøpte til han. Jaja, då var det berre å slå seg laus på syrommet! Og eg er fornøgd!
Ungane var med og bestemte at den skulle vere i ein blå-grøn variant, og eg fann fram stoffhaugane. Med sikksakksaksa (då kan det ikkje rakne) klipte eg trekantar, og dei vart av varierande storleikar og fasongar. Men det er berre flott på ei slik kappe!  Eg brukte chambray frå Stoff&Stil til kappa, og hadde eg hatt meir, skulle eg laga den enda breiare, slik at den kunne vore festa til handledda… Men det blir kanskje neste gong? I halsen sydde eg ein kanal der eg sette i ei snor til knyting. Hadde eg hatt hemper ville eg kanskje brukt det i staden, for eg er ikkje særleg begeistra for knytte snorer i halsen på barn. Eg sydde på trekantane radvis frå botnen, og det var så moro å sjå framgangen og leike seg med kva for nokre bitar som skulle vere dei neste. Herleg! Og slike vil eg lage fleire av!

"Kva er det..?" spurte Anna, då eg stolt viste den fram. 
"Åh, det er ei dragekappe!" seier Alfred entusiastisk og begeistra! 
Suksess! Håpar bursdagsbarnet likar den også… ;)

Ønskar deg ein fortreffeleg laurdag, 
og god vinterferie til deg som skal ha det!

tirsdag 21. januar 2014

Heilt eventyrleg



Ein sliten, liten gut sovna på sofaen i dag, etter ei vidunderlig lita stund. Vi la oss godt tilrette på putene han og eg, og då han låg der i armkroken min var det nesten så vi låg nase mot nase. Mjuk og god, er han. "Mamma, no må du fortelle ei historie", seier han, og eg tenker meg om. Ja, eg vil gjerne fortelle eit eventyr, og treåringen ligg og frydar seg over historia om Gullhår, fantasifullt overbrakt og fargelagt, men utan andre bilder enn dei han sjølv kan skape inni seg. Han er trøytt, men eg måå fortelle ei historie til! Ei om det store, skumle trollet! Og eg fortel om trollet, det som var så stort og stygt, med ei lang og krokete nase og alt som høyrer til. Han nyt stunda, og det gjer eg òg. Etterpå syng eg for han. Stille og fint ligg vi i sofakroken, og medan eg syng vakre, gamle songar, fell han i søvn. Sliten etter gårsdagens og dagens påkjenningar. Slike stunder er gull!
Den Gode Historien
Eg har ei god venninne som er ein fantastisk forteljar, og ho held kurs slik at fleire kan lære å fortelle historier som berører og begeistrer. Alle som jobbar med menneske, og kanskje særleg alle som jobbar med barn, burde lære meir om korleis dei kan formidle gode historier. Så snart eg får sjansen er eg med! Klikk på bildet med den eventyrlege, vakre døra for å komme inn til Hege.

mandag 20. januar 2014

Barnevev av restegarn

Små og enkle ting kan vere verkeleg fine! Denne veven laga Anna for lenge sidan, og den heng på stova, til glede for både hjarte og auge! Den er laga så enkelt som at to pinnar er lagt i kryss, og så trur eg den gule tråden innerst er surra for å feste dei saman. Så har ho surra og vevd med ulike garnrestar, og fargane er så fine! Eg likar så godt den litt duse blågrøne mot den sennepsgule, og det lille hintet av glitter, og litt raudt og knallblått for å gi kontrast…. Det er rett og slett slik at mange av fargane ho har brukt her plukkast opp i detaljar ellers i stova, som den lyseblå puffen, den gule lampa, den raude stolen, putene i sofaen… Joda, eg likar godt fargar! Og då er det godt å ha kvite veggar og lyst golv som lerret!
Det har vore ein intens mandag, og dei neste dagane blir Alfred heime for å bli i form til kvardagen og barnehagen igjen. No kjenner eg det er kvelden, og vurderer ein deilig dypp i badekaret før leggetid. Det gjer godt! Men atter ein gong; takk for at de er innom her! 
Ønskar deg ei strålande veke!

mandag 2. september 2013

På skattejakt

Vi har funne ein skatt!! Det er ein heilt ekte skatt, altså, og den er verkeleg gull verdt! Djupt i ei skuffe, i ein skrøpeleg kommode, på eit bittelite rom på loftet i det gamle huset til mormora, morfaren og grandtanta mi, fann eg skatten. Det kunne nesten vore kva som helst, for eg kan love at det var skattar av mange ulike slag i det huset. Som kjærleiksbrev mellom to unge menneske i etterkrigsåra. Som finurleg skrivne kokebøker, med både oppskrifter og strenge reglar for oppførsel i kjøkkenet. Som fluffy småpikekjolar frå 50-talets Amerika. Som verktøy samla opp gjennom ein heil mannsalder. Som heimestrikka gensrar og smånips. Og meir til. Det er imidlertid forskjell på kva vi ulike menneska ser på som skattar. Og eg fann ein fin skatt som skal brukast og takast vare på i heimen min. Som skal halde minna om mi oldemor i live, og bringe latteren fram i store og små som frydar seg i fellesskap over skatten. Den er gøymt i ein gammal koffert, og ungane må spørre pent om å få låne den. Desse tinga skal ikkje bli liggande å slenge blant legofigurar og briotog!

Eg har funne nokre posar som innehaldt gamle hattar, briller, kragar og hanskar. Fantastisk! Ungane har leika i timesvis med desse tinga, og eg er glad. Heilt inn i hjartet mitt er eg glad. Glad for at desse tinga kan vere til glede. Glad for at dei bringer fram minner og historier om familien. Glad for at dei stimulerer fantasi og forteljarglede hos store og små! Moro! :)

Om du ikkje er så heldig å finne slike fantastiske arvestykker, kan du jo alltids leite på loppisar og bruktbutikkar. Og på  nettsider som for eksempel Etsy kan ein også kjøpe ingrediensar som trengs til ei god historie, fabulering om svunne tider og latter og fniseanfall i massevis... Eg trur eg må gå på skattejakt og finne fleire godbitar til kofferten vår! Enn så lenge har eg funne fram nokre eksempel til deg, og du kjem vidare om du klikkar på bilda. Lukke til!

Vintage Dianne von Furstenberg Eyeglasses, Vintage Glasses, Vintage Eyewear, Brown and Cream Glasses
Vintage Buddy Holly style unisex black glasses
Vintage  USSSoviet era Russia Glasses, russian vintage watches, steampunk glasses
Vintage grey and blue glass and lucite frames eyeglasses 
Ta vare på dei fine stundene!


blogger template by lovebird